tirsdag 28. januar 2014

Om å møte seg sjølv i heisdøra...

Ein dag sist veke høyrte eg på radioen at 4 av 5 nordmenn er i aktivitet mindre enn 30 minutt kvar dag, som er det absolutte lavmålet for tilrådd aktivitet. "Fysj, for latsabbar", tenkte eg! No sat eg uheldigvis i bilen, og hadde god tid til å tenkje vidare. Neste tanke var "oi, eg er av desse 4…" (eg har og lese at sitting er den "nye røykinga", å sitte i ro på baken time etter time er ikkje bra. Her tenkjer eg at eg har iallfall aldri røkt ein einaste sigarett, men sitting er eg god på)

På jobb har eg kontor i 4.etasje, men jobbar mykje av dagen i 1.etasje. Sist veke sette eg meg difor eit mål: Trappa kvar gong eg går mellom 1. og 4.etasje(så sant eg ikkje bær noko stort og tungt. Det viser seg å vere sjeldan) Det blir fort fem-seks turar opp og ned kvar dag! Og sist veke tok eg ikkje heisen. Stolt over meg sjølv? Ja! (og tileggsinformasjon som at eg syns heisar er trange og kan stoppe umotivert, mellom to etasjer, og difor ikkje er favorittstaden min, kan jo forklare kvifor eg er så ivrig) Det har nesten vorte sport på jobb å gå trappa for tida(ja ikkje med 3 tunge kasser og ei eske returpapir då, men…du forstår?) Her eine dagen oppdaga eg at eg allereie etter ei veke klarer å prate også mellom tredje og fjerde etasje når eg går opp saman med ein kollega. I motsetning til for nokre veker sidan då eg passa på å gå åleine og sneik meg fort inn på kontoret når eg kom opp, for å hive etter pusten før eg smilande(men litt raudlett) gjekk til lunsj. Men springe opp trappa? Det blir ikkje enno!
Det er berre å gå trappene! Opp og opp… 

Neste steg no er å motivere seg til å gå til og frå jobb enkelte dagar i veka. Det tek temmeleg nøyaktig 30 minutt, så eg greier dagskravet til aktivitet!! Og søv eg over til neste dag og går heim då, har eg tatt dagsdosen då også! (Eventuelt kan eg gå heim igjen same dag, og ta bilen neste dag, slik at eg rekk å handle mat på tur heim og kan kjøre junior på det han eventuelt skal på. Og går eg annakvar dag, har eg nesten dekt opp "minstekravet" for veka. For det er jo slike ting eg skuldar på, det tek så mykje tid, kanskje eg ikkje rekk det eg skal etterpå… Men tenåringssoner som knapt har tid til å sjå opp når eg kjem heim kan eg vel knappast bruke med god grunn.)

Men det er ein del hinder når ein skal ut og bruke kroppen….
Det har vore kaldt i bartebyen i det siste, det har i tillegg vore vind frå alle kantar, men det er jo berre å kle på seg. Og eg har klær!!! Eg har så mykje at eg truleg kan gå tur på ettemiddagen og ein ny tur på kvelden utan å bruke dei samme turkleda. Eg har nemleg ein tendens til å tru at eg er veldig sprek, eller at eg snart skal byrje å trene veldig aktivt, og det bær innkjøpa preg av…  Heller ikkje det kan eg skulde på...
Skal eg gå 30 minutt og rekke jobb klokka 08:00, nyttar det ikkje ligge lenge. Eg er glad i senga mi, særleg om morgonen. Det krev kraftig motivasjon allereie kvelden før, alt må vere klart. Og mannen er grei, han ofrar gjerne førsteplassen i baderomskøa.

Så får vi sjå korleis dette blir utover vinteren og våren...

Og i morgon har eg sagt at eg skal gå til jobb, eg må sette vekkerklokka tidleg, kle godt på meg og slenge ryggsekken på ryggen, feste på ein refleks og tusle meg avgarde til jobb! Bonusen er frisk luft og flotte soloppgangar og sonedgangar.
Det er ikkje mørkt når eg skal gå heim!



søndag 26. januar 2014

Vekestart veke 5

Idag er det nytt bilde på headinga på bloggen! Eg syns det er litt moro, har prøvd å illustrere litt kva du kan finne her.

Kven er de, forresten, alle de som les bloggen min? Lesarstatistikken viser at det er mange innom, kvar dag, og då blir eg litt nyskjerrig! Kven er du? Kva finn du her som gjer at du evt kjem at? Eg får nestan prestasjonsangst av at så mange les, samtidig er det stas :) Legg gjerne igjen eit lite livsteikn!


Nokre bildeglimt frå veke som gjekk
"Pakker legges inn her", står det på skiltet. Eg seier at den som klarer det er  god!
Glimt av jobb

Dramatisk himmel ein tidleg laurdagsmorgon

Sofa, sjokolade, vedomn, det er ikkje så ille.


Vekas ord kjem her 

Kvar menneske
er ei øy, som kjent.

Så det må bruer til.

Uendeleg mange bruer.

- Tarjei Vesaas -


Det som er sikkert er at vi treng kvarandre, vi er øyer, og forhåpentlegvis er det bruer mellom oss :)

Ha ei strålande veke!

onsdag 22. januar 2014

Fotoshoot

Idag har vi hatt ein liten foroshoot, eg ser det er så populært på andre bloggar, og tanken var at eg kanskje kunne få nokre gode illustrasjonbilde som kan brukast her på bloggen. Men det er jammen ikkje lett med fotomodellar!!! Her var det både divaer, tøysekoppar og linselus.

Fotomodellane er kjøpt og betalt for oppdraget, slik er det med dei profesjonelle, dei jobbar ikkje gratis. Men då forventar eg naturlegvis at dei gjer som dei får beskjed om, nuja… Det er mogeleg at eg er for kravstor, men det gjekk litt over stokk og stein.


Første gjengen kom på plass, men dei vart litt uklåre. Enno hadde eg slik nokonlunde kontroll.


Så prøvde eg få med resten, men det er alltid nokon som kan tulle og tøve når det er bildetaking… "Ikkje sjå på meg, eg vil ikkje vere med!" "Eg står/ligg der eg vil!"


Og medan dette sto på, oppdaga eg linselusene der bak… Jaja, bloggen heiter jo noko med kjærleik også!

 Snillaste bamsen fekk lov å posere heilt åleine, som premie!

Livet, døden, kjørligheten og Bamsemums
Gruppebilde, sånn nokon lunde alle mann på rett plass. Det er liv, død, kjærleik og bamsemums! (livet illustrert med hjertet og døden forsøkt illustrert med korset)



Og alt dette til tross for at eg hadde utlova grusom straff dersom dei ikkje gjorde som eg sa

(Ein får det ikkje artigare enn ein sjølv gjer det! Dette var dagens "kvile-hodet"-stund)

søndag 19. januar 2014

Vekestart veke 4

Eg ser at dagane blir lengre! Det er lys litt lenger kvar dag, det er til og med eit lite melisdryss av snø, det hjelper på lyset det og! Eg blir litt våryr, det er snart vår og sommar! (heilt til eg stikk nasen utomhus og kjenner vinden og kuldegradene.. men hey! Det går an å kle på seg og gå ut i sola! Kjenner ikkje at det varmar, sukk)

Men det hjelper på humøret! Å sjå dagane blir lengre er godt, eg har kjøpt den første tulipanbuketten, og eg har funne den siste julepynten som hang igjen etter ryddinga sist helg, du veit den som alltid blir igjen… Spørsmålet no er om den berre skal få henge, eller om eg skal gå på loftet med den.

Eg har bakt horn og brød! Ingen veit når det sist skjedde, og dei vart gode. Vi har hatt besøk, med mat og prat. Idag har eg rekt mykje, gudsteneste, besøk og ein kopp te, tur ut i sola, laga heilstekt kylling og til slutt soving på sofaen. Søndag kan vere ein fin ting!

Og til slutt eit lite vers av Olav H. Hauge, som passar dagane no.
Ha ei strålande veke!


Kald dag

Soli knip auga att
bak ein rimut fjellgard.
Gradestokken
kryp ned og
ned -
varmen i ein
samlar seg
i ei liti
grop.
Eg sparer på veden,
gjer verset stutt.

Olav H. Hauge

tirsdag 14. januar 2014

Vekestart veke 3

Oi, ny veke no igjen. Det nye året er ikkje så nytt lenger, kvardagane kjem på rekkje og rad, alt startar opp igjen, eg kan gå på møter kvar kveld, både det eine og det andre skal drøftast, bestemmast og utførast. Juletreet er ute, juledukane lagt bort, stova kjennes ny og tom. Junior#2 er på skuletur, junior#1 les til prøve. Det kom då veldig fort dette nye året? Burde det ikkje vore ein overgangsfase?

Roser og restar av julesnopet.

Samtidig er det godt! Kvardagen er det vante, det er rutine på rutine, fisk til middag, eller kjøtsuppe med masse grønsaker. Klesvask og ein liten ekstra innsats for å få sydd knapp i buksa som berre låg der. Snø ute, kulde og fyr i vedomnen.
Og langt der borte kjem lyset
Og nytt ord ved vekestart(bittelitt forsinka)

STØV

At tiden leger alle sår
er tøv.

Tiden plastrer sår med år
og støv.

Kolbein Falkeid



Eg ønskjer deg ei super veke!

mandag 13. januar 2014

Leselogg, flere tips

Eg kom naturlegvis på fleire bøker etter sist innlegg, det er rart med det når ein byrjar tenkje etter. Og igår traff eg andre leseglade damer, og det vart ei lita utvekling av lesetips. Artig!

I kategorien "litt lestlest og morsomt" kjem bøkene om Tirsdagsdamene, to bøker om damene i ein sort syklubb, turar de drar på og samspelet, evt gnisningane mellom dei. Fine!

Eg las tidlegare i haust ei bok som heiter "Still Alice". Eg las den på Kindle, og der les eg engelske bøker, men den finns på norsk også, den heiter "Alltid Alice". Det er ei bok om demens, og det er Alice som fører ordet. Den beskriv kjensla av å miste grepet på ein nesten klaustrofobisk måte! Vi føl dei etterkvart forvirra tankerekkene, fortvilinga over å ikkje finne fram, ikkje kjenne seg igjen og ikkje kjenne igjen folk rundt seg. Anbefalast!

Dessutan har eg laga meg ei skal-leseliste! (den baserar seg på bøker nokon anbefalar, ting eg les om bøker, bokprogram på radio og tv etc) Det står foreløpig

  • Glassrommet av Simon Mawer
  • Over det kinesiske hav av Gaute Heivoll (har lese ei bok av han før, Før jeg brenner ned, spennande, skummel, trist. Den traff meg!)
  • Bryllup og begravelser av Jens M. Johansson
  • Indias datter av Shilpi Somaya Gowda 
Og eg håpar å få mange fleire bøker inn på skal-lese-lista, kom med tips!!! Trur eg må bli flink å bruke biblioteket framover.


(og medan eg skriv her, putrar suppekjøttet og blir til kjøtsuppe. Slikt utløyser mengder av husmorpoeng!! Suppe er super mat ein dag ein har tid å koke, det er minus 10 ute og vind rundt hushjørna. No skal eg kutte grønsaker og sile kraft.)

fredag 10. januar 2014

Leselogg

Eg har visst hatt ein leselogg her for lenge sidan, men den har eg nesten gløymt… Men no tek eg den opp igjen!!! Eg skal skrive litt om bøker eg har lese i haust det blir nok ikkje alle, men dei eg kjem på.

Idag har eg kjøpt "Pinnsvinets eleganse" av Muriel Barbery. Den har eg lese før, men finn den ikkje igjen, så eg kjøpte den på nytt(eg har nemleg stramma inn på kleskjøpfronten, og har pengar til overs som må investerast fornuftig, trur eg… ) Det er ei av dei bøkene som rett og slett sett spor, du blir glad og trist gong på gong. Anbefalast med STORE bokstavar! Gler meg til å lese.
Gode kjøp, om eg må seie det sjøl

Og "Samlede dikt" av Kolbein Falkeid kom i posten idag, den må lesast i små porsjonar og her og der, men eg treng diktpåfyll for å halde vekestarten igang.
Eg har kjøpt "Dikt i samling" av Olav H. Hauge tidlegare i haust, og fekk "Stein til stein" av Jon Fosse til jul, så det skal vere til mange vekestartar der. "Norsk Salmebok" har og kome i hus i løpet av jula, der er det mykje å lese og synge.

I jula las eg "Mors gaver" av Cecilie Enger, det var eg nok ikkje åleine om. Det var ei nydeleg bok, om gåver naturlegvis, men også om å miste ein forelder til demens. Eg har skrive litt om tanta som forsvann, og kjente igjen mykje, på godt og vondt. Eg måtte og smile når eg las listene, og gåvene, det var gjenkjenneleg!

Litt lettare litteratur må ein og ha; eg las "Skyggerom" av Jan-Erik Fjell. Dette er krim, og ganske ekkelt om menneskehandel, så lett litteratur er kanskje feil. Men krim er krim, og ofte lettlest, det passa meg bra!
I samme sjanger er "Djevelkysset" av Unni Lindell, likar du krim, er den god, men fort gløymt.

På nattbordet har eg bok nr to om Hildegard von Bingen, av Anne Lise Marstrand-Jørgensen. Hildegard var nonne i Tyskland på 1100-talet, voks opp i ein overklassefamilie, men vart sent i kloster som barn. Ho hadde syner og visjonar, og skriv mange sangar som er kjent enno idag. Det høres kanskje smalt ut, men er interessant om klosterliv og gudsliv i retteleg gamle dagar. Anbefalast!

I haust har eg lese "Karitas" av Kristin Marja Bulgursdottir, både første og andre bok. Dei handlar om kunstnaren Karitas, som blir fødd rundt 1900 og lever nesten til år 2000. Liv og kunst, å vere kvinne, kunstnar og mor, og livet på Island er godt beskrive.

På jakt på nye opplevingar på ein bokhandle, fann eg Kjersti Annesdatter Skomsvold si debutbok "Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg". Det er ei underfundig bok!! Les og le! Eg kjøpte også "Manhattan, historier om New York" av  Torgrim Eggen, eg fekk lyst å reise dit på flekken og oppleve meir enn eg rakk på 2 døgn med små ungar på slep i 2007.

Eg må alltid ha ei bok, eller helst to, i bakhand. Noko lettlest og noko tyngre, ein bunke aviser og Kindle med tilgang til alt ein kan ønskje seg på Amazon.com… det er kvardagslukke, det!

Håpar dette kan gi nokre tips til andre og. Og tips meg gjerne om bøker!



(og nederst med små bokstavar: eg har lasta ned "Mad about the boy" med Bridget Jones på Kindle… :) )

onsdag 8. januar 2014

Friminutt


Idag har eg har vore på kafé. Lenge.
Eg satt midt i mylderet, aleine, med ein STOR kopp te, takk til Starbucks for skikkeleg store tekoppar!
Eg smuglytta til samtalane rundt meg, høyrte på surret. Såg på dei som spela spel og diskuterte reglar.

Friminutt!

Eg las i boka eg hadde med. Bladde i ei daggammal avis.
Såg på dei bak disken som tok i mot bestillingar og oppfyllte ønskjer i full fart, stilte effektivt behov for kaffe, te og kaker og lunsjmat.
Snuste inn lukta av nymalt og nylaga kaffe. Drakk teen min.
Eg berre satt stille, med lave skuldre.
Eg var sosial utan å måtte delta. Godt nokre dagar.

Og då eg kom ut, var det solnedgang og skumring.

tirsdag 7. januar 2014

søndag 5. januar 2014

2013, ein kortversjon

I 2013 skreiv eg 103 innlegg på bloggen, det er omtrent 2 i veka, og det er ikkje så verst syns eg! Nokre veker meir, men trur eg klarte å gjennomføre vekestart kvar veke iallfall!

Dei meste leste innlegga var Det blir stille når nokon går ut av tida og Mortons nevrom Som ein kuriositet kan eg nemne at då eg vart operert, sto kirurgen og mumla fordi han ikkje fann igjen nevromet…

Eg har ikkje lese om igjen alle innlegga, eg har skumma over overskrifter, litt tilbakemeldingar og lese det som har interessert meg mest. Eg blir av og til forundra over kva eg skriv og meiner, så det er litt artig å sjå tilbake :)

I januar skreiv eg om å vere tenåringsmor, ga dykk nokre lesetips(det må eg bli flinkare til i 2014, nyttårsforsett!!) og delte eit veldig fint dikt om livet av Kolbein Falkeid, du kan lese her om du vil: Vekestart veke 3. I tillegg skreiv eg ned nokre nyttårsforsett, som eg ikkje har sett på sidan og sikkert kunne kopiert til i år…


Februar hadde flerie bloggpostar med lesetips, det er berre å bla seg dit for interesserte. Det handla litt om vinterferie og vinterkulde, og ikkje minst skreiv eg eit innlegg om kva eg er flink til(kanskje med eitlitt alternativ vinkling :) )

I mars skreiv eg om fine damer som har inspirert meg, meir om bøker og mammutjakt etter desse, og det vart litt om påska og om vårlengsel.



April starta med å opsummere påskeferien, som var tidenes beste værmessig. Så var eg på kurs i konfliktmestring , og eg oppdaga at eg nærmar meg 20 år i arbeidslivet, slikt må ein fundere litt på… Og eg hadde høge skuldre framfor vårens vakraste eventyr: konfirmasjon og skreiv difor ei  Overlevingsguide for konfirmantmødre.

Vi starta mai med konfirmasjon, det gjekk naturlegvis bra med både konfirmant og mor! Eg skreiv om burdismen, det fine været og om operasjon av foten som viste seg å vere unødvendig… og eg skreiv om kvardagslukka.

Juni hadde eit skikkeleg wannabe-innlegg om husmoryrket, eg blogga om #morstutogkjør og om å vere turist i eigen by. Og ikkje minst skreiv eg om minusting, som ei motvekt mot positivismen! 



I juli skreiv eg litt surt om bilen vår, vi var i København på ferie og eg var på TOTO-konsert. Og naturlegvis var vi i Romsdalen!

August var tida for å oppsumemre ferien, feire fødselsdag og skrive eit innlegg om tannlegen som nok har ein hemmeleg draum om å bli kongeleg.

september kom skreiv eg at eg var ei pysemamma, men fekk snart behov for å motbevise det… eg skreiv og om vennskap og sjukdom, og er veldig glad vi rakk å treffes

Oktober kom med pendlingpølsemakeri og i samband med fokuset demens fekk av TV-aksjonen, skreiv eg om ei tante som forsvann.Må heller ikkje gløyme feiringa av 20 år som gift, og turen til Nice. 

Eg prøvar å "leve i november", og skreiv om dette iår også, prosjektet gjer meg iallfall meir bevist. Så var eg hos frisøren, det kan vere krevande! Og til slutt gjekk eg vel på ein smell eg prøvde skrive meg ut av …

Desember kom, eg prøvde oppsummere hybellivet, førebu jula og så stoppa alt opp då døden kom på besøk.


Altså har året innehalde litt av kvart, sorger og gleder, kvardag og fest! No er det berre å gå i gang og lage nye minner, og blogginnlegg, for 2014.

Vekestart veke 2/ rare dagar

Godt nytt år, alle som er innom!
5 dagar inn i det nye året har eg allereie rekt å bli tante (for 18.gang!) og vore i gravferd,  ein kan verkeleg seie at "Sorgen og gleden de vandrer til hope"! Men det er vel slik livet er, topp og botn side om side…

Vekestarten denne gongen er frå Jon Fosse si bok "Stein til stein" som vi fekk til jul:

Nattsalme

Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
 
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mildt imot
og lèt deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
 
Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel 
Jon Fosse

(den står forresten i den nye Salmeboka, dersom nokon andre og har skaffa seg den.)

Å miste ei god venninne, som var på same alder som meg, har sett igang mange tankar. Eg har vore lei meg og trist, eg har ledd over gode minner og sukka litt over ting vi aldri rakk. Eg har møtt mange fine folk, som eg har delt sorga med, både familie og vener av henne, men eg heller skulle møtt i ein trivelegare samanheng. Å få delta og gjere noko praktisk er godt, og å vere med i gravferda er ei god avslutning. Men det nye året byrjar utan henne…


Livet går lell vidare, det er ikkje slutt på jula, det er kake igjen, og juletre, blomster, sjokolade og pynt. Det er litt romjulsstemning i stova med stille ettermiddag, mørkt ute og mannen som søv på sofaen. Men kvardagen kjem vel snart og tek meg…

Om det kjem noko oppsummering av 2013 her på bloggen? Det kan skje så mangt når ein får tenkt seg om!