5 dagar inn i det nye året har eg allereie rekt å bli tante (for 18.gang!) og vore i gravferd, ein kan verkeleg seie at "Sorgen og gleden de vandrer til hope"! Men det er vel slik livet er, topp og botn side om side…
Vekestarten denne gongen er frå Jon Fosse si bok "Stein til stein" som vi fekk til jul:
Nattsalme
Det finst ei jord som opnar opp
sitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mildt imot
og lèt deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel
Jon Fossesitt djup av svarte natt
og løyner både sjel og kropp
til ingenting er att
Det finst ei natt som møter deg
og tek deg mildt imot
og lèt deg kvila æveleg,
di hand, di sjel, din fot
Det finst frå Gud i alt som er,
i jord og nattevrimmel,
di sjel er hans, du er hans verd,
du lyser fram hans himmel
(den står forresten i den nye Salmeboka, dersom nokon andre og har skaffa seg den.)
Å miste ei god venninne, som var på same alder som meg, har sett igang mange tankar. Eg har vore lei meg og trist, eg har ledd over gode minner og sukka litt over ting vi aldri rakk. Eg har møtt mange fine folk, som eg har delt sorga med, både familie og vener av henne, men eg heller skulle møtt i ein trivelegare samanheng. Å få delta og gjere noko praktisk er godt, og å vere med i gravferda er ei god avslutning. Men det nye året byrjar utan henne…
Livet går lell vidare, det er ikkje slutt på jula, det er kake igjen, og juletre, blomster, sjokolade og pynt. Det er litt romjulsstemning i stova med stille ettermiddag, mørkt ute og mannen som søv på sofaen. Men kvardagen kjem vel snart og tek meg…
Om det kjem noko oppsummering av 2013 her på bloggen? Det kan skje så mangt når ein får tenkt seg om!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar