Viser innlegg med etiketten fridag. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fridag. Vis alle innlegg

lørdag 15. februar 2020

Folk eg er på nikk med

Eg går ein del på ski. Eg likar å gå på ski. Ut i skogen og over myrene.



Når ein går på ski, møter ein andre som går på ski. Ein møter ulik folk etter kvar ein er i marka. Og når på døgnet, eller kva vekedag det er.

I motbakkane rett etter parkeringsplassen blir eg rask forbigått av ein som sist kjøpte nye ski i 1980, for då slutta han å dra pulk og tenkte han skulle teste desse nye glasfiberskia alle snakka om. Han kjøpte nye treningsklær samtidig. Alt er godt brukt, han er lang og tynn og det ser ikkje ut som han går så fort, men det gjer han.

Går eg på formiddag ein fridag, møter eg han på godt over 80 som er på tur tilbake bilen, når eg såvidt har starta å gå. Han vil gjerne stoppe for å prate, han er på tur heim til kona -ho er ikkje så sprek lenger- og dei skal drikke formiddagskaffe. Han har ikkje vore så langt i dag "berre rundt om til Bratsberg og tilbake over Liaåsen, og kanskje ein sving om Rossmoen". Tru meg, dei fleste går ikkje så langt.

Pass deg! Brått kjem det ein med pulsklokke!

I lysløypa etter jobb møter eg han som har pulsklokke og ALT nytt i både ski og stavar og bekledning, som slett ikkje slår av ein prat, som kavar på, med Birken eller Marcialoga i blikket. Og nåde deg om du sinkar han i ein motbakke. Han er ca 42 og er svært nær ei midtlivskrise!  Eg møter også han som har betre råd enn form, og som intenst håpar på at alt i utstyr vil gje han god form, helst utan trening... men har han er allereie i midtlivskrisa!

På formiddagen kan du forresten også møte damene med boblejakke, nystelt hår(dei brukar ikkje lue, til nød pannebåd, og går aldri i dårleg vær) dei har sminke ein Grand Prix-fest verdig, og det er rettast å seie dei trippar avgarde. Sakte. Gjerne med ein bitteliten hund, evt ei venninne ved sida. På tur til nærmaste stad med kaffe og kanelbolle.

Nye løyper, "trikkeskinner", sol, og eg er på 
det høgste punktet i marka.
 (svett og andpusten) 

På søndag møter du barnefamiliar, førebudd på alt, med eit håp om å komme litt lenger enn sist søndag, med oppakning for dei fleste forhald, kriser og behov. Pølser, bleiar, ekstra vottar, sitteunderlag, ved til evt bål, akebrett og bærmeis. Og pulk. Dei fleste kjem ikkje så langt før baktroppen er kalde/ våte/ tørste/ har blitt dytta/ insisterer på å gå først/ ikkje vil gå lenger +++. Men av og til møter eg desse familiane langt inn i marka, det er solskinn og idyll og pølser på bål.  Det fortener dei!

Naturlegvis møter eg andre også, som kosar seg med nye løyper. Unge og gamle. Folk eg seier hei til, eller iallfall er på nikk med. Nokre går fort, andre glir avgarde. Det er folk med kondomdress, og andre med nikkers. Ryggsekk eller rumpetaske. Vi kan diskutere skismøring, det er vel blått som gjeld idag? "Nei, eg har kjøpt felleski", ja, kan du anbefale det?, og så snakkar vi litt til, skryt av dei som kjører løyper, før vi går kvar vår veg.


Og så har du meg. Som berre går på ski!
(Eg kjøpte felleski for 3 år sidan, eg har skidress frå i fjor,  eg er litt opphengt i kor lag tid eg brukar på faste rundar, eg veit kor mange turar eg gjekk i fjor. Eg veit om dei skjulte perlene i marka, der det går lite folk. Eg likar ikkje å bli forbigått, eg vil helst gå forbi dei eg når att. Eg tek det roleg i nedoverbakkane. Eg høyrer skiløypene rope på meg, og er innom skisporet.no mange gonger pr dag når det snør for å sjå om det er kjørt løyper. Neida, eg kjem nok ikkje inn i noko gruppe!)

tirsdag 27. november 2018

Husmorpoeng?

Overskrifta skrik etter ros, men det skal du ikkje bry deg så mykje om :) Eg kjenner berre at eg syns eg har vore flink idag og har lyst å vise deg!

Eg vakna med ein heil dag til disposisjon, og eg hadde planlagt litt igår. Etter frukost var det skogtur. Snø, sol og ganske kaldt. Å gå tur, fryse på nasetippen og kjenne at ryggen og skuldrene lausnar meir og meir. Det var godt!



Det er snart jul, seier kalenderen. På laurdag er det 1.desember. Eg er førebudd, eg har kjøpt adventskalender som eg og mannen skal dele, med te og sjokolade! Så får vi sjå om det blir noko til ungane når dei kjem heim til jul. Men elles er eg litt bakpå.... Eg har ikkje kjøpt ei einaste julegåve. Og eg har nokre å kjøpe. Pyttsann, det blir vel etterkvart?

Men jul er ikkje berre gåver, det er masse tradisjonar. Og mat er tradisjon! Idag har eg bakt julebrød, etter oppskrift frå Trines matblogg. Den oppskrifta har eg brukt fleire år, dei blir alltid bra. Også iår. No har eg ete julebrød med brunost til kveldsmat, og drukke julete til! (og eg reknar med at eg må bake ein gong til, dei varer vel ikkje til jul...)



Eg har sydd lammerull. Kvart år lurer eg på om eg orkar, men det blir (nesten) alltid lammerull. Iår med løk og ekstra krydder. No ligg den i kjellaren og samlar smakane, så skal eg koke den på torsdag.



Og eg har laga grisesylte. På den enkle måten, med ei ribbe med masse krydder. Det brukar bli bra, og med alt krydderet eg har brukt, luktar det jul i huset no! Den skal også kokast på torsdag.



Etterpå, for å toppe alle juleførebuingane: Eg kjøpte sviblar idag. Dei har eg sett i glaskrukker, med mose og kongler. No skal eg vente til laurdag, før eg finn fram kassa med adventspynt. Eg treng meir lys, og gler meg til å henge opp stjerna og nokre lyslenker.



torsdag 25. oktober 2018

Fridag

Dagens ambisjon var å ta bilder frå dagens ulike aktiviteter. Dagens plan utgjekk då eg kom på at eg hadde ete opp frukosten utan å ta bilde.

Opp av senga og brette kroppen sakte ut, lage havregynsgraut og brygge te. Fyre i omnen, høyre radio og sjå ut på regn og sludd og delvis snø. Slik starta dagen. Sidan eg hadde frisørtime ganske midt på dag, måtte eg tidleg på tur om det skulle bli. Det vart tur. Sakte, i ein stille skog eg hadde nesten heilt for meg sjølv. Det er ei stund til det er skiføre, men det er noko med lyd og lukter i skogen når det har kome snø. Det er stillare og mjukare!



Etter lunsj var det frisør. Luksustid! Massasjestol og hårvask. God tid til å sitte og lese gamle ukeblader.

Etterpå har dagen gått, med litt pusling her og der. Klesvask, rydding. Eg har pakka ned sandalar og andre sommarsko og sett dei på loftet. Fann ei vinterjakke eg ikkje huska...truleg fordi den vart kjøpt på salg etter vinteren. No fann eg den og den er tatt med ned i varmen.


 Det er ikkje mykje meir enn ein månad sidan vi var i Italia, 30 gr og livet besto av frukost på fortauskafe! Det er forresten ikkje meir enn 2 månader til 1.juledag...


onsdag 20. september 2017

Fridag igjen

Idag har eg hatt fri. Nokre vil sikkert seie "fri igjen?" Fridagane mine er ikkje fri, eigentleg, det er dagar for helsa mi. På fridagane gjer eg minst mogeleg husarbeid, istaden prioriterer eg ting som gjer godt.

For ryggen er det tur i skogen og anna trening som gjer godt. Å bevege seg i terrenget er god trening. For hørselen er det å ha det stille veldig viktig. Eg brukar mykje krefter på å lytte og høre, både på jobb og heime. Tur i skogen hjelp, der er det skogens ro, tinnitusen får konkuranse av sus i tretoppane og vatnet i bekken, det er ikkje noko eg treng høyre (bortsett frå syklistar i full fart, men dei er det få av på dagtid) Eg har aldri musikk på øret når eg går tur!

Når eg lever slik, klarer eg jobben min betre når eg er på jobb, og kanskje eg er trivelegare å leve saman med også?
Det hender naturlegvis at eg sett på ei vaskemaskin, eller tømmer oppvaskmaskina, eg prøvar å ha tannelgetime eller fysioterapi på fridagane mine. Eg har ikkje fri for å gjere husarbeid, men for å stelle best mogeleg med helsa!
Tyttebær

Haustfarger!

Lunsj i solveggen

Idag har eg hatt fri, som sagt. Eg hadde sakte frukost, og fyra opp i omnen for første gong iår, for plutseleg var det haust ute! Så tok eg på turklær og stakk i marka. Eg gjekk, fekk opp varmen, snakka med andre som var ute på tur. Eg plukka tyttebær, det er så mykje i marka! Plukking av bær gjer eg etter metoden "ta med berre ein liten pose/boks", for når den er full, må eg slutte å plukke , og ryggen er framleis i godlune! Etterpå gjekk eg på ei hytte i marka og kjøpte lunsj. Ein skikkeleg luksusdag!

Og igår oppdaga eg at eg har sko som matchar hausten!
Eg tøyser ikkje med sko og haust!

torsdag 31. august 2017

Fridag

Eg skulle berre ein liten tur i skogen. Tok med nokre boksar i tilfelle bær (inni meg tenkte eg store mengder blåbær) Tok med litt mat og vatn i tilfelle turen vart litt lenger.
Turen vart litt lenger, eg kunne hatt med meir mat. (Heldigvis finns det butikkar  som sel boller på heimvegen.)  Nokon hadde vore før meg og plukka masse blåbær,  men eg veit om fleire stader med bær,  og skal nok ut igjen. Eg fann bær, altså, den var berre ikkje der eg hadde tenkt. Eg fann litt bringebær. Det er mengder med tytebær, eg skal ut igjen!
Eg åt maten min ved eit stille vatn, eg var ute timevis,  eg kosa meg. Og vart sliten, sjøl om eg ikkje gjekk så fort.



Og alle andre planer for fridagen utgjekk! Klesvask er det forresten mindre av etter at ungane flytta ut.

Og i morgon er det september...

torsdag 22. juni 2017

Fridag

Idag har eg prioritert hardt! Fridag og sol, skal vi sjå, eg kunne

  • vaske badet
  • rydde klesskapet
  • bake brød(det kunne gått, forsåvidt, det skal jo heve)
  • generelt husarbeid
Eg har
  • ete lunsj ute
  • gått ein liten tur i sola
  • lese bok og blad og aviser UTE
  • høyrt sommarmusikk UTE
  • sett på sola 
  • høyrt fuglesang
  • tatt med reine klær ut og bretta saman
  • ete middag ute på terrassen(restemiddag som berre skulle varmast opp)
  • raka plena etter at mannen slo graset
Eg har fått farge, eg har sanka D-vitamin, frisk luft og godt humør. Eg har snakka med fleire naboar enn på lange tider. Og fryda meg over at toåringen som ropte "Nei! Neei! Neeeei! Mamma!" ikkje er mitt problem. Eg har vore der... 
Eg har vore ute! Det var så godt! (i morgon er det regn igjen, då kan eg vaske og rydde, om eg skulle få lyst!)


Morgonstund har gull i munn!

Særleg på ein fridag. Med sol!

Tekanne, tekopp, fin tallerken, lesestoff og aviser.




torsdag 5. januar 2017

Fridag

Idag er det fridag. Ute er det -11 og eg bær ved og fyrer. Eg angra litt på ein tidleg avtalen med fysioterapeuten, opp og ut var ikkje det som sto først på ønskelista då eg låg under den varme dyna idag tidleg... Men no er eg ferdig bretta, strekt og knadd, og resten av dagen min!

Det ser ut til å bli ein passe lat dag, og det er godt det også. Klesvask, rydding i kjøleskapet, avislesing og fundering på kva eg skal gjere med juletreet. Det lever på velvilje frå dag til dag akkurat no, kjempefint, men det tar plass. Meir te, snart omelettlunsj, bære meir ved.
Ikkje så lett å sjå, men det er eit stort hol i gata.
Dagens(og dei siste vekene si) underhaldning er gravemaskin
rett utanfor stoveglaset.

Kald dag, varm te! Restar frå jul passar godt i januar.

Vinterstemning ut kjøkkenvinduet.

Julegodt-restar i juleraud arveskål.

Sofaselfie i januarsol.

Juleduk, julekopp med julete.