Viser innlegg med etiketten konfirmasjon. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten konfirmasjon. Vis alle innlegg

mandag 26. september 2016

Bilblues volum 3

Eg har rett og slett ei fylletabbe å berette om! Les og lær av tante si bitre erfaring!

I helga har vi vore i konfirmasjon på austlandet. Det var stas! Vi traff opptil fleire vi ikkje har sett på lenge, og oppdatert oss på det eine og det andre. Vi traff nokon vi ikkje hadde møtt før, det gjekk også bra. Bunaden fekk lufta seg(og den passa). Kakebordet var raust! Været var fint. Konfirmanten var flott i bunad og brått vaksnare enn før.

I går skulle junior og eg køyre heim att. Mannen skulle vere igjen for å jobbe i Oslo. Den andre junioren skulle vere igjen og treffe vener. Været var bra, humøret upåklageleg og fartsgrensene høge. Mor fekk passasjersetet.

Vi er på veg nordover!
På Lillehammer var det passe med dopause, beinstrekk og drivstoff til både folk og bil. Sukk! Hastverk er lastverk og av og til er det for seint å angre. "Mamma, du fyller bensin" sa junior. Vi har dieselbil.... Eg har pulsklokke, og ein slik beskjed får pulsen rett til værs, eg har bevis!
Kva gjer ein når slikt skjer? Eg skal love deg at eg rakk tenkje svært mykje på veldig kort tid! Eg gjekk inn på bensinstasjonen, der var det ingen som kunne hjelpe meg. Han bak meg i køa(muleg han var før meg, eg kan ha brøyta meg veg framover i køa) sa "ikkje start bilen!!!" Så då gjorde eg ikkje det, og vi fekk hjelp til å flytte/skubbe bilen vekk frå pumpa.

(her skulle eg naturlegvis hatt eit illustrasjonsbilete av ei drivstoffpumpe, eller av mine stressraude kinn eller noko, men eg hadde fokus heilt andre stader)

Så ringte eg nødnummeret til bilmerket. Den samtalen var omtrent som følger:
"Øh, hallo...eg har fyllt bensin på dieselbil. Kva skal eg gjere?"(sagt med fortviling i stemma og høg puls, ikkje kvilepuls)
"Jeg er ikke mekaniker, så det vet jeg ikke", sa dama i den andre enden.
"Eg er heller ikkje mekanikar, eg ringer for å spørre om råd."
"Jeg kan ikke svare deg, men vi kan sende en bil om du vil. Det er en startpris på 4000 kroner"
"Javel, men har du ingen eg kan spørje om råd hos først?!"
"Joda, du kan ringe serivcemann og spørre selv, om du vil."
"Det ville vore fint, kan eg få nummeret kanskje?"

Eg fekk nummeret og ringte. Den samtalen gjekk litt betre:
"Hei(med litt desperasjon og ekte fortviling i stemma) eg har fyllt 3 liter bensin, og eg har dieselbil..."
"Hvor stor tank har du? Vi sier det er greit med opptil 10% feil"
"Eg har 60 liters tank..."
"Ja, men da går det greit, vet du! Fyll så fullt du klarer med diesel, så går dette så bra!" sa den snille mannen.

Eg kunne nesten byrja grine. Eg hadde sett for meg i det minste tømming av tanken og at det ville kreve at vi sette igjen bilen på verkstad på Lillehammer, og eg såg for meg at mannen måtte reise dit etter jobb idag og hente bilen. Evt at eg måtte bli over til i dag. Evt at vi måtte skifte motoren, eller noko anna billeg... (for googlar du "fylle bensin på diesel" skal eg love deg at katastrofene står i kø!) Heilt trygg var eg lell ikkje, så eg ringte eit anna nødnummer. Han sa mykje det same som forrige snille mann: "fyll full tank og kjør videre. Vi har mange slike telefoner hver dag, vår erfaring er at det går helt bra når man får tynnet ut bensinen!". I tillegg råda han meg til å fylle på ofte på turen. "Problemet" med nye bilar, er at dei knapt nok treng meir enn lukte på drivstoffet for å kjøre, så vi greide ikkje presse nedpå meir enn 13 liter før vi var heime.
Eg satt i alarmberedskap på resten av turen og lytta etter ulydar (Var det ein rar lyd? Nei, det var berre den litt rare frijazzen på radio. Det der då? Nei, det var asfalten som er humpete. Osv...) Ikkje det beste for ryggen å stresse slik og spenne musklar, godt eg hadde time hos fysioterapeuten idag.

Eg har no stifta interesseorganisajonen "Vi som fyller bensin. På dieselbil." Der har eg allereie ei som har meldt seg som æresmedlem(fylte full tank med bensin og køyrte vidare...), og ein som er støttemedlem(fyllte litt bensin og tømte tanken). Vi har plass til uendeleg mange som måtte kjenne at dette er foreninga for dei! Her er både hjarterom og husrom!
Eg tenkjer forresten at det er bra det var eg sjølv som gjorde det, for eg hadde vorte urimeleg sur om nokon andre i familien hadde vore så dumme og fulgt så dårleg med på kva dei gjorde...no er eg berre litt oppgitt over meg sjølv.

På tur sørover møtte eg denne karen
Når slike ting skjer, er det godt å ha ein snill mann! Som rett nok vart litt stressa då vi ringte og fortalte kva som hadde skjedd...


PÅ BRUA

Elvevatn og kald haustluft.

Ein kjærast
med mjuk overarm.

Helge Torvund

Ønskjer deg ein god veke!
Og husk: det er ikkje likegyldig kva ein har i tankane!


Og for meir om meg og bilproblem, sjå under etiketten "bil" i menyen til høgre... Det er ikkje første gongen eg har hatt trøbbel på tur!

onsdag 8. mai 2013

Burdisme

Det er alltid noko ein burde gjort, brette klær, vaske opp, tømme oppvaskmaskina, lage sunn mat, rydde på loftet, ringe nokon, betale rekningar, kjøpe fødselsdagsgåver, bestille service på bilen. Eg burde slanke meg, følgje opp lekser med ungane, starte i kor, gå på konsert, sjå filmen alle snakkar om....lista er så lang som berre det, den burde kanskje vore lengre også? Er det noko eg har gløymt at eg burde?
Nokon burde rydde vekk matvarene

Eg øver på å ikkje bry meg, iallfall om mange burder. For burde blir fort ei byrde(hehe, eit fint ordspel)

Eg blir sliten av alt eg burde, så eg prøvar å snu ryggen til. Og eg øver meg på å skille mellom det eg skal/vil/må, og det eg bør. Ikkje bry meg når folk snakkar om at dei vaskar kjøkkengolvet kvar kveld, eller kvar veke for den del. Heller tenkje på det eg velgjer å gjere, som å lage middag som tek lang tid enkelte dagar fordi eg har tid og lyst, og andre dagar heller ta ei posesuppe, sjølv om "alle" seier at det går like fort å lage den frå botnen! 

Eg likar gå tur, det er godt for humøret. Men ikkje så effektivt som jogging, naturlegvis. Men kjem eg meg ut på tur er vel gåtur betre enn å sløve på sofaen?!

Eg er avhengig av bøker! Å finne ei god bok...å, glede!! Eg burde ikkje kjøpe så mange av dei, det kostar pengar og tek plass, men når det gir meg glede? At andre strikkar kofter og heklar skjerf, eller syr ein juleduk,  det ville ikkje gitt meg same gleda å gjere det!
Forebygger stress!

Å ikkje gjere noko ein kveld kan vere den aller beste medisinen for mange ting, vonde bein, slitent hode, trøtte tankar, men er lite å slå i bordet med i lunsjen, når dei andre har vore på den høgste toppen i marka eller vaska ned huset eller bakt 12 brød og 50 bollar. Burde gjort det eg og! Eg øver på å tenkje at det ikkje var det viktige for meg den dagen, og ikkje la det bli ei byrde. Ein annan gong kan det vere eg som har vaksa kjøkkenvifta, rydda i tørrvareskapet og skura flisene i dusjen(og sove dårleg)

Å blogge gir overskot, det er artig å få tilbakemeldingar på det eg skriv. Men det tek tid, og folk lurer på når eg rekk det, det er vel så mykje anna eg skulle gjort? Eg høyrer "burde gjort" og blir stressa, men det er mi tolkning? Øver og øver på å ikkje høyre feil og velge sjøl!

Husvask og rydding og andre ting ei god husmor gjer med smil om munn og glede i kvardagen, eg er nok inga husmor.
Gode husmødre vaskar nok opp istadenfor å ta bilete av oppvaskkosten?

Og gode husmødre tek nok ikkje bilete før kleda er fint bretta(og støkne?)
Enkelte burder skjønnar eg (utan at nokon treng seie det) at eg burde gjort,  huska og utført. "Alle" har bunad på 17.mai, "alle" har julegardiner og "alle" andre har orden på bileta sine. Det er forventningar frå andre, som ikkje blir sagt ein gong, men som eg kjenner på. Desse blir byrder i hovudet mitt! Det er ikkje det at eg ikkje er einig. Eg burde vore slank nok til bunaden, eg burde hatt gardiner(kanskje), men bileta er mannen sitt ansvar.

Men dei verste burdene er dei eg lagar sjøl; eg burde rekke både full jobb perfekt og strøkent hus og fin hage. Eg burde besøke foreldra mine oftare, eg burde vere eit betre venninne med betre tid til samtalar og shopping, eg burde ringe søskene mine oftare, eg burde kjøpe blomster til den eine eller den andre, eg burde tenkje klokare tankar, eg burde vere ei meir oppmerksam mor og ei meir støttande kone. Desse burdene lagar eg sjøl, og eg lagar dei uavhengig av om det trengs eller ikkje, og dei blir iallfall ei byrde om eg ikkje sorterar i viktig og mindre viktig og skal/skal ikkje.

Eg veit eg ikkje er åleine, eg høyrer det når eg snakkar med folk. "Eg burde luka i blomsterbedda eller vaska bil, sydd ferdig juleduken og sett mindre på fjernsyn". Alle har burder i hovudet sitt, alle har sine eigne burdebyrder, og at andre seier "gløym det!" er ikkje altid nok.
Eg har nettopp hatt konfirmasjon, og lista med burder var lang! I starten var den veldig lang, skuldrene var høge, stressnivået høgt, humøret lavt. Vi burde ha sang, tale, bilder, blomster, kaker, gjestar... Vi hadde konfirmanten på plass, det var det viktigste :) Etterkvart datt detaljer på plass, eg fekk mange gode hjelparar og enkelte punkt på lista datt ut - heldigvis, den var halsbrekkande lang... I etterkant ser eg at for mange detaljer ikkje gir ein betre dag, men meir stress. Men eg kan ikkje garantere at eg huskar det til neste feiring. 
Ikkje veit eg kva som er løysinga heller, anna enn å vere litt bevist. Det burde ikkje vere umogeleg?!

Eit lite triks har eg, men det er ikkje alltid det passar, eller at eg huskar det. Eg må ut av huset, vekk frå det meste, gjerne med ei bok, eg tek friminutt på kafe!! Åleine, på ein stad der det ikkje er noko eg må gjere.

Eg prøvar å legge inn ei pause på kafe når eg køyrer og hentar barn her og der, istaden for å springe ærend og gjere burde-ting. Eg les bok eller lyttar hemningslaust til samtalen ved nabobordet, ser tomt ut i lufta eller tenkjer ferdig ei tankjerekkje og skriv kanskje ei liste over noko eg må huske. Dette burde eg gjere meir.

mandag 6. mai 2013

Vekestart veke 19

Etter langhelg med konfirmasjon, må eg seie at dagen idag kom brått på!

Eg kunne trengt ein dag å sjå i veggen før alvoret starta igjen....men dengong ei, det var rett på!

Og eg kom meg gjennom, og avslutta dagen med attpålag med 30 gjestar :) No er kakefata tomme, dei kvite dukane fulle av flekkar og kasta til vask! Det er halvbrente lys og litt slitne blomster på alle bord, eit lett "etter-festen"-preg på huset. Utover i veka blir vel huset meir og meir likt seg sjøl, og vi finn igjen det som har vorte stua bort då vi rydda siste rest før festen.
Festen er over, det er ikke kake igjen!

Vi har hatt ei strålande helg med feiring, til tross for at eg til tider har vore både monstermor og hatt røyk ut ørene av utålmod og fordi det ikkje vart som eg ville. Eg las værmelding til auge var stort og vått, medan det snødde ute... Men den store dagen hadde vi SOL, om enn litt kaldt.
Men brikkene fall på plass, kaker vart levert på døra, gjestane kom frå fjern og nær, vi rakk lage både bordkort og pynte bord, og skrive både sang og tale(ferdig natt til konfirmasjonsdagen!) Bildeserie vart det og, og det ser ein at tida har gått! Kvar vart åra av?! 

Eg er glad vi kunne samle så mange av slekta på dagen til junior, at så mange ville kome, at vi har det så fint saman! Det er rikdom!

Og idag har vi hatt masse vener og gode naboar på attpålag, å fylle huset er kjekt og tømme kakefata samtidig!


Gjett gjerne på kva konfirmanten interesserar seg for!







Det kan ikkje bli for mykje kake!

Vekas ord er eit mykje brukt dikt til konfirmantar, man kanskje har det noko å seie til oss andre og?


Våg å være ærlig
våg å være fri
våg å føle det du gjør
si det du vil si.
Kanskje de som holder munn
er reddere enn deg?
Der hvor alt er gått i lås
må noen åpne vei.
Våg å være sårbar
ingen er av stein
Våg å vise hvor du står,
stå på egne bein.
Sterk er den som ser seg om
og velger veien selv.
Kanskje de som gjør deg vondt
er svakest likevel?
Våg å være nykter
våg å leve nå.
Syng, om det er det du vil
gråt litt om du må.
Tiden er for kort til flukt,
bruk den mens du kan.
Noen trenger alt du er
og at du er sann!

Hans Olav Mørk



torsdag 2. mai 2013

Min indre hamster er på ferde igjen

Eg les litt her og der på nettet, kjekke interiørbloggar, spennande nettbutikkar... Å, så mykje eg har lyst på!
Eg prøvar for tida eigentleg å rydde huset slik at det blir plass til alle gjestane på laurdag, men innser at min indre hamster ristar på pelsen og er ute av vinterdvalen(den må vere heilt døgnvill, hadde det vore eg så hadde eg lagt meg ned igjen og sove vidare, snøbygene går, vinteren er ikkje over). Det kunne jo vore ei sjanse til å rydde og kaste og kvitte seg med overflødig lausøre, men nei...

Eg kan når som helst invitere omtrent 50 stykker til kaffe(dersom ein ser vekk frå at dei må sitte tett), med fruktsalat i desserskåler til iallfall 43 stykker. Så det kjekke serviset eg såg er det ikkje plass til!
Eg har nok blomstervasar til ein heil 80årsdag! Eg har serveringsskåler i kjellaren, sist brukt i ørtenhundre og grønkål, som kanskje kan kome til nytte ein dag? (Kvifor har hjernen min assosiert til "Kjekt å ha" med Ø.Sunde no? Den går som heismusikk bakerst i hodet) Så dei fine skålene eg såg på ein blogg kan eg berre gløyme...
Den som kjem heim  med så mange handlenett bør vel ikkje undre seg over fulle skap?!
Bokhyllene skrik etter luft...
Og eg har rydda gjesterommet... No står det stablar på vårt soverom med dei kleda som elles ligg på gjesterommet!

Noko må gjerast!
Eg tenkjer på inntaksstopp, sidan ingenting blir kasta. Ikkje heilt sant forresten, vi har nettopp kasta utslitet madrassar, gamal isolasjon frå loftet(ekte glasvatt, ekkel og stikkande) og byggeavfall! Men det vises ikkje på stova og i kjøkkenskapa.
Eg har hukommelse som ein gullfisk(liten dyrehage, både gullfisk og hamster!)og alle kjøpestopp blir gløymt så snart eg er i ein butikk. Eg ser at både lommebok og hus har godt av inntaksstopp, men så kjedeleg, da gitt!
Men idag har eg gjort ein innsats! Sidan eg fann ut at eg må slutte å kjøpe bøker, kom det naturegvis salg på masse bøker IDAG. Og mange av dei er slike eg har ønska meg! Men IDAG har eg ikkje kjøpt ei einaste bok!
Eg var ute på oppdrag med #morstutogkjør, og var innom nokre klesbutikkar medan eg hadde pause. Eg såg to kjolar eg kjente eg trong, den eine var til og med på salg og den andre var i rett farge og fasong, men eg kjøpte ingen av dei! Eg kjøpte heller ikkje ein einaste av dei 4 ulike og heilt uimotståelege lintoppane(eg lever elles etter prinsippet av ein aldri får for mange plagg i lin! Noko klesskapet flyt over av...)


No gjeld det berre å fortsette som eg har starta! Trur det skal gå greit til iallfall måndag :)
Wish me luck!

søndag 28. april 2013

Vekestart 18 og litt om livet

Det er vår, faktisk og endeleg og deileg! I samband med konfimasjonen, som eg trur ahr vore nemnt tidlegare, ser eg stadig etter om våren er her, det er jo fint om det blir slik at ein kan vere bittelitt ute på den store dagen...
Det kom seg litt på plena då eg fekk raka vekk tørt gras og gamalt lauv, men løkane eg sette i haust viser seg ikkje.... Kanskje dei ikkje tålte den lange vinteren? Mine grøne fingrar trur eg iallfall ikkje det er noko i vegen med!

Dagens gode ord er frå ein vårsang eg huskar frå skulen, 17.mai og andre vårsamlingar, og som eg tok meg i å nynne på i dag då vi var ute på tur(må jo berre tilfeldig nemne at vi har vore på tur idag, i sola, ved sjøen...)
No livnar det i lundar, no lauvast det i lid,den heile skapning stundar no fram til sumars tid.Elias Blix
(heile sangen kan du lese her:Vårsalme)

Eg stundar til lysare tider, varme og som. Gler meg til meir fuglesang, grøne plener, grilling på terrassen, lesing i sola etc!!!























Vi gjekk tur på Ladestien i dag, sjølv om du ikkje ser det på bileta var det masse folk ute! Det var lang kø for å kjøpe is, det var ungar som utfordra høgda på støvlane sine der dei vassa i fjøresteinane, det var spreke joggarar og nyskjerrige hundar. Det var spede små spirar som om nokre dagar spring ut til årets første kveitveis. Eg fekk årets første uteis! Det var rett og slett mykje vår i lufta!



I heimen byrjar det lage seg mot konfirmasjon, det er 6 dagar igjen. Eg surrar ikkje lenger rundt taklampa, det er tid for å gjere det som må gjerast! Og det meste er vaska, det trengs berre litt overflatebehandling dagen før dagen, eg har masse kaker på lista, vi har hjelp med middagen og vi skriv på ein sang. Mannen har skrudd og fiksa do. Vi landar altså mest sannsynleg på beina denne gongen også! 
Det som er mest krevande er at kvardagen går for fullt, parallelt med konfirmasjonsførebuingane... Vi må ha mat kvar dag, det krever at nokon handlar inn noko anna enn konfirmasjonsrelaterte ting, idag er eg veldig glad for søndagsopne butikkar. Klesvask blir det uansett og det er jobb og skule kvar dag!

Eg har kjøpt hortensia til å pynte med, no krevest det berre at eg huska vatne den så den lever heilt til den skal brukast.... Den hang med nebbet i dag tidleg, men etter kraftig vatning kom den seg :) 





søndag 14. april 2013

Overlevingsguide for konfirmantmødre (vekestart veke 16)

Føler det er på sin plass å skrive om vårens vakraste eventyr idag: Konfirmantmødrene!!! Og eg er ei av dei...

Dei er eventyrlege i all sin fantasi om kva som MÅ gjerast før konfirmasjonene, og er du heldig så ser du henne i selskap med konfirmanten, i ferd med å velge ut serviettar til den store dagen. Konfirmanten, det er han lange, med kviser, som ikkje er interessert. Og når mor spør om dei ikkje har hortensia i ei litt anna blånyanse, for å matche serviettane, er konfirmanten i ferd med å bli ein kameleon, og sakte forsvinne ut av butikken.

Eg har gjort øvinga "konfirmasjon med langt tilløp" før, og skulle kunne det. Likevel kjenner eg stresskodda for augene og nye, uante problem dukke opp. For to år sidan var vi så vidt ferdige med å bygge på og pusse opp, eg var glad vi hadde gulv i stova og lister i gangen. Eg har feira 40årsdagen min, utan å vaske i bestikkskuffa, det gjekk bra. Vi har hatt barnedåp, men i ammetåka var eg truleg berre glad eg kom inn i bunaden. Likevel tenkjer eg på om det er rotete på loftet, skittent kjøleskap, om hybelkaninane lyder namnet sitt og om det er brødsmular i kjøkkenskuffa.


Bunad, ja... den er trang, den er det mest upraktiske plagg for å være vertinne i, sjølv med tilnærma stålkontroll. "Øhhh, sølvskeiene la eg på ein lur plass etter å ha pussa dei...". Det er ikkje sikkert det blir bunad i år, dersom ikkje pre-konfirmasjon skulle føre til ein uplanlagt slankekur.
Klær er eit tema for konfirmanten og. Er det berre eg, guttamamma, som meiner det må vere enklare med jenter og bunad? Innkjøp av klær til guttekonfirmanten må førebuast i god tid, slik at han er mentalt førebudd på å gå i butikkar. Det er jo bortkasta tid! Og ein må ikkje kjøpe kleda for tidleg, gutar i denne alderen veks dei fort 10 cm i høgda og blir breiskuldra over natta... Hurra for dei som jobbar i slike butikkar og kan språket til begge generasjonar og leier ein forsiktig fram mot målet: "Det slipset var fint, det passa godt, syns du ikkje?" Eit blikk på konfirmanten, og så eit lite spørsmål om han vil prøve noko anna, kanskje.

Mat må ein ha, og eg lærte sist at dersom nokon vil bake kake så seier ein JA. Snille venninner, gode kollegaer og snille naboar som kjem og tilbyr hjelp med kakebaking, det er gull, det gjeld berre å tørre å spørre om kva dei skal bake(så slepp ein ende opp med 3 "verdens beste") Dei siste dagane før selskapet skal ein tross alt vaske vindu så dei blir så blanke at ein kan spegle seg i dei, kakebaking er godt å sleppe. Ein skal rydde alt laust ut av kjøkken og stove og inn på soverom og kott, slik at det ser ut som om huset er minimalisisk innreidd og ein har plass til gjestane. (så er det litt jobb etterpå å finne igjen alt som er rydda bort, slikkepott? Det har eg ikkje sett sidan sist veke) I tillegg må ein vaske i skuffer og skap og rydde kjellarboda, for ein veit aldri kvar gjestane har tenkt seg! Det einaste gode med det er at det iallfall er ryddig etterpå.
Dette er eit typisk før-bilete

Å finne ein guttekonfirmant med langt hår, har eg gitt opp...

Og eg har bestilt middag, eg skal ikkje ligge våken og fundere på om det er nok med 1 liter saus pr person og kor mange potetar skal ein rekne pr mann, 5 eller 8? Men cateringmannen roa meg ikkje akkurat: "Ja, no er det berre tida og vegen, ikkje lenge igjen no nei, jaja!" før han skratta godt! Så eg har bestilt ein porsjon pr mann, om dei er 14 mnd eller 83 år, då må det bli nok?! No har vi sett over lokalet der vi skal ete middag, det er både bord, stolar og servise der, så det ligg an til å gå bra. Eg skal ikkje skrive noko om kvite dukar som skal strykast, det finns mykje fint i papir. Så då er det berre bordpyntinga igjen, den skal jo berre vere enkel og stilfull, tilfredstille mors esteiske sans og spegle konfirmanten si personlighet! Ikkje mindre...sukk! Mor er heldigvis enkel i estetikken og konfirmanten bryr seg vel berre delvis så lenge det ikkje er rosa!


Når alle desse små detaljene er på plass, kan ein byrje å tenkje på underhaldning og høgtid på den store dagen. Tale? Ein liten bildepresentasjon, kanskje? Alle andre har truleg full orden i bileta sine? Alle papirbilder i kronologisk rekkjefølge i album, og dei digitale i mapper med namn og forklaring... Vi og, naturlegvis, det er berre tilfeldig at vi fann nyfødtbileta av konfirmanten midt inni noko anna, frå lenge før junior var født. Det er iallfall lurt å kikke på dette litt før dagen før, som ein note-to-self. Sang er jo kjekt, vi tek den på det gule arket først. Men aller først må sangen skrivast, også det er lurt å starte med litt meir enn dagen før. Godt konfirmanten har ein far som er betre på rim og rytme enn mor er, det blir fort mange stavingar i siste linje for å få det til å gå opp når mor er i sving :)

Grunnen til alt stresset er naturlegvis at eg ønskjer at dagen skal bli best mogeleg for hovedpersonen!! Men kanskje han blir like glad om ikkje mor får høgt blodtrykk?

Heldigvis har eg ein roleg mann, han seier vi har kontroll, vi har tross alt konfirmanten på plass!