Eg likar best at bøkene ikkje er linjerte, då kan eg tegne, eller skrive. Lage skisser, skrive på kryss og tvers. Eg likar dei med blomster på permen, bokstavar eller tekster, fine mønster, eg har lenge leita etter ei gul, og jammen fann eg ikkje ei gul! Måtte berre kjøpast! Eg fekk ei nydeleg ei til fødselsdagen, men tittelen "Brilliant ideas".
Eg likar å sjå dei ligg der, klare til bruk. Klare til å notere dikt, sitat, handlelister, huskelister, notat frå møter eg er på. Ting eg skal huske til legetimen. Ting eg skal huske til ferien. Minner frå ferien, dagbok frå kvardagen. Idear til bloggen. Utkast til bloggen. Leselister, både leste bøker og bøker eg skal lese. Lister over trening. Tankesprang frå kvardagen. Dagbok frå kvardagen, rydding i tankar. Eg skriv av meg frustrasjonar og gleder. Eg har ei notatbok som eg brukte når førstemann skulle konfirmerast; mat, gjester, pynt, gåver, kaker+++ Den tok eg fram då nr to skulle konfirmerast. Den kunne eg kanskje selge? Mykje god informasjon der! Ei notatbok er ein skatt!!
Men i dag har eg rydda på skrivepulten, og fann 6 -seks- nye, ubrukte notatbøker. I tillegg til dei(5 -fem- eller var det 6 -seks-) som er i bruk. (Ja, og dei to som ligg i veska og den eine på nattbordet…) Eg kan nok ikkje kjøpe nye på ei stund… Men sjå kor fine dei er!!!
Kjøpt i Stockholm, Gamla Stan. |
S for superfin! |
Gul. Moleskine. Typisk "må ha"! |
"Brilliant ideas" |
Alle desse ligg klare til bruk!!
Vi får sjå korleis det går, om eg finn ei ny, uunnværleg notatbok. Klarer eg stå i mot? Kall meg gjerne grunn, men ei god notisbok (eller to-tre) er skikkeleg kvardagsluksus og glede for meg!!
Å, sånn er jeg også! Kan ikke skrive på linjer, det blir for stramt for tankene mine. Er ikke sånn skrible/tegnekreativ, men hjernen trenger helt klart fritt rom for å uttrykke seg riktig.
SvarSlettFlotte notatbøker, da!
Hjernen trenger rom! Mine tanker er små og store, går på kryss og tvers, de kan ikke ha linjer☺
SlettDet er nesten som jeg ikke vil tenke etter på hvor mange skrivebøker jeg har, men jeg tror jeg har pittelitt mindre enn deg ;)
SvarSlettDine er jo bare sååå fine!
Men jeg vil gjerne ha blanke sider, rutesider og linjerte sider. Tegne mønster, skrive dikt og tanker og tegne krusseduller ♥
Om du klarer holde deg fra å kjøpe, så kan du i det minste ønske deg flere ;)
Hehe, det spørs om eg leier i antall bøler! Og klarte skal ønske meg flere! Hjarterom og husrom!
SlettÅh! Så fine. Kjekt å ha!
SvarSlettFin veke til deg!
Takk. Klart kjekt å ha☺
Slett*ler* jeg er akkurat makan!! En får aldri for mange! Også så mange lekre du har da!!
SvarSlettØnsker deg herlig høstdager - og sender en varm klem :)
Takk, det er så mange fine, jeg vil alltid finne flere! Og godt jeg ikke er alene om denne lidenskapen ☺
Slett