Viser innlegg med etiketten helg. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten helg. Vis alle innlegg

søndag 21. mars 2021

Søndag kveld

Søndag kveld er sånn bittersøt. Det er fri, enno, det er avslutning på helga, og inni hodet mitt starten på ei ny veke. Det er ein balansegang mellom å trekke helga lengst mogeleg og å tenkje på neste veke...

Helga som er over er fullt på høgde med kva ein kan ønskje seg av ei helg. 

Eg er av dei som har fast fridag på fredag, av ulike grunnar. Eg hadde time hos fysioterapeuten, som eg ofte har på fredag, for strekk og knekk og stell av ryggen. Eg går alltid lettare ut, eg får spurt om ting eg lurer på, ryggen er rusta for meir og det er triveleg småprat. Denne gongen om å bryte smittevernreglar ein sjølv har vore med og laga, ref erna sin 60årsdag.Etterpå kjøpte eg meg ny vårjakke på yndlingsbutikken, og kven blri ikkje i godt humør av slikt?! Eg kjøpte fleire frø, potta om nokre stiklingar og ommøblerte i spirebarnehagen på gjesterommet. Og eg gjekk på ski.




Laurdag  bakte eg loff, til påske. Vi får sjå om det blir igjen til påske. Eg bakte kjeks med earl grey-te, også til påske, tvilar på et die varer så lenge... Litt anna husarbeid vart utført i selskap med P2. Det var tid til te i tekanne. Påskete-sesongen er heilt klart i gang, og eg vekslar mellom 3 uliek typer. Kryssord og aviser og litt planlegging og tankar om korleis hagen bak huset kan bli. Og eg gjekk på ski. 



Søndag startar best med "Musikkrebus" på NRK Klassisk, saman med te i kanne, kokt egg og mannen. Slik også idag. Ute snødde det både oppoer, bortover og nedover... Men eg gjekk på ski! (eg har fått altfor få skiturar i år, og no prøvar eg få med meg flest mogeleg før snøen forsvinn. Og det er så fint i skogen, også i dag med snø, vind, vatn i løypa og særdeles klabbete ski...) Etterpå har vi hatt middagsgjester og i desse tider er det sjeldan og særdeles etterlengta. 



Og etter ei slik helg, er det tungt å starte på jobb tidleg ein måndag. Men når eg først er der, blir det nok bra. Og der er bette ei veke til påskeferie.


torsdag 26. september 2019

Biltur

Mange timar i bil, eg var stort sett bakseteramp/ baksetekommentator på turen til og frå Asker. Det vart god tid til å ta bilder!

Solnedgang ved Mjøsa


Sol  sett frå baksetet

Baksetepilot

Storelgen i Storelvdal
Elgjegeren fotograferer.

Elgen på Elverum
No er det elgjakt! Mannen er i skogen. Det passar godt med nokre bilder av elg, som var enkelt å kome på "skothald" av (fotoskothald rett nok) Stor var dei og! SÅ får vi sjå korleis det er med jaktlukka!

mandag 21. januar 2019

Langhelg

Vi har hatt langhelg. Fri fredag, og biltur til Romsdalen.

Vi starta i snøvær. Det har igrunnen snødd ein del i Trøndelag i det siste. Det vises om ein ser ut!

Ut av byen lag vi etter ikkje mindre enn 4 brøytebilar som brøyta i bredd! Veldig tøft. Og det var berre å vere tålmodig, for ikkje var det plass til å kjøre forbi og ikkje var det vits i heller, for å kjøre før brøytebilen er berre tull!



Heldigvis ga snøværet seg og etterkvart køyrde vi i sol over Dovrefjell. Vakkert! Og eg kjente plutseleg kor mykje eg har sakna sol og dagslys.



Vi rakk å besøke svigers, pappa på helsehuset, storebror på helsehuset og mamma på sjukehuset før vi på laurdag kveld var på jubileumsfest med ein vennegjeng. 27årsjubileum for mannsoktetten mannen syng i. Eller syng og syng...dei måtte nødast og truast før dei sang til oss kl 01.30 omtrent! Så for å vere litt grei, sang vi damene saman med dei etterpå. Det var god mat, god prat og latter og vemod. Vi har delt mykje liv saman, bryllup og barn og helse og familie. Det gjorde vi denne kvelden også.

På søndag vakna eg til denne utsikta! Vakkert! Og ikkje så verst å ete frukost saman med dei fleste frå laurdagens fest, med denne utsikta som etterkvart vart full av sol!


På tur heim kikka vi innom båten. Alt vel! Då slappar admiralen av også. Det var kaldt og klart (og veldig godt at båten ligg på land, ikkje fristande med båttur) og månen lyste opp!



Og heime i Trøndelag hadde det snødd endå meir. Og ingen hadde brøyta i gata...så ingen fare for at eg skal gløyme at det er vinter! Vi fordelte arbeidet, eg fyra opp inne og mannen måka snø. No satsar eg på opphaldsvær til søndag, for då kjem mannen heim igjen frå jobbtur.





søndag 28. oktober 2018

Fyrstekake

Plana var å kjøpe "Kongen av Danmark"-drops igår. Kvifor heiter dei det, forresten? Det gløymte eg. Då vart det plan B, for å oppfylle eigne fordommar mot middelaldrande damer. For kva gjer moddelaldrande damer laurdag ettermiddag? Dei bakar slik at dei har noko å servere til søndagskaffen!

Eg bakte fyrstekake. For første gong i mitt liv. Litt omstendeleg var det. Tertedeig. Kjøleskap. Kjevle ut (ikkje lett) og legge i form (heller ikkje lett) Kjøleskap. Lage mandelfyll, lett, men mange trinn. Montere saman og lage gitter på toppen. Det siste er viktig! Steike og vente. 


Og etter venting, tok vi like godt søndagskaffe (med te) på laurdag. Dom? Kjempegodt, mektig og saftig!


lørdag 27. oktober 2018

Min fredag

Min fredag starta tidleg. Det var mørkt på soverommet, og eg lurte litt på om det kanskje kunne vere laurdag? Det var ikkje det nei.


Never change a winning team, er det noko som heiter. Til frukost er det havregraut med kanel og tranebær som tel, og ein kopp te. Lett å lage, lett å ete og eg kan bla i dagens aviser før det er ut i mørket.


Jobb. Det er heldigvis nokre rutiner som må gjerast først. Ta fram og sortere bakterieskåler, også kjent som petriskåler. Finne fram papir og linjal og tabellar. Småprate litt. Men så er det alvor. Kva finn vi her? Og kva betyr det? Nokre dagar er det plankekjøring, andre dagar -som igår- var det mykje hjernetrim og leiting i litteratur. Blir litt klokare kvar dag!



Pauser må ein ha. Lunsjen vart ikkje avbilda, men gulrot og cola tidleg på dag, og sjokolade klokka to. Sjokolade fordi det var fredag, det er ikkje vanleg! Men du verda så godt! Og motiverande før ein skal gjere siste innspurt før helga.


Kontorutsikta. Ikkje let tå sjå her, men på andre sida av fjorden skein sol! Lukke! 2 minutt etterpå pøsregna det, akkurat til eg skulle gå ti bilen...


Kontorplante. Fredslilje, lever på rein trass, trur eg, og kalde skvettar med te. Og når den ligg heilt flat, får den vatn. den forstår det er harde kår, og har klora seg fast i 4 år!


Kø på tur heim. Og regn. Eg står og ventar på grønt lys, eni, eg tek ikkje bilder i fart!


Vel heime var det ein ting å gjere: fyre i omnen!


Plukka med meg årets siste stemor frå hagen. Den har sådd seg sjøl i ei krukke. Det var i siste liten, for i dag tidleg var det frost og dei eg ikkje plukka inn var døde.


Og omsider kom mannen heim frå jobb, det var lang dag på han igår. Det vart elgkalv med potetskiver og grønsaker. Ein roleg kveld i sofaen, fredag er på mange måtar vekas høgdepunkt!

søndag 9. september 2018

Tyttebærsøndag

Etter felles frukost med mannen og musikkjunior, og gudsteneste, var eg klar for tur.
Eg visste at skogen var full av tyttebær, og eg har ikkje har ikkje hatt tid til å plukke. Idag vart det tur. Og full bøtte med tyttebær! Åh, så godt for humøret! No har eg renska og sylta og bæra har kome i frysaren (og eg har ete tyttebær og yoghurt til kveldsmat)


Skogen har byrja å få haustfarge. Det luktar godt av bær og lyng og myr. Det var masse folk i skogen, det forstår eg godt. Eg prøvar få planlagt inn ein tur i skogen til veka også! Det står att masse bær. Å vere i skogen er mi beste oppskrift for lave skuldre og er ein slags mindfullness.




Mannen leita etter sopp. Han fann ikkje så mykje, dessverre. Men han fann ein elg, som skvatt då det viste seg at dei delte territorium ei lita stund.

Lys på ein laurdag

Laurdag er ein dag eg trur eg skal få gjort så mykje. Det går ikkje alltid som planlagt. Men igår rakk eg ein del, om ikkje anna.

Vi fekk levert ved.
Vi var på båttur.
Eg vaska klær.
Handla mat. Åt middag saman med musikkjunior.
Satt i ro i sofaen og løste kryssord.
Gjekk tur seint på kvelden, i stupmørk septemberkveld, og det var så godt og varmt. 17 gr kl 23 er ikkje normalt for september.

Det var så fint lys, Både på sjøen og på kvelden.


Horisonten er bein. Ikkje båten.



lørdag 4. august 2018

Av og til...

...må ein ta ein pause.

Utvelgt vinkel. Ikkje ein hybelkanin
å sjå!
Det krever sitt å kome igang etter ferie, sjøl om eg syns eg har greid meg bra med to veker på jobb.
Men akkurat no må eg ta ei pause, same om det er oppvask og klesvask(eller eg vaskar klær, det gjer heldigvis vaskemaskina, så får dei bakteriefylte handklea ein rens) men særleg meir orkar eg ikkje.
Kroppen jobbar hardt mot forkjølelse, augekatarr  og litt rygg. Altså får hybelkaninane ha fest under sofaen ei god stund til, medna eg drikk masse te, klør i augene (eg berre kjenner det klør, eg klør ikkje, for å hindre smitte)og løser kryssord.




Så det er ikkje synd i meg(eg berre sutrar), eg berre tek ei pause.


lørdag 23. juni 2018

Laurdag morgon

Det er helg. Eg fekk sove, ref forrige innlegg. Vi er på tur, vakna idag til denne utsikta



Skuldrene senka seg. Vi dekte frukostbordet,  mannen og eg åt saman, las litt og prata litt. La planer. Eg hadde te i tekanne, det er luksus!

Vi skal feire st.hans ved fjorden,  berre det ikkje regnar. Vi skal treffe slekt både i dag og i morgon. 
Helg er godt. No laga eg potetsalat og hører P2, mindfullness!

Eg fekk helg!


fredag 11. mai 2018

Akkurat no

Eg ligg litt etter med blogging. Det har skjedd så mykje anna i det siste, så bloggen har på ingen måte levd noko eige liv, tvert i mot vorte ignorert. Men akkurat no skal du få vite kva eg tenkjer på:


  • idag har eg hatt fri, det var godt! Eg har bakt børd og knekkebrød og gått til angrep på haugen med diverse klær på vaskerommet. Du veit dei  som ikkje passar å berre putte saman med mørk eller lys vask 60 gr. Det er ull og silke og skjorter i mange ulike farger, litt for få gule klær til ein eigne vask +++ Eg har ikkje nådd botn av haugen, men eg er på veg.
  • eg ser at det kan bli kjøkkenhage i år også! Sjølv om eg ikkje har sådd eit einaste frø. For eg har vore på Plantasjen, og ser at der kan ein kjøpe små planter og plante i eigen hage. Genialt for meg som nesten ikkje trudde det skulle bli vår iår. Eg har også kjøpt blomster til å sette i potter ved inngangsdøra, for no trur eg på vår (og sommar, sidan det var 25 gr i går!) 
  • eg er glad for helsevesenet! Nokon eg kjenner, trong brått hjep frå spesialistar på høgt nivå, og der var dei; fulle av kunnskap, omsorg og tålmodig til alle spørsmål. 
  • idag avsluttar musikkjunior året på folkehøgskule. Han har hatt eit fint år, virkar det som, og har vorte vaksnare. Så får vi sjå korleis det blir å få han heim, vi har lagt oss til nye vaner etter eit år som to i heimen!
  • ute blir det grønnare nesten minutt for minutt, vi har hatt eit par dagar med varme og idag har det regna, det vises!
  • det er snart 17.mai. Eg har i tankane at eg må ta fram bunaden og sjekke for flekkar og skjortene(for mannen har også bunad) treng dynking og stryking, og det hadde vore fint om eg gjorde det i helga, det skal visst vere best å gjere i god tid. Og eg trur at bunaden passar i år også, men det kan jo vere greit å sjekke? 

No lurer eg på når mannen kjem, slik at vi kan ta litt mat!

søndag 25. mars 2018

Sommartider, hej hej!

Du veit når du vaknar på natta, ser på klokka og tenkjer det er lurt å gå ein tur på do, sidan det er så lenge igjen til du skal opp?

Slik var det i natt. Eg vakna kl 4.50. Det såg eg klart og tydeleg på klokka på armen. Natt til søndag. Igår åt vi lammelår, med alt av tilbehør. Vi år kake og is til dessert. Vi var så mette då vi skulle sjå film etterpå, at vi ikkje orka ete snop. Ei slik natt søv du tungt!
Vi avtala med junior at han skulle vekke oss idag, slik at ein av oss kunne kjøre han -og to ryggsekkar og ski og ein del anna- på toget kl 08.18.

Illustrasjonsfoto av klokka som ikkje har verken sommartid eller vintertid.
Den har vore utan batteri i fleire år.

På veg tilbake til senga, såg eg på mobilen. Då var klokka plutseleg 05.54- Hæ?!

Langt bak i hovudet sviva ein tanke om sommartid. Eg vekte mannen for å stdfeste mistanken om sommartid. Vi  Han vekte junior, skrudde på vekkerklokker og vi  mannen kom oss seg opp i rett tid. Heldigvis er mobilen sjølstillande på sommartid, men det var greit å vere litt førebudd... Junior rakk toget, og eg sov lenge!

fredag 16. februar 2018

Fridag/fredag

Når ein ikkje arbeider full stilling, blir det fridag innimellom.  For å senke skuldrene og trene. Og gjere ein del ein ikkje rekk ellers, for trening er jo fordelt utover veka elles og.
Dagen starta hos fysioterapeuten.  Det verka som ein god ide å booke første time hos han då eg var der sist veke, men eg angra då klokka starta like tidleg som vanleg idag! Men opp og smil, og jammen blir det mykje igjen av dagen når ein ikkje søv lenge. Eg vart knekt, brekt og strekt, ryggen vart betre og eg gjekk ut i dagen.
Og dagen kom med sol! Skyfri himmel. Vinden som har herja dei siste dagane, og nettene, har roa seg.
Etter litt hit og dit, kom eg meg ut på ski. Ja, eg blir i betre humør av sol, snø og ski!

Laaange bein i vårsola



No skal eg til frisøren,  etterpå skal vi ut og ete middag før vi skal på konsert.
Det er visst vinterferieveke framfor oss, men den tida er over for meg. Musikkjunior kjem heim etterkvart, truleg med sekken full av skitne klær og trøtt etter 14 dagar på turné. Kanskje kjem ingeniørstudenten heim også?
Men helga skal eg nyte max, kanskje koke ei gryte bacalao? 

lørdag 2. desember 2017

2.desember

Laurdag og god tid. Starta med å fyre i omnen, lage ei kanne te (frå adventskalenderen) og så landa mannen og eg i kvar vår sofa med frukost og julemusikk. Det tok litt tid før vi kom igang med noko særleg meir! Det er så godt med slik roleg start, og det har vore mange helger i det siste med mykje program.
Ser du ekornet opp på greina?

Men litt har vi fått gjort, både rydding, tur i skogen og adventspynting.

Alltid kaos før kos!

No er det lilla dukar, lys og stjerna er oppe. Godt med lys i mørketid, for snøen som fall igår, har regna vekk idag...


Adventsstaken kjøpte eg i studietida, den har ligge i kjellaren i årevis. Dei siste åra har eg stort sett brukt kubbelys, men i år hadde eg kjøpt vanlege lys, så då fekk eg lyst til å bruke den igjen. Etter ein vask var den god som ny, og no får den stå på eit brett(elles blir duken full av talg) saman med englekoret.



Snart blir det pizza, og kanskje ein film?

søndag 22. oktober 2017

God morgon!

Eg har sove lenge (og knekt kroppen ut av senga og opp. Treninga igår var kanskje i meste laget, får ta det rolegare idag)

Ute er det sol og frost, eg har fyra i omnen. Eg har ete kvit geitost og tyttebærsyltetøy på heimebakte knekkebrød. Tekanne er ikkje full lenger. Eg høyrer på NRK klassisk og nyt at eg vaska stoveglasa igår.




Det ventar ei lang liste med litt kjedeleg ting, som å betale rekninga etc etterpå. Men først litt meir te og musikk, og ein tur i skogen. 

fredag 20. oktober 2017

Fredagskos

Av og til trengs det ein kveld med sofa, kos og kjæreste. 


Ikveld har vi det. Og haustgryte med elg,  sopp og masse rotgrønnsaker. 

Etterkvart skal mannen pakke til elgjakt i morgon,  men enno er det sofa, fyr i omnen og aviser som gjeld.

tirsdag 19. september 2017

Fjellet altså

I helga var vi på hyttetur. På fjellet. I Rondane. "No ser eg atter slike fjell og dalar", som Aasmund Olavson Vinje skreiv det.
Det var høgfjell, vidde, toppar på over 2000 moh med snø på toppane. Haustfarger kvar eg snudde meg. Eg har spamma ned både instagram, Facebook og snapchat med bilder allereie.
Vi budde på hytte. Vi hadde med oss vener. Det var tur, prat, fyring i omnen utover kvelden, trøtte fjes, god mat, varming av vatn til oppvask og dusj. Utedo, stjerneklar nattehimmel. Vi bar vatn og ved (ikkje så langt, men det måtte flyttast frå utsida av hytta og inn) Eg har ete blåbær og bringebær og tyttebær og krekling. Eg vurderte å bli att på fjellet for å plukke bær, for det var mengder med bær enno! Ullklær og tursko. Lang frukost, og te i tekanne, då kan igrunnen lite gå galt for meg. Lunsj i lyngen. Sjokolade ved eit vatn. Bustete hår og potetgull til kveldsmat.

Det var ei pustepause i kvardagen. Eg huska kor glad eg er i fjell. Og i hyttetur. Eg har lada batteria mine. Eg treng litt meir lading før vinteren, men slike helger er gull verdt!

Utsikt frå hytta


Studering av kart

Herr og fru. 

Rondemassivet i det fjerne

Krekling

#mykindofmindfullness 
Pause



Takk for oss!