Dei som har lese bloggen over tid, veit at eg har eit velutvikla hamstergen! Sjå feks her
Urkvinnen og
her. Eg likar å samle. På hausten gjeld det særleg bær! (elllers i året handlar det om sko, kjoler og teserviser...)
Eg hadde oppteljing i går, og fann ut at no har eg jordbærsyltetøy (eg har sjølv plukka bæra i butikk) bringebærsyltetøy (eg har kjøpt bær direkte frå bonden) multesyltetøy (eg har plukka sjølv! Både i Estenstadmarka og i Trollheimen) blåbær (plukka sjøl i marka) og ripssyltetøy og ripsgele (plukka sjølv hos ei venninne med meir bær enn ho trong)
Vi har ete jordbær med fløte, rips med vaniljesaus og blåbær med vaniljesaus. Eg er eit dessertmenneske!
|
Mindfullness i skogen! |
Vi bør kunne møte vinteren ganske trygge på å ha nok syltetøy og antioksidanter tilgjengeleg.
Men det er noko med bær, som er meir enn at det er fint å finne igjen. Det er godt å plukke! Eg kosar meg når eg får gå i skogen å plukke (bringebær og jordbær høyrer med, sjølv om eg kjøper) Å gå i skogen, rusle, plukke litt her og der, fylle bøttene, kjenne lukta av lyngen. Kanskje bli litt våt når ein går over myrene. Gleda over å finne ein ny stad med bær. I år fann eg ei multemyr den ingen andre hadde vore før, og då eg kom tilbake etter ei veke, hadde ingen vore der etter meg. Eg ser mange multegleder i åra framover på den myra! (Grunnen til at eg fann den, var at eg skulle prøve om det var ein snarveg mellom to stiar. Det kan vi vel slå fast at det ikkje var, sjølv om eg fann fram! Og tilbake igjen.)
|
Og medan enkelte likar å plukke bær,,
samlar andre på gode fotomotiv! |
|
Matbua full av gleder! |
I tillegg veit eg no at september og ny elgjakt nærmar seg, så det står elgkjøt på menyen annakvar dag. For vi må lage plass i frysaren til evt elg spm blir jakta i år!
Og om litt er det klart for tyttebær! Eg gler meg!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar