Viser innlegg med etiketten å bry seg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten å bry seg. Vis alle innlegg

søndag 17. desember 2017

3.søndag i advent

Vips var det 3.søndag i advent, og det er berre ei veke til julaften. Huskar eg kjente meg skikkeleg snytt første gongen eg oppdaga at 4.søndag i advent og julaften fall på samme dag. Kunne det verkeleg vere lov? Slå saman to dagar på den måten?! No tenkjer eg meir på at advent blir litt kort når julaften er på søndag... Men det må innrømast at så veldig stressa er eg ikkje, vi blir ferdige, etter prinsippet "godt nok" og vi tek det vi rekk! Men skulle du kjenne på sresset, så les dette diktet, sakte:

Berre ta det heilt med ro
Du pustar
Hjartet slår
Hår og neglar veks
Kvil i denne tomme stunda

Hans Sande


Brillene dugga på innsida og snødde igjen. på yttersida
 Litt farefullt i nedoverbakkane, meg eg oppdaga hunden før
eg kjørte på den...og det same med dei to
små som streva oppover i fiskebein.

Eg syns vi har fått mykje ut av helga. Vi har bakt litt. Vi   Mannen har vaska badet. Eg har vaska skapet med servise på stova, det er fullt og det bakerst blir fort litt støvete... Ikkje no lenger! Vi har gått på ski, medan det snødde og løypene vart finare og finare (litt straff for det idag, ryggen syns det vart mange oppoverbakkar) Vi har hatt lange frukostar, med levande lys og fyr i omnen. Saktetid og lave skuldre.


Og idag har vi vore på grautfest, lang tradisjon med vener. Det blir færre barn som er med, men kan dei, så kjem dei (men mine satt fast i ein kontrabass eller eit fjell) Spleiselag, nokon fiksar graut, andre spekemat og flatbrød, nokon kake og snop til kaffen. Vi sett av tid saman. Dette er folk eg kjenner godt, og dei kjenner meg og mi historie. Vi treng ikkje mykje tid for å kome til kjernen! Idag kom vi inn på bekymringar, det å bekymre seg for ting, meir eller mindre med god grunn. Og vi snakka om korleis vi lever med, kloke løsningar og gode tips. Skal ikkje påstå at vi har løst alt, men det var ein god prat. Medan vi åt kaker og julegodter!

Trur eg er ganske klar for ny veke no!

Det er ikkje så mykje lys i desember,
men det som er er vakkert!



mandag 19. desember 2016

Vekestart veke 51

Måndag. 5 dagar igjen til jul, seier ryktet og det seier dei i "Snøfall". For mannen og eg ser "Snøfall" kvar ettermiddag. Drikk te og smakar på julebakst og lever oss inn i historia. No forstår vi ikkje heilt korleis dei skal samle trådane?? Men vi håpar det går bra til slutt. (Vi har prøvd å innvie sonene i denne desembertradisjonen, men får lite respons, sjølv om eg tilbyr dei kaffe i staden for te. Det er visst ikkje interessant nok?)
Eg har hatt fri idag. Litt har vorte kryssa av på lista, men det har jammen kome fleire nye punkt også. Godt jula snart er her, for då blir det ikkje gjort meir! Det er godt med ein heil dag, då kan eg jobbe i eige tempo, med litt jobbing og litt kvile innimellom.

Rakk ein tur på IKEA med junior. Dei var utsolgt for det vi eigentleg
skulle ha, men vi fann naturlegvis noko anna! Og vi fann kø...

Det er vekestart også. Eg kunne valt ein julesang, eg høyrer mykje julemusikk om dagane. Men eg har valt eit dikt om sakn. Idag er det tre år sidan ei god venninne døydde så altfor tidleg. Enno tek eg meg i å tenkje at "det må eg fortelje til Hanne Kari" eller det skal eg sende ein SMS om.

Jeg finner nok fram

Døden er ikke så skremmende som før.
Folk jeg var glad i
har gått foran og kvistet løype
De var skogskarer og fjellvante
Jeg finner nok fram

Kolbein Falkeid


Eit hjarte for dei vi er glade i som ikkje er her
Idag har det igjen vore det dei trur er terror, ikkje så altfor langt frå oss. Nokon har mista nokon nære og kjente, rett inn i jula. Og eg kjenner på at verda blir meir usikker, også her eg sitt i Norge, i mi trygge stove.  Det skjer i ei tid vi helst vil tenke på som samvær med dei vi er glade i, ikkje sakne dei... Så dette diktet er til deg som saknar nokon akkurat no i juleinnspurten. Som ikkje er så opptatt av ribbe og sju slag.

Sender ein klem til dykk alle!


søndag 15. november 2015

Vekestart veke 47

På fredag skreiv eg om den gode fredagskjensla, kor godt eg har det. At eg gleda meg på ei god helg. Det har eg også hatt, men fredagskvelden vart ganske brått omsnudd då nyheitene om angrepet på Paris kom. Eg som satt i mi trygge, varme stove, og plutseleg kjente eg meg utrygg, usikker og motlaus. Korleis det var for dei som sto midt oppi det, er ikkje råd å forstå. Eg vart påmint dagane etter 22.juli 2011, uvissa. Så fort livet og verda snur! Eg veit at slike ting skjer mange stader i verda, mykje oftare enn eg klarer ta det innover meg. Men Paris er så nært, det kunne nesten vore her...

Det blir ekstra viktig for meg å treffe vener, vere saman med familien, gjere noko fint saman slike dagar. Så det passa godt å vere invitert i selskap i går, ete godt, le og snakke om livet.  Idag har vi hatt sakte brunsj i sofaen, med fyr på omnen og nystekte scones, nypressa juice og ei stor kanne te!
Brubsj

Eit dikt til trøst, undring og ettertanke må du få med frå denne helga og inn i veka som kjem.

Godnatta til du som gråter
Tårene dine faller
som regn i rommet.
Det går en elv gjennom nettene
og elven synger
om sjøen av tårer.

Hvis du ser noen som er ute på sjøen om
natten,
så er det sorgen og sorgens sønn
som er ute og ror.
Nå kan dere snart trekke tårene inn.
For til og med sorgen må sove.

Gro Dahle

Og i løpet av dagen skal eg sjå om eg ikkje får skrive litt leselogg igjen. Eg har lese mange bøker i haust, og det er lenge sidan eg har skrive noko om bøker, det er på tide!
He ein fin søndag og ei god veke!

tirsdag 27. oktober 2015

Venskap

I kveld skal eg treffe nokre damer eg har kjent i mange år, dei fleste i godt over 20 år. Nokre har eg kjent sidan eg var singel, nokre har eg kjent sidan eg var nygift og alle har sett meg som kone og mor. Dei kjenner kjernefamilien min, veit om foreldra mine, søsken, kvar eg kjem frå. Jobben min, helsa mi, oppturar og nedturar i livet.
Eg kan spørje dei om råd, eg kan lufte frustrasjon, eg kan be om heiarop, støtte og tilbakemelding. Ærlege tilbakemeldingar! Og det er ikkje berre for meg, vi er der for kvarandre, heile gjengen. Vi er der for kvarandre! Vi er nettverk for kvarandre. Nokon som vi veit stiller opp! Vi deler liva våre med kvarandre, på godt og vondt. Heldigvis har vi faste treff, for eller ville tida fort gått frå oss, med alt anna som skjer. I kveld har vi sett av tid! Eg gler meg!


Og eg har andre vener, frå jobb, i nabolaget, frå studietida, frå barnehagen og skuletida til ungane. Snakk om rikdom! Rikdom som ikkje blir mindre sjølv om det er bankkrise eller kollaps i boligmarkedet.
Det var ikkje noko meir eg skulle seie i dag.

mandag 28. september 2015

Vekestart veke 40

Eg har ein son som er heime på haustferie. Det er noko heilt nytt i den setninga. Fram til no har det vore eg(etterkvart med barn) som har reist heim på haustferie. Iår er det første gong nokon kjem heim til meg ! Det er fint! Veldig godt å ha han heime, og litt rart. Han syns det er stille her, berre fordi han er vant til å ete frukost med 140 andre, og til ei kvar tid ha nokon som er klar til å finne på noko. Ikkje skal han sove i telt denne veka, eller padle elvekajakk, gå på bre eller sykle down-hill. Men reine klær, ferdig bretta og reparert og mors kjøttkaker(eller lignande), formaningar og mild omsorg det skal han få!
Kunststopping er ikkje mi greie!

Eg skal operere øret(forsetting og utgreiing kjem) Eg førebur meg, har kjøpt lesestoff og finn fram komfortable klær. Lagar lister over ting eg skal huske å ordne først, og minner mannen på at han har lova å kjøre meg i god tid på onsdag morgon. Det er praktisk å bu nært sjukehuset når ein skal møte kl 07.30.

I går hadde vi søster og familie på besøk. Det blir ikkje så ofte, sjøl om vi bur berre 15 minutt kjøring frå kvarandre. No brukte vi den heimkomne sonen som unnskyldning, og vurderte å slakte gjøkalven (som vi har gjødd på i årevis...)men gjorde det av med ein stor stabel vaflar. Uformelt og kjekt, ei stor kasse gamle leiker, ei stor dose humor og lite sjølvhøgtidelegheit, litt alvor, mykje musikk, gode historier etc. Så gjekk tida, og eg som hadde pulled-pork på langsteiking i omnen, fann ut at dei like gjerne kunne ete middag og. Dei takka ja momentant! Med litt utviding av menyen, med nokre grove pølser og karbonader, burgerbrød, potetbåtar og cole-slaw, fekk alle noko dei likte og alle vart mette. Eg får energi av slike dagar og slike besøk! Å kunne ta det vi har, ha meir fokus på samvær enn formell etikette, er sunt!
Og R2D2 sto rett rundt hjørnet idag, etter festen igår!


Vekas dikt må bli ei ønskeliste:

Ønskeliste
Pulsvarmere, håndstrikket, lenge.
Kritt i alle farger
sekunder – minutter – timer
en dagbok, blanke ark.
Og et skjerf med hull inni
Og en klokke som går baklengs når vi er sammen.
Martina Gaux
Må veka di bli fin! Med eller utan klokke som går baklengs!


torsdag 18. juni 2015

Mammamas


«Har du huska...?» trur eg er noko av det eg har sagt mest i mine snart 19 år som mamma.
Pusse tenner, gre håret, skifte truse og sokker, skolebøker, niste, frukost, gymklær, leggetid, datatid, gå ut med søpla, spelelekse, lekser generelt, bursdagsinvitasjonen, innleveringsfristen, lading av mobiltelefon, innetider, lista er lang og lengre enn lang!

Noko har tydelegvis gått inn, dei siste åra har eg stort sett kunne legge bort gymklær og lekser frå lista, det går av seg sjølv, spelelekse likeså(ikkje så rart det siste kanskje, med ein som lever og åndar for musikk). Eg kan kome heim til oppvaskmaksin som er tømt utan at eg har bedt nokon om å gjere det. Skitne klær finn vegen til skitnekleskorga utan mas. Eg treng ikkje vekke om morgonen(men eg minner på om leggetid...) Tannpuss, dusjing og hårstell går også utan mi innblanding. Mat finn dei seg, det kan foregå spennande improvisajon over omtrentlege oppskrifter og kjøleskapsinnhald på dagar mor er borte eller seint ute.

Det er fine saker, eg (det er vel rettast å seie vi, sidan mannen og eg har hatt eit godt teamarbeid her)har altså lukkast med å gje dei ein del grunnleggande ferdigheiter(dårleg nynorskord!) Det er litt rart også, for eg vil så gjerne bidra med noko! Det fører til det ungane kallar mas, eller at eg bryr meg for mykje. «Kvar er du? Når kjem du heim? Korleis kjem du heim? Har du pengar? Kven er du saman med?» Eg blir møtt av: «Mamma, du hadde sove bedre om du ikke hadde brydd dæ så my»
Eg er ikkje sikker på om det går.

Men eg støttar meg til alle fagpersonar som seier det er godt for ungdommen at foreldra bryr seg! Eg bryr meg! Eg bryr meg innimellom for mykje! Som no. Når eldstemann er på ferie, Nordnorge rundt med ein kamerat. Turplaner lagt heilt utan hjelp av mor og far. Det er så eg får lyst å innvolvere alle eg kjenner nord for Trondheim, slik at dei har nødhamn om dei treng det! Eg spør om plaster, kart, ullklær, termos og gode sko. Eg har i det minste etterkvart fått reiseruta, og håpar eg skal få namn på dei som skal få besøk.
(Det kan vere at eg har gjort ting utan innblanding frå mine foreldre, men det er jo noko anna?! Dessutan er det forelda no!)

Denne karen, dog i litt eldre utgåve, reiser
på ferie utan mor iår.


Heldigvis er det enkelte ting er eg best på enno. Klesvask, innlogging på nettbank, utfylling av søknadar, og eg deler villig av min kunnskap! Eg lagar middag som rekk til alle som er innom, noko ekstra til kveldsmat når det er eksamenstid, gir frå meg stova når det er innrykk av vener, låner ut gjesterommet når siste buss har gått, masserer stive eksamenskuldre, lytter til hjartesukk over travle dagar med innleveringar i fleng, er i beredskap om nokon treng å hentast midt på natta, låner ut bil til den som har lappen. Eg sender SMS med lett forvirra spørsmål om kvar dei er klokka tre på natta, når eg trudde dei sov i senga si. Eg har lært meg å sove sjølv om ikkje alle er inne. Det er jo dette ein jobbar mot, at dei skal klare seg sjøl…og eldstemann flyttar til hausten(eg prøvar å forklare minstemann at all omsorg og bekymring vil ramme han då, han berre sukkar). Det er slik det skal vere, og eg reknar med at eg blir vant til det. Fordeler er det jo og, eg vil vite kva eg har i kjøleskapet, eg vil ha mindre klesvask, betre søvn og stillare hus.


(Og enno får eg nyte godt av andre sin kunnskap om oppgradering av datamaskiner, mobiltelefonkjøp, innstilling av tv og radio. Eg har nokon som er sterk og kan løfte sofaen, flytte spisebordet, nokon som kan hjelpe til med oppusiing, slå plena, fylle bensin og peile olje på bilen. Trur begge partar går ut i pluss, og at eg om nokre år får svigerdøtre som forstår at eg har prøvd å klargjere dei til livet!)

Og han som reiste avgarde no i dag tidleg, har fått instruksar som eg berre må håpe han huskar, om å vere forsiktig, ete og kle seg skikkeleg, gjerne gje eit livsteikn innimellom(og mor tenkjer at ho må på Snapchat, det trur eg er einaste staden eg kan rekne med å få kontakt…)

fredag 12. juni 2015

Eit halvtime energi

Etter litt meldingar fram og tilbake, lurte ei venninne på om eg ville ete lunsj saman med ho idag. 30 minutt på kafe, med mat og prat. Oppdatering, hjertesukk, gode råd, lyttande ører. Rett og slett ein halvtime med energipåfyll, for mage og hode.
Takk Tove!

 (Gløymte eg å ta bilete for å dukomentere? Ja. Det tydar på rett fokus!)


mandag 20. april 2015

Livet. Rett og slett(Vekestart veke 17)

Dei siste dagane har eg tenkt på livet.
Eg har møtt folk i det siste, det er ikkje så uvanleg. Nokon eg kjenner godt, andre eg knapt har møtt før. Vi har snakka djupt og mindre djupt. Vi har skratta, sukka, venta, ete kake, gjort noko saman. Det som fengslar meg er historiene, alle liva som blir levd, hendigane vi deler. Og det vi ikkje deler, men som ligg under.
Skuffelsane. Gledene. Draumane. Oppturar. Nedturar. Kvardagen. Festdagane. Plana som gjekk i vasken, suksesshistoria om då alt fall på plass. Det hemmelege vi brenn etter å dele, eller som brenn inni oss og som ikkje kan kome ut... Den artige dagen i den vanlege tralten, som gjorde at noko snudde - eller fall saman. Dei historiene eg vil dele, men er usikker på om nokon orkar høyre. Bekymringa som veks seg stor inni hodet, men som minkar med å bli sett ord på. Alle historiene som folk har, som kjem fram i små glimt i ein samtale, som gjer at eg av og til får lyst å sette alt anna på vent og berre høyre på.
Men så er det også livet, at vi ikkje kan det. Vi har planer, jobb, ei vaskemaskin som skal startast, ein telefon som ringer. Og kanskje klarer eg ikkje høyre, eller du kan ikkje fortelje.
Det er rett og slett livet!


Eg må berre dele dette diktet. Trur eg har delt det før, men dei seier mykje sant om livet!

Hvem har sagt at dagene våre
skulle være gratis?
At de skulle snurre rundt på lykkehjulet
i hjertet våres og
hver kveld stoppe på gevinst?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?

Hvem sa at livet vårt skulle være lett
å bygge ferdig?
At mursteinene var firkantete ballonger
som føk på plass
av seg selv?
Hvem sa det?
Hvor hadde vi det fra?

Det var piller for alt
nerver, vedvarende hoste og anemi.
Men hvem sa at snarveiene
støtt var kjørbare
at fjellovergangene aldri snødde til
og at nettopp vi skulle slippe
å sitte fast i tunnellen?

Ja, hvem sa det?
Hvor i all verden hadde vi det fra?

Kolbein Falkeid

Ha ei god veke!
Og ein dag vil eg sette meg ned saman med deg, høyre litt om livet ditt og dele litt frå mitt liv.

søndag 15. mars 2015

Vekestart veke 12

Det er VÅR! Eg er ikkje i tvil! Igår var eg i marka, og der er det snø, men "påskestemning" med sol og snøsmelting og blankis.

Idag har eg og mannen vore på sykkeltur til fjorden, sett blå himmel, kjent sola varme, funne hestehov, gått tur og prata.
I går hadde minstemann bursdag. 17 år! Tilfeldigvis har vi i det siste sett på gamle lysbilder, og vi fann den kassetten med bilder frå ei særdeles høggravid Kirsti, bilder undervegs frå fødsel og rett etterpå. Jaja, åra går… Junior har forandra seg, men det har heldigvis eg også… Og bilda er interessante sånn historisk, men kjem nok ikkje i album!

Men altså våren! Eg trur sånn med fornuften i bakhovudet at det kjem meir snø og kulde, eg har ikkje dratt fram hagemøblane(sjølv om junior og ein kompisgjeng tok fram nokre stolar og åt is i sola på fredag) Men eg orkar ikkje vere så veldig fornuftig, eg nyt været med heile meg! Eg går tur, lever med stovevindauga på vidt gap, eg lettar på antrekket, eg går i småsko og eg syng med i fuglesangen! (omtrent som lerka i songen:
Og vesle lerka,ho hev det so
at finn ho ein tuvetopp fri for snjo,
så kved ho i med sin gladaste song,
så trur ho på vår med ein einaste gong.)

Vekestarten må bli nokre ord om våren :

Straks våren er her for fullt, skal han
rømme frå sjukeheimen. Han drømmer
om å sjå Jæren, Lofoten og Buenos Aires.
Han er 91, verda ventar.
Frode Grytten

Eg vil utpå tur! 
Og så eit lite bildedryss frå helga:

Nye piggsko er godt på glattunderlag

Snø, is og snøfrie tuer

Himmel!

 
Himmel og hav


I ein grøftekant lyste desse opp



søndag 1. mars 2015

Vekestart veke 10

Livet er ikkje alltid rett fram. Det er svingar, det er motbakkar, det kan til og med vere motbakke med sving så ein ikkje ser så langt framover…

Då er det godt om nokon rekkjer ut ei hand, og går ei ekstra mil. Opnar opp ei dør og inviterer inn, til omsorg. Det løyser kanskje ikkje problemet, men det kan gjere livet litt lettare.

Så idag vil eg dele eit av mine yndlingsdikt, eg veit eg har lagt det ut før, men kvifor ikkje repetere?

Det er langt mellom venner
Mellom venner står mange
bekjentskaper
og mye snakk.
Venner ligger som små lysende stuer
langt borte i fjellmørket.
Du kan ikke ta feil av dem.

(Kolbein Falkeid, 1978)


Å vere ei lysande stove for nokon, eller finne ei lysande stove, for ein rikdom!!!

Ha ei strålande veke! Eg håpar å få bety noko for nokon denne veka, og veit eg har fine folk rundt meg som betyr noko for meg!

Velkommen inn!

søndag 2. mars 2014

Vekestart veke 10 og litt om "å ta seg til rette"

Fastelavenssøndag og bollar i fleng på bordet! Vener samla rundt bordet, prat, høge rop frå den yngre generasjon som spelar spel i naborommet, kanskje nokon som vart glad for invitasjonen?

Rakk ikkje å ta bilete av bollane  med krem før dei var vekk!

En Hustavle

Det er en lykke i livet
som ikke vendes til lede:
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede

Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent
da du skjønte dette

Ingen kan resten av tiden
stå ved en grav og klage
Døgnet har mange timer
året har mange dage
Arnulf Øverland

Fastelavenssøndag er ein fin dag å invitere nokon, det skal vere bollar og fest denne dagen! Men kva med resten av året? Kvardagane, når nokon er sliten, lei seg, sjuk…når ein har lyst å gjere noko for nokon.
Eg har det siste året gjort meg nokre tankar om det å bry seg,  for eg er ofte redd for å trenge meg på. Tanken om at det sikkert ikkje passar, eller at dei syns eg masar for mykje, kan gjere at eg vegrar meg litt. Samtidig byrjar eg å få litt trua på å ta seg til rette, på ein forhåpentlegvis god måte. Eg har ikkje så trua på å brøyte seg veg, overkjøre eller ikkje lytte… 
Kanskje kan eg seie "eg kjem innom i morgen klokka seks" istadenfor å seie "sei frå om du vil eg skal kome ein dag". (og ta meg tid til å høre på svaret, om det passar eller ikkje) Eg tek heller med eit nybakt brød når eg skal innom, istadenfor å seie "vil du at eg skal bake til deg?". Invitere med på kafe for å gje eit lite pusterom i kvardagen, eller invitere på middag, slik heilt vanleg kvardagsmiddag utan fiksfakseri. For eg trur ikkje eg sjølv ville ringt og bedt om besøk dersom eg var sliten, eller bedt om ein pose bollar eller ferdig middag. 
Men om det virkar og er rette måten, veit eg jo ikkje. Så eg prøvar meg fram, og prøvar tenkje kva eg sjølv ville sett pris på, lytte til responsen eg får og ikkje vere så redd for bry meg.
Kvifor er vi så redde for kvarandre, forresten? Kva er det vi trur kan skje om vi er tilstades for kvarandre? Tilbyr hjelp, eller spør om hjelp, for den del. Og er hjelp og støtte ein får ubedt, dårlegare enn den ein spør om? Eg syns det er godt når nokon bryr seg!
I mangel av fastelavensris vart det fastelavenstulipanar!