Ein ting er at det er sunt å røre seg. Det er godt å gå motbakkar, få opp pulsen, svette litt. Kjenne at kroppen jobbar. Når ryggen kranglar, slik som den har gjort dei siste vekene, er det lite som slår det å gå i ulent terreng og få bevega stive ledd.
Det er berre å gå på! Motbakke med snø. |
Men det viktigaste for meg er "skogens ro". Etter at hørselen har vorte dårleg, og etterkvart nesten borte på venstre øre, og øresusen har vorte meir dominerande, er det å gå i skogen, langt frå trafikkstøy og ting eg "må" høyre, vorte som medisin.
Det er ikkje stille i skogen, men det er naturleg lyd. Det er lyd som gjer at eg ikkje tenkjer så mykje på øresusen, eg høyrer på andre lydar. Sus i trea, fuglesang, bekkar som renn og klukkar, lyden av eigne fottrinn, langt vekke høyrer eg sus frå byen. Det er eit fly som flyg over, det er knirking frå trestamme mot trestamme, det er rett og slett lydar som berre er der, som ligg over øresusen min, slik at den ikkje overdøver tankane mine. Av og til møter eg andre skogsvandrarar, vi helser, og går vidare.
Kvitveisteppe |
Langt der nede ligg byen |
Det er synsinntrykk, det er tre som blir grønnare dag for dag, blomster som kjem. No er hestehoven snart er avblomstra, men det er tepper med kvitveis. Snart kjem skogstjerne og mange andre blomstrar og tek over. Eg angrar på at eg ikkje har fotografert eit fast tre kvar veke, for eg har vore innom den same stien minst ein gong kvar veke sidan jul, det hadde vore artig å følgje med på utviklinga. Neste år, kanskje? Eg ser fuglane som flyg, og idag såg eg intens flørting mellom to. Eg ser spor etter elg, kanskje ei skogmus, ekorn på ein trestamme. Insekta har byrja kome allereie, snart kjem vel myggen også…
Ein stille sti |
Det er eit friminutt frå kvardagen, frå samtalar eg prøvar følgje med i, medan ventilasjonssusen forvirrar meg. Ingen telefonar som krever full konsentrasjon for å få med meg kva som blir sagt. Eg kan senke skuldrene og berre gå.
Vekestarten er eit dikt av pater Arnfinn Haram, som handlar om å vere i naturen, lyden, synet, kvila, og lengselen.
BERRE
DETTE
Berre
dette kan eg no:
gå
ved havet
lange
strender fram
lange
tilbake
Berre
dette høyrer eg no:
stor
sus av bylgjer
Berre
dette ser eg no:
Vind
og himlar
Berre
dette ventar eg på:
sjå
Gud
Skogtroll på tur Godt med selfie-bilettakingspause etter mange motbakkar |
SKOGENS RO!
SvarSlettSÅ VIKTIG!
FIN NY VEKE TIL DEG :-)
Det er få ting som kan måle seg med naturen. Ingenting kan erstatte den. Bruk naturen, nyt og pust. God ukestart til deg også!
SvarSlettDet er noe av det herligste som finnes, å gå der å tusle i fred og ro, ingen mas, rop, bråk eller tvbabling i bakgrunn, bare småfuglene.. herlig:) ha en flott langhelg:)
SvarSlett