Viser innlegg med etiketten tekopp. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten tekopp. Vis alle innlegg

onsdag 25. september 2019

Tekopp

Eg skreiv vel om tekoppar i sommar også, då eg "plutseleg" hadde teservise til 18 stykker. Eg har vore innom Fretex nokre gonger etterpå for å sjå om det har dukka opp nye deler til dei koppane eg har. Eg har funne eit kakefat, og eg fann 8 asjettar til "det rifla" ein dag.

Men Fretex har mange skattar...og eg fann altså denne koppen ein dag!




20 kroner. Eit kupp. Det var berre ein kopp, utan fat under, men den var så fin, så den fekk bli med heim.
Eg har drukke te fleire gonger av denne, til sakte frukost med te frå kanne og aviser og radioen på P2 og ein kjeks til dessert.



Koppen har fint stempel under, og er frå Arabia. Det står også "38", så eg lurer på om den kan vere frå 1938? Det stemmer iallfall at stempelet er frå den perioden.
Eg hevar meg over dei som meiner eg har nok koppar. Så mykje glede for 20 kroner!


(og til mitt forsvar: Eg kjøpte ikkje to rålekre tekanner! Den eine i turkis og gull...kjenner eg angrar litt, men eg treng verkeleg ikkje fleire tekanner. Men står den der neste gong eg er innom, kven veit?)

tirsdag 9. juli 2019

Kjærleik

Heime hos oss deler vi på oppgåvene. Eg er ansvarleg for bekymringar, der er eg ansvarsfull og tek oppgåva på det største alvor. Særleg nattestid. Til no har eg hatt ansvar for å levere og hente bil på verkstad, og det har til tider ikkje vore nokon liten jobb. Tenkjer dei på verkstaden blir glade når dei oppdagar at eg skiftar jobb, og difor ikkje skal ha den oppgåva lenger. Eg kan vere litt hissig når det kjem til bil som treng reparasjon... Og eg er husets hamster. Eg har eit velutvikla hamstergen. Eg finn stadig ting vi/eg  treng, enten det no er sko, klær, mat, bøker eller andre ting. Ein sjeldan gong av og til viser det seg at dette trong vi vel eigentleg ikkje.
Mannen har ansvar for ein del andre ting, båten, halde igjen litt når hamsteren slår til, fotoutstyr etc.

Mitt siste tilfelle av hamster gjeld teservise, som eg oppdaga at vi ikkje hadde. Vi hadde iallfall ikkje akkurat det eg syns eg trong. Og eg fann jo tekoppar, hos Fretex. Men så hadde eg berre koppar og tefat, ikkje asjetter... Og korleis skal ein kunne ete sandwichar eller scones med lemon curd, krem og syltetøy utan asjett?? (Nokre vil vel seie at eg kan bruke andre asjetter, men...)

Spire,
både tefat og asjetter

Det riflede, kun tefat...

Ut på jakt igjen! Det går an å søke på Finn.no. Eg søkte på Finn.no, eg fann på Finn.no. Rett nok litt meir enn eg skulle ha. Eg skulle ha asjetter, det fekk eg. 7 stykker. Det var også med 7 tekoppar og tefat. Og eit serveringsfat. Eg avtala henting, og tenkte at når det først var i hus, så var det i hus.
Problemet var at eg hadde vorte forkjøla, eg hadde ei form som var heilt topp til å ligge på sofaen, med Ibux innabords kunne eg orke å sitte også. Eg tenkte at dette måtte eg berre la gå, eg orka ikkje kjøre 3 mil for å hente. Men mannen tilbydde seg å kjøre meg! Tross lite skapplass og eit ikkje like klart behov for fleire tekoppar, forsto han at dette var noko eg ønska meg. Eg hadde kanskje vore litt uklar på kor mykje eg skulle kjøpe...
Te frå Sverige bli betre i fin kopp!
Og med ingefærkjeks frå Sverige, servert frå
Mummihus kjøpt i Japan.

Så no har vi 10 tekoppar og 7 asjetter i "Spire", og 8 tekoppar i mønsteret "det riflede". Du forstår problemet? Eg har ikkje asjettar til "det riflede"!
Eg er på saken, eg har søk på Finn.no etter asjetter til "det riflede" frå Porsgrund. Og i morgon skal eg ein tur på Fretex for å sjå kva dei har!

Heldigvis syns faktisk mannen at eg har valgt eit to fine og elegante serviser, og han kjører meg nok når eg får tak i neste funn også! Tross fulle skap frå før. Eg trur det er dette som er kjærleik!

Det spørs forresten om eg snart skal  må invitere til eit teselskap. Det står ikkje på koppar!

torsdag 27. juni 2019

Fine ting på torsdag

For dette er ikkje kva som helst slags torsdag, det er torsdag før fredag(no er akkurat det ikkje så uvanleg) Men det er ikkje kva som helst slags fredag heller, det er siste fredag før ferie. Og det er siste fredag på jobb. Nokon gong, for den jobben. Etter ferien byrjar eg i ny jobb!

Sist fredag var det avslutning for meg, og eg har trengt veka etterpå for å venne meg på tanken. Men å gå ut dørene i morgon...gruar meg! Eg gler meg til ny jobb altså! Men først FERIE!

Tilbake til fine ting. Ute er det 10 grader og regn, det er slutten av juni. Eg treng nokre fine ting å glede meg over! 

  • eg har nye tekoppar! Eg hadde teselskap for nokre veker sidan, og alt var igrunnen bra, været, gjestane (i særklasse), maten og teen. Men tekoppane mine var ikkje heilt rett. (Eit problem eg fekk lite gehør for hos mannen) Eg har difor tenkt på korleis den perfekte, for meg, koppen skulle være. Eg har drodla med vener, og vi har vurdert tur til London for å finne tekoppar, og eg har vore innom mange glassmagasin for å sjå kva som finst. Dei hadde ikkje noko eg fall for... Men så tok eg ein impulstur til Fretex!!! Og der sto koppane. Litt upraktisk at eg tok turen utan bil når eg skulle kjøpe 11 koppar, men alt går. Eg fekk bobleplast og silkepapir og kasse å pakke i og gjekk sakte heimover. Eg har googla og trur eg trett og slett har gjort eit kupp. 3 koppar med "Spire" og 11 koppar frå "Riflet" frå  Porsgrund Porselen frå 1950talet. (og jada, eg er glad i ting! Men no har eg rydda vekk ein del ting eg ikkje har så nært forhald til, og dei skal Fretex få, og det vart betre plass i skapet)
    Teselskap med koppar som passer perfekt til kveldsmat og frukost, men
    ikkje så godt til min tanke om teselskap med festkledde damer.
    Spire
Riflet
  • eg har eit stort glas Pepsi Max med sitronskive i!
  • det har vore lite sko på bloggen i det siste. Det må vi gjere noko med. Gule sandaler er fint! Dei er ikkje nye, men eg har dei ståande framme, for dei er liksom solgule og løfter humøret! Og plutseleg kjem det ein dag som er perfekt for gule sandaler! Ballerinasko med dyreprint derimot, det passar uansett! Kanskje ikkje i pøsregn på langtur, men dei løftar dagen og har vore mykje brukt til no i sommar! 

  • roser! Sa eg roser? Eg har roser på vasken på badet og på stovebordet. Dei luktar midtsommar og barndom og alt godt. Og rosebusken ute er iferd med å eksplodere i blomster. 
  • ei ny kurv til sommarbruk. Den er kjøpt til bilbruk, vi har alltid med varm og kald drikke, litt mat, frukt, servietter, koppar, aviser +++på litt lengre bilturar. Og då er det viktig at ting er der dei skal og ikkje trillar rundt omkring. Denne kurva er testa, og passa perfekt til det den er kjøpt til! 
  • Og alle dei tinga vi har som berre blir ein vane, tett og varmt hus, mat i kjøleskapet, vaskemaskin og fin utsikt. Ei melding frå ein son som er på ferie eller har sommarjobb. Ein telefon. Vissa om at eg har jobb også etter ferien. 
Håpar torsdagen din er fin!



onsdag 30. januar 2019

Onsdag

Livet er fullt. Hodet er fullt. Jobben er ikkje så grei for tida. Sånn, ferdig med det.

Fri idag. Av før nemnte grunnar, trur eg kroppen sa NOK idag og ga meg ein liten forkjølelse. Satsar på den går fort over, dagen har vorte brukt til å lese ut ei krimbok ("De venstrehendtes forening" av Håkan Nesser. Gjensyn med Barbarotti, trur eg må finne igjen "Menneske uten hund" og fleire og lese på nytt) Boka var såpass skummel at eg måtte legge den vekk då eg var åleine heime sist veke...men i dagslys idag gjekk det bra.


Eg har drikke kannevis med te, putta klær inn i vaskemaskina og tørketrommelen, skrive liste over kva eg hadde tenkt å gjere idag(slik at eg huskar det til ein dag eg orkar, erfaringsmessig syns eg ikkje det er så viktig då!) og eg har fyra. Ute var det sol, men kuldegrader og vind. Perfekt å sitte inne og sjå ut.


Musikkjunior kjøpte te i julegåve til meg.
På julemarked i Berlin.

torsdag 22. juni 2017

fredag 26. mai 2017

Fredagsglede

Det regnar ute. Masse. Eg skal nok ut etterkvart lell, for det er ikkje så ille med rette klær og innstilling. Inntil vidare ryddar eg inne og skal snart ete lunsj. Fri på ein 'inneklemt' dag er skikkeleg luksus!




Fleire fredagsgleder:

  • Peonar på alle bord i stova
  • Eg har kjøpt jordbærplanter.  Treng berre litt tid, sol og varme , så kan eg plukke jordbær i eigen hage
  • Glimt av sol ute
  • Te i ein fin kopp
  • Planlegge middag, kanskje blir det pizza idag? 
  • Tid til å lese
  • Tenkjer på kva vi skal gjere i Oslo om nokre veker.  Bortsett frå å gjere lite, lenge!  

torsdag 25. mai 2017

Morgenstund

Eller formiddag? Kjem vel an på kven som blir spurt. I går var eg så trøytt etter (sein) middag at eg sov 1 t på sofaen, og vakna ikkje før i 21-tida... Var litt spent på om eg fekk  sove i natt.  Null problem!  No har eg såvidt gjort ferdig frukosten,  og skal drikke opp ei kanne te, før eg vurderer vidare plan for dagen.

Dagens tekopp

Eg les om igjen bøkene eg har lese før i Jan Guillou sin serie om forrige århundre si historie.  Det passar veldig godt med langhelg, men eg kunne godt tenkt meg sol og varme, slik at eg kunne sitte ute og lese.