Viser innlegg med etiketten hørsel. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten hørsel. Vis alle innlegg

søndag 10. desember 2017

2.søndag i advent

Igår kveld var det julebord med jobben til mannen. God mat og triveleg stemning. Men kva er det med slike lag? Her kjem eit hjartesukk frå ei med dårleg hørsel. Først stappar du masse folk, som har lyst til å snakke saman inn i eit lokale med god klang(det gjeld dei fleste slike festlokaler) så sett du på bakgrunnsmusikk, akkurat litt for lavt til at du eigentleg får med deg musikken, men akkurat nok til at det saman med stemmesurret blir uråd å høyre noko av samtalen rundt bordet. Iallfall for meg, sjøl om eg stilte med både høreapparat og Rogerpenn, og det gode øret mot folk.  Og eg trur, utfrå alle som sa meir eller mindre "hæ" at det er fleire som har problem med å høre i slike rom og samanhengar.

Eg gjekk før det vart full fart og levande musikk, så eg fekk ein times tid heime med stillheit før eg for tilbake for å hente mannen. Lell har eg sove dårleg i natt, for så mykje lyd fortsett i hodet, lenge... Jaja, det var dagens hjartesukk! Eg er mest glad i små og oversiktlege selskap, utan bakgrunnsstøy!


Sola skein på stjerna, som laga skyggebilde på stoveveggen.

Dagen idag starta med sein og lang frukost, nypressa appelsinjuice, adventste og julebrød. Tenning av to adventslys og julemusikk. Så kjente eg at eg var klar for sofaen. Kanskje sove litt til? Kanskje løse litt kryssord, steike pepperkakene eg sette deig til igår? Finns det noko betre enn sofa og laurdagsavisene ein søndag formiddag?
Mannen hadde andre planer, "sjå ut" Det er sol og snø og Så fint! Vi må ut på tur" Eg mumla noko om ."..trøtt...forkjøla...kryssord...stiv nakke", men det tolka han som "Hurra! Tur! Ski! Gjerne!" Eg mumla litt tydelegare "Sofa litt til, tur snart, sakte tur, sakte" og det høyrte han nesten. Etter at eg sa det litt høgare. Kvar gong eg bladde om kvitra han "vi må ut i sola".
Men altså, ut i kuldegrader og snø, når sofaen er mjuk og det brinn i omnen? Eg som er glad i tur var lell ikkje overbevist.  Ull over og under, ein ullgenser til, tørre klær til å ha på etter turen, ski og sko og ut i bilen. Det viste seg at det var ikkje berre vi som skulle på tur idag! Heldigvis er marka stor og skispora mange, så vi gjekk ikkje i kø, iallfall berre litt. Og når eg først var ute, var det ikkje så ille lell. Det vart tur, sol, ski. Og fine bilder! (for ei som er på snap, insta og face er jo det heilt sentralt!) Formen kom seg også, med sol og tur og lys.
Og eg tenkjer som eg ofte gjer, at eg er glad i årstider! Noko finare enn ein klar vinterdag er vanskeleg å tenkje seg, det måtte vere ein vårdag med sol og lysegrønne blad på trea, ein sommardag med solgangsbris eller ein haustdag med høg himmer og fine farger. Årstider altså!




Så ok, eg har takka for at han ikkje ga seg, men drog meg ut av sofaen og ut i marka. Kanskje er eg ikkje like motvillig neste gong.


Dagens vers, sidan det er 2.søndag i advent:

No tenner vi det andre lys
dei står der stilt og skin
Vi ventar på at Gud vår far
skal sende sonen sin 

onsdag 20. september 2017

Fridag igjen

Idag har eg hatt fri. Nokre vil sikkert seie "fri igjen?" Fridagane mine er ikkje fri, eigentleg, det er dagar for helsa mi. På fridagane gjer eg minst mogeleg husarbeid, istaden prioriterer eg ting som gjer godt.

For ryggen er det tur i skogen og anna trening som gjer godt. Å bevege seg i terrenget er god trening. For hørselen er det å ha det stille veldig viktig. Eg brukar mykje krefter på å lytte og høre, både på jobb og heime. Tur i skogen hjelp, der er det skogens ro, tinnitusen får konkuranse av sus i tretoppane og vatnet i bekken, det er ikkje noko eg treng høyre (bortsett frå syklistar i full fart, men dei er det få av på dagtid) Eg har aldri musikk på øret når eg går tur!

Når eg lever slik, klarer eg jobben min betre når eg er på jobb, og kanskje eg er trivelegare å leve saman med også?
Det hender naturlegvis at eg sett på ei vaskemaskin, eller tømmer oppvaskmaskina, eg prøvar å ha tannelgetime eller fysioterapi på fridagane mine. Eg har ikkje fri for å gjere husarbeid, men for å stelle best mogeleg med helsa!
Tyttebær

Haustfarger!

Lunsj i solveggen

Idag har eg hatt fri, som sagt. Eg hadde sakte frukost, og fyra opp i omnen for første gong iår, for plutseleg var det haust ute! Så tok eg på turklær og stakk i marka. Eg gjekk, fekk opp varmen, snakka med andre som var ute på tur. Eg plukka tyttebær, det er så mykje i marka! Plukking av bær gjer eg etter metoden "ta med berre ein liten pose/boks", for når den er full, må eg slutte å plukke , og ryggen er framleis i godlune! Etterpå gjekk eg på ei hytte i marka og kjøpte lunsj. Ein skikkeleg luksusdag!

Og igår oppdaga eg at eg har sko som matchar hausten!
Eg tøyser ikkje med sko og haust!

søndag 6. november 2016

Vekestart veke 45

Eg har fleire innlegg i hodet, tankar om kva eg skal skrive og slikt. Eg tenkjer særleg godt når eg går på tur, men eg har ikkje med skrivesaker og nokre av dei særdeles gode formuleringane blir vekk før eg kjem heim. Så du må nok ta til takke med eit dikt, litt strøtankar og ein del bilder frå dagens tur i fantastisk fint, og kaldt, tidleg-vinter-vær.

I morgon skal eg for andre gong denne veke her vere profesjonell pasient. Audiografutdanninga trong nokon frivillege med hørselstap, som kunne bli intervjua for at studentane skulle lære seg å snakke med pasientar. Sidan eg jobbar i samme huset, kostar det meg lite å bruke eit par timar på dette, og det gir også litt minner tilbake til eiga bioingeniørstudietid, og nervar i møte med ekte pasientar!

Vi har pakka båten inn i vinterfrakken, det var friskt og kaldt ved sjøen igår! Men utruleg kva ull, ull, ull, boblebukse og dunjakke gjer. Og det å kome heim til vedomnen!

Påkledning av båt

Godt kledd og skodd!


Snøen kom denne veka, det har vorte så lyst og fint! Altfor lite snø til ski, og ikkje veit eg om eg klarer gå på ski i år heller, men piggsko og gåstavar er supert følge. (og det er mange med piggsko og stavar som ser rett så spreke ut, og eg vel å indetifisere meg meir med dei, enn dei som går stivt og sakte med stavar...viktig med dei rette forbilda) Når været er som no, kan eg leve fint med snøen, det er verre når det blir slaps... Bilda er frå dagens søndagstur i Estenstadmarka.

.
Eg veit ikkje kvar haren hoppar, men eg veit kvar han hoppa forbi

Snødekt myr i novembersol

Mønster på isen



Men til deg som syns det er litt trist at det enno berre blir mørkare og mørkare, har eg eit dikt denne veka!

På jorden et sted

Tro ikke frosten som senker en fred
av sne i ditt hår.
Alltid er det på jorden et sted
tidlig vår.

Tro ikke på mørket når lyset går ned
i skumringens fang.
Alltid er det på jorden et sted
soloppgang.
     André Bjerke
Soloppgang i november

Håpar veke di blir lys og god!

tirsdag 18. oktober 2016

Livet med BAHA

Eg satt og kikka litt på gamle innlegg ein dag, og oppdaga at det har gått eit år sidan eg fekk operert inn skrue for BAHA, og snart eit år sidan eg byrja bruke apparatet.
Korleis har det eigentleg gått, når eg ser tilbake? Brukar eg BAHA? Har eg glede av det? Når brukar eg det mest? Har eg fått ekstrautstyr?

Veska med det rare i, alt utstyret samla ein stad er
lurt. Lettare å få det med seg då!

Ytre sett er det lite å sjå, håret dekker både skruen og BAHA. Det har fordeler og ulemper, for då er det heller ingen som ser at eg brukar høreapparat. Frisøren har lært seg at ho skal klippe forsiktig, og skvett ikkje lenger når ho kjem borti skruen.
Eg har vore lite plaga med såret etter at det hadde grodd saman. Eg kom fort inn i rutinen med å rense rundt skruen kvar kveld, og berre ein gong i vår vart det litt irritert og betent. Då er det ein fordel å jobbe med bakteriologi, eg tok prøver og fann ut kva bakterie som vaks og kva antibiotika som skulle til.

Inni håret her skjuler det seg eit døvt øre og
ein BAHA
Eg er litt til og frå med å bruke BAHA. Då eg akkurat hadde kome inn i ein god vane, vart det nokre veker heime med dårleg rygg, og eg syns det er unødvendig -og slitsomt- å bruke det når eg er åleine heime. Etterpå tok det litt tid å kome inn i vanen med å bruke det igjen. Så no øvar eg på å bruke det kvar dag, igjen. Eg kjenner at når eg er vant med å bruke det, manglar det noko når eg ikkje har det på. Når eg kjem på jobb, tek eg på BAHA og finn fram databrillene, først då er eg klar for arbeid. Eg syns også det hjelper mot tinnitusen, dei dagane eg ikkje har brukt BAHA på jobb, blir tinnitus verre utpå ettermiddagen. Eg blir meir sliten og får vondt i hodet, kanskje fordi eg har anstrengt meg meir?

BAHA
Eg har fått Roger pen (mellom vener kun Roger) og streamer.  Roger er ein slags mikrofon, som sender lyden rett inn i BAHA (eller andre høreapparat) Det er fasinerande når det er mykje støy rundt meg, og eg held over den "gode" øra og hører betre enn før! Den er særleg til hjelp i bilen, då henger eg den på mannen og får stemma hans "rett inn" og eg blir ikkje så forstyrra av bilstøyen. Eg har også brukt den litt i lunsj på jobb, då kan eg enten legge den på bordet eller gi den til den eg skal snakke mest med. Ellers er eg heilt avhengig av å ha personen eg skal snakke med på rett side, eller bare vere der og ikkje få med meg så mykje...
Roger kan også koblast på telefon, radio og tv, men det har eg ikkje hatt så mykje behov for, iallfall ikkje enno.


Oppsummering så lang: Eg brukar BAHA meir og meir, og Roger til og frå.

Men alt i alt lever eg betre med hørselstapet no enn for 2 år sidan. Då var alt nytt, eg måtte venne meg til ein ny måte å lytte på. Skuldrene var høgt oppe og eg sleit med å forstå lydbildet. No veit eg at eg ikkje kan stole på kvar eg trur lydar kjem frå, og ser meg godt for ute i trafikken og snur meg heilt rundt når nokon snakkar til meg bak meg, for å finne ut kvar dei er. Eg plasserer meg strategisk når eg skal snakke med folk og innimellom vel eg å koble ut, dersom det berre er småprat og det er for mykje som forstyrrer. Eg treng ikkje få med meg alt, og av og til må eg kvile.

I helga var eg i ein ukjent situasjon, med masse, jamn støy ein heil dag. Vi sette båten på land, det var ei stor mobilkran som dura og gjekk heile dagen. Båtane kom på land, og folk brukte høgtrykkspylar for å vaske. Det var lydar på alle kantar. Eg høyrte ikkje når mannen snakka til meg, dersom han ikkje aktivt tok kontakt først. Eg hadde problem med småprat med folk eg ikkje kjenner, eg prøvde diskret å bytte plass slik at eg fekk dei på "godsida", for eg orka ikkje byrje å forklare hørselproblema mine. Eg fann også ut at eg ikkje kunne hjelpe til med å få båtane på land og på plass i krybbene, for eg ville vere farleg for både meg sjølv og andre når eg ikkje klarte å høyre beskjedane. Eg fann meg andre oppgåver. Men det var slitsomt, og eg likte ikkje å oppleve så tydeleg at hørselsproblema la hindringar. Eg er nok heldig i kvardagen som ikkje har så store problem då. Dagen etter var eg heilt utslitt!

Her var det mylje lyd!
Eg har vore på kurs "Behold jobben" på Briskeby kompetansesenter, det var veldig bra, nyttig og lærerikt. Når eg sitt her og skriv, kjem eg på at eg har ein ganske ferdig presentasjon om hørselen min som eg skal halde for kollegaene mine, det bør eg gjere snart... For eg har eit ansvar for å informere om hørselen min, og utfordringane eg har. Sjølv med gode hjelpemiddel, og til tross for at eg høyrer godt når vi sitt to stykker og pratar, får eg problem når det blir bakgrunnsstøy, som andre som pratar saman eller i telefonen eller annan støy. Skuldrene går opp og eg brukar meir krefter. Der har eg eit stykke å gå, for eg er ikkje flink til å seie frå om at eg ikkje høyrer, evt at andre må vere stille eller gå ein annan stad å prate, for eg likar ikkje å vere til bry. Kanskje er det grunnen til at andre kanskje ikkje alltid tek hørselsproblema mine på alvor...

Og jamfør forrige innlegg, om å gå ut av komfortsona. Eg datt fort ut av komfortsona mi, utan å ha noko val, då hørselen på eine øret vart vekk over natta! Eg måtte berre, trass motvilje, leve med og godta endringane. Eg kom ikkje langt med endringsuvilje... Eg vart stiv i skuldrene og lei meg, utan å kunne endre nokon ting! Eg måtte leve idet. Og der er eg litt enno. Eg tenkjer på kor behageleg det hadde vore å høyre på begge ørene, og at det ville vore endå større endring om hørselen hadde vorte vekk på begge ører.
Og om å kjøpe båt: seglbåt er eit godt val! Stillare enn vind i segla kan det nesten ikkje bli, og då klarer eg høyre beskjedane som blir gitt, og delta i samtalen!

Vind i 

lørdag 16. april 2016

Laurdag

Endeleg laurdag!
Eg har vore i Lier på kurs om hørsel, utrulig bra og veldig slitsomt. 3 dagar fullpakket med interessant program, utfordringar og felleskap.  Eg fekk heldigvis til eit triveleg kafébesøk med ei god venninne ein kveld, men elles har eg brukt 'fritida' til å sitte I ein stol på hotellrommet(og å kjøpe kjole)
Då eg kom heim igår, bar det rett i  selskap.  Fine damer og god stemning!  (Og jammen fekk eg brukt litt nylært kunnskap frå kurset)

Då passar det bra med ein roleg dag idag. Mannen og sonen har tatt kvar sin bil til kvart sitt, og eg har pakka ut(som er det kjedelegaste eg veit), vaska badet og starta vaskemaskina. No har eg laga omelett med spinat og skinke, kokt ei kanne med resten av påsketeen og løser kryssord. HERLEG!

Og til veka blir det ryggoperasjon. Det er litt grugleding ...

torsdag 11. februar 2016

Opplæring

Eg er på kurs.
Rett før eg skal reise på kurs, byrjar eg angre. Det skjer nesten kvar gong. Kanskje det ikkje blir så bra. Tenk om eg ikkje finn nokon å snakke med? Har eg bestilt flybillett til rett dag, og har eg beregna god nok tid?

No er eg her. Det viser seg at eg gjorde lurt i å ta bekymringene på førehand, for det ville ikkje borte noko av ellers. Ferdig med dag 2 av 3 på denne kurssamlinga, som er den 2. av totalt 3 samlingar.  Sidan vi har møttest før, er det kjente folk som er lett å snakke med.

Kva eg er på om? Kurset heter 'Behold jobben', om å vere hørselshemma og i jobb. Vi er altså ein gjeng som ikkje kjenner kvarandre frå før, men vi har mykje til felles. Det er utveksling av erfaringar.  Vi har kjent den same skoen trykke og er i samme båt. Det er mykje prat, latter og alvor.
I tillegg får vi mange gode foredrag! For eksempel om kva hørsel er og kva hørselsskade kan vere. Hjelpemiddel til bruk på jobb, kroppslige reaksjoner,  avspenningsøvingar og regelverk.
Om kvelden er det felles middag. Fine dagar!
Utsikt frå hotellrommet

Men du verda kor slitsomt! Det er intenst, og det er godt å gå ein tur, sjå litt i  veggen eller kvile på rommet.  Likevel anbefalar eg kurset varmt til alle som er i jobb og er hørselshemma i ein eller annan grad. Det er godt å lære, og her har eg fått kunnskap eg hadde måtta leite lenge for å finne sjølv, og det viktigste er kontakten med dei andre på kurset. Å møte andre som forstår kva ein snakkar om! Det står meir om kurset her Behold jobben

Men litt rekk eg innimellom. Eg har sett litt av byen. Kjøpt nye sko. Og idag har eg treft Åshild som skriv bloggen Bestemors hage. Utrulig kjekt å treffe mennesket bak bloggen!  Og i helga skal eg ha husmorferie her i Drammen saman med to venninner. Fine greier!

Blåbær på hotellrommet

Det passar alltid å kjøpe nye sko!


tirsdag 24. november 2015

Den første veka med BAHA

No har eg hatt BAHA i ei veke, korleis har det vore?
Her kjem ein liten statusrapport:

Hørselen er ikkje tilbake. Det hadde eg ikkje venta heller, men det verkar som om ein del rundt meg trudde det var det som skulle skje.
Eg var kjempespent på korleis det ville bli å få BAHA på. Eg syns det var fasinerande då lyden vart skrudd på og eg høyrte lydane frå datamaskina. Lydar som ikkje var i rommet, som gjekk inn i apparatet og via beinet til den høyrande øra! Det virka altså!

Eg "knotar" framleis litt meg å sette på apparatet, det er ikkje så lett å finne fram bak øret og under håret alltid. Men det brukar gå greit, eg har ikkje gitt opp enno. Men litt frustrasjon kan herje om morgonen, særleg når håret kilar seg mellom skruen og apparatet...

 Apparatet på plass! Her med oppsatt hår. Med håret nede er det ingen som ser BAHA.

Eg var litt spent på om apparatet ville kjennest tungt ut når det er på, men det merkar eg lite til. Skruen sitt tydeligvis heilt fast!

Virkar det?!
Eg høyrer særleg godt håret mitt som skrapar mot apparatet... Eg trur vel at eigentleg høyrer eg håret på andre sida og, men det er eg så vant til at eg ikkje legg merke til det. Kanskje blir det slik på den døve sida også etterkvart? Igår trudde eg det var noko galt med bilen, for det var så rar skrapelyd då eg var ute og køyrte, det viste seg å vere kragen på jakka...
Men meir alvor: Ja, eg trur eg merkar bedring. Særleg på dei som sitt på den døve sida av meg. Det var litt rart den første dagen eg klarte høyre det som skjedde til venstre for meg. utan å vri meg, utan å vere så anstrengt og konsentrert at kroppen knyttar seg! Før har eg snudd og vridd meg for å høyre, med dertil stiv nakke, eller eg har gitt opp og ikkje deltatt i samtalen.
Men eg treng mykje meir trening enno! Eg skrur lyden opp og ned alt etter kva som skjer rundt meg. Eg må lære meg å huske å gjere det. Eg øver å å sette det på. Huske å ta det av før eg går i dusjen. Komme inn i rutinen med å ta det på om morgonen. Aktivt høyre etter korleis lyden er, når det virkar og når eg kunne trengt meir støtte.
Det kjem nok fleire innlegg om temaet hørsel!



søndag 1. november 2015

Vekestart veke 45

Hu hei kor det går, no er det allereie november! Men det er ein rar november, +10 gr og regn, ikkje frost og is akkurat. Erteblomstrane blomstrar nesten meir enn dei gjorde i sommar og det går greit med sommardyne på natta(eller, eigentleg ikkje. Det var frost sist veke, så eg har funne fram ullteppe!)
Vi har vore på kino og sett "James Bond" idag. Det er ikkje akkurat tung underhaldning, men det høyrer med å sjå dei filmane. Action kan vere artig, det er mykje som skjer og du får det du ventar deg. Men dette var første gong på kino med hørsel på berre ei øre. og det var slitsomt! Må lyden vere så høg!? Junior på 17, som passar godt på hørselen sin, brukte ørepluggar sidan lyden var så høg, og eg satt med handa over det gode øret for å dempe lyden, elles var det berre skrall! Det må då vere vanskeleg for fleire?

Over til noko heilt anna: eg har tenkt på rause folk i det siste. Du veit dei som får deg til å slappe av, kjenne deg vel, verdifull og viktig. Dei som er tilstades, men ikkje tek fokuset frå andre. Som er så trygge at dei ikkje må dytte unna oss andre. Eg har så lyst å vere slik! Men oppdagar ofte i møte med andre at eg får lyst å snakke mest om meg sjølv, i staden for å lytte. At eg vil framheve meg sjølv, framfor å halde dei andre sine gode sider fram. Tenkje mest på kva eg kan seie for å kome i godt lys sjølv, når nokon andre fortel noko... i det heile, eg ser lett meir innover enn på dei eg møter! Eg veit jo sjølv korleis det er npr nokon tek fokuset, dominerar, gjer oss andre små, får oss til å kjenne oss dumme...
Eg søkte på synonym til raus, og fekk fram storsinn, gavmild, sjenerøs, rundhånda. Eg syns dei orda er veldig konkrete, eg tenkjer også på ein person med stort hjarterom, som ikkje er sjølvhøgtideleg, som omfamnar den dei møter, uansett om dei er einige eller ikkje. Ein som er trygg på seg sjølv, og difor kan gå litt utanom det som er forventa. Det er så godt å kjenne slike folk, treffe dei, vere saman med dei, og forhåpentlegvis la seg smitte!

To kloke

Det er ein
som er så klok
at i lag med han
skjønar eg
kor dum eg er.
Så er det
ein annan
som er så klok
at i lag med han
er eg klok
eg og.

Erling Indreeide
Frukosten idag var iallfall raus på ein måte. Med heimbaka brød, egg, ansjos, ferskpressa
grapefruktjuice og te!

Ha ei strålande veke i november!
Eg trur forresten eg skal halde på novemberforsettet mitt frå dei siste åra; Å nyte november og ikkje ta advent og jul på forskot. Enno verkar jula langt unna, det er for lite preg av haust og vinter. Men i butikkane finn du julemat, julebøker, julepynt og har du kjøpt julekjolen!? Eg vil ha november som november, og skal legge ein plan for kva eg skal bruke han til!  Er du nyskjerring,  finn du fleire innlegg under etiketten november på høgre side av bloggen. 

onsdag 21. oktober 2015

BAHA, operasjon og tida etterpå

For 3 veker sidan fekk eg operert inn skruen til beinforankra høreapparat(BAHA). Kva som har skjedd før, som førte til behov for dette, kan du lese her . Kva BAHA er? Dette sitatet kan kanskje forklare litt:

BAHA kan være et alternativ til de som av forskjellige årsaker ikke kan bruke tradisjonelle høreapparat. Årsaker til at denne løsningen blir tatt i bruk skyldes som oftest øregangs- eller mellomøreproblematikk, men kan også være aktuell for ensidig døve. 

Ved hjelp av vibrasjoner fra en lydprosessor, sendes signalet videre via benet bak øret som igjen vil stimulere cochlea/indre øret. Dette betyr at en er uavhengig av ytre og mellomøret sin funksjon, men at en helst skal ha et velfungerende indreøre/cochlea. For å oppnå best mulig lydoverføring og resultat må en implantere en benleder/titanskrue med et koblingsstykke som apparatet skal sitte på. Fra Oslo universitetssykehus sine nettsider
Eg prøvde først ut BAHA på bøyle, for å sjekke om det kunne vere noko for meg. Så vart det bestemt opersajon, og det tok litt over 6 månader frå det var bestemt til operasjon vart gjennomført. Det er alltid spennande med operasjon, og på førehand er iallfall eg flink til å finne ting å lure på og bekymre meg for! Denne operasjonen er dessutan med lokalbedøvelse, eg skulle altså vere vak! Jada, eg funderte på både det eine og det andre; smerter, lukter, lydar...

Eg hadde heldigvis time på morgonen, så det var berre å møte opp, kledd med ledige klær og nyvaska frå topp til tå. Det blir alltid litt venting ein slik dag, men det var eg førebudd på. Eg trong ikkje møte fastande, og det var fint særleg å kunne drikke litt te og vatn! Hadde eg vore lur, hadde eg spurt om å få litt beroligande før opersajonen, men det kom eg på først etterpå. For akkurat idet eg vart ropt opp, byrja eg angre! "Kva har eg sagt ja til?!"
Eg fekk på sjukehusskjorte, type "one-size, fits nobody", men den hadde dei fleste av knappane iallfall. Eg fekk på hette på håret, og størrelsen der passa ikkje hårmengda mi, men litt tvang og alle krøllane var gjemt. Inne på operasjonssalen vart eg lagt på benken, pakka inn i sterile papir og vaska grundig rundt og bak øret og dei barberte vekk litt hår, men mindre enn eg hadde venta. Eg fekk sett litt av utstyret som skulle brukast og litt forklaring før dei sette igang.
Så kom kirurgen og ein lege som berre skulle vere med for å sjå. Det førte til at eg fekk veldig grundig gjennomgang og innføring av operasjonsprosedyrene...slik går det når ein er vak! Men det var stort sett greit, og eg syns jo det er bra at fleire blir lært opp(og det blir iallfall gjort grundig arbeid når det er opplæring samtidig!). Det som plaga meg mest, var lydane, som når dei borra, skraping i bein og klipping, men vondt var det heldigvis ikkje. Kvar gong eg syns eg kjente noko, som eg sikkert eigentleg ikkje gjorde, sette dei meir bedøvelse.

Slik såg det ut den første dagen

Operasjonen tok ca 1,5 time. Eg var i god form etterpå, satt ca 30 minutt på eit kvilerom før eg reiste heim(junior hadde haustferie og kunne hente meg). Der tok eg litt smertestillande og sov nokre timar, for natta før sov eg litt lite. Då eg vakna skulle eg tatt meir smertestillande, for etterkvart gjekk bedøvelsen ut, og då sprengte det litt i såret og beinet.
Eg vart operert ein onsdag og var tilbake på jobb måndagen. Det gjekk heilt greit, eg har hatt lite smerter etterpå. Litt plager er det etter ein operasjon. Eg fekk ikkje vaske håret på 14 dagar. Eit ilandsproblem, heilt klart, og det hjelp med tørrshampo, men det var fint då eg endeleg kunne vaske! Eg har vore øm rundt såret og i beinet, det sitt litt i enno. Eg søv ikkje godt om eg legg meg på sida med skruen i. Det kjennes litt som eg har ein stor blåflekk der. Eg har ikkje blødd frå såret, men eg gjekk med plaster over ca 2,5 veker for å beskytte såret og skruen(som hadde annan beskyttelse på også)
Slik såg det ut utan plaster

Eg tok stinga etter 12 dagar. Eg var tilbake hos kirurgen, som ville sjekke at såret var grodd, at det ikkje var infeksjon og at skruen satt som den skulle. Både han og sjukepleiaren var strålande fornøgd med kor pent arret mitt hadde blitt! Eg var mest fornøgd med at eg no kunne vaske håret igjen! 14 dagar med tørrshampo er lenge nok...

Slik ser det ut no
Slik ser det eigentleg ut, når håret er på plass
Eg ventar på time til å starte å bruke BAHA og øve meg på å bruke den, men det er vel ca 2 veker igjen til det. Det er viktig at skruen gror godt fast før bruk, og at huda er sterk, så her(St.Olavs hospital) anbefalar dei å vente minst 1 månad før oppstart. Det ser ut til at det går som det skal. No er eg igang med å lære meg renserutinene. Kvar dag skal huda vaskast og skruen skal vaskast/pussast for at det ikkje legg seg smuss der. Det er litt komplisert der bak øret. Ikkje er det enkelt å jobbe med hjelp av speil heller... Eg har fått litt hjelp av mannen så lenge eg måtte ha plaster på, men no klarer eg meg sjølv. Sånn litt forsøksmessig, speglvent og bakvendt. Eg har kjøpt med hårklemmer for å sette opp håret, elles blir det berre rot. Hos meg vises ikkje skruen, men eg har masse krøllar! Er litt spent på om det vil skape problem for forsterkaren? Då må eg evt sette opp håret fast.
Og rensesettet ligg klart til bruk på badet
Den mest spennande delen står igjen, syns eg! Å venne meg til lyd! Eg merkar at skruen, med beskyttelseskappe akkurat no, tek inn lyden av håret mitt. Eg høyrer puta på natta. Det er uvant og forstyrrande! Eg har jo ikkje høyrt noko på over eit år på den sida. Dei første dagane var det nesten ubehageleg! Eg er ikkje lova å få tilbake retningshørselen, men eg håpar å få følelsen av å få med meg meir av det som skjer på venstre side. Det skal også finnest hjelpemiddel som kan koblast til BAHA, og det er eg spent på. Kanskje er det ting som kan hjelpe meg på jobb for eksempel? Reknar med dette vil ta si tid og at det blir slitsomt, så eg prøvar vere tålmodig, noko som ikkje er mi sterkaste side...

torsdag 24. september 2015

Eg høyrer ikkje dårleg, eg er faktisk døv på det eine øret

Ok, katten er ute av sekken! På tide etter eit års tid...
Eg har dei siste åra sagt at eg høyrer dårleg, og det er sant. Men etter den siste endringa i hørselen påvenstre øre i fjor sommar, høyrer eg ikkje dårleg, eg høyrer ikkje på venstre øre.
Døvt øre

Ikkje så godt å sjå at denne øra ikkje virkar.
Eg har vegra meg for å seie det. Nokre vil kanskje seie at eg har fortrengt fakta. Eg har ikkje ville snakke om det, det er vel litt sant iallfall...tanken har vore at det ikkje skal få fokus. Eg ser i etterpåklokskapens lys at det blir dumt, for eg "skryt" på meg noko eg ikkje har. Og når ikkje andre veit, er det ikkje lett å tilrettelegge eller forstå. Både på hørselskontroll og hos ØNH-lege har eg fått høyre det, "den øra du er døv på" eller "den øra du har mista hørselen" men eg har snudd det døve øret(haha) til og lata som dei eigentleg sa noko anna! Alle diagram viser at det ikkje finns hørselrespons der, så ser eg på dei, er det ikkje tvil.

Kvifor eg ikkje vil seie det? Fordi det er så definitivt å seie eg er døv, kanskje. Så lenge eg høyrer dårleg, er det litt håp på ein måte. Iallfall for meg. Å seie eg er døv er så definerande, og det likar eg ikkje. Litt fortrening kanskje, sidan eg faktisk er det. Og no kjenner eg for presisering: eg er døv på eit øre! Eg høyrer godt på den andre! (der er det igjen, eg likar ikkje å fokusere på det)

Bak håret: øre med hørsel
Dei rundt meg merkar det jo, dei heime, kollegaer på jobb, folk eg treffer i sosiale samanhengar. Eg får ikkje med meg alt. Eg dett ut av samtalen. Eg misforstår. Eg melder  meg fort litt ut.
Så eg øver meg. Når eg treff folk eg ikkje har sett på ei stund, eller nye folk som eg må kunne kommunisere med, har eg byrja fortelje det. Sist veke hadde vi kontroll på jobb, eg skulle demonstrere laboratoriearbeid og svare på ein del spørsmål. Det ville vore pinlegare om eg svara 5000 når svaret er 10, enn å fortelje om hørselen først, fann eg ut. Så viste det seg at vedkommande hadde eit nært familiemedlem som er einsidig døv, og hadde stor forståing for problemet. Så mykje for å grue seg! Altså ei positiv erfaring som burde gjere meg meir frimodig framover.

Dei siste vekene har eg sett på "Ut av stillheten" på TV2. Det har vore utruleg interessant og lærerikt. Noko er heilt  nytt for meg. Eg har tross alt noko hørsel. Samtidig har eg kjent meg så igjen i mange ting. Kjensla av å mislukkast, misforstå, dette utanfor når ein ikkje får med seg det som blir sagt. Kjensla av å bli sliten av å prøve å følgje samtalen, sjå på den som snakkar, filtrere vekk bakgrunnsstøy. Det er ikkje kjekt å spørje om igjen for 3.gong etter ein artig kommentar, den er ikkje artig lenger då. Det er lettare å berre smile... Det er enno eit program igjen, eg anbefalar varmt å sjå og lære! (Og kanskje går det i reprise ein eller annan stad? Eg skulle gjerne sett alle episodane om igjen)

Eg vil ikkje at nokon skal synes synd i meg, men eg vil at folk skal vite og kanskje forstå litt kvifor eg spør om igjen, ikkje svarar eller svarar "god dag, mann, økseskaft" når svaret eigentleg var 3 veker!
Eg håpar denne dingsen skal hjelpe!

Og neste veke er det opersajon. Det skal settast inn ein skru inn i beinet bak øret slik at eg endeleg kan byrje å bruke beinforankra høreapparat(BAHA). Operasjonen er første steg, så skal det gro saman, før eg skal få tilpassa BAHA og lære meg å bruke det. Eg er spent, eg gler meg og eg prøvar vere realistisk i håpet. Eg vil ikkje få tilbake hørselen, men virkar det, vil eg få med meg meir av det som skjer på "den døve sida". Så eg er definitivt positiv, og tenkjer at det gjer det lettare både med opresajon, ventetid og trening og læring!

lørdag 8. august 2015

Det beste i livet er gratis!

Det er mykje fint å få kjøpt! Eg er veldig glad i å gå i butikkar, eg er glad i kjolar og sko, eg likar å shoppe. Eg likar finne ting eg likar, og eg likar kjøpe dei. Det veit alle som kjenner meg. Og mange ting ein treng, må ein kjøpe, som mat. Og vi har lagt ned mykje pengar i hus og bil(sukk, gjeldslave. Men det er vi vel ikkje åleine om å vere)

Men det er ting som er gratis. Som kostar litt svette, men som gir mykje igjen i livsglede! Som dagens tur i skogen. Eg fylte vaskemaskina med skitne klær, eg fylte oppvaskmaskina til randen før eg starta begge to. Eg sette ein grov deig til pizzabotn og tok opp elgkjøtdeig frå frysaren. Eg hoppa over hybelkaninane i gangen og trappa, oversåg at badet trong vask og skifta til turklær.

Godt for ryggen. Godt for humøret. Godt for pusten. Åleinetid er gull verdt. Eg fekk regn i håret, gjørme på skoa(og leggane) og blåbærblå farge på fingrane. Øresusen min fekk konkuranse frå skogens mange lydar, og det gir hodet mitt litt fri. Eg fann stiar der nesten ingen andre gjekk. Eg såg eit ekorn som pila i veg. Haren eg møtte ein dag før, viste seg ikkje idag.

Det er ein grunn til at eg blir så skitte. Heldigvis har eg vaskemaskin!
Eg har ete markjordbær, eg fann mange i ei solside. Det såg ikkje ut til at det hadde vore andre der og plukka. Skulle tredd dei på eit strå.

Jordbær
Eg fann blåbær, nokre få, nok til å smake og få blå tenner. Nok til ein smak på brødskiva i morgon tidleg.
Eg har plukka litt multer. Kanskje nesten nok til multekrem på julaften? Men det finns mykje meir å plukke, den treng berre nokre dagar til med sol. Kvar den veks? Hehe, det er min skatt eg voktar over! Men 10 minutt kjøretur og så 37 minutt og gå, så er eg der!

Multe med regndråpe
Eg gjekk nokre rundar i "kantarellskogen", men det er nok litt tidleg for sopp. Eg såg nokre få, men dei fekk stå. Kanskje blir dei større og fleire til neste gong eg går forbi?




I kveld kjenner eg at eg har vore ute, tross litt regn då eg gjekk, kjenner eg at sola har varma både kinn og armar. Kanskje eg får litt brunfarge?
(Og så protesterar ryggen i kveld, for det vart kanskje litt langt og eg var litt ivrig i motbakkane, men eg satsar på at det gir seg til i morgon)
Ein gratis tur, med gevinst i lange baner! 

søndag 10. mai 2015

Å søke ro (vekestart veke 20)

Eg brukar skogen mykje. Eg går og går i skogen, fleire gonger kvar veke, kvifor gjer eg det?
Ein ting er at det er sunt å røre seg. Det er godt å gå motbakkar, få opp pulsen, svette litt. Kjenne at kroppen jobbar. Når ryggen kranglar, slik som den har gjort dei siste vekene, er det lite som slår det å gå i ulent terreng og få bevega stive ledd.
Det er berre å gå på! Motbakke med snø.

Men det viktigaste for meg er "skogens ro". Etter at hørselen har vorte dårleg, og etterkvart nesten borte på venstre øre, og øresusen har vorte meir dominerande, er det å gå i skogen, langt frå trafikkstøy og ting eg "må" høyre, vorte som medisin.
Det er ikkje stille i skogen, men det er naturleg lyd. Det er lyd som gjer at eg ikkje tenkjer så mykje på øresusen, eg høyrer på andre lydar. Sus i trea, fuglesang, bekkar som renn og klukkar, lyden av eigne fottrinn, langt vekke høyrer eg sus frå byen. Det er eit fly som flyg over, det er knirking frå trestamme mot trestamme, det er rett og slett lydar som berre er der, som ligg over øresusen min, slik at den ikkje overdøver tankane mine. Av og til møter eg andre skogsvandrarar, vi helser, og går vidare.

Kvitveisteppe

Langt der nede ligg byen

Det er synsinntrykk, det er tre som blir grønnare dag for dag, blomster som kjem. No er hestehoven snart er avblomstra, men det er tepper med kvitveis. Snart kjem skogstjerne og mange andre blomstrar og tek over. Eg angrar på at eg ikkje har fotografert eit fast tre kvar veke, for eg har vore innom den same stien minst ein gong kvar veke sidan jul, det hadde vore artig å følgje med på utviklinga. Neste år, kanskje? Eg ser fuglane som flyg, og idag såg eg intens flørting mellom to. Eg ser spor etter elg, kanskje ei skogmus, ekorn på ein trestamme. Insekta har byrja kome allereie, snart kjem vel myggen også…

Ein stille sti

Det er eit friminutt frå kvardagen, frå samtalar eg prøvar følgje med i, medan ventilasjonssusen forvirrar meg. Ingen telefonar som krever full konsentrasjon for å få med meg kva som blir sagt. Eg kan senke skuldrene og berre gå.

Vekestarten er eit dikt av pater Arnfinn Haram, som handlar om å vere i naturen, lyden, synet, kvila, og lengselen.

BERRE DETTE

Berre dette kan eg no:

gå ved havet

lange strender fram

lange tilbake

Berre dette høyrer eg no:

stor sus av bylgjer

Berre dette ser eg no:

Vind og himlar

Berre dette ventar eg på:


sjå Gud


God veke til deg! Håpar du og har ein stille stad der du kan senke skuldrene og få kvilepuls!

Skogtroll på tur
Godt med selfie-bilettakingspause etter mange motbakkar


mandag 6. april 2015

Oppsummering / vekestart veke 15

Det kan vere fint å oppsummere etter nokre fridagar, slik for seg sjølv. Kva var bra, kva vart ikkje gjort, kva skal vi jammen gjere igjen til neste år? Eg skal ikkje dele alt det her på bloggen, men gje nokre glimt av påska vår.
Vi var heime i "den stille uke". Vi gjorde litt som det fall oss inn, vi gjorde litt i huset, vi rangla, såg fjernsyn, las bøker og åt godt.

Vi har vore på ferie hos både svigers og mamma og pappa. Vi har treft søsken, tantebarn ++ Det er så artig, det er liv og leven, kos og kaos. Det er frukost som varer lenge, det er tur ut, "boksen går", kaffe og kaker. Det er påskekrim på tv, påskenøtter og fantasifulle løysingar. Vi har feira mamma og pappa sin 59års brylluåsdag, og det er ikkje verst at brudeparet(79 og 85) sjølv stort sett sto for alt til festen, for 24 stykker! (det kangla eit barnebarn, elles var vi fulltallige)

Dette er berre halve matbordet
I Romsdalen er det mange fine fjelltoppar, og det vart toppturar for deler av familien, med nye ski og ny snø. Vi hadde både vinter og vår i påske, fleire gonger av begge deler… Det ga fantastisk skiføre, og eg fekk meg ein flott trimtur, og er godt stiv i bakglattmusklane enno. Eg fekk fine gåturar, i både sol, regn, snø og blåst. Eg treng turane ut åleine, for å lufte hodet og lufte øresusen. Støy og stemmesurr bygger seg opp, og utan litt "hørefri" blir lunta kort. Eg har vandra i fjøra, sett på fjorden, sett på blomstrane og frukttrea som fekk større og større knoppar.

Finare kan det nesten ikkje bli
Pæretre, snart i blomst

Fjorden, baby

Vi hadde med hengar for junior har fått overta ein skatt frå farmor og farfar; eit trøorgel! Etter at vi kom heim har trøorgelet fått plass på rommet hans, og han får mykje lyd ut av det. Så når han og kompisane skal ha jamsession framover, blir det med orgelmusikk til.
Vi fekk også med eit "ørlite" skap, som vart endå større då vi kom hit, så eg er litt usikker på kvar det skal stå…inntil vidare står det ute.

Men vi har ikkje grilla pølser i fjøra, hatt eggejakt, funne påskeharen, ete påskelam eller deltatt i påskelabyrinten, anna enn som tilhøyrar. Det har vore ei god påske, lell.

Og så er det godt å kome heim igjen! Fyre opp, lufte, ete det ein finn i kjøleskapet til kveldsmat(og finne mjølk som er sur etter å ha vore åleine heime, så kva skal eg bruke den til?), finne påskeegget som ikkje var med på tur, rydde ut og sortere skittenklær, bla gjennom avisene ein ikkje rakk før påske, sige ned i sofaen og nyte roa og tenkje at "borte bra, heime best" (og tenkje at heldige meg som har det slik!) Og plutseleg er huset fullt av kompisane til eldstemann, dei har tross alt ikkje sett kvarandre på fleire dagar, og dei ramlar inn frå her og der og spelar spel, testar trøorgel, skrattar, stikk ut ein tur for å henta nokre til og skaper liv i huset.
Påskeegg og levande lys

Det er rikdom å få vere både heime og borte, få leve i eige tempo og delta i storfamilielivet!

Og eit lite dikt på slutten, til vekestart, i vårmånaden april, til dagar der det er høgt tempo og eg kanskje må ta ei pause for å hente meg inn igjen:

Livet

Av og til er jeg nødt om
å ta livet mitt med på
en aldri så liten luftetur. 

Ha ei strålande veke! God start på kvardagane i april, nyt at vi startar med ei kort veke og nyt lyset som er her meir og meir!