mandag 28. september 2015

Vekestart veke 40

Eg har ein son som er heime på haustferie. Det er noko heilt nytt i den setninga. Fram til no har det vore eg(etterkvart med barn) som har reist heim på haustferie. Iår er det første gong nokon kjem heim til meg ! Det er fint! Veldig godt å ha han heime, og litt rart. Han syns det er stille her, berre fordi han er vant til å ete frukost med 140 andre, og til ei kvar tid ha nokon som er klar til å finne på noko. Ikkje skal han sove i telt denne veka, eller padle elvekajakk, gå på bre eller sykle down-hill. Men reine klær, ferdig bretta og reparert og mors kjøttkaker(eller lignande), formaningar og mild omsorg det skal han få!
Kunststopping er ikkje mi greie!

Eg skal operere øret(forsetting og utgreiing kjem) Eg førebur meg, har kjøpt lesestoff og finn fram komfortable klær. Lagar lister over ting eg skal huske å ordne først, og minner mannen på at han har lova å kjøre meg i god tid på onsdag morgon. Det er praktisk å bu nært sjukehuset når ein skal møte kl 07.30.

I går hadde vi søster og familie på besøk. Det blir ikkje så ofte, sjøl om vi bur berre 15 minutt kjøring frå kvarandre. No brukte vi den heimkomne sonen som unnskyldning, og vurderte å slakte gjøkalven (som vi har gjødd på i årevis...)men gjorde det av med ein stor stabel vaflar. Uformelt og kjekt, ei stor kasse gamle leiker, ei stor dose humor og lite sjølvhøgtidelegheit, litt alvor, mykje musikk, gode historier etc. Så gjekk tida, og eg som hadde pulled-pork på langsteiking i omnen, fann ut at dei like gjerne kunne ete middag og. Dei takka ja momentant! Med litt utviding av menyen, med nokre grove pølser og karbonader, burgerbrød, potetbåtar og cole-slaw, fekk alle noko dei likte og alle vart mette. Eg får energi av slike dagar og slike besøk! Å kunne ta det vi har, ha meir fokus på samvær enn formell etikette, er sunt!
Og R2D2 sto rett rundt hjørnet idag, etter festen igår!


Vekas dikt må bli ei ønskeliste:

Ønskeliste
Pulsvarmere, håndstrikket, lenge.
Kritt i alle farger
sekunder – minutter – timer
en dagbok, blanke ark.
Og et skjerf med hull inni
Og en klokke som går baklengs når vi er sammen.
Martina Gaux
Må veka di bli fin! Med eller utan klokke som går baklengs!


torsdag 24. september 2015

Eg høyrer ikkje dårleg, eg er faktisk døv på det eine øret

Ok, katten er ute av sekken! På tide etter eit års tid...
Eg har dei siste åra sagt at eg høyrer dårleg, og det er sant. Men etter den siste endringa i hørselen påvenstre øre i fjor sommar, høyrer eg ikkje dårleg, eg høyrer ikkje på venstre øre.
Døvt øre

Ikkje så godt å sjå at denne øra ikkje virkar.
Eg har vegra meg for å seie det. Nokre vil kanskje seie at eg har fortrengt fakta. Eg har ikkje ville snakke om det, det er vel litt sant iallfall...tanken har vore at det ikkje skal få fokus. Eg ser i etterpåklokskapens lys at det blir dumt, for eg "skryt" på meg noko eg ikkje har. Og når ikkje andre veit, er det ikkje lett å tilrettelegge eller forstå. Både på hørselskontroll og hos ØNH-lege har eg fått høyre det, "den øra du er døv på" eller "den øra du har mista hørselen" men eg har snudd det døve øret(haha) til og lata som dei eigentleg sa noko anna! Alle diagram viser at det ikkje finns hørselrespons der, så ser eg på dei, er det ikkje tvil.

Kvifor eg ikkje vil seie det? Fordi det er så definitivt å seie eg er døv, kanskje. Så lenge eg høyrer dårleg, er det litt håp på ein måte. Iallfall for meg. Å seie eg er døv er så definerande, og det likar eg ikkje. Litt fortrening kanskje, sidan eg faktisk er det. Og no kjenner eg for presisering: eg er døv på eit øre! Eg høyrer godt på den andre! (der er det igjen, eg likar ikkje å fokusere på det)

Bak håret: øre med hørsel
Dei rundt meg merkar det jo, dei heime, kollegaer på jobb, folk eg treffer i sosiale samanhengar. Eg får ikkje med meg alt. Eg dett ut av samtalen. Eg misforstår. Eg melder  meg fort litt ut.
Så eg øver meg. Når eg treff folk eg ikkje har sett på ei stund, eller nye folk som eg må kunne kommunisere med, har eg byrja fortelje det. Sist veke hadde vi kontroll på jobb, eg skulle demonstrere laboratoriearbeid og svare på ein del spørsmål. Det ville vore pinlegare om eg svara 5000 når svaret er 10, enn å fortelje om hørselen først, fann eg ut. Så viste det seg at vedkommande hadde eit nært familiemedlem som er einsidig døv, og hadde stor forståing for problemet. Så mykje for å grue seg! Altså ei positiv erfaring som burde gjere meg meir frimodig framover.

Dei siste vekene har eg sett på "Ut av stillheten" på TV2. Det har vore utruleg interessant og lærerikt. Noko er heilt  nytt for meg. Eg har tross alt noko hørsel. Samtidig har eg kjent meg så igjen i mange ting. Kjensla av å mislukkast, misforstå, dette utanfor når ein ikkje får med seg det som blir sagt. Kjensla av å bli sliten av å prøve å følgje samtalen, sjå på den som snakkar, filtrere vekk bakgrunnsstøy. Det er ikkje kjekt å spørje om igjen for 3.gong etter ein artig kommentar, den er ikkje artig lenger då. Det er lettare å berre smile... Det er enno eit program igjen, eg anbefalar varmt å sjå og lære! (Og kanskje går det i reprise ein eller annan stad? Eg skulle gjerne sett alle episodane om igjen)

Eg vil ikkje at nokon skal synes synd i meg, men eg vil at folk skal vite og kanskje forstå litt kvifor eg spør om igjen, ikkje svarar eller svarar "god dag, mann, økseskaft" når svaret eigentleg var 3 veker!
Eg håpar denne dingsen skal hjelpe!

Og neste veke er det opersajon. Det skal settast inn ein skru inn i beinet bak øret slik at eg endeleg kan byrje å bruke beinforankra høreapparat(BAHA). Operasjonen er første steg, så skal det gro saman, før eg skal få tilpassa BAHA og lære meg å bruke det. Eg er spent, eg gler meg og eg prøvar vere realistisk i håpet. Eg vil ikkje få tilbake hørselen, men virkar det, vil eg få med meg meir av det som skjer på "den døve sida". Så eg er definitivt positiv, og tenkjer at det gjer det lettare både med opresajon, ventetid og trening og læring!

søndag 20. september 2015

Vekestart veke 39

Då er det søndag kveld igjen. Helga har gått fort, med fokus på halslinser, hoste, snørr og om vi hadde nok papirlommetørkle. Satsar på at forkjølelsen er historie no, og at eg er frisk og rask i morgon(sikkert litt optimistisk, men vi prøvar!) Eg var litt overmodig, lite empatisk og upassande eplekjekk i starten av veka, då mann og son mista forfestet av forkjølelse, eg meinte vel dei sutra litt meir enn nødvendig. Men så fekk eg akutt sår hals, type piggtråd som vekte meg på natta, samt litt lite tålmod og tid til å vere sjuk... Måtte innrømme at å vere sjuk ikkje er for pyser!

Hausten har festa grepet, det er kaldare på morgonane, vi har hatt nokre dagar med silregn og lavt skydekke, det har faktisk vore godt å fyre opp og kjekt å tenne stearinlys på kvelden. Typisk vær å bli forkjøla i! Vanskeleg å veregne kva som er passe mengde klær... Så eg har krulla meg saman i sofaen og lese bok under pledd(litt skuld må eg legge på forkjølelsen og, ikkje berre hausten) Eg har lese "Det vokser ett tre i Brooklyn" og er yr av begeistring! Fin historie om oppvekst tidleg på 1900talet, familieliv, byliv. Godt språk og levande skildring! Ei bok eg prøvde å halde på lengst mogeleg! Altså anbefalt!
God bok!

Kan godt sitte og sjå inn her ei stund!

Vi tok ein liten tur ut i skogen idag, for å teste forma. Ikkje langt og ikkje fort, men i pratetempo og tid til å fotografere litt og smake på bær vi fann i kanten av stien. Det gjorde veldig godt for humøret! Og turen ga god appetitt til fårikålmiddagen! For nye lesarar kan eg anbefale denne historia om forviklingar rundt fårikålmiddagen ein haust for nokre år sidan. Eg kokte ikkje fårikålen i god tid i dag, for å seie det slik...

Søte bringebær. Kanskje plukke når formen blir betre?

Haustfarger



Så vekas dikt. Eit dikt om livet, litt om kven vi er, summen av det vi har opplevd kanskje?

VÅRE LIV
Våre liv er mosaikker
av andres menneskers
nærhet, tanker, stemmer,
av rommene vi var i,
katten vi klappet,
av trærne og fuglene og
skyggene langs veien,
lyden av fottrinn,
duften av ryllik sakte
blir bildet til
men aldri ferdig.

Mathis Mathisen

Ha ei stålande veke! 
Med eller utan katt å klappe. 

tirsdag 15. september 2015

"Det må eg skrive ned"

Det er ingenting som heiter for mange notatbøker! Eg har alltid plass til ei til!  Det har vore mitt motto lenge!
Eg likar best at bøkene ikkje er linjerte, då kan eg tegne, eller skrive. Lage skisser, skrive på kryss og tvers. Eg likar dei med blomster på permen, bokstavar eller tekster, fine mønster, eg har lenge leita etter ei gul, og jammen fann eg ikkje ei gul! Måtte berre kjøpast! Eg fekk ei nydeleg ei til fødselsdagen, men tittelen "Brilliant ideas".
Eg likar å sjå dei ligg der, klare til bruk. Klare til å notere dikt, sitat, handlelister, huskelister, notat frå møter eg er på. Ting eg skal huske til legetimen. Ting eg skal huske til ferien. Minner frå ferien, dagbok frå kvardagen. Idear til bloggen. Utkast til bloggen. Leselister, både leste bøker og bøker eg skal lese. Lister over trening. Tankesprang frå kvardagen. Dagbok frå kvardagen, rydding i tankar. Eg skriv av meg frustrasjonar og gleder. Eg har ei notatbok som eg brukte når førstemann skulle konfirmerast; mat, gjester, pynt, gåver, kaker+++ Den tok eg fram då nr to skulle konfirmerast. Den kunne eg kanskje selge? Mykje god informasjon der! Ei notatbok er ein skatt!!



Men i dag har eg rydda på skrivepulten, og fann 6 -seks- nye, ubrukte notatbøker. I tillegg til dei(5 -fem- eller var det 6 -seks-) som er i bruk. (Ja, og dei to som ligg i veska og den eine på nattbordet…) Eg kan nok ikkje kjøpe nye på ei stund…  Men sjå kor fine dei er!!! 

Kjøpt i Stockholm, Gamla Stan.

S for superfin!

Gul. Moleskine. Typisk "må ha"!

"Brilliant ideas"


Alle desse ligg klare til bruk!!
Vi får sjå korleis det går, om eg finn ei ny, uunnværleg notatbok. Klarer eg stå i mot? Kall meg gjerne grunn, men ei god notisbok (eller to-tre) er skikkeleg kvardagsluksus og glede for meg!!

mandag 14. september 2015

Vekestart veke 38

Eg er glad i dikt av Hans Børli, det er så mykje å grunne på der. Og eg blir glad når eg finn nye dikt(for meg) Som dette, som har ein alvorleg undertone som er aktuell i desse dagar, med flyktningar, val å ta og ein haust som kjem innpå oss meir og meir.

HOLD SINNET DITT MJUKT

- Hold sinnet ditt mjukt,
sier en stemme i vinden.
- La det ikke stivne
av år og alder. Smør det
med dagenes gule soltalg,
dynk det med dogg fra en blomsterkalk,
garv det i motgangs bitre saltlake.
Hold sinnet ditt várt og villig
som greina i brisen:
en hvileplass for fugler
med vingen blå av himmelduft.

Hans Børli

Og så skal du få nokre fleire glimt frå gårsdagens fotorunde i nærmiljøet.





søndag 13. september 2015

Haustleg mindfullness

Mindfullness handlar, slik eg har forstått det, om å vere tilstades der ein er.
Idag har eg gått tur med kameraet. Ikkje langt, ikkje fort, berre på jakt etter små motiv eg ikkje ser, og iallfall ikkje tek meg tid til å sjå når eg er på tur frå A til D med ein viktig stopp på B og ein svipp innom C på vanlege kvardagar.
Turen idag ga meg små skattar, fine motiv, lave skuldre og full fokus på her og no. Ser ein ei bie i full jobb, må ein stå still og puste roleg for ikkje å forstyrre. Eg har stilt på kameraet og prøvd ut nye vinklar og innstillingar. Eg har redigert litt etterpå. Eg har tatt meg tid til noko som foregår her og no! Godt!
Og naturlegvis må eg vise deg nokre av bileta!!










Eg trur eg likar hausten!

torsdag 10. september 2015

Haustgleder

Eg har vokse opp med frukttrær(og bærbusker, med rips,  solbær,  stikkelsbær. Lukke! ).
Eg har brukt mykje tid på å sitte i plommetre og ete plommer, sure plommer som ga vondt i magen, og så plutseleg ei perfekt moden, søt plomme som gjorde at eg vurderte å slutte å ete, men etter ei lita stund måtte eg ha ei til... som var sur...
På veg til skulen tok eg eit eple når eg gjekk forbi, og etterkvart var dei til og med modne! Eg er ikkje sikker på om eg likte dei når dei vart modne, det var noko med dei harde, små epla, med grønne kjernar, som ga ei eiga snurpekjensle i munnen!

No har vi ikkje eigen frukthage, då er det fantastisk at ein kan finne norske, sure,  harde epler på butikken. Og plommer som er litt syrlige og berre akkurat modne! Det snurpar seg i munnen og eg får kanskje vondt i magen, men det er det verdt! Det er barndomsminner i ein liten bit! Eg er rett tilbake i plommetreet! Eg er på veg til skulebussen, med eple i handa og sekk på ryggen!
Eg skal lage eplekake og kanskje ei kake med plommer, og eg vil berre ete og ete og kjenne barndommen inni meg!



Og når gravearbeider bak huset er ferdig om eit år eller to, skal eg plante eit epletre!

tirsdag 8. september 2015

Skuffa!

Skuffa!

I morgon skulle eg opererast. Eg skal operere inn beinforankra høreapparat, som skal hjelpe meg no når det venstre øret ikkje virkar lenger. Operasjonen er utsett! Eg er skuffa!
Det er mykje i verda som er verre, heilt klart. Dette kjem ikkje i klasse med flyktiningetragediene, som eg nesten ikkje klarer ta heilt inn over meg, finanskriser og slike ting, dette gjeld jo «berre meg».
Men for meg i min kvardag hadde det vore fint å få tatt opersjonen no, eg har jo allereie venta ei stund. Det tek tid før såret gror og eg kan byrje å bruke høreapparatet, det tek tid å tilpasse seg og trene seg opp med nytt utstyr. Det er mange ting med hjelpemiddel etc som ikkje kjem på plass før eg har det beinforankra høreapparatet på plass.

Så eg vart litt paff då kirurgen starta forundersøkelsetimen igår med å seie at «som du veit er jo operasjonen utsett» . Nei, det veit eg ikkje! Eg såg sikkert ut som eit spørsmålsteikn! Posten leverer ikkje ut brev på laurdagar her hos oss, det kan vere grunnen til at eg ikkje viste noko...for då eg kom heim, låg brevet der. Heldigvis har eg fått ny dato, men eg må vente nokre veker og det var eg ikkje innstilt på.
Men timen med kirurgen var i sum bra. Han forklarte godt, hadde god tid og svarte på alle mine spørsmål. Kan eg vaske håret før såret har grodd? Nei. Eg må kjøpe tørrshampo!(viktig? Nei. Greit å vite? Ja!) Er det vondt, undervegs og etterpå? Nei, vanlegvis ikkje(dessutan finns det smertestillande), men ta det er lurt å ta det med ro. Treng eg møte fastande? Nei. No har eg det litt klarare for meg korleis operasjonen skal gjennomførast, korleis det blir etterpå og kva som kan gå galt(ja, dei kan bore for djupt, det hadde eg ikkje trengt så mykje kunnskap om... )

Eg likar jo å tru at eg er ganske endringsvillig, men eg er ikkje det akkurat no, tydelegvis. Eg må ut og kjøpe «tålmodskrem», trur eg, for det heiter å smøre seg med tålmod... Kvar kjøper ein det? Nokon som har noko å anbefale? Hjelp det med mørk sjokolade for tålmodet? Eg må omstille meg, fortsette på jobb, vente. Det gode er at eg rekk meir av det eg skulle gjort før operasjonen!


Det melder seg ein del spørsmål om heilt uvesentlege ting også(for slike som meg gjer det det!) Ikkje spørsmål eg spurte kirurgen om, men meir private og trivielle ting ... Skal eg lese bøkene eg har kjøpt for å lese når eg skal ta det roleg etter operasjonen i ventetida? Kor mange nye bøker treng eg eventuellt? Har du nokre lesetips? Har eg «rett» på ein trøstepresang sidan eg må vente(eg «treng» ny vinterkåpe)? Treng eg kanskje noko nytt av andre ting? Ein ny te, med roande effekt? Jaja, det har eg tid til å fundere på dei neste vekene. (Og eg har det med å oppleve forviklingar rundt operasjon, det kan du lese meir om her: Forviklingar Men sjøl om dei ikkje fann det dei leita etter den gongen, så tvilar eg på at dei vil finne igjen hørselen min, sjølv om dei borrar eit hol!)

mandag 7. september 2015

Hausten

er her! Idag er det grått, regn, vind.
Perfekt til tekopp nr 2 inne, dagens aviser i fred og ro, radio og levande lys, før dagens program tek til for fort.
Å velge sin kopp med omhu!
Har papir og blyant og noterar undervegs det eg må huske. Kva eg skal spørre legen om før operasjon onsdag,  kva somme handlast, og enno er ikkje klokka meir enn 8!
Håper måndagen din også er god!

søndag 6. september 2015

Vekestart veke 37

Altså, eg hadde verkeleg trudd at eg skulle blogge meir denne veka, men nei…dagane har visst gått til andre ting. Sikkert bra det! Og no er eg jo her!
Det er september, det er bær over alt! Eg som har "ein indre hamster"(Du kan lese meir om "min indre hamster her og her) har harde tider! Eg har verken tid eller helse til å springe rundt med rumpa i været og plukke blåbær, men det er så mykje av den at det gjer vondt å sjå all bæra ingen plukkar!(og det er ganske fullt i frysaren også, idag oppdaga eg ei skuff full av syltetøy frå i fjor som vi hadde gløymt… Det er jo like godt å smak, men det betry vel at vi ikkje treng så mykje i år, når vi er ein mindre heime. Pytt sann, bagatellar!)  Heldigvis fekk eg ein tur og bra fangst, så vi har blåbær til pannekaker og blåbærbollar, for ikkje å snakke om frukost med yoghurt, havregryn og blåbær i svartaste november.
Det er mykje god helse i ein skogtur
med blåbær og sol!

Og i går inviterte nokon kjente til sjølplukk av rips via Facebook. Oh, lukke! Så idag har vi hatt rips med vaniljesaus i store mengder til dessert! Eg har rørt rips til syltetøy og eg har laga saft som skal bli til ripsgele i morgon. Hausten og vinteren sine vaffeldagar er redda! Vaffel med ripsgele er kvalitetsmat! Og har bu prøvd grovbrød med ripsgele og bananskiver som pålegg? Jagar matlei-nissen på dør!

Kva som har teke tida frå blogging elles denne veke?
Tja, eg har frakta kontrabass, fleire gonger, det er godt vi har stasjonsvogn!
Kontrabass i bil...
Eg har hatt besøk av ei venninne eg gjekk på skule med for 25 år sidan(når ein får slike besøk, må ein berre gløyme nattesøvn!)  Plutseleg blir ein mange år yngre(iallfall til neste dag…) det er tusenvis av minner, anekdoter, historier, fellesskap, oppdatering på kvardagen no -men det viktigaste er å kjenne på den felles historia, alt ein veit om kvarandre som gjer at ein ikkje treng starte på starten, at ein er trygg og er der for kvarandre!
Om det er igjen sjokolade? Nei, men mange nye, gode minner!
Mannen og eg har vore på middag hos ein indisk kollega av mannen, og ete spennande og ukjent vegeratmat og gode søtsaker!
Det har vore mange fine solnedgangar, å berre sitte og sjå på himmelen som endrar seg er god avslapping!

Med alle bøttene med rips på kjøkkenet byrja eg leite i hovudet etter eit ripsdikt, eg visste eg skulle kunne eit. Ikkje berre "Ibsens ripsbærbusker og andre buskvekster". Med hjelp av google, fann eg diktet eg visste skulle vere der ein stad. Dette diktet las vi titt og ofte då ungane var små:


Runde, rare Rulle Rusk

Runde, rare Rulle Rusk
rapset rips på Ipsens busk.
Ipsen kom og skulle plukke
rips til rørte rips på krukke.
Ned i krukken raspet Ipsen
rulle som en rips blant ripsen.
Rund og rød som ripsen selv
ble han syltet samme kveld.

Andre Bjerke

Sidan eg ikkje er rund og raud, slapp eg unna syltekjelen sjølv. Men å, så klissete det blir på golvet når ein sølar litt saft…

Ha ei strålande veke, med eller utan rips, solnedgangar og kontrabassar!