torsdag 31. august 2017

Fridag

Eg skulle berre ein liten tur i skogen. Tok med nokre boksar i tilfelle bær (inni meg tenkte eg store mengder blåbær) Tok med litt mat og vatn i tilfelle turen vart litt lenger.
Turen vart litt lenger, eg kunne hatt med meir mat. (Heldigvis finns det butikkar  som sel boller på heimvegen.)  Nokon hadde vore før meg og plukka masse blåbær,  men eg veit om fleire stader med bær,  og skal nok ut igjen. Eg fann bær, altså, den var berre ikkje der eg hadde tenkt. Eg fann litt bringebær. Det er mengder med tytebær, eg skal ut igjen!
Eg åt maten min ved eit stille vatn, eg var ute timevis,  eg kosa meg. Og vart sliten, sjøl om eg ikkje gjekk så fort.



Og alle andre planer for fridagen utgjekk! Klesvask er det forresten mindre av etter at ungane flytta ut.

Og i morgon er det september...

mandag 28. august 2017

Vekestart veke 35

Eg har stadige ambisjonar om meir blogging, men så er det dette livet. Det skjer stadig ting, heldigvis, som brukar opp tida mi, og vips har dagen gått og eg treng skjønnhetssøvnen! Så no er det ny veke igjen.
Siste veke har gått med til jobb, og ikkje minst masing på yngstemann som skulle flytte i helga. Til slutt slutta eg å mase, og det viste seg at han fekk ting gjort lell. Klesskapet vart tømt, det vart sortert i kaste, gje bort og behalde. Eg fekk deo to første haugane, og har igjen ein del arbeid der...

Helga har vore full av sosiale treffpunkt. Fine folk, både nye og gamle kjente, god mat, prat, bilkjøring, skulestart og selskap.
På laurdag køyrte vi avgarde med full bil, kontrabass, elbass x2, diverse andre musikkrelaterte ting og litt klær og dyne og slikt. Junior var svært klar for å starte på folkehøgskule, og for å seie ha det til oss (eller det er ikkje sant, han forsvann og det krevde litt innsats å finne han før vi for, slik at vi fekk ønske han lukke til!)


Etterpå var det rett i 50årsdag. Rakk nesten fram i tide, og sminken kom på i bilen. Fin kveld! Og seint heim. Til tomt hus, ingen barn som bur heime lenger. Akkurat, slik var det ja, tek litt tid å venne seg på.
Søndag hadde eg avtale med Janne, som eg gjekk på folkehøgskule med. Vi starta i 1984, og har hatt ganske jamn kontakt, men etter litt tankeverksemnd, kom vi fram til at vi ikkje har møttest sidan 1993. No var det på tide! Med enkelte personar er det heldigvis kontakt med ein gong ein møtest igjen, og slik var det. Skravla gjekk!


Og på søndag ettermiddag var det på med tiara. Ikkje ofte ein har kvadrattalsbursdag, det er ein litt betre måte å sjå 49 på! Familie og venneselskap, bra lydnivå, nok mat og folk hadde god tid. Så kjekt! God måte å avslutte helga og starte ei ny veke på! (og det er jo stas med gåver, sjøl om ein har vorte vaksen. Blomster, sjokolade, te, ++)

Vekestarten denne gongen er diktet rektor på folkehøgskulen ga til studentane på opningsfesten. Fint til ungdommen, men kanskje for oss andre og!?

I rörelse

Den mätta dagen, den är aldrig störst.Den bästa dagen är en dag av törst.

Nog finns det mål och mening i vår färd -men det är vägen, som är mödan värd.

Det bästa målet är en nattlång rast,där elden tänds och brödet bryts i hast.

På ställen, där man sover blott en gång,blir sömnen trygg och drömmen full av sång.

Bryt upp, bryt upp! Den nya dagen gryr.Oändligt är vårt stora äventyr.

Karin Boye

søndag 20. august 2017

Vekestart veke 34 og litt om veka som gjekk

Forrige veke kom og gjekk, fort! Ikkje meir sove til ein vaknar. Slutt på lang frukost og frukostdessert. Start på rutiner og matpakke og faste tider.

Eg er B-menneske. I nesten alle ungpikebøker eg har lese opp gjennom åra, er heltinna A-menneske, står opp tidleg, spring gjerne innom ein fjelltopp før ho plukkar bær som ho syltar når ho kjem heim, litt bustete på håret, men med friske roser i kinna og lagar frukost med ferskt syltetøy til sure søstre, som er B-mennesker alle som ein. Ho har gjerne vore innom ein einsam stakkar også, og lyst opp litt. Samt henta posten og skrive eit brev og vatna plantene i hagen. Der har du ikkje meg! Men eg skulle gjerne hatt litt slik energi. Eg veltar meg ut av senga, går rett i dusjen og et frukost helst heilt stille, før eg er ganske vak når eg kjem på jobb. Men eg går på rutine og ikkje livsnyting den første timen!

No er den første veka over, eg kjenner at det er fint å ha jobb og kollegaer og rutiner i livet, tross alt. Eg prøver venne meg på å ha ein studentson om ikkje bur heime, og som eg har minimal kontroll på. Eg prøver å ikkje tenkje for mykje på at neste veke har også yngstemann flytta ut, han som enno fyller huset med vener og musikk og pannekakefrukost. Og haugar med klær som skal sorterast og pakking og lister over innkjøp.

Tenkjer vi tek eit bildedryss frå sist veke!

Tilbake på jobb og jaktar på parasitter.

Grønkål frå kjøkkenhagen!
Sunt og godt. 

Solnedgang frå ein kveldstur forbi Kvilhaugen

Dagens antrekk ein dag på jobb.

Blåbærsyltetøy av fangsten ein skogtur denne veka
(og turen var etter arbeid, ikkje før frukost)

Båttur fredag kveld. Nydeleg vær og passe vind


Pannekakefrukost
Og slik går dagane. Litt av kvart på planen. Lite bilder av oppvask og klesvask og skitne golv. Men dei er der, eg lovar! Veka som kjem minner endå meir om kvardag, med ting som startar opp på kveldstid og møter og ei helg der det nesten er for fullt. Men meir om det seinare!

Og nokre ord med til start i den nye veka:



Et meget lite ord.
Nå.
Likevel rommer det 
hele evigheten.

Hans Børli

mandag 14. august 2017

Vekestart

Måndag. Og eg huskar ikkje kva veke det er. Og jobbstart etter vekevis med "la humla suse", og ho har helst susa i fred. Båtlivet levdes kun eter klokka for å finne ut når det var sol og vind og regn på yr (og litt for å kome tidsnok til svigers sin gullbryllupsfest) Men idag var det vekkeklokk, og nokon som venta på meg på jobb. Altså
 opp go hopp, og helst med eit smil!

Eg kom dit, tidsnok. Eg hadde med nøklar og nøkkelkort. Eg huska alle passord eg trong. Eg hadde gløymt briller og høreapparat, begge deler er funne fram no og ligg klart i veska mi til i morgon. Saman med nyinnkjøpt te, det kan hjelpe veldig på humøret med ein tekopp når ein oppdagar at det er lenge igjen til lunsj og det er ein stor papirbunke som skal jobbast gjennom. Det er forresten veldig dårleg med mellommåltid på jobb, på båten hadde vi gjerne litt frukostdessert. Ein sjokoladebit før lunsj, og både tidleg lunsj og sein lunsj, og gjerne litt kjeks før eller etter. På jobb er det lunsj. Og det er det. Eg kjem vel inn idet igjen?!
Og det er august. De finaste dagane, med klart lys, bær i skogen, vakre solnedgangar og plutseleg mørke. Og studiestart og idag har eg høyrt ikkje mindre enn 3 ulike innslag på radioen der dei intervjuar folk som er på IKEA og kjøper det dei treng. Eg satsar på sol og same jobben!

August


Slutten er vakrest
hvisker svaberget og
løfter den brune kroppen
din litt nærmere solen
vakrest er slutten og
august presangen til
dem med hjerte
for sirisser
rognebær og solnedganger

Arne Ruste

Ønskjer deg ei strålande veke! Med fortsatt ferie eller jobb eller kva du fyller dagane med. Eg satsar på at yt har rett, og at det blir varmt frå i morgon. Eg treng meir D-vitamin, og brunfarge og varme i kroppen før hausten kjem for godt.

Sol og regn i kveld. Etter at eg hadde fått skogtur, vore på kafe og sagt "ha det bra"
til venninne som skal til utlandet eit år og funne ferdig middag i kjøleskapet!
Regnboge!

søndag 13. august 2017

Dei nære ting

Den store verden treng mykje merksemd, men av og til kikkar eg mest på eigen navle (ikkje bokstaveleg då...) Hodet fyllest med tankar om det nære, her og no.


  • eg kosar meg blomster. Eg plukkar blomster frå hagen, og lagar bukettar med hageblomster, blomster eg sådde i vår og ugras i skjønn forening. Lukta og synet minner meg om barndom og fødselsdag (som eg har i slutten av månaden).
  • eltefrie rundtykker til frukost. Og rørte bringebær. Nam! Så godt,  så enkelt og ganske lettvint. 
  • junior har flytta ut i løpet av helga. Vi har gjort ei skikkeleg planleggingstabbe, og måtte på IKEA i går. Laurdag før studiestart! Snakk om... Vi var ikkje åleine. Men vi viste kva vi skulle ha og kom oss ut før køene  vart lange! No lurer eg på om eg har gløymt å lære han noko viktig! Så eg masar ganske janmt med ting eg kjem på kan vere lurt. Av og til har eg uínntrykk av å snakke for døve ører. (yngstemann flyttar om 2 veker, og der er eg litt meir roleg, han skal på folkehøgskule og det har eg prøvd før) Eg 
  • takka vere båtlivet har eg ganske brune bein, og knær som flassar... Eg er på konstant jakt etter hudkremen som held huda på plass, slik at eg ikkje treng smøre meg mange gonger for dag.
  • idag er det ein forsmak på haust. Eg prøvde meg ein tur ut og gå, med sandaler og kort kjole. Eg har kledd på meg etterpå! Kaldt! Men eg tenkjer at august kan gje oss mange fine, varme dagar og håpar det skjer! Snarast!
    Eksempel på kaldt!
  • i morgon er ferien over. 3 veker er over (og før det ei veke ferie og ei veke jobb, så det har vore 5 veker meir eller mindre i anna tempo) Eg burde ha snudd døgnet, no har eg berre i kveld igjen... 
  • august. Det er månaden for oppstart. No er det oppstart for gutta, jobb for meg. Og tida for å avrunde sommaren. Eg har altså kjent litt på hausttemperatur, igår kveld tente eg mange levande lys i stove, for kveldane blir mørkare. Det luktar annsleis i august, jord, blomster, bær og frukt. Det er lesetid, det kjem stadig vekk nye bøker, og eg gler med på fleire av dei.
Slik er det her, rundt meg og i mitt hode. Og som sagt, i morgon byrjar alvoret! Som berre er ei fortsetting på det som var før ferien, forsåvidt. Det blir litt godt også.

fredag 11. august 2017

Fredag, del 2

Det vart tur. Det vart regn, men først etterpå. Eg har moppa golv.  Lese avis. Høyrt radio. Prøvd ei ny oppskrift og det vart bringebærkake.




Små pavlova. Sidan vi hadde igjen eggehviter etter at gutta var aleine heime ein kveld og laga seg crème brule (!)



Det vart felles middag, eg fann kylling i fryseren.  Det vart pulled chicken med mangosalsa. Eg fekk godkjent frå dei andre. Etterpå har vi ete kake og spela kort og det har vore snakka mykje tøv. Av og til kunne eg hatt behov for fleire damer å alliere meg med... men alt i alt: Familiekveld med høg kvalitet!

Og festen er ikkje over, det er rikelig med kake igjen!

Fredag

Siste feriedag. Idag trur eg at eg skal bake ei kake. Kanskje vaske golv. Gå tur. Kikke på kjøkkenhagen.

Igår planta eg om i kjøkkenhagen


Men først drikke opp teen min. Tekanne er ikkje tom enno.


torsdag 10. august 2017

Gleder og sorger i båt

Det er oppturar og nedturar med båt! Som alt anna, vil eg tru. Eg hadde tenkt å skrive eit oversiktleg innlegg med pluss og minus sirleg ordna i tabellform, med ryddige kolonner og klar fasit, men undervegs ser eg at det meste kan sjåast frå to sider. Altså, her kjem det i salig uorden og mildt kaos tankar om båtliv og livet på bøljan blå:


I båt lever du nært det våte element, både det under og det som kjem får oversida i form av regn. Det siste kan bli vått, og tørkekapasiteten er lav. Heldigvis kom det ofte sol og vind(særleg vind) etter regn også denne gongen, og vi fekk tørka sko, strømper, jakker, bukser og ikkje minst skinnfellene vi brukar å sitte på.
Det fine med å leve så nært elementa, er at eine er mykje ute, og får ei brunfarge eg sjeldan har hatt før (særleg i ansiktet, det har vel vore snev av raud nase også. Rudolf var truleg på sjøen den hausten før alle dei andre reinsdyra erta han for raud nase) Vi har ete mange frukostar ute, lunsj, delvis middag. Kveldskos i solnedgang. Litt fordi ein annan ting som kjenneteiknar båtlivet, nemleg liten plass, gjer at ein vil ut! Altså eit pluss og minus samla der! Når det er trang, er det greit å gå ut, når ein skal skifte meining, sjå seg rundt eller for å forflytte seg!


Det regnar! Hundar og kattar og sure kjerringar.

Klestørk ala båt

Det går sakte framover med båt! Det gjer at det tek si tid å forflytte seg ca 150 nautiske mil. Turen blir ein del av målet! Klarer ein senke skuldrene og finne roen, blir det på ein måte litt mindfullness (dersom ein ikkje klarer slappe av vil eg tru det gir meir høgt blodtrykk) Vi har sett mykje eg aldri har sett før, og som vi aldri ville sett frå bil (vi ville valgt heilt andre ruter også!) Vi har gått trange sund, inn fjordar der det knapt bur folk eller går veg. På utsida av tunellar, langs hyttefelt langt frå veg, oppdrettsanlegg og mellom holmar og skjær.

Ville aldri opplevd denne brygga frå bil! Av fleire grunnar...

Det er sosialt, ikkje berre ombord i eigen båt, men med folk ein møter til kai. Er du i ei båthamn, får du alltid hjelp. Det er nokon som har gode tips og råd, ein har noko felles! (og naturlegvis får ein råd som ikkje er  relevante, men det får ein prøve å ta med godt humør) Det er prat om båt, storleik, fart, segling, motor. Kvar ein kjem frå og kvar ein skal, kvar ein får kjøpt diesel, næraste matbutikk og været. Alltid været, vind, sol og bølger!
Men når ein bur i båthamn midt i by, feks i Molde under jazzfestivalen, kjem ein veldig tett på dei andre gjestene. Og det er ikkje sikkert at ein deler musikksmak, iallfall ikkje klokka halv fire på natta. Eg likar ikkje Vassendgutane etter kl 0100! Det er forresten litt trist for sjølvtilliten når ein tuslar opp på do på land sånn i firetida på natta, og blir invitert på fest i ein båt med mange unge menn, før du høyrer ein seie "nei, ho er for gamal!" (ikkje at eg ville kasta meg med altså) Men stort sett tek folk hensyn, og det er hyggeleg å bu tett. Vi har forresten ligge i båthamner der vi har vore einaste båt også, der er det meir ro!

Eg har utfordra komfortsonene mine! Eg har lært å tørre litt meir! Eg har vore med i stille vær og berre kosa meg. Eg har svetta litt over kart og sjømerker og dårleg vær, der konklusjonen ikkje er gitt på førehand. Eg har lært om fyr, undervegs medan mørket kom. Eg kan styrbord og babord og tilhøyrande farger. Skipsleia går nordover, og då er det raude lys til babord og grøne til styrbord. Vi har gått under bruer og kraftlinjer, og sjekka kart og kartplottar og måtte stole heilt på at merkinga er rett. Eg har ikkje lagt meg ned i båten og sutra, trur eg, ein einaste gong. Alt dette har eg(rettare sagt vi) klart. Dette ville kjapt gått inn under berre minus dersom vi ikkje klarte det!

16 meter står det på brua. Det viste seg å stemme,
sjøl om vi var litt usikre først...
Matlaging i båt er artig, utfordrar fantasien og tek lengre tid enn heime. Vi har ikkje kjøleskap om bord. Det vart litt lite variasjon i maten, fordi alt må tåle at det ikkje er heilt kaldt, og ein må ete opp før ein fyller på(evt kan ein seie at det er eit pluss, og byggande for karakteren) Etterkvart fann vi ut at dersom vi fekk tak i isbitar, takk til alle butikkar som sel store posar med isbitar, vart det skikkeleg kaldt i kjøleboksen, og vi kunne ha både søtmjølk og kokt skinke! Hurra!

Ikkje gourmet kvar dag!
Det er, som nemnt, trangt! Det blir lite privatliv. Det er berre ein tynn vegg mellom do og lugar, det utfordrar intimsoner og krever kjennskap og vennskap. Men må ein, så må ein! Skulle nokon snorke, blir det eit delt problem. Og det er ingen stille stader å gå til! Det er lite lagerplass, og det blir mykje flytting av bagasje. Eg har flytta kofferten med penklær til gullbryllupsfesten vi var i fram og tilbake, bak seteryggen på dagtid, både her og der på natta, når eg skulle sove omtrent på same plass. Oppvasken må gjerast fleire gonger for dag, men det blir fort ei rutine!

Eit slags tørkestativ
Pass og stell av motor må også til.
Været styrer mykje! Er det regn, er det regn. De er forsåvidt greit nok, sjølv om alt blir vått og det er lite plass for tørking. Men ein styrer ikkje vinden heller! Er det vindstille, kan ein gå for motor. Men er det vind og blir meir, er det ikkje alltid like lett. Det vanskelegaste og mest slitsomme på turen hadde vi inn Trondheimsfjorden igår, på siste etappe. Korte, høge bølger. Det slo godt når vi traff, og det gjorde vi... og vi måtte berre fortsette, for å legge seg til midt på fjorden var ikkje noko godt alternativ. Vi var slitne då vi kom til kai! Men totalt sett har vi vore kjempeheldige med været! Det har vore flest soldagar (og med passe vind) og då gløymer ein fort alt anna!





Der altså, pluss og minus med livet i båt! Mest pluss, særleg fordi det gjekk så bra. Ikkje sikkert vi legg ut på 3-4 vekers tur neste år, men overnattingstur er heilt klart med i planen. No nyt vi landlivet, med oppvaskmaskin, vaskemaskin, do og dusj med både varme og plass. Tørkeplass og strøm tilgjengeleg.

mandag 7. august 2017

Kirsti gjer ting ho eigentleg ikkje tør!

Eg har som tidlegare nemnt hatt overskrifta "ut av komfortsona" på ferien iår. Og det gjeld ikkje berre å reise på langtur med båt, over eit av dei mest kjente havstykka i Noreg. Det finns fleire utfordringar å prøve seg på!

Eg har vokse opp i kommunen som har slagordet "Verdens beste kommune for naturglade mennesker". Der ligg Romsdalseggen. Ein tur som blir omtala som "den nye" Besseggen. Noregs flottaste fjelltur, seier reklamen. Mange har gått der, og skryt uhemma over fantastisk natur og fin tur. Mange har gått der, og gått seg fast, meir eller mindre, både av høgdeskrekk og dårleg vær eller feil utstyr.
Eg kjenner dei som har gått der, og syns det har vore i overkant luftig. Eg kjenner dei som syns det har vore fint, men på langt nær så bratt som reklamen seier. Det blir diskutert i media korleis turen skal reklamerast for, og det har vorte meir aksept for å seie at dette ikkje er ein tur for alle. Det er langt, bratt og luftig.
Turfølget mitt. Svoger, mann og son.
Eg har hatt lyst å gå! Men i fleire år har ryggen vore eit hinder. Iår har den vorte betre. Eg har  eit snev av høgdeskrekk, og har måtte gje meg på andre turar fordi det har vorte for luftig. Men mann og soner har gått der før, og meinte eg kunne klare turen. Dei lova å passe på meg om eg ville gå. Storesøster har klart det. Nieser har gått den fleire gonger. Altså, kunne eg vere dårlegare?

Bittelitt spent. Du ser eggen bak meg.

Plutseleg ein kveld hadde vi bestemt at i morgon går vi! Det var gode værmeldingar og det var berre å hoppe i det (eller ikkje hoppe då, eg ville helst ikkje hoppe i dette fjellområdet...) Tidleg opp, matpakke og gode sko. Buss inn i Vengedalen, og så var det berre å gå.
Først er det mange motbakkar. Det er ikkje noko problem for meg. Det er berre å gå, og finne rytmen. Vi tok ein avstikkar til Blånebba, det var enno heilt greit med høgder og eggar, her går stien eit stykke frå kanten. Avstikkaren tek ca ein time.
Etter mat og drikke gjekk vi vidare. No vart det brattare, og eg byrja forstå kvifor det heiter egg. Det vart smalare, og eg tok eit val om å gå, ikkje sjå meg rundt. Eg fekk innimellom ei hand frå junior å halde meg i. Han forklarte også kva rute som var lurt å ta rundt store steinar og slikt ("ikkje gå der, mamma, der må du slenge deg rundt ein stor stein. Eg trur ikkje du vil det"). Mannen gjekk bak og passa på. Det er stader der ein må klatre. dei andre i turfølget kallar det kliving, sidan det ikkje trengs tau, men eg kallar det klatring! Kor lang tid det tok å gå det brattaste prtiet veit eg ikkje. Men etterkvart blir det vidare og opnare, og vi fekk sol. Alt blir betre i sol! Det vart lett å gå, eg nytte utsikta og godværet og mestringskjensla!

Dette er omtrent på det høgste punktet.
Her er det "runde" fjell, og eg klarer sjå meg litt rundt.
Heilt grei utsikt!

Godt inne på kanten, men du ser ned mot Rauma elv
og Romsdalsfjorden.

Det er fleire parti med egg igjen etter det smalaste også, men her er det ikkje så bratt. Eg vart litt svett då dei dukka opp, men eg kom meg vidare. Nesaksla ligg 715 meter over havet, og derifrå er det berre nedoverbakke til mål (som ligg berre litt over havnivå).  Det er eit tungt stykke! Knea får det hardt, og for mange er dette den tyngste delen av turen (så er du førebudd!) Her er det trapper laga av sherpaer frå Nepal (dei er kåra til årets fjellgeiter 2017 av Norsk fjellfestival) det første stykket, det gjer det litt enklare å gå, men også veldig luftig! Trappene ligg på utsida av fjellet, med veldig utsikt over Romsdalen og Åndalsnes.

Eg gjennomførte! Eg har framleis litt vondt i knea, 2 veker seinare, når eg går nedoverbakke. Ryggen heldt godt, den likar seg faktisk betre på fjelltur enn i sofaen. Kondisen var god nok. Eg har ikkje sett mykje av utsikta dei brattaste plassane, for eg fokuserte på å kome forbi. Men eg klarte det! Og den mestringskjensla kan ingen ta frå meg. (og kanskje kan eg gå den ein gong til om nokre år, då er eg litt førebudd)

Desse beina fekk meg over Romsdalseggen!

Og så glad blir ein når ein har gjennomført noko som ligg
langt utan for komfortsona!

Om eg anbefalar turen? Ja. Med enkelte forbehold. Du må ha brukbar kondis. Vere turvant. ha gått i ur og fjell før. Tåle høgder. Ta med nok mat og drikke. Kunne klatre/klive litt. Vere forsiktig og ta tida til hjelp!

Dette viser omtrent eggen(sett frå båten!)
Blånebba er det høgste punktet til høgre. Målet
(Åndalsnes) er nede til venstre.

Fakta:

  • Lengde 10,3 km
  • 5-8 timar (vi brukte 7, inkludert ein "avstikkar" opp på Blånebba)
  • 970 m oppover
  • høgaste punkt 1222 moh(Mjølvafjellet) Og det betyr at du har nesten 1200 meter nedover før du er i mål! Det første stykket er ikkje så bratt, men det blir brattare og det er tungt for knea!
  • du kan lese meir her Romsdalseggen og her romsdal.com

søndag 6. august 2017

Vekestart, ferieavslutning og liste for neste veke

Det er søndag i heimen, vi har hatt grillmiddag med både storfemørbrad og lammekotelettar med bakte potetbåtar og grønsaker. Og dessert, det er det ikkje ofte vi har. Men når eg har plukka bittelitt ganske modne blåbær i skogen er det berre å nyte med vaniljeis.


Det er søndag, og eg går inn i siste ferieveke. Mannen startar på jobb i morgon, ein junior skal jobbe litt denne veka, men eg har fri! Planene er litt uklare, men eg skal nyte at det er fri, eg skal nyte tekoppar og avis til frukost, radio, at eg har lite avtalar og kan la humla suse!

I mangel av humle, får denne sommarfuglen
gjere nytta!


  • tekopp og avis, late morgonar
  • vaskemaskin og restar av skitne klær frå båtturen. Satsar på klestrøk ute, og at eg finn golvet på vaskerommet snart. Det er akkurat no dekt av 3 dyner og nokre sengesett...
  • innkjøp til junior #1 og #2. Etter planen flyttar begge ut i løpet av nokre få veker, det trengs sengesett, handklær, koppar og kar, kanskje ei seng til den eine, og eit skrivebord?
  • tur i skogen. Kanskje finn eg meir multer? Igår gjekk eg meg på ei myr eg ikkje viste om, og der fann eg gull! Men det er iallfall blåbær i skogen, og om nokre dagar er den meir moden og klar for plukking. Mannen fann sopp idag, og kanskje kjem det kantarell snart?!
  • sylte bringebær. Trur eg må satse på hjelp av butikken til plukking, det er lenge til det er full sesong i marka. Min indre hamster frydar seg over alt som er å plukke og sanke, eg har god plass i frysaren enno.
  • eg skal lese. Eg hadde jo så mange bøker klar til båtturen og ferien, og det meste er ikkje lese enno.
  • blogging. Ferien hadde som ei slags overskrift "ut av komfortsona", og eg har ikkje berre vore på båttur! Eg har gjort noko som var mykje meir utfordrande! Meir kjem etterkvart.
  • blir det sol, skal eg jobbe meir med brunfargen og fylle opp lageret med D-vitamin så godt eg klarer!
  • eg skal prøve finne ut kva eg har brukt pengar på i sommar. Eg mista litt kontrollen då det vart oppdaga svindelforsøk på lønnskontoen og kortet vart sperra... Men no har eg nytt kort, og alt er i orden!
  • treffe fine folk! Vi er mellom anna inviterte på middag ein dag, og kanskje rekk vi fleire slike treff?
  • ambisjonar om å rydde i klær. Vi får sjå kva det blir til!
  • bake brød eller bollar, eg bakte bollar her ein dag, og det var tydelegvis ikkje familien vant til, for eg fekk så mange godord!



August, mørkare kveldar, vi går mot skulestart og ferien er snart over. Rutinene kjem meir og meir tilbake, det er slutt på seine kveldar og impulsive turar. Men det er jo godt med dei faste rutinene, dei gode vanene og kvardagaen også. Kanskje er det lukke?

Lukko
Lukko, hu kan no vera sjelden,
hu.

Men av og te når hu kjeme tuslande
te meg på sokkaleisten, ein sånn
heilt alminnelege dag, så seie eg da
no òg:

Har du kanskje vore her heila tido,
du? 
Oskar Stein Bjørlykke

fredag 4. august 2017

Båt og hår!

Krølla hår er ofte artig. Det er lett å få volum idet. Krølla hår er litt eigenrådig, iallfall det eg har. Kombiner det med båt, vind, regn, saltvatn... Yepp, det blir mykje artig av slikt!


Sidesleik!

Kombinasjon vind og regn....




Hanekam...

Fruen fra havet er i vinden!