Viser innlegg med etiketten alder. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten alder. Vis alle innlegg

onsdag 24. oktober 2018

Middelalderliv

Om du skulle få lyst til å google middelaldrende, får du opp for eksempel dette:

som befinner seg i alderen omkring 50 år
; som hverken regnes som ung eller gammel
EKSEMPEL
  • et middelaldrende ektepar

https://www.naob.no/ordbok/middelaldrende

Jaja, eg vurderer nesten å skifte namn på bloggen til "Middelalderliv", for vi er eit middelaldrande ektepar, det er berre å godta det.

For igår, etter middag, sette vi oss i kvar vår sofa, det var fyr i omnen. Eg fann fram eplekake og is, vi åt kake og diskuterte vegvalga til KrF medan vi kikka litt i avisene. Eg hadde ein løpar med korsstingsbroderi på bordet.

Dame (50) inntek ettermiddagskaffe i
trygge former

Det skulle vel helst vore fyrstekake, det får eg bake til helga, og "kongen av Danmark"-drops. Er det å få lenger, forresten?

Og slik går dagane, det er middagskvil, vi ser tv når programma går, vi går søndagstur og på fredag er lukka i livet sofa og tv! Ungane er ute av huset og vi legg oss til nye (u)vaner.

Ung dame vaskar båt.

Heldigvis er eg ung enkelte stader, som når båten skal på land. Då er kombinasjon dame og berre så vidt fyllt 50 år, nok til å få plusspoeng.

torsdag 9. august 2018

Alder er berre eit tal!

Heldigvis!
Eg må tilstå eg slit litt med dette 50-talet som nærmar seg, for 50 år?! Det er jo ikkje vaksen ein gong, det er meir middelalder?! Iallfall var det det før, når eg såg for meg ein 50åring, no ser eg meg sjøl, og eg er jo ...meg.

Oransje joggesko og dongeri med frynser,
det er ikkje mykje 50åring!

Igår ba eg junior ta bilde av handlelista eg har gløymt heime, og han sendte den på snap! Eg meiner Snap! Bildet blir VEKK etter 10 sekund. Heldigvis var eg førebudd og tok skjembilde. Då eg klaga til junior, sa han at "du tek jo skjermbilde av alt du får, uansett", og eg forsto at det er skikkeleg gæmlis.

Huska til og med å lese på lista på butikken, og
fekk kjøpt alt eg trong(iallfall det som sto på lista)


Heldigvis kan eg trøste meg med at nokre av mine unge kollegaer ville være med meg på blåbærtur. Og dei har invitert meg på kafe også, så eg er vel ikkje heilt avleggs.

Blåbær

tirsdag 27. februar 2018

Då er det berre eit halvt år igjen....

Tida flyg! Og eg syns ikkje at eg flyg, eg er ganske så roleg av meg! 

Men idag, då eg skulle sjekke temperatur i alle varmeskap på jobb, det gjer vi kvar dag. For kvar skåp noterer eg klokkeslett og dato. DATO! Då eg skreiv datoen innsåg eg at det er berre 6 måneder igjen til eg blir 50 år... Klisje, men når skjedde det??? 

Dame (49) har akkurat innsett at det berre er eit halvår igjen til 50

Jaja, det er berre å ta det med eit smil! Og for all del ikkje bli fornærma over kollegaen, som knapt er 30, som seier at "50, då ER du vaksen" (klokt av henne å ikkje bruke ordet gamal!)