fredag 28. juni 2013

Leseliste mai og juni

No er det lenge sidan eg har skrive om bøker. Målet om å ha ei liste over det eg les, forsvinn i det som heiter kvardag...og alt den bær med seg.
Lista her er difor heilt sikkert ikkje fullstendig!

Som så mange andre har eg lese "Politi" av Jo Nesbø i sommar. Den er rå og spennande på ein thrilleraktig måte, eg turde kun lese i fullt dagslys og med andre heime i huset!
Mange bokhandlar har køyrt kampanjepris på Harry Holebøkene, og eg er lett å lure!! Sidan eg byrja lese serien ca då boka "Rødstrupe" kom, nytta eg sjansen til å lese starten no og repetere dei andre bøkene. Skummelt, men ein fordel å vite sånn cirka korleis det går.











Eg har lese ein del bøker på lesebrettet mitt; Kindle. Fordelen er at eg får lese engelsk, men det begrensar litt og... Fort gjort at det blir litt chic-litt :)
Eg har iallfall lese

  • The Seamstress Om ei syerske frå Madrid (det er vel den norske tittelen: Syersken fra Madrid) som lever i Spania då borgarkrigen byrjar på 30talet, og av ulike grunnar flyttar.
  • The Mystery of Mercy Close Typisk Marian Keyes, du veit kva du får og eg likar det eg får!
  • The Cookbook Collector  Ikkje heilt chiclit, men ikkje langt unna
  • Stop the Wedding (eg rødmar! Skikkeleg lett bok)
  • Eg oppdaga ein ny krimforfattar: John Elder, som skriv om detektiven Frank Elder, som naturlegvis er flink på jobb, men trøblar i livet generelt. Muleg den finns på norsk, men lettlest på engelsk også.

Eg las Anne Holt si bok "Skyggedød" som handlar om barnemishandling og kor vanskeleg det kan vere å finne ut av det. Krim og realisme i eitt! Anbefalast varmt, men den er veldig vond å lese. Kor mange barn har det slik?

Eg ender opp med mykje historiske romanar, ofte frå krigen. Eg trur eg lærer noko. "Brente skygger" startar i Japan med atombombene, og er innom India, Pakistan og ender i notid og USA. Seier mykje om fordommar og draumar. Bra og vond!

"Dandy" av Jan Guillon er bind to i ei triologi om tre foreldrelause brødre frå Osterøy utanfor Bergen. Første bok heiter "Brobyggerne". Historia byrjar på seint 1800tal og følgjer utviklinga i Norge, Tyskland og England. Eg likar bøkene til Jan Guillon, eg likar lange historier og eg likar å "bli kjent med" personane over fleire bøker og gjennom livet. Siste bok kjem til hausten og eg gler meg allereie!

Eg kjem ikkje gjennom alt eg prøvar meg på av bøker. "Verdensmestrene" av Henrik Langeland ligg halvlest på nattbordet. Kanskje eg prøvar å lese den ferdig i løpet av sommaren? Den fengar når den skriv om gjenkjennelege ting, sidan hovudpersonane er på min alder, og handlinga er frå tidleg 80tal, men miljøet er for fjernt lell.

Av og til kjøper eg bøker feks fordi dei er på sal eller fordi dei har ei spennande framside :) Dete kan slå begge vegar!
Denne boka "Mordene i Betlehem" kjøpte eg litt pga prisen og litt pga beskrivelsen på baksida. Eg syns eg lærte ein del om livet i Betlehem, om motsetningane mellom dei ulike religionane, og mellom dei ulike fraksjonane innan religionane. Ingen vil det samme....


Trur eg har lese meir, men det får eg skrive om ein annan gong!

tirsdag 25. juni 2013

Husmor?

Eg skal ikkje meine noko(iallfall ikkje mykje) om det å vere husmor, eller heimeverande eller liknande i dette innlegget. Eg såg eit program om husmora på fjernsyn i kveld, og eg er iallfall ikkje der... Det var matlaging og vasking og glede over å brette klær.
I bygdaboka står eg tittulert som "husmor og bioingeniør", det opplevest litt komisk! Eg har tankar om korleis ei husmor er, eg er ikkje den husmora. Eg tenkte eg skulle skrive litt klesvask og oppvask og middagslaging...kanskje kjenner du deg igjen og kanskje ikkje?


Eg har vaskerom , der er det merka dunkar meg "kvit 60gr" og "mørk 60gr" og "finvask"(det skal gjerne vaskast for hand...), det skal eg ha!
Overraskande tomme dunkar, må vere til ære for fotografen 
 Eg har hyller med vaskemiddel, til ull, til kvitvask og til farga vask, til finvask og det finns flekkfjernar og tennisballar til å putte i tørketrommelen når eg har vaska dunklær(jada, eg har tørketrommel og, og eg vaskar sjeldan dunklær)
Det rare er at tross dei fine og pedagogiske dunkane, ligg det alltid mykje klær av typen "usikker kvar desse høyrer heime" eller "dette teppet er for stort, så det legg eg berre i hylla så lenge", så hyllene er fulle av udefinert klesvask... Men eg vaskar klær, eg tørkar klær og eg brettar (av og til) klær. Men det som skal vaskast for hand, det har ofte eit langt og trist liv på vaskerommet før det blir vaska. Eg likar ikkje å stryke klær, og eg er heilt håplaus på å få ting inn i skuffer og skåp. Eg får ikkje til tellekantar uansett korleis eg prøvar og på gjesterommet er det ein kleshaug som sjeldan er innom skåp før det er i bruk igjen. Men reine klær har vi! (sjølv om eg trur eg stryk på eit eller fleire punkt på "husmoreksamen")

(og ja, det er ski til høgre på biletet)

Vi har oppvaskmaskin! Og den brukar vi, ofte og til alt eg får inn. Eg er god på å fylle den best mogeleg, veit kva som passar på dei ulike stadene, og den jobbar og jobbar. Dessverre er den ikkje sjølvtømmande, det vil seie at før vi får tømt den er det ein haug oppå maskina med skitne koppar og kar... Dessverre har vi også ting i huset som vi av og til brukar utan å tenke oss om, slikt som jarngryter, eg får meg ikkje til å putte dei i maskina, med den følge at dei står ei stund på benken før eg løftar meg sjølv etter nakken og vaskar for hand. Det har gjerne samanheng med at vi skal ha besøk, og at vi har halvopen løysing med kjøkken og stove. Og såpass bryr eg meg at eg ryddar før vi får besøk. Vi burde hatt besøk oftare! (og så er det jo kjekt med besøk! Også om ein ser vekk frå tvangsryddinga) Men det anar meg at husmødre vaskar opp etterkvart og har reine koppeklutar og skinnande benkar kvar dag?


Pai, neppe laga ein kvardag!
Rekk opp handa den som har middag kvar dag? Og som har middag laga får grunnen kvar dag? Eg likar lage mat, på den måten er eg nesten husmor! Eg les gjerne oppskrifter og funderer på om dette er noko eg skal lage. Men eg likar best å lage mat når eg har god tid. Altså likar eg ikkje alltid lage mat feks ein onsdag når maten skal vere ferdig og inntatt i løpet av 45 minutt... Og av og til blir eg SÅ lei av å finne ut kva vi skal ha. Det er fint med fisk 3 gonger i veka, ein kjøtfri dag og ikkje farsemat. Det er alt saman ting eg er heilt for!!!
Men skal eg sjå tilbake på feks sist veke? Vi har hatt rømmegraut, frå pose! Tomatsuppe, frå pose, men med ostesmørbrød laga av det tørre brødet i skuffa, så det veg opp for kjøpesuppa, ikkje sant? (og det er sant at å lage tomatsuppe frå botn ikkje tek lang tid, men når ein har ein suppepose og ikkje det som trengs for for å lage den frå bortn og difor må på butikken, blir det posemat!) Vi har hatt kjøttbollar frå IKEA, med gräddsås frå IKEA(men poteten kokte eg sjølv!) Vi har (trommevirvel) hatt fiskekaker(frå mamma sitt kjøkken, av fisk pappa har fiska) Den veg nesten opp for pølse i brød... Pasta og kjøttsaus, framleis ikkje frå botn, for ingen hadde kjøpt tomater og løk og slikt.
Det blir slike lettvintløysinger når ein er sliten, når klokka går for fort og ein har gløymt å ta opp av det som ligg i frysaren. Av og til sett eg opp planer, eg går i frysaren kvelden før og finn noko som passar til neste dag og når eg handlar inn er det med ein plan i bakhovudet. Eg steiker elgsteik og lagar lapskaus av restane, eg steiker hyse og serverer med rømmesaus, eg lagar pizzadeig og kokar tomatsaus og har elgkjøttdeig på. Men så sklir det ut igjen... og vi et noko som er kjapt og ikkje spesielt godt eller billeg.
Kjøtgryta hennar mor

Heldigvis har eg og ei venninne laga eit system med "husmorpoeng"! Når vi har gjort noko vi er fornøgde med,  feks skrubba kjøkkenbenken, kokt fisk eller bretta 5 kurver med klær, fortel vi det til den andre som straks deler ut 10 husmorpoeng! Raust! Det er mest for artig, men eg er ei enkel sjel og skryt gjerne til mannen om at no har eg fått husmorpoeng (og vi gir god-mor-poeng, treningspoeng, tålmodspoeng og god-kone-poeng, og andre poeng ved behov!)
Og når eg har fått poeng for innsatsen, kan det hende eg tørkar over kjøkkenbenken og tømmer oppvaskmaskina før eg legg handkleda (ok, dyttar dei inn så godt eg kan) på plass før eg planlegg neste dags meny. Kanksje ...




mandag 24. juni 2013

Midtsommar

Det var St.Hansaften igår, det kom vi på litt utpå kvelden. Det vart ikkje bål eller anna storfeiring, det var lat kveld på terassen, med bok og god mat og godt selskap(det var mannen og eg)

Slaraffenliv med hengekøye og grøssarlesestoff. Jo Nesbø er ikkje for pyser!
Det var rett og slett ein fin kveld!

søndag 23. juni 2013

Vekestart 26

Ikkje mitt førsteval av blomster i vase, men eit lyspunkt og når den dukkar opp varslar den at sommaren er her :) Og no er det sommar, plena er gul!

 
 Å,  den  som  var  en  løvetann 
 som  sto  i  skitt  og  sølevann  i  Bispegata  tre;
 den  aller  første  løvetann 
 som  blusset  bak  et  søplespann  i  Bispegata  tre
 så  noen  kunne  plukke  meg,
 og  "noen"  skulle  være  deg.
 Du  festet  meg  ved  blusen  din 
 og  trippet  ut  i  sol  og  vind,
 og  jeg  fikk  være med


 Jeg  skulle  føle  kroppen  din
 bak  utsalgsstoff  av  musselin
 da  vi  gikk  gaten  ned,
 og  tro  jeg  var  en  diamant
 mot  blusens  tynne  blondekant,
 og  alle  skulle  se.
 Din  lange,  travle  arbeidsdag
 så  hørte  jeg  ditt  hjerteslag,
 om  kvelden  gikk  du  trette  skritt
i  trappen  opp  til  rommet  ditt,
 og  jeg  fikk  være  med.
 

 Så  gikk  du  inn  og  vrengte  kjolen,
vasket  hender,  hals  og  kinn
 for  solens  hete  brann.
 Din  omsorg  er  som  kvinners  flest,
 du  hentet  det  jeg  trengte  mest :
 et  eggeglass  med  vann.
 Så  får  jeg  plass  ved  sengen  din
 og  ser  på  at  du  sovner  inn.
 Og  utenfor  er  nattten  blå.
 En  løvetann   kan  lykken  nå,
 så  over  all  forstand


Alf Prøysen

 Og plutseleg er den ikkje gul og fager lenger...

fredag 21. juni 2013

#morstutogkjør

"Mors tut og kjør" er namnet på mitt "transportselskap", det som tek oppdrag med å frakte tenåringssoner og tidvis kompisar hit og dit, gjerne seint på kveld i helgene eller rett etter skuletid og gjerne innanfor arbeidstida mi...takk og pris for fleksitid!

Eg er ikkje så glad i køyre bil, iallfall ikkje på vinteren på glatte og snøfulle vegar, og ikkje glad i å køyre langtur der målet kjennest som det er konstant langt vekk. Eg likar ikkje å køyre gamal bil med motor med hikke, og eg likar ikkje å leite etter bensinstasjon med lysande bensinmålar på dashbordet.Eg seier fort stygge ting om den som brukte bilen sist(som oftast meg sjølv) eller om andre bilistar. Av typer "kjærring bak rattet!!!" og "bruk blinklys, din gjøk!!!"

Men nokre bilturar har noko fint med seg!

Av og til slenger eg med leppa og klagar og seier det tek så mykje tid med all denne fraktinga av ungar, det foregår gjerne når eg kunne gjort noko anna, laga middag, sitte i sofaen etc, og at jammen får eg god tid om nokre år når ungane lappen sjølv og flyttar heimanfrå. Så seier kanskje den eg snakkar med at dei kan vel sykle eller gå eller ta bussen? Klart dei kan, men eg vil med dette slå eit slag for å køyre ungane sine til aktiviteter og slikt!
Liten og grønn

Bilturar har ein funksjon utover å flytte seg frå A til B; ein sit saman på begrensa plass, ein tidsavgrensa periode, med lite som forstyrrer. Står radioen på, kan ein kanskje få ein samtale ut av det som blir snakka om der, enten det er musikk eller debattprogram. Skrur ein av radioen kan ein fortelje kva ein har gjort på jobb, korleis skuledagen har vore, kvar sykkelturen gjekk, kva musikklæraren sa, korleis ein har det. Det er rett og slett ein super plass for samtale!! Eg har hatt mange fine samtalar med ungane i bilen, åleine eller fleire. Kanskje er det lettare å snakke når ein ikkje treng sjå kvarandre i augene?
Her har det nok gått fort i svingen!

Det er rom for diskusjon, tøv, undring og alvor.

I travle periodar har det å køyre saman til jobb og prate i bilen, vore den eine staden der mannen og eg har kunne snakka uforstyrra saman uten lyttande ører. Litt synd på ein måte at det tek kun 5 min før mannen er framme...
Ikkje mykje brukt til transport :)

Så av og til tilbyr eg meg å køyre, eller hente, utan at tenåringane spør, fordi det gir meg ei sjans til å snakke med dei.

Tipset er herved delt!

tirsdag 18. juni 2013

Turist i eigen by

Søndagskvelden var det sol og skyer og vi tok ei skikkeleg "turistutflukt" seint på kveld i eigen by, til Kristiansten festning. Der er det flott utsikt mot Fosen-"alpene" og fjorden. Her kjem nokre glimt:



Fosen-alpane i det fjerne


Festningsverket er flott og har mange detaljar, vel verdt å gå rundt og kikke. Det er ofte slik at ein ikkje brukar dei nærmaste attraksjonane!
 Byen låg for våre føtter!


Ulike portar




 Trolsk stemning med slike skyer!
Vi var litt seint ute, men ein gong seinare skal vi gå på kafeen også





mandag 17. juni 2013

Monstermor?

Av og til er eg på krigsstien. Eg blir monstermor, enten i eigne auger eller i augene til tenåringane...

Kva som sender meg ut på krigsstien? Det kan vere så mangt, feks

  • kjøkkenbenken full av skitne fat og glas
  • våte klær nederst i skitnekleskurva
  • tomme juice- og mjølkekartongar som er sett tilbake i kjøleskapet
  • beskjedar som kjem vekk på veg frå avsendar til mottakar(i dette tilfelle meg) 
Ta med at eg kanskje har hatt ein lang dag eller er sliten frå før, lunta blir kort...

"Har du ikkje rydda opp?!"

I andres auger er det kanskje når eg
  • forlangar at dressen frå 17.mai blir hengt opp NO, allereie ca eit stykke ut i juni
  • eg blandar meg inn og opp i oppgåver som skal løysast av den eine eller andre junior
  • eg beordrar tømming av oppvaskmaskin og støvsuging av trapper
  • eg forventar å vite kva som foregår, om ungane har huska det eg har minnt dei på å huske
  • når monstermor er masemor
Nokon som kjenner seg igjen?
Men alt i alt lever vi godt saman, det meste av tida er eg mønstermor :)

søndag 16. juni 2013

Vekestart veke 25

Kva lukke er? Det kan vere som desse orda av Inger Hagerup:

Hva lykke er?
- Gå på en gressgrodd setervei
i tynne, tynne sommerklær ...

Lukke kan vere at vekene går fort og at sommarferien nærmar seg med stormskritt, iallfall om eg høyrer på tenåringane som startar seint i morgen, sluttar tidleg eller kanskje har heilt fri. Dei gler seg over ingen munnleg eksamen, frydar seg over lyse kveldar, ny sykkel, sol, ingen lekser, litt rydding og innlevering av bøker, kanskje ein telttur. Og alt dette forstyrrar ro og orden og rutiner i familien, dei treng ikkje sove av ovanfor nemnte grunnar, treng ikkje stå opp av ditto, dei et frukost i det mor startar på middagen! O herlege sommartid :)

Det er litt lenger til vi alle skal ha ferie, men eg treng heller ikkje sove riktig like mykje, iallfall får eg ikkje lagt meg i rett tid. Eg vaknar av fuglesang midt på natta, om den er munter veit eg ikkje, men den fortel iallfall med klar tale at det er sommar!! Eg gløymer solkrem og klør på lett solbrent hud, og smør meg med aloe vera, lakkar tåneglane(men får ikkje på meg sandalane pga såret), nyt å ha litt farge på kroppen. Nyt å ete frukosten ute når det går, ser på alt som blir grønnare for kvar dag og irriterar meg berre litt over skvalderkålen, før eg gler meg over løvetanna som er kraftig og frisk!
Dagens farge er grønn!



Idag har eg latt meg fasinere over skyene på himmelen. Høg himmel og skyer, frå kvite florlette til tunge, svarte som eg venta skulle gje eit regnvær utan like -men det kom ikkje. Vi kunne sitte i fjøra og grille og prate og kome heim lett røykfylte og fulle av latter og godt samvær.



Glimt frå turen i fjøra

Og vel heime har eg landa i sofaen i selskap med Harry Hole, eg er igang med bøkene frå nr 1 og utover, og treng dei lyse dagane og nettene for å tørre å lese... 

Kveldsstemning 

(og heilt til slutt i kveld har vi vore turistar i eigen by, kveldstur på Kristiansten festning og sett på solnedgangen. Slikt ein kan gjere når det er lange, lyse kveldar)

tirsdag 11. juni 2013

Minusting(motvekt til all den ekle positivismen)

Er du som meg er det enkelte ting som kan gjere den flottaste dag til ein gråværsdag humørmessig, med irritasjon og sutreleppe! Dette innlegget er meint som motvekt mot enkelte ekkelt hyggelege og positive innlegg som av og til snik seg inn på bloggen, fysj!

Minusting:

  • smular på kjøkkengolvet når eg kjem barbeint og trøytt og skal ete frukost
  • oppvaskmaskina tømt og klar til å ta imot skitne koppar, og full av skitne koppar på toppen fordi "æ trodd det va reint inni"
  • hår i sluket på badet
  • store rekningar som kjem uventa
  • eit vått, brukt handkle oppå reine klær
  • ein kollega eller eit familiemedlem som ikkje er tankelesar, og difor ikkje gjer som eg hadde tenkt eller ønska
  • når eg har brukt tid på å rydde, og ingen ser det
  • telefonselgarar, say no more...
  • at avisa ikkje kjem til rett til
  • ulydar i bilen
  • når nokon seier eg ser sur ut og eg ikkje er det! (men eg kan fort bli det)
  • kjedelege, tjukke bøker som ikkje held det dei lovar
  • bussen som er i rute, når eg ikkje er det
  • folk som slår plen tidleg på søndag morgon
  • "bad hair day"
  • når ingen forstår meg, det går i ring det der...
  • når enkle ting skjær seg på ein alt anna enn enkel måte
  • når tålmodet mitt ikkje strekk til... Dei dagane når eg ikkje vil forstyrrast, og nokon ikkje les signala eg trur eg sender ut.
  • når kontoen er tom og eg finn noko eg heilt sikkert  nesten ikkje kan leve utan fram mot neste lønning
  • når folk trur eg tullar når eg snakkar om noko alvorleg, som kongelege bryllup
    I mangel av ekte tiara eller krone

Nei, æsj, denne lista kunne lett vorte som ei einaste lang liste over landeplager, men det blir jo berre surt! Betre å fokusere på  noko positivt! 

(Men det er jammen litt artig og: å finne og sette ord på "plagene", det slår meg at dei ikkje er så store i verdsmålestokk! Eg står i fare for å framstå som ein sutrekopp...)

He ein stålande dag, utan irriterande ting som ødelegg :)
Trøsteblomster for noko som ikkje vart som eg trudde, som krever tålmod og tid.

mandag 10. juni 2013

Plussting

Det finns enkelte ting som gjer dagen lysare og er "plussting" i livet:

  • å vakne til fuglesang
  • å lage to former lasagne, då er det nok til ein middag til! Tenk kor glad eg blir den dagen, kun å varme middagen :)
  • å få god tilbakemelding på noko, som eigentleg ikkje var så stort og viktig, men som var kjekt(og idag har eg fått to!!)
  • høyre radio(veit eg har nemnt det før)
  • å ha nokon å prate tøv med på jobb når det eigentleg er litt mykje rutine
  • å hente inn blomster frå hagen og kjenne at dei luktar sommar og barndom og te-plis
  • å glede seg til å lese ei bok, og så lese den og like den! (har lese ferdig "Politi" og sjølv om eg beit naglar undervegs av spenning og gru, likte eg den godt)
  • å ha kjekke selskap å sjå fram til, på søndag er det grilling med vener, store og små og full fart, helga etter er vi bedt i 50årslag
  • igår vart eg invitert på "date" med mannen, vi gjekk tur og såg på seglbåtar(mest hans interesse) etterpå var vi på kafe og åt godt og berre prata.
  • å høyre junior som spelar gitar og øver til sommarkonsert
  • å glede seg til hagebenken er ferdig og håpe på godt vær så eg kan ete frukost ute!
  • å ha twitterfrukost med fine damer eg har vorte kjent med! 
  • å drikke iskald Pepsi Max (enkelte laster må ein ha)
Og ein annan dag skal eg skrive eit innegg om minusting!! Berre vent :)

Idag fann eg ut at eg måtte ha ei skikkeleg sommarvise, og sidan Emil er 50 år omtrent no, syns eg det passar med Idas sommarvisa. Eg har sett mykje Emil på barne-tv, både som barn og vaksen. Somvaksen er episoden der han bergar Alfred noko av det  finaste eg veit!! Som barn var det med skrekkblanda fryd eg såg han heisa søstra opp i flaggstanga eller serverte festmaten til feil personar. Innimellom syns eg det vart litt mykje av både det eine og andre, og då passa det godt med ei lita vise med Ida.

IDAS SOMMARVISA

(Jag gör så att blommorna blommar)
Text: Astrid Lindgren / Musik: Georg Riedel © Gazell Music www.gazell.net
Du ska inte tro det blir sommar,
ifall inte nån sätter fart
på sommarn och gör lite somrigt,
då kommer blommorna snart.
Jag gör så att blommorna blommar,
jag gör hela kohagen grön,
och nu så har sommaren kommit,
för jag har just tagit bort snön.
Jag gör mycket vatten i bäcken,
så där så det hoppar och far.
Jag gör fullt med svalor som flyger
och myggor som svalorna tar.
Jag gör löven nya på träden
och små fågelbon här och där.
Jag gör himlen vacker om kvällen,
för jag gör den alldeles skär.
Och smultron det gör jag åt barna,
för det tycker jag dom kan få,
och andra små roliga saker
som passar när barnen är små.
Och jag gör så roliga ställen,
där barnen kan springa omkring,
då blir barna fulla med sommar
och bena blir fulla med spring.
Teksten fann eg her:  www.astridlindgren.se
Eg fann også ein videosnutt på yputube med Ida som syng, aldeles nydeleg!!!  Idas sommarvisa 

tirsdag 4. juni 2013

Vekestart veke 23

Kveldshimmel
Det er fort gjort at det er ei ny veke, altså, utan at det automatisk kjem eit nytt innlegg... Eg har så vidt starta på jobb igjen, og når eg no har susa rundt heime i eit par veker, er hjernen innstilt på rolege dagar og krever litt omprogrammering! Det viser seg at eg ikkje har nullstilt hovudet heilt, så litt etter litt er eg i jobbmodus igjen, men første dagen gjekk det sakte :)








Vekas ord fann eg på Instagram, hos ein av "yndlingsinstaene" mine; @unprastmalmo

There is a crack in everything
That´s where the light comes in
Leonard Cohen




(Følg meg gjerne på Instagram: @kisabo)