fredag 30. august 2019

Kva skjer?

Eg syns ikkje eg har så mykje å skrive om akkurat no.
Det er ikkje det at det ikkje skjer noko, det skjer masse. Men det er mykje det samme kvar dag.

Tidleg opp, eg er b-menneske og gruar meg til det blir mørke morgonar. Ete frukost og gå til jobb (eg går til jobb, KVAR dag. 22 minutt til jobb, 24 minutt heim) Vere på jobb, lærer stadig noko nytt, flytter grensene for komfortsona, prøver og feiler. Prøve å ikkje tenke på alt som kan gå galt... Ete lunsj med kollegaer, litt etter litt bli meir kjent. Gå heim, kanskje sove middag (ref at eg står tidleg opp) og så har det skjedd noko nesten kvar kveld i det siste. Prøve å komme i seng i rett tid (kva er eigentleg rett tid? Det må naturlegvis vere slik at ein får nok søvn, samtidig er rett tid av og til altfor seint, fordi det skjer noko artig!)

Slik går dagane.

Men eg har hatt fødselsdag denne veka! Og ingen fødselsdag utan tiara!



mandag 26. august 2019

Å få mest mogeleg ut av ei helg!

Eg syns på mange måtar at eg har "maxa" denne helga, eg har verkeleg brukt den godt, fått med meg mykje og samtidig slappa av!

Fredag var eg i 59 år og 364dagars -dag (eller 60årsfeiring ein dag for tidleg). Kjempefin fest! Strålande jubilant, bra gjester og god mat. Eg skulle gå tidleg heim, men endte vel med å vere sistemann ut døra.

Jubilanten dansar flamenco, her illustrert
av ei dukke!

Laurdag pakka vi bilen men dyner, kaker og turklær (og junior) og sette kursen mot Romsdalen. Eg likar godt å feire fødselsdag, og av og til må ein oppsøke gjestene  og lage selskap andre stader enn heime. Aldri for gamal til å feire! Blåbærkake og havrekjeks er godt, og svigerinna mi hadde med nyplukka plommer. Alle vart mette, og det var kake igjen!

Blåbærkake

På søndag rakk vi ein liten fjelltur, i bratt terreng, eller det junior kallar effektive høgdemeter. Det betyr brattare enn komfortsona mi. Men fabelaktig utsikt!
Litt meir familietreff, og så heim med bilen full av skitne turklær og nyplukka plommer.
Junior har fotografert mor som
fotograferer seg sjøl!
#metafoto (heiter det visst)

Heilt grei utsikt!

Vi starta nede ved husa.

Men det var litt vanskeleg å reise, for været var bra, det var varmt og det var mykje fint å sjå på! Smake på og plukke.


"Epler og pærer plommer, de vokser på trærne
når de blir modne, så faller de
NED!"

Men vi får tru vi rekk å plukke mesteparten før det!




Tross mykje program, ei bra helg! Det er godt for hodet å ikkje ha tid til å tenke på jobb, for eg tenkjer mykje på den resten av veka. Det går betre, men det er mykje nytt enno.




Så med ei slik bra helg bak seg, får det heller vere at eg starta måndagen med å miste ei halv tann og må til tannlegen på fødeselsdagen min...

fredag 23. august 2019

Å kunne krysse av på oppgåvelista

Eg veit ikkje om du har ei slik liste der du skriv ned ting du skal huske, men det har eg.

Den er litt sånn

  • ring tannlegen
  • ta med metallsøppel
  • vask i hylla på kjøkkenet
Akkurat no står det også litt om kva eg må huske før helga og før eg får besøk ein kveld neste veke, altså
  • bake kjeks
  • sende invitasjon
  • kjøpe inn til besøk
  • +++

Så idag, på sjølvaste fridagen, har eg prøvd å gjere unna litt, i tillegg til det som sto i kalenderen.

Eg starta dagen hos tannlegen, for eg hadde huska å ringe og endre tidspunkt for timen. Det vart litt stress, for eg er ikkje vant med å kjøre bil til sentrum på morgonen, og sjølv om eg hadde lagt inn det eg trudde var god tid, så måtte eg ringe og seie eg vart 5 minutt for sein. For i Trondheim har dei akkurat lagt om bussruter og bussystem og kjøremønster, og der var det ikkje berre eg som hadde problem! Itillegg er Toppidrettsveka i Trondheim i morgon, og nesten alle parkeringsplassar i sentrum var sperra... Men eg rakk det og det var "Null hull"! 

Etterpå var eg hos fysioterapeuten for vedlikehaldsbehandling. Vi diskuterte, igjen, om vi skulle prøve den øvelsen som måtte kuttast i fjor, men heldigvis tok fysioterapeuten til fornuft og sa at den truleg ikkje er noko for min rygg. Puh, for den er så vond, både der og då og etterpå. Det er ikkje alltid "vondt skal vondt fordrive" er sant!

Vel heime, gjekk eg laus på dei konkrete rydde- og vaskepunkta på lista mi. Det går så sakte! For når eg startar med å tørke støv, samlar det seg opp med ting som ikkje står der dei skulle stått. Så då må dei sorterast og settast på plass, eller eg må finne ein plass. Og medan eg driv med det, så er eg kanskje innom kjellaren og finn klær som skal vaskast, noko anna som skal kastast og noko som står på feil plass der også. Og når eg kjem tilbake på stova der eg heldt på, er det framleis rotete og støvkluten ligg midt oppi alt. Så då må eg fortsette, og plutseleg eg finn ein ny ting som ikkje står der den skal osv. Kanskje står det ein blomstervase med visna blomster, den må vaskast og så skal eg skifte duk og vips er eg på vaskerommet og der er det ting som skal gjerast. Men til slutt vart det ganske greit! 

Akkurat no støvfri vinduskarm!

Iallfall vart det greit nok til at eg gjekk frå alt og fekk ein fin tur i skogen! Varmt, sol og shortsvær, og nesten ikkje folk! 

Lista har vorte kortare, før eg noterer ned meir, og eg kan klappe meg sjølv fornøgd på skuldra!

No står det berre att å finne antrekk til i kveld, då skal eg i 60årsdag! 


mandag 19. august 2019

Blåbær, bringebær, jordbær, multer, rips...

Dei som har lese bloggen over tid, veit at eg har eit velutvikla hamstergen! Sjå feks her Urkvinnen og her. Eg likar å samle. På hausten gjeld det særleg bær! (elllers i året handlar det om sko, kjoler og teserviser...)

Eg hadde oppteljing i går, og fann ut at no har eg jordbærsyltetøy (eg har sjølv plukka bæra i butikk) bringebærsyltetøy (eg har kjøpt bær direkte frå bonden) multesyltetøy (eg har plukka sjølv! Både i Estenstadmarka og i Trollheimen) blåbær (plukka sjøl i marka) og ripssyltetøy og ripsgele (plukka sjølv hos ei venninne med meir bær enn ho trong)
Vi har ete jordbær med fløte, rips med vaniljesaus og blåbær med vaniljesaus. Eg er eit dessertmenneske!

Mindfullness i skogen!


Vi bør kunne møte vinteren ganske trygge på å ha nok syltetøy og antioksidanter tilgjengeleg.


Men det er noko med bær, som er meir enn at det er fint å finne igjen. Det er godt å plukke! Eg kosar meg når eg får gå i skogen å plukke (bringebær og jordbær høyrer med, sjølv om eg kjøper) Å gå i skogen, rusle, plukke litt her og der, fylle bøttene, kjenne lukta av lyngen. Kanskje bli litt våt når ein går over myrene. Gleda over å finne ein ny stad med bær. I år fann eg ei multemyr den ingen andre hadde vore før, og då eg kom tilbake etter ei veke, hadde ingen vore der etter meg. Eg ser mange multegleder i åra framover på den myra! (Grunnen til at eg fann den, var at eg skulle prøve om det var ein snarveg mellom to stiar. Det kan vi vel slå fast at det ikkje var, sjølv om eg fann fram! Og tilbake igjen.)




Og medan enkelte likar å plukke bær,,
samlar andre på gode fotomotiv!

Matbua full av gleder!

I tillegg veit eg no at september og ny elgjakt nærmar seg, så det står elgkjøt på menyen annakvar dag. For vi må lage plass i frysaren til evt elg spm blir jakta i år!

Og om litt er det klart for tyttebær! Eg gler meg!

tirsdag 13. august 2019

Bioingeniør

No har eg hatt ei veke i ny jobb. Det går stort sett bra, men det er langt igjen før eg kan seie at eg kan jobben!

Eg har helsa på mykje folk, eg har gått meg bort i gangane. Eg har lurt på om den eg helsa på no, var den eg også helsa på for 2 timar sidan? Eg finn stort sett fram til kontroplassen min.
Det har vore is på takterrassen, men mest matpakkelunsj i fellesarealet. Eg prøvar finne ut av koden med kven som sitt kvar, og når.
Laboratoriesenteret

Mi nye farge er kvit!

Det er veldig mange trapper, og ikkje alltid like greit
å huske kva som er kvar.

No har eg snart klart for meg kva som skal kastast kvar.
Trur eg...
Eg har lese om spa, pvl og mecA og lurt på kva eg har gitt meg ut på. Eg googlar helgenomsekvensering og spa-typing (som enten du trur meg eller ei, har lite med spa og velvære å gjere) Eg les om MRSA, og påvisning og utbrot og smittekilder.

Eg har fått tilgang til ein del dataprogram, men manglar andre program. Eg har fått garderobeskap, og har funne ut av klesstørrelsar og korleis hente reine klær og kvar eg skal levere dei skitne. Eg huskar nesten alltid adgangskortet før eg går ut gjennom dører som er låst.

Eg står opp tidlegare enn før, for dagen startar før. Eg går til og frå jobb, og satsar på at det skal eg fortsette med heile vinteren. Det er bra trim, særleg dei 25 minutta med motbakke heim... Men eg saknar bilen bittelitt   ganske mykje når det pøsregnar som idag. Det er godt å gå, så eg klagar ikkje. (og i verste fall får eg ta bussen)

Forrige veke var eg heilt utslitt på ettermiddagane, for det krever si kvinne å henge med, ta til seg ny kunnskap og bli kjent med nye folk dagen lang! Så no håpar eg at denne veka blir litt lettare, eg har vore gjennom mange ting ein gong, og kan nikke gjenkjennande til somt.

mandag 12. august 2019

Blåhø

På torsdag fekk eg melding frå ei venninne som bor i Oslo at ho kom til Trondheim på søndag. Eg lurte på om ho ville komme på søndagsmiddag, sidan eg var åleine heime. Ho kom med eit motforslag; kunne ikkje eg ta toget til Oppdal laurdag ettermiddag, så kunne ho plukke meg opp og så kunne vi ete middag på Gjevilvasshytta, overnatte der og ta ein liten fjelltur på søndag?
Det kunne eg jo. Og det vart ei veldig bra helg!



På laurdag åt vi ein god, stor middag, snakka med andre på hytta, oppdaterte oss på kvarandre sin kvardag og kom aldri så langt at vi fekk planlagt kvar vi skulle gå på søndag.
Søndag vakna vi til delvis skya himmel og sol. Vi åt god, lang frukost. Det var så mykje godt å velge i! Ikkje minst heimebakt havrekjeks og geitost...snakk om god frukostdessert. Kunne jo ete fleire av den, sidan vi skulle ut på tur.

Om det vart ein liten tur, kan vel diskuterast. Vi valgte oss Blåhø, dit var det 12 km. Toppen er 1671 moh og det vart ganske mange høgdemeter opp dit. Men været var bra, turfølget topp og formen passa til forhalda. Vi prata oss opp lia, fann ei moltemyr vi gjorde vårt beste for å tømme. Vi gjekk innover fine stiar og traff andre turfolk. Det var drikkepause og nistepause og pause for å lette på antrekket.






Opp her gjekk stien!

Det var ein skikkeleg bratt bakke, og eg var litt usikker på om eg gleda med til å gå den ned igjen... Men det gjekk veldig bra! Toppen var luftig, men eg satt langt innpå og kikka ikkje ned den stupbratte fjellveggen. Vi skulle eigentleg berre opp og snu, men sidan været og utsikta var så bra vart vi sittande lenge, prate, ete nista vår og ta bilder.

Utsikt frå toppen
Fornøgd tindebestiger
Eg hadde ein fantasisk fin tur.  Eg kjenner at det var akkurat det rette, etter første veke på jobb, å få gå. Berre finne kvar foten skulle settast og gå og kjenne at eg vart sliten, men glad (at eg idag går litt stivt er berre på grunn av blemmer under fotsolane, men det går snart over!) No lurer eg på kvar eg skal gå neste gong, og når eg har tid neste gong.

Regnet kom akkurat i det vi skulle skifte sko og klær ved bilen. Godt beregna! Etter det har det stort sett regna...

Takk til Stine for impulsivt turforslag! Og idag har eg ete multer med fløte til dessert.

tirsdag 6. august 2019

A room with a view

Eg tok bilder ut av vindu i sommar. Eg såg på utsikta, og ramma den inn med glaskarmen. Mange rom har ei utsikt!

Waldemarsudde, Stockholm

Kafe, Stockholm


Båtvindu med salt

Kjøkkenvinduet til svigermor

Ut glaset på hytta

Kjem det regn?

Solnedgang
Ut eit fergevindu

Grilling i regnvær

Bjørnsund
Utsikta blir litt anna med ramme rundt. Det blir eit lite bilde i bildet, syns eg. 

mandag 5. august 2019

Årets båtmote

Årets båtmote veit eg ingenting om! Men eg veit at eg har vore på båttur og brukt klær. Klær eg hadde frå før, sett saman slik at det passa til vær og føre.



På tur sørover var det mykje ull. Mange lag ull. Og vindtett utanpå. Og lue, både inne og ute. påkledninga bar preg av inspirasjon av Teletubbies, om du huskar dei. Det eg sakna mest var tjukkare vottar...

På tur nordover hadde været snudd, og det vart bikinivær. Sjølv langt ut mot kysten. Og etterkvart vart det behov for lette skjorter utanpå for å verne skuldrene mot sola. (Eigentleg brukte eg hatt også, men den har eg vist tatt av i anledning fotografering)




søndag 4. august 2019

God tid

Å ha god tid er noko av det gode med ferie!

Etter å ha kryssa Hustadvika, i stille vær, kom vi til Kristiansund.

Der tok vi oss god tid, snakka litt med båtnaboar, den eine båten hadde ikkje ligge til kai på 8 månader. Ok, der fall eg langt ned på lista over garva sjøfolk, det tel liksom ikkje å ha kryssa Hustadvika i slike samtaler. Vi såg oss rundt i byen, mannen besøkte ein kjenning. Vi åt klippfiskburger til middag.





Eg fann ein skobutikk....


Det er muleg det er diagnoser for slikt??

Vi hadde iallfall ein fin feriedag i Kristiansund, og neste dag la vi i veg vidare heimover.