tirsdag 28. februar 2017

Februarglimt #9

I morgon er det første mars, når skjedde det? Eg syns eg nettopp tok ut juletreet, januar skal eg gå med på er over, men februar har då då vidt starta? Kan det vere alderen som gjer at tida går så fort, undra vi då vi snakka om det i lunsjen på jobb idag. Vi tvilar veldig på det!
Iallfall blir dette det siste februarglimtet på bloggen for iår. Eg trur eg skal etablere marskvardag i mars, så får vi sjå om eg har noko å dele.

Idag har eg vore hos fysioterapeuten, og vorte både knadd, bretta og strekt, ekstra grundig, for samtidig som eg hadde time, nærma Marit Bjørgen seg mål i Lahti, og då fekk eg ekstra behandling medan vi høyrte kommentatorane rope meir og meir. Og etterpå har eg gått ein liten tur på ski, for det fekk eg lov til.
Skitupp på snø

Det er feitetirsdag idag. Du har klart for deg kva feitetirsdag er? Det er dagen før fastetida startar. Det er vanleg å ete saltkjøt idag, men eg hadde nokre restar i kjøleskapet som eg helst ville bruke opp. Så såg eg på o store nettet at det også er pannakakedagen. Eg likar ikkje å steike pannekaker, men dagens røre var heilt perfekt, så sjølv om det tok si tid, gjekk det greit. Eg skar opp ribberestar og varma dei. Eg skar opp kyllingkjøtrestane og varma saman med hoisin-saus. Eg skar opp salat og vårløk. Det vart restemiddagen sin det! Nam! Og til dessert, pannekake med resten av kremen frå fastelavnssøndag og blåbærsyltetøy. Restar altså, det treng ikkje ver kjedeleg i det heile tatt!

Så får vi sjå på det med fasten...Eg tenkjer enkelte år at eg gjerne skulle ha gjort om litt på maten i fastetida, meir fisk til middag, færre slag pålegg tilgjengeleg til ei kvar tid. Trur ikkje det blir i år heller, men eg trur det kunne vore ei fin øving for å sjå kontrastene!


Pannekaker

Salat, løk og kylling.

No sitt eg og junior i kvar vår sofa igjen, med te og kaffe. Eg bloggar, og han skriv notar og nynnar litt. Ein ganske roleg kveld. Det er fyr i omnen, radio svakt i bakgrunnen. Igrunnen ein fin måte å avslutte februar på!
Salongbordet ein februarkveld.

mandag 27. februar 2017

Måndagskos

Kjøkkenutsikt med sol!
Idag har det vore ein roleg og fin måndagsettermiddag i heimen. Det er sol til langt på ettermiddagen som avslører eit solid støvlag her og der... Det er lyst og fint, vinter med stabil snø er veldig vakkert!

Junior og eg har sitte i kvar vår sofa, vi har prata om dette og hint. Vi har høyrt jazz, i utvalg av junior, og det er mykje eg nok ikkje hadde funne på eiga hand. Å få ein 19åring til å snakke, handlar mykje om god tid og rett setting! Det er så godt med slike stunder, og eg kjenner det stikk litt i mammahjertet at han skal flytte til hausten. Men slik er livet! Og eg trur han har gjort gode val, og har mykje bra i vente. Og eg skal vel finne ting å fylle ettermiddagene med! (for ikkje å snakke om at det blir fint å få han heim på besøk)
Medan vi satt der, sto kyllingen i omnen og godgjorde seg. Det viste seg at den måtte stå riktig lenge...så vi fekk nyte lukta ei god stund før vi kunne ete.
Grøne blad på fastelavnsriset!
Eit hint om kva som kjem ute etterkvart, herleg! 
Kylling som viste seg å trenge mykje lengre tid
på å bli ferdig enn oppskrifta sa...
Måndagar altså, dei er ikkje så verst!

søndag 26. februar 2017

Vekestart veke 9

Søndag kveld. Lang helg bak meg, med fri på fredagen. Ein lynvisitt av eldste junior, besøket vart endå kortare enn tenkt, pga nedsnødd flyplass, men veldig kjekt likevel. Eg har gått på ski, med ei gigavassblemme som resultat(itillegg til mykje frisk luft) God tid til å bake, eg har både bakt brød, rundstykker og bollar på surdeig. Idag har vi feira fastelavn med bollar med krem, syltetøy og sjokolade, mykje av alt!




Godkjent!

Eg har brukt dette diktet før, og i dag kjører eg reprise, litt som ei påminning til meg sjølv. Det er lett å tru, ønske og /eller håpe at livet skal gå på skinner, vere lett eller alltid snu til det beste. Det er ikkje slik! Det er mykje som kan skje, ulukker, sjukdom, nokon rundt oss blir sjuke, ting blir ikkje som vi hadde tenkt på jobb, konflikter...
Mitt liv er som dei fleste, av og til med opp- og nedturar, bratte bakkar og krappe svingar, andre gonger går det i lett nedoverbakke og med god fart. Akkurat no kjenner eg fleire som ikkje får gevist på lykkehjulet idag, som har gjensnødde fjellovergangar - som kanskje ikkje veit om den vil opne igjen i det heile(for å bli i metaforen) Då treng eg ei påminning også. Eg har mitt, men det er jammen gode ting også.

Hvor hadde vi det fra?

av Kolbein Falkeid 
Men hvem sa at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt
på lykkehjulet i hjertet vårt
og hver kveld
stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?
Hvem sa at livet vårt
skulle være lett å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantede ballonger
som føk på plass av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi dét fra?
Der var piller for alt: nerver,
vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare? At fjellovergangene
aldri snødde til? Og at nettopp vi
skulle slippe å stå fast i tunnelen?
Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi dét fra?
Frå dagens tur

Og vips er det ny veke. Eg skal ein tur til Romsdalen, det er elgfest og eg rekk vel litt jobb dei første dagane. Minstejunior(jaja, liten og liten...) skal ha ei viktig prøve i morgon, og mor er minst like spent som han. Det blir vel bra, uansett. 
Ønskjer deg ei strålande veke!

torsdag 23. februar 2017

Februarglimt #8

Det er vinterferie. Det vises i huset. Gangen er stadig full av sko, det er alltid mange skitne kaffekoppar som ventar på plass i vaskemaskina og stadig musikk frå kjellaren. Igrunnen ganske kjekt!

Men det er klart at det vises fleire stader også. Eg gløymte ta bilde at spisebordet, med sirleg organisering av skruane som var skrudd ut... 
Nokon skal berre fikse noko. Litt usikker på kva. Men det virka etterpå,
og det vart rydda opp utan påminning!


Det er ikkje rart det er musikk i heile huset! Alle instrumenta fekk ikkje plass på bildet...
Får ikkje snudd bildet, men dette er altså musikkrommet i kjellaren. Det er utnytta
til siste kvadratcentimeter for tida!

tirsdag 21. februar 2017

Februarglimt #7

På søndag regna det slik at eg tenkte at no er det berre å pakke vekk vinterklærne og innstille seg på vår. Det var teleløysing og skittent og alt anna enn februarstemning. Men på kvelden byrja det sludde,  på natta vart det snø og igår var det eit slags winter wonderland(tross litt regn...)

Men idag, endeleg: kuldegrader, sol og kvitt og kvitt! Vakkert! Fram med vinterklær og ut i skogen. Litt lite snø til ski, men det var fint å gå på beina også. Og så stille det er i skogen når det er snø. Og så blide folk er, iallfall dei du treff eit stykke inn i skogen, alle helser og vi snakkar litt om skogen, om snøen og om sola som varmar nesten som om det var påske allereie.
Og så glad eg blir av ein slik tur! Eg får lyst til å hoppe(men klarar stort sett å styre meg, haha, særleg sidan det er hard is under snøen, og eg er ikkje så lyst å risikere hodet mitt igjen!)


 "Det er ingenting i verden så stille som sne"Hans Rode
Burde tatt bilde når eg kom over toppen her,
for der var sola. Då var eg mest opptatt av
sola eg endeleg fekk i ansiktet! 

mandag 20. februar 2017

Vekestart veke 8

Vinterferie seier folk. Og det er det på jobb, sjølv om eg ikkje har ferie. Det er mindre folk, nesten dei same oppgåvene, men saktare tempo. Er ikkje det rart? At meir å gjere, men andre rammer, gir ei kjensle av ferie, sjølv om ein er på jobb?
Det hjelper jo på at det er roleg heime også, ikkje at eg har eit travelt småbarnsliv lenger, men junior skal ikkje opp og ut om morgonen og heller ikkje på kvelden(det er vel feil, han er ute altså, men det er ikkje skule og slikt) Idag har vi ete pizza av kjøleskapsrestar, i sofaen, medan vi høyrte radio. Det er feriekjensla, på ein måte.
Eg tenkjer eg skal halde på det tempoet og feriekjensla denne veka.

Ein rest kjøttsaus, tørr ost av ulike slag og ein hurtig samanrørt deig.
Vips! Middag. Utan ein tur på butikken først. Og ryddigare kjøleskåp.

I helga har det vore roleg, men vi har treft litt folk. Gode vener, kaffe og vaflar, og det eg tenkjer på som den gode samtalen. Det er så fint å ha slike menneske i livet!

Helgefrukosten. Egg, surdeigsbrød og grapefruktjuice.
Idag får du eit dikt om vennskap. Om dei vi ser fast, og dei vi møter sjeldan, planlagt eller ikkje. Dei vi deler ei historie med, vi har opplevd noko saman som knyt oss saman. Stort eller lite, for lenge sidan eller ferskt. For det går an å få nye vener, også etter 40 år, når ein møtest i ein komite eller likar å lese dei same bøkene. Andre vener er dei som kjenner foreldra dine og naboane dine og har møtt besteforeldra dine, og på den måten veit mykje om historia di. 

INDRE MINNEBOK
Eg har ei indre minnebok
Menneske eg har møtt på livsvegen
Små bilde av det vi har delt
Når vi møtes
kanskje tilfeldig eller i alle hast
er varmen der og gleda
Vi bur i eit lunt hjørne
i hjarto til kvarandre
Det blir ikkje borte
det gode som var
Bente Bratlund

Idag tidleg var det plutseleg snø! Eg som sterkt vurderte å
pakke vekk vinterskoa igår. Då regna det! Mykje!

Ha ei god veke!
Og det kjem nok nokre februarglimt på bloggen denne veka også. No funderar eg litt på kva eg skal finne på i mars, #marsreiser #marstur #marsbilder? Forslag?

torsdag 16. februar 2017

Februarglimt #6

Etter ein lang finværsperiode med kuldegrader og sol frå skyfri himmel dag ut og dag inn(samt støv frå gravearbeidet i gata) kom det mildvær og regn. Kvar er februarsnøen eigentleg?

Dagens tur vart difor litt begrensa i rutevalg, det låg is på skogstien og eg er ikkje så gira på nye knall og fall, så sjølv med piggsko valgte eg vegen opp til Estenstadhytta. Fint det altså, og lite folk ute i regnet, berre ein mann eg møtte 3 gonger, han hadde nok det samme problemet som meg, og gjekk samme løypa gong etter gong.
Eg tok ein liten omveg ned til Estenstaddammen. Der var det is, med litt overvatn. Det var som ein spegel! Vakkert. Men eg heldt meg på land, for eg er usikker på kor trygg isen er.



Ut på tur, aldri sur! Trur aldri eg blir lei av å gå i skogen, stadig noko nytt å sjå. Årstider, været, lyset... Kom deg ut!

onsdag 15. februar 2017

Februarglimt #5

Idag har eg brukt julegåva frå mannen; gåvekort på massaje og SPA. Eg har tatt badstu, der eg fekk vatn med sitron og ei lita fruktskål, kun for meg. Så var det boblebad, dus belysning og lav musikk. Så var det full kroppsmassasje, og til slutt ein tur til i badstua. (og mellom kvar post var det dusj, så eg er heilt sikkert rein no!)  Massøren fann både det eine og andre å bruke krefter på, det går an å få muskelknutar i tommelen, viser det seg, og nakken er nesten lealaus no...
Ventar på SPA

All denne avslappinga, for ikkje snakke om bretting, klyping og massasje har gjort at eg er litt matt i kroppen og sliten, då passar det godt med levande lys her heime, krydderte og nokre pepparkaker frå jul! Eg blir i sofaen resten av kvelden, om du skal ha tak i meg.

Legg merke til at Mummikopp matchar skåla, som er kjøpt på Fretex,
produsert av Egersund fajanse på 50-talet eller noko slikt!



tirsdag 14. februar 2017

Februarglimt #4

Februar er tida for tulipanar! Store bukettar i raus vase. Blomster som strekker seg mot lyset og blir uryddige og frodige. Som sprer farger og glede i stova!




Eg kjøper inn bukett etter bukett, neste er i hus når forrige bukett dryss ned på duken. Sjølv om det i år ikkje er kaldt ute, er det grått og ikkje farger. Då treng vi farger inne!





mandag 13. februar 2017

Vekestart veke 7

Tjolahopp! Måndag, vekestart, fullt opp av skitne klær på vaskerommet og livskraftige hybelkaninar i krokane. Men kva gjer vel det? Eg har hatt ei super helg, som ga energi til mange måndagar. Vaskamaskina er frisk og rask og ingen i heimen har støvallergi(heldigvis!) Eg har trena både ryggen og kondisen, og eg er i rute med blogging :)

I helga hadde eg besøk, vi var på kafe, vi var på konsert, vi gjekk i butikkar, vi hadde festmiddag, fin lunsj, vi har prata og skratta og sove godt. Godt med venskap som ikkje krever dagleg kontakt, men som er der når ein treffest. Gler meg til neste gong vi ser dykk, Heidi og Jorun!
 
Trondheim viste seg frå si finaste side både dag og kveld!
Det må jo bli ein bra middag når det er bordkort og gåve!


Eg har nesten gløymt parkeringsbota eg fekk før helga. Eg har fått morsdagsgåve og morsdagsmiddag. Telefonsamtale med sonen i nord. Eg har jobb å gå til, og tilrettelegging så eg klarer den.

Yuhu, idag er det positiviten som blomstrar!

Dette diktet er et hus

Av Gro Dahle

Velkommen inn i diktet mitt!
Bare kom!
Her kan du gå rett inn i stua
uten engang å ta av deg på føttene.
Det er en myk sofa her inne.
Der kan du sette deg, hvis du vil,
eller du kan gå opp trappa til annen etasje
hvor sola skinner inn gjennom vinduet
eller du kan gå ned trappa til kjelleren.
På kjøkkenet er det kake
på et blått fat og to glass rød saft.
Kanskje til og med en skål med godteri.
Nå skal jeg helle opp saft til deg,
og så kan vi sitte og drikke saft og spise kake
her inne i diktet
og snakke om lys og mørk sjokolade.

Eg håpar eg har ein mjuk sofa, i alle betydningar, som du vil sitte i, medan vi et kake og snakkar om lys og mørk sjokolade! Eg vil gjerne vere her, saman med deg.
Håpar du får ei strålande veke!
Frå konsert med junior.
Det er han med det lange håret og kontrabassen.

fredag 10. februar 2017

Februarglimt #3

Eg lova litt om februar, opp- og nedturar kanskje...
I dag deler eg ein nedtur. Parkeringsbeviset hadde falle ned på golvet i bilen. Det var eit dyrt fall! Jaja, det kunne vel vore verre, eg fekk jo lønn idag. Sjølv om eg hadde andre ting eg hadde like lyst å bruke pengar på.


Godt eg har lystige planer for resten av helga! Stikkord er jentehelg, konsert, shopping, kafe og middag. Bytur, prating og gode vener.

torsdag 9. februar 2017

Februarglimt #2

Idag har det vore sol, ein solskinnsdag, rett og slett. Dei har det vore mange av den siste veka. Minusgrader også, men ull og ull og vindtette klær hjelper. Eg hadde inngått avtale med meg sjølv igår om å gå tur på ettermiddagen. Eg hadde dessutan avtale om å rapportere til ei venninne, slik at eg ikkje skulle finne "gode" grunnar til å skulke. Eg er så glad i å gå, særleg i skogen, men etter jul har det vore så tungt å kome seg ut. De har vore mørkt, kaldt, mykje snø eller altfor glatt. Vått og sølete. Eg har hatt så mange unnskyldningar...

Men idag vart det tur! Eg gjekk til mitt "smultronställe". Lite snø og hardt føre, men med piggsko og stavar kjente eg meg på trygg grunn. Når sola skein i ryggen min, kjente eg den varme! 

Snø. Sol. Stilt.
Nydeleg tur! Eg fekk frisk luft, sol, lys. Trim og puls. Eg kjenner kroppen jobbe, hodet tenkjer mest på kvar eg går og ikkje så mykje på alt anna. Sjelefred! 
Kom deg ut på tur!

onsdag 8. februar 2017

Vekestart veke 6.

Idag skal eg skrive om glattis, bråstopp og digital detox!

Eg tenkjer innimellom på at eg må gjere noko med alle timane eg brukar på tv, telefon, nettbrett, alle slags skjermrelaterte sysler. Men som oftast blir det med tanken, eller eg legg slikt vekk -for ein times tid- og så tek gamle vaner og rutiner over styringa. Eg tenkjer alltid på det rundt nyttår, det er jo eit passande nyttårsforsett?

Men no skaffa eg meg ein liten hjernerystele, og vips vart det digital detox, heilt ufrivilleg og uunngåeleg og utan det minste nedtrapping.


Vi skulle ha ei hyggeleg helg, mannen og eg. Eg hadde gitt han ei helg på hotell på Røros i julegåve. Eg hadde planlagt kos, lave skuldre, god mat, kultur etc. Det byrja bra, vi tok toget, åt lunsj på kafe, rusla i gatene, (fekk shoppa irriterande lite). Vi var på ein skuldersenkande, nydeleg kammerkonsert med strykekvartett og obo.
Men så vart det litt mindre kos! Eit fall på isen, eg rakk tenkje "nei, ryggen min!!!" i det beina forsvann. Så traff ryggen bakken, og eg tenkte at dette gjekk visst bra. Men så traff hodet bakken, "bang" og eg tenkte at dette var dumt. Alt dette, og mykje meir, for gjennom hodet mitt på veldig kort tid! Og eg spratt tilbake på beina igjen. I full fart!

Bakhode med plaster.
Eg skal spare dykk for nærbileta med blod
mannen tok på legevakta...
Det viste seg at eg hadde fått ein kul i bakhodet, og to kutt, som blødde. Mykje! Det har sine klare ulemper med blodfortynnande medisin. Eg vart ein slags lokal kjendis på hotellet, med blodig håndkle rundt hodet, der eg forta meg å finne nokon som kunne ringe legevakt og taxi. Sanneleg godt at mannen er roleg og sindig når det gjeld(han er det til vanleg og altså). Både pulsen og blodtrykket mitt nådde nye høgder. Etter legevakt, prydsaum i bakhodet og instruks om vekking på natta og generell omsorg og pass, skulle vi ha festmiddag. Den vart litt prega av forslått kone med plaster i håret og litt dårleg matlyst. Det vart ikkje som vi planla, men ein roleg kveld saman fekk vi! Og ein roleg søndag, med nydeleg lunsj før togtur heim til eiga seng og eigen sofa.

Men altså: ein liten hjernerystelse. Litt omtåka, ikkje kvalm eller bevistlaus. Likevel skal ein visst ikkje spøke med slikt. "Ikkje lese, verken på skjerm eller papir, ei veke. Ikkje sjå tv, ikkje fikle med mobilen,", sa legen. "Du skal kjede deg!" Jammen, kva kan eg gjere?? Eg fekk lov til å høyre radio, og gå korte turar. Og kjede meg, det var faktisk det eg skulle.
TV har ikkje vore noko sakn. Når dei andre har sett tv, har eg vore i den andre stova, og høyrt på radio. Skjermen framsto dessutan som veldig lyssterk og ikkje fristande å sjå på. Eg har ikkje byrja sjå igjen, faktisk. Men eg skal prøve å få sett dei siste episodane av "Valkyrien", eg må finne ut korleis det går!
Å kutte ut Facebook, Instagram og Snapchat var heller ikkje noko stort problem, til tross for alle som meinte dette ville bli det verste for meg. Kanskje overraskande, men veldig gledeleg at eg ikkje vart heilt skjelven av å ikkje fått oppdatert meg på det alle gjer til ei kvar tid! For ikkje snakke om at eg ikkje fekk delt alt som skjedde meg, i stort og smått.
Nettaviser har eg sakna, men konstant radio har dekt ein del av suget for oppdatering. Blogg har eg heller ikkje sakna, eg hadde ein runde for å oppdatere meg, og så veldig mykje hadde eg ikkje mista. Eg har "skrive" ein god del blogginnlegg i hodet mitt, mengder av gode formuleringar har gått tapt i forbudet mot skriving. Jaja!
Det eg derimot har sakna med heile meg er aviser til frukosten, kryssord på ettermiddagen og bøker på kvelden. Eg som les bok etter bok, gjerne fleire på ein gong, eg som kjøper ekstra mange aviser kvar helg, for å verkeleg kose meg, eg skulle altså ikkje lese... Det gjorde litt vondt!


Eg har drukke bøttevis med te, medan eg har høyrt radio. Eg har konkludert med at ein får med seg meir om ein ikkje gjer andre ting samtidig som ein høyrer radio.

Eg har gått korte turar. Sett på soloppgang og solnedgang. Kjeda meg litt. Sett på tulipanane mine. Brent masse lys både morgon og kveld. Eg har kjeda meg. Eg har mata surdeigen og sett brøddeigen heve. Det er mykje mindfullness i ein brøddeig! Ingen snarvegar og kjappe løsningar der. Eg har ikkje lese jobbmail, og slik kanskje hatt meir pause enn vanlegvis. Eg har leita gjennom ulike DAB-kanalar, og funne nye program og det finns både god og dårleg radio! Eg har ete mørk sjokolade. Eg har tenkt ein del, kloke tankar, slitne tankar, optimistiske og meir pessimistiske tankar. Eg har tatt hensyn til kroppen og hodet og kjent meg betre innimellom, og tenkt at dette blir bra fort. Eg har gjort litt meir enn kroppen tåler og kjent meg dårleg andre gonger, og tenkt at dette vil aldri bli bra. Eg har lurt litt på om vi skulle hatt fliser over kjøkkenbenken, og skulle vi bygd hyller inni den nisjen på tv-stova? Eg har kjeda meg. Eg har venta på at mann og son skulle kome heim, for å ha nokon å prate med. Eg har fyra i omnen. Sett på gravemaskinene utanfor stovevindauget, og fundert på om dei aldri skal bli ferdige med arbeidet!?
Eg har tenkt på dei som har det slik til vanleg, at dei ikkje kan bruke dagane som dei vil, av ulike grunnar og begrensningar i kropp eller sinn.




Og så viser det seg at eg vart betre. Hurra! Framleis blir eg fort sliten, og eg tenkjer nok litt saktare og tåler mindre skjerm enn normalt. Men eg er på jobb denne veka. I dag har eg tatt stinga og vaska håret! Det vart berre ein liten ekstra pause.
Og detoxen? Den kan eg sikkert opp igjen seinare, for det er lett å gå tilbake til gamle vanar...

Eit lite dikt skal du få til slutt. Det blir litt ironsik med eit dikt om ord og bokstavar, men det var jo dette eg lengta etter sist veke!

Hvor skal vi, spør jeg diktet?

Dette lille diktet mitt
går i sokkelesten
over gulvet,
dette lille diktet mitt
går med lette sko over tunet.
Jeg følger ordene
over gårdsplassen,
jeg går mellom rader av epletrær,
jeg går gjennom bokstavenes høye, myke strå.
Over gresset, over gresset,
innunder fjellet, og sjøen ligger stor og tung og dyp
i hvert eneste spinkle ord.

Gro Dahle

Måtte veka di bli god vidare!

Februarglimt #1

Det var ei lang bloggpause, men eg har hatt gyldig grunn, hjernerystelse. Eg skal skrive litt meir om det seinare. Men eg ser at eg treng ein slags alternativ bloggplan ein periode, så eg innfører herved februarglimt. Tanken er små glimt frå kvardagen no i februar, kva eg gjer, lyset som kjem, bilder som gjer meg glad.


Dagens glimt er tatt ved Trondheim katedralsole, då eg sto pg venta på junior og kontrabassen. Nydeleg februarhimmel og utsikt mo Nidarosdomen.