mandag 26. september 2016

Bilblues volum 3

Eg har rett og slett ei fylletabbe å berette om! Les og lær av tante si bitre erfaring!

I helga har vi vore i konfirmasjon på austlandet. Det var stas! Vi traff opptil fleire vi ikkje har sett på lenge, og oppdatert oss på det eine og det andre. Vi traff nokon vi ikkje hadde møtt før, det gjekk også bra. Bunaden fekk lufta seg(og den passa). Kakebordet var raust! Været var fint. Konfirmanten var flott i bunad og brått vaksnare enn før.

I går skulle junior og eg køyre heim att. Mannen skulle vere igjen for å jobbe i Oslo. Den andre junioren skulle vere igjen og treffe vener. Været var bra, humøret upåklageleg og fartsgrensene høge. Mor fekk passasjersetet.

Vi er på veg nordover!
På Lillehammer var det passe med dopause, beinstrekk og drivstoff til både folk og bil. Sukk! Hastverk er lastverk og av og til er det for seint å angre. "Mamma, du fyller bensin" sa junior. Vi har dieselbil.... Eg har pulsklokke, og ein slik beskjed får pulsen rett til værs, eg har bevis!
Kva gjer ein når slikt skjer? Eg skal love deg at eg rakk tenkje svært mykje på veldig kort tid! Eg gjekk inn på bensinstasjonen, der var det ingen som kunne hjelpe meg. Han bak meg i køa(muleg han var før meg, eg kan ha brøyta meg veg framover i køa) sa "ikkje start bilen!!!" Så då gjorde eg ikkje det, og vi fekk hjelp til å flytte/skubbe bilen vekk frå pumpa.

(her skulle eg naturlegvis hatt eit illustrasjonsbilete av ei drivstoffpumpe, eller av mine stressraude kinn eller noko, men eg hadde fokus heilt andre stader)

Så ringte eg nødnummeret til bilmerket. Den samtalen var omtrent som følger:
"Øh, hallo...eg har fyllt bensin på dieselbil. Kva skal eg gjere?"(sagt med fortviling i stemma og høg puls, ikkje kvilepuls)
"Jeg er ikke mekaniker, så det vet jeg ikke", sa dama i den andre enden.
"Eg er heller ikkje mekanikar, eg ringer for å spørre om råd."
"Jeg kan ikke svare deg, men vi kan sende en bil om du vil. Det er en startpris på 4000 kroner"
"Javel, men har du ingen eg kan spørje om råd hos først?!"
"Joda, du kan ringe serivcemann og spørre selv, om du vil."
"Det ville vore fint, kan eg få nummeret kanskje?"

Eg fekk nummeret og ringte. Den samtalen gjekk litt betre:
"Hei(med litt desperasjon og ekte fortviling i stemma) eg har fyllt 3 liter bensin, og eg har dieselbil..."
"Hvor stor tank har du? Vi sier det er greit med opptil 10% feil"
"Eg har 60 liters tank..."
"Ja, men da går det greit, vet du! Fyll så fullt du klarer med diesel, så går dette så bra!" sa den snille mannen.

Eg kunne nesten byrja grine. Eg hadde sett for meg i det minste tømming av tanken og at det ville kreve at vi sette igjen bilen på verkstad på Lillehammer, og eg såg for meg at mannen måtte reise dit etter jobb idag og hente bilen. Evt at eg måtte bli over til i dag. Evt at vi måtte skifte motoren, eller noko anna billeg... (for googlar du "fylle bensin på diesel" skal eg love deg at katastrofene står i kø!) Heilt trygg var eg lell ikkje, så eg ringte eit anna nødnummer. Han sa mykje det same som forrige snille mann: "fyll full tank og kjør videre. Vi har mange slike telefoner hver dag, vår erfaring er at det går helt bra når man får tynnet ut bensinen!". I tillegg råda han meg til å fylle på ofte på turen. "Problemet" med nye bilar, er at dei knapt nok treng meir enn lukte på drivstoffet for å kjøre, så vi greide ikkje presse nedpå meir enn 13 liter før vi var heime.
Eg satt i alarmberedskap på resten av turen og lytta etter ulydar (Var det ein rar lyd? Nei, det var berre den litt rare frijazzen på radio. Det der då? Nei, det var asfalten som er humpete. Osv...) Ikkje det beste for ryggen å stresse slik og spenne musklar, godt eg hadde time hos fysioterapeuten idag.

Eg har no stifta interesseorganisajonen "Vi som fyller bensin. På dieselbil." Der har eg allereie ei som har meldt seg som æresmedlem(fylte full tank med bensin og køyrte vidare...), og ein som er støttemedlem(fyllte litt bensin og tømte tanken). Vi har plass til uendeleg mange som måtte kjenne at dette er foreninga for dei! Her er både hjarterom og husrom!
Eg tenkjer forresten at det er bra det var eg sjølv som gjorde det, for eg hadde vorte urimeleg sur om nokon andre i familien hadde vore så dumme og fulgt så dårleg med på kva dei gjorde...no er eg berre litt oppgitt over meg sjølv.

På tur sørover møtte eg denne karen
Når slike ting skjer, er det godt å ha ein snill mann! Som rett nok vart litt stressa då vi ringte og fortalte kva som hadde skjedd...


PÅ BRUA

Elvevatn og kald haustluft.

Ein kjærast
med mjuk overarm.

Helge Torvund

Ønskjer deg ein god veke!
Og husk: det er ikkje likegyldig kva ein har i tankane!


Og for meir om meg og bilproblem, sjå under etiketten "bil" i menyen til høgre... Det er ikkje første gongen eg har hatt trøbbel på tur!

2 kommentarer:

  1. Nå ble jeg glad jeg har elbil!

    Folk ser alltid rart på meg når jeg dobbelt sjekker ved pumpene når jeg skal fylle (lånte) biler. Jeg skal be dem lese denne posten, for jeg hadde blitt lagt inn med infarkt!

    Klem

    SvarSlett
    Svar
    1. For å si det sånn...Jeg vurderte sterkt elbil på søndag! Jeg skjønner ikke hva jeg gjorde, for jeg pleier dobbeltsjekke mange ganger! Men feil ble det...

      Slett