onsdag 30. juli 2014

Vekestart veke 31

Endeleg tid til bloggen, no er det duskregn uta og eg finn endeleg tid til bloggen inne! Eg er mektig imponert over alle som klarer å blogge regelmessig om sommaren, iallfall når været er godt og eg har fri(når eg er på jobb også, forresten, for då må eg jo ut når eg kjem heim) Men no er ferien igang, vi har hatt besøk, vore på besøk, vore på konsert med Ylvis, kikka på historisk marked i Erkebispegarden, rusla på Nordre, vore byturistar i eigne by, det er så fint når det er Olavsfestdagar. Det nærmar seg august, kveldane blir mørkare, og det er godt med terassevarmar og levande lys skaper stemning.

Sist veke kom eg på at eg ikkje har feira Prøysen sine hundre år i vekestarten, og det er jo for galt! Så idag kjem

Vise for gærne jitter


Oppå Lauvåsen veks det jordbær
Fine jordbær, raude jordbær
Heile væla er berre jordbær
Finn eit'strå og træ dom på
Eit er for gammalt, det ska få stå
eit er for grønt, det går vi ifrå
Men aille andre ska vi ta med hemmat
og leve lykkelig med sukker på

Oppå Lauvåsen veks det gutter
Fine gutter, sterke gutter
Heile væla er berre gutter
Finn eit'strå og træ dom på
Ein er for gammal, han ska få stå
ein er for ung, han går vi ifrå
Men aille andre ska vi ta med hemmat
og leve lykkelig med sukker på

Oppå Lauvåsen veks det minner
gode minner, gælne jordbær
Heile væla er berre minner
Finn eit'strå og træ dom på
Eit er for gammalt, det ska få stå
eit er for nytt, det går vi ifrå
Men aille andre ska vi ta med hemmat
og leve lykkelig med sukker på

Eg har masse minner med Alf Prøysen. Eg har vakse opp med "Barnetimen for de minste", og huskar godt sangen til "sparegrisen" Eg har sett Romeo Clive på barne-tv. Eg huskar "Snikker Andersen" frå julaften . Og eg har sunge masse av sangane, både på skulen og elles.

Litt bildet frå feriestarten

Sommarsykkel

Klar til å ta imot gjestar

På besök (eg alltså)

Nidarosdomen i kveldslys

Avlappa ferietryne


tirsdag 22. juli 2014

Vekestart veke 30

Vekas tema er "Det er deilig å sløve i skyggen!" (Det kjem frå ein sang med DumDum Boys, men resten av teksten passar dårleg, eller… Det handlar om å skvise litt hardare, det er måndag heile året etc, og eg går på jobb, det er enno ikkje ferie! Neida, det er ikkje slik, det einaste som blir skvisa er svette! Men som alle gler eg meg på ferie!)

Men sjølv eg, som elskar å svette i sola, rotere sakte i sola og kjenne den brenne, har gått over til skuggen ein del av ettermiddagen og kvelden. Litt av grunnen er naturlegvis ei kledeleg rosafarge på deler av kroppen etter bittelitt mykje sol i helga, men også fordi det er varmt! Men eg nyt å kunne sitte i skyggen, til klokka både ti, elleve og tolv, med kun shorts og topp på, det er ikkje kaldt. Vi et alle måltid ute, treng nesten ikkje fyre på grillen for å lage maten… Eg brettar klær ute, det er mykje kjekkare enn å gjere det inne. Eg tørkar klær ute, dei er tørre på eit blunk.



Det blir mykje salat og sukkererter frå kjøkkenhagen og ein dag testa vi ut poteten frå eigen potetåker. Det må kunne seiast at den var liten, men du verden så god!

Og eg sløvar, med bok, med fotbad, ser på utsikta,...



Livet på skuggesida

Spa på terrassen!

Kindle rommar mange bøker. Snart på tide med lesetips igjen!


Seint på kveld

(og med skam å melde, det var godt det skya litt over i ettermiddag, men no kjem solnedgangen for fullt ute, ser eg, glede!! )

mandag 14. juli 2014

Vekestart veke 29

Veke 29 er veka er har grudd meg til sidan ferielista var klar. Vi er få på jobb og vi har mykje å gjere. No er veka her! Og i tillegg til før nemnte punkt er det tropevarme i Trøndelag. Sist veke fekk vi melding om at hus og klimaanlegg her ikkje er dimensjonert for slik varme, altså blir det varmt inne også… På den andre sida er det varmt når ein er ferdig på jobb også! Det er berre å gå ut, sitte ute, sole seg litt, ete grillmat, drikke masse vatn. I tillegg så er det jo snart min tur til å ha ferie, då skal nokon andre vere inne, stå opp tidleg, medan eg søv lenge, et frukost lenge med te og avis. Gledar meg!

Men eg hadde nesten ferie i helga, "Norges framtid", altså tenåringane mine, har hatt sommarjobb hos besteforeldre og måla hus. (Det har vore litt rart og stille her heime, det retta seg fort då dei kom heim igjen) No ville dei hentast og mannen og eg sette oss i bilen. Bilen har jo ny girkasse, og har vist seg frå si beste side etter ein heller traurig start. Vi hadde musikk og lydbok og bestemte oss for å kjøpe mat og ete på Dovrefjell. Ei god plan, som vart litt amputert av at himmelen fekk svarte skyer på alle kantar, det buldra og slo og vi såg lynet slå ned i alle fjell rundt oss. Men vi fekk i oss maten og nytte naturen ei god stund og møtte ikkje regnet før etter fleire kilometer.

Lunsj under mørk himmel


Det varte ikkje så lenge, men var heftig mens det sto på!

Mannen hadde funne lydbok til oss i hylla. "Det suser i sivet" var opplesing på barnetv i barndommen, men ingen av oss huska så mykje før vi byrja høre. Trur eg fekk med meg fleire nyanser i den boka ni enn for 35-40 år sidan!

På retur dagen etter var regnet som sunket i jorda, og det var varmt, sol frå skyfri himmel og god stemning. Øverst i Romsdalen ligg det jettegryter, som ikkje alle av oss hadde sett før. Vi gjorde stopp der, og det var fint, sjølv om eg blir svett av unge menn som hoppar rundt på svaberg ved ein brusande foss… Det var sandstrand der og, den kvitaste, finaste sand, men flomelver er ikkje til å bade i! Eg skulle vel klart å berre ligge der ei stund også!
Føtter i sand

Nokon hadde laga eit hjarte i sanden


Men vi skulle vidare! Vi kom opp på fjellet igjen, og til eit vatn der det er fint å raste. Nokre i familien bada, ikkje eg! Alle åt god mat, vi tok bilder og kosa oss. Så enkelt det eigentleg er å gjere noko anna enn å stoppe på ein kafe, ete og kjøre vidare(iallfall når det er 25 plussgrader 1000 moh og det er sol)

Føtter i vatn (kva er det eigentleg med dette å fotografere eigen føtter? Eg er hekta)


Sol, vatn og sand (og ikkje ein fot i sikte)

Utsikt frå lunsjplassen

På turen vidare fann vi "Knutsen og Ludvigsen" i musikksamlinga, og dei gjekk på godt volum og med god sangstøtte frå både framsete og baksete. Rytmeseksjon og fri improvisasjon forekom og! Etterpå høyrte vi vidare på "Det suser i sivet", det trudde iallfall eg, men enkelte i baksetet hadde støydempande øretelefonar på og høyrte på noko heilt anna. Ok, det kan bli for mykje idyll også!

Her er ein link til "God morgen Norge" Den gikk for full musikk i bilen igår, og passa jo bra sidan vi var rett ved Dovregubbens hall!

Måtte du få ei strålande veke! Mi veke er bra, tross jobb, det er jo ein viktig del av livet, og min ferie kjem snart!

Eit par biletglimt til frå helga;
Nyskjerrig kalv!
Arbeidskar, let seg ikkje uroe av at eg tok bilder
Ein heilt grei solnedgang

Ei slik helg gir feriekjensle på få timar, engergipåfyll og gode minner!

torsdag 10. juli 2014

Vekestart veke 28

Eg vurderar seriøst å starte med "midtvekeverset" evt "vekeslutt´n", for dagane går så fort! Det er mangt på programmet, feks jobb. Alle spør om eg har ferie, og eg kan avkrefte det! Det er jobb kvar dag, det er oppgåver nok til alle som er på jobb og vel så det, og det er fleire veker igjen til eg kan tillate meg å sove om morgonen og la humla suse(no gjer den forsåvidt det heilt utan meg, den er stadig på besøk i grønsakshagen og snusar eller noko på sukkerertblomsten og på ruccolaen som har fått blomster, ikkje sikker på om det er eit godt teikn…)
I tillegg er det hetebølge i Trondheim, det er varmare enn eg kan huske på flerie år, iallfall fleire dagar på rad. Det er varmt inne, men varmare ute og det går med nokre liter vatn for dag for å kome i likevekt med svettetapet.
Når sonene i tillegg er borte på sommarjobbing, blir det god tid til å sitte ute om kveldane, gå på besøk, ha besøk, berre suse rundt og iallfall ikkje blogge eller følgje med på fotballvm som vistnok foregår i desse dagar?

Difor må det bli dette diktet eg deler med dykk denne veka

Vi skal ikkje sova burt sumarnatta

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,
ho er for ljos til det.
Då skal vi vandra isaman ute,
|: under dei lauvtunge tre. :|

Då skal vi vandra isaman ute,

der blomar igraset står.

Vi skal ikkje sova bort sumarnatta,

|: som kruser med dogg vårt hår. :|

Vi skal ikkje sova frå høysåteangen

og grashoppespelet i eng,

men vandra i lag underbleikblå himlen

|: til fuglane lyfter veng. :|

Og kjenna at vi er i slekt med jorda,

med vinden og kvite sky,

og vita at vi skal vera isaman

|: like til morgongry. :|

Aslaug L Lygre 

Ikkje lett å legge seg når det ser slik ut!!