mandag 12. august 2019

Blåhø

På torsdag fekk eg melding frå ei venninne som bor i Oslo at ho kom til Trondheim på søndag. Eg lurte på om ho ville komme på søndagsmiddag, sidan eg var åleine heime. Ho kom med eit motforslag; kunne ikkje eg ta toget til Oppdal laurdag ettermiddag, så kunne ho plukke meg opp og så kunne vi ete middag på Gjevilvasshytta, overnatte der og ta ein liten fjelltur på søndag?
Det kunne eg jo. Og det vart ei veldig bra helg!



På laurdag åt vi ein god, stor middag, snakka med andre på hytta, oppdaterte oss på kvarandre sin kvardag og kom aldri så langt at vi fekk planlagt kvar vi skulle gå på søndag.
Søndag vakna vi til delvis skya himmel og sol. Vi åt god, lang frukost. Det var så mykje godt å velge i! Ikkje minst heimebakt havrekjeks og geitost...snakk om god frukostdessert. Kunne jo ete fleire av den, sidan vi skulle ut på tur.

Om det vart ein liten tur, kan vel diskuterast. Vi valgte oss Blåhø, dit var det 12 km. Toppen er 1671 moh og det vart ganske mange høgdemeter opp dit. Men været var bra, turfølget topp og formen passa til forhalda. Vi prata oss opp lia, fann ei moltemyr vi gjorde vårt beste for å tømme. Vi gjekk innover fine stiar og traff andre turfolk. Det var drikkepause og nistepause og pause for å lette på antrekket.






Opp her gjekk stien!

Det var ein skikkeleg bratt bakke, og eg var litt usikker på om eg gleda med til å gå den ned igjen... Men det gjekk veldig bra! Toppen var luftig, men eg satt langt innpå og kikka ikkje ned den stupbratte fjellveggen. Vi skulle eigentleg berre opp og snu, men sidan været og utsikta var så bra vart vi sittande lenge, prate, ete nista vår og ta bilder.

Utsikt frå toppen
Fornøgd tindebestiger
Eg hadde ein fantasisk fin tur.  Eg kjenner at det var akkurat det rette, etter første veke på jobb, å få gå. Berre finne kvar foten skulle settast og gå og kjenne at eg vart sliten, men glad (at eg idag går litt stivt er berre på grunn av blemmer under fotsolane, men det går snart over!) No lurer eg på kvar eg skal gå neste gong, og når eg har tid neste gong.

Regnet kom akkurat i det vi skulle skifte sko og klær ved bilen. Godt beregna! Etter det har det stort sett regna...

Takk til Stine for impulsivt turforslag! Og idag har eg ete multer med fløte til dessert.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar