fredag 4. august 2017

Heime igjen

I går kveld kom vi heim. Etter nesten 400 nm i båt, 25 dagar i båt(eg juksa litt og var heime og jobba, så eg manglar 5 dagar...) og alt frå regn og sterk vind til vindstille og sol. Solnedgangar og frukost ute, små og store båthamner. Nattseglas og morgonsegling.

Solnedgang. Hurtigruta går forbi oss ut Julsundet ved Molde.

Eg har hatt det fint på tur, det har vore "compact living" og nært og tett, på godt og vondt. Eg skal skrive meir om pluss og minus med båtlivet i eit eige innlegg! Men eg har gledd meg til å kome heim, større plass, oppvaskmaskin og vaskemaskin lett tilgjengeleg. Kjøleskap, bad med (nesten) ubegrensa tilgang på dusj og varmt vatn, osv.

Seng, stove, lager, spisebord... 

Så viser det seg, iallfall det første døgnet, at det meste er kaos. Båten er tømt, stort sett, men enkelte ting ligg altså igjen, men mannen er der for å ordne ting idag, og tek dei nok med heim. Det er delvis utpakka koffert og bag og toalettmapper og kjølebag, det er haugar med klær som skal ryddast på plass, klær som kanskje skal vaskast. Og vaskerommet må ha krympa, det er iallfall fullt! Sengetøy og soveposar, turklær, lys og mørk ull, penklær, det blir sortert og prioritert. Spisebordet er fullt av dei klea som allereie er gjennom vaskedansen og er eller skal brettast og bli lagt på plass... Kjøkkenhagen er overgrodd, og eg skal ut i morgon og kjøpe nye blomster til krykkene mine. Det har vore varmt og sol her, og ingen har vatna... Det er altså ikkje berre idyll heime heller! Oppi dette har eg likegodt kjøpt 12 kg jordbær og 2 kg bringebær, som no er renska og sylta og på plass i frysaren, minus ei stor skål jordbær som skal nytast til dessert!

Utsikt når ein lagar mat, eller vaskar opp, eller kler på seg, eller rett og slett er nede i lugaren.

Men konklusjonen er at vi har hatt ein fin ferie, og at det er godt å kome heim! Etterkvart blir det vel ryddig igjen?! Og igår kveld var det ein fin solnedgang, og eg tenkte at "åh, den hadde sett fin ut frå båten!" så heilt lei båt er eg ikkje. No skal eg bruke ei veke til å finne igjen rutinene i livet, så er det slutt på ferien og det er tilbake til jobb.


4 kommentarer:

  1. Så moro! Velkommen hjem :-)

    Gleder meg til du skriver litt om fordeler og ulemper ved liv i båt, men natt- og morgenseilas syntes jeg hørtes helt fantastisk ut!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Og eg har mange andre båtralaterte innlegg inni hodet!

      Slett
  2. Velkommen hjem fra det som har vært en fryd å følge for oss her hjemme.

    SvarSlett