søndag 13. september 2015

Haustleg mindfullness

Mindfullness handlar, slik eg har forstått det, om å vere tilstades der ein er.
Idag har eg gått tur med kameraet. Ikkje langt, ikkje fort, berre på jakt etter små motiv eg ikkje ser, og iallfall ikkje tek meg tid til å sjå når eg er på tur frå A til D med ein viktig stopp på B og ein svipp innom C på vanlege kvardagar.
Turen idag ga meg små skattar, fine motiv, lave skuldre og full fokus på her og no. Ser ein ei bie i full jobb, må ein stå still og puste roleg for ikkje å forstyrre. Eg har stilt på kameraet og prøvd ut nye vinklar og innstillingar. Eg har redigert litt etterpå. Eg har tatt meg tid til noko som foregår her og no! Godt!
Og naturlegvis må eg vise deg nokre av bileta!!










Eg trur eg likar hausten!

6 kommentarer:

  1. Akkurat ein slik luksustur hadde mannen min og eg også. Gjekk berre ut døra og rusla i hagen. Etterpå gjekk vi litt lenger. Må unne seg ein slik tur av og til.

    God søndags kveld :-)

    SvarSlett
  2. Fine bilder! Jeg er veldig glad i å ta med kameraet ut på fotosafari i nærmiljøet. Mannen ler litt av meg, for det blir en del bilder i løpet av et år... ;-) Hvis man ser etter detaljer, så er det utrolig mye fint og fascinerende å legge merke til.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir ein del bilder,, ja... ☺men fint gje seg tid og sjå dei små tinga rundt seg!

      Slett
    2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

      Slett
  3. Høsten er en nydelig tid! Fine bilder som alltid!

    SvarSlett