Det er søndag, og eg går inn i siste ferieveke. Mannen startar på jobb i morgon, ein junior skal jobbe litt denne veka, men eg har fri! Planene er litt uklare, men eg skal nyte at det er fri, eg skal nyte tekoppar og avis til frukost, radio, at eg har lite avtalar og kan la humla suse!
I mangel av humle, får denne sommarfuglen gjere nytta! |
- tekopp og avis, late morgonar
- vaskemaskin og restar av skitne klær frå båtturen. Satsar på klestrøk ute, og at eg finn golvet på vaskerommet snart. Det er akkurat no dekt av 3 dyner og nokre sengesett...
- innkjøp til junior #1 og #2. Etter planen flyttar begge ut i løpet av nokre få veker, det trengs sengesett, handklær, koppar og kar, kanskje ei seng til den eine, og eit skrivebord?
- tur i skogen. Kanskje finn eg meir multer? Igår gjekk eg meg på ei myr eg ikkje viste om, og der fann eg gull! Men det er iallfall blåbær i skogen, og om nokre dagar er den meir moden og klar for plukking. Mannen fann sopp idag, og kanskje kjem det kantarell snart?!
- sylte bringebær. Trur eg må satse på hjelp av butikken til plukking, det er lenge til det er full sesong i marka. Min indre hamster frydar seg over alt som er å plukke og sanke, eg har god plass i frysaren enno.
- eg skal lese. Eg hadde jo så mange bøker klar til båtturen og ferien, og det meste er ikkje lese enno.
- blogging. Ferien hadde som ei slags overskrift "ut av komfortsona", og eg har ikkje berre vore på båttur! Eg har gjort noko som var mykje meir utfordrande! Meir kjem etterkvart.
- blir det sol, skal eg jobbe meir med brunfargen og fylle opp lageret med D-vitamin så godt eg klarer!
- eg skal prøve finne ut kva eg har brukt pengar på i sommar. Eg mista litt kontrollen då det vart oppdaga svindelforsøk på lønnskontoen og kortet vart sperra... Men no har eg nytt kort, og alt er i orden!
- treffe fine folk! Vi er mellom anna inviterte på middag ein dag, og kanskje rekk vi fleire slike treff?
- ambisjonar om å rydde i klær. Vi får sjå kva det blir til!
- bake brød eller bollar, eg bakte bollar her ein dag, og det var tydelegvis ikkje familien vant til, for eg fekk så mange godord!
August, mørkare kveldar, vi går mot skulestart og ferien er snart over. Rutinene kjem meir og meir tilbake, det er slutt på seine kveldar og impulsive turar. Men det er jo godt med dei faste rutinene, dei gode vanene og kvardagaen også. Kanskje er det lukke?
Lukko
Lukko, hu kan no vera sjelden,
hu.
Men av og te når hu kjeme tuslande
te meg på sokkaleisten, ein sånn
heilt alminnelege dag, så seie eg da
no òg:
Har du kanskje vore her heila tido,
du?
Oskar Stein Bjørlykke
Forsøker ta vare på impulsiviteten ut i høsten også, men herregud som jeg misunner din sommer i år!!!
SvarSlett