fredag 21. juni 2013

#morstutogkjør

"Mors tut og kjør" er namnet på mitt "transportselskap", det som tek oppdrag med å frakte tenåringssoner og tidvis kompisar hit og dit, gjerne seint på kveld i helgene eller rett etter skuletid og gjerne innanfor arbeidstida mi...takk og pris for fleksitid!

Eg er ikkje så glad i køyre bil, iallfall ikkje på vinteren på glatte og snøfulle vegar, og ikkje glad i å køyre langtur der målet kjennest som det er konstant langt vekk. Eg likar ikkje å køyre gamal bil med motor med hikke, og eg likar ikkje å leite etter bensinstasjon med lysande bensinmålar på dashbordet.Eg seier fort stygge ting om den som brukte bilen sist(som oftast meg sjølv) eller om andre bilistar. Av typer "kjærring bak rattet!!!" og "bruk blinklys, din gjøk!!!"

Men nokre bilturar har noko fint med seg!

Av og til slenger eg med leppa og klagar og seier det tek så mykje tid med all denne fraktinga av ungar, det foregår gjerne når eg kunne gjort noko anna, laga middag, sitte i sofaen etc, og at jammen får eg god tid om nokre år når ungane lappen sjølv og flyttar heimanfrå. Så seier kanskje den eg snakkar med at dei kan vel sykle eller gå eller ta bussen? Klart dei kan, men eg vil med dette slå eit slag for å køyre ungane sine til aktiviteter og slikt!
Liten og grønn

Bilturar har ein funksjon utover å flytte seg frå A til B; ein sit saman på begrensa plass, ein tidsavgrensa periode, med lite som forstyrrer. Står radioen på, kan ein kanskje få ein samtale ut av det som blir snakka om der, enten det er musikk eller debattprogram. Skrur ein av radioen kan ein fortelje kva ein har gjort på jobb, korleis skuledagen har vore, kvar sykkelturen gjekk, kva musikklæraren sa, korleis ein har det. Det er rett og slett ein super plass for samtale!! Eg har hatt mange fine samtalar med ungane i bilen, åleine eller fleire. Kanskje er det lettare å snakke når ein ikkje treng sjå kvarandre i augene?
Her har det nok gått fort i svingen!

Det er rom for diskusjon, tøv, undring og alvor.

I travle periodar har det å køyre saman til jobb og prate i bilen, vore den eine staden der mannen og eg har kunne snakka uforstyrra saman uten lyttande ører. Litt synd på ein måte at det tek kun 5 min før mannen er framme...
Ikkje mykje brukt til transport :)

Så av og til tilbyr eg meg å køyre, eller hente, utan at tenåringane spør, fordi det gir meg ei sjans til å snakke med dei.

Tipset er herved delt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar