Viser innlegg med etiketten mammaliv. Vis alle innlegg

tirsdag 27. september 2022
Eg, ein influencer?
Då har eg altså vorte kontakta av ein journalist, på grunn av ting eg har skrive på bloggen!! Eg såg ikkje det komme, for eg er ikkje så aktiv med blogg. For så vidt var det bloggpost frå 2017… men eg står inne for det eg skriev. Eg skreiv om ungar som flyttar ut.
No har det gått 5 år sidan minstemann flytte. Det har vorte ny kvardag. Samtidig har dei budd heime i feriar, med sommarjobb, medan dei ventar på ny bustad, etter eit opphald i utlandet osv. Det har vore fint! Meir og meir tenkjer eg på det pappa brukte seie når vi reiste, etter ei helg eller ein ferie med ungar, turar, planer og mykje ståk: «det er kjekt når de kjem og kjekt når de reiser»
Den nye kvardagen, med betre tid, ingen som skal kjørast, ingen som MÅ ha middag kan vere stille, men den har gode sider og. Eg kan lett sitte lenge på jobb, middagen tek vi enkelt, søndagsfrukosten, men egg og laurdagsaviser og NRK Klassisk har vorte vår gode stund. Det er ikkje så slitsomt om mannen er på jakt ei veke, eller må reise i jobben, det er berre emg sjølv å tenkte på.
Andre gonger er det veldig stille i huset. Det kunne gjort seg med nokon som ville presentere ny musikk, lage middag, ta ein diskusjon eller forklare noko (eller slå plena)
Samtidig, livet skjer! Og kva har skjedd dei siste åra?
• 4 dødsfall i nær familie
• 2 barndomsheimar å tømme
• Vi har kjøpt seglbåt
• Vi har kjøpt hytte (les gard)
• Eg har mista jobb
• Eg har fått ny jobb
• Eg har vorte hageentusiast, og har 2 hagar…
• Vi har starta i kor
Når så mykje skjer, er det i grunnen godt å ikkje ha små ungar som treng pass, oppfølging og aktivisering.
Eg likar å ha tru eg veit kva dei driv med, bommar stadig der… Men eg veit den eine er i Bergen og at den eldste reiste til Wien i går og blir der til jul. Det hender dei svarer på medlingar, og dei ringer, meir eller mindre fast. Eg syns dei klarer seg godt i livet og verda. Noko er hardt arbeid i starten, noko er flaks og lukke!
Intervjuet ligg her
Det er veldig rart å lese kva eg sjølv seier… Det er stas på ein litt rar måte!
mandag 25. februar 2019
Mors jazzpensjonat
Det er den tida på året at alle unge som driv med musikk søker mot byar med musikkutdanning og opptaksprøver. Det er muleg eg ikkje er i eit heilt vanleg miljø, slik sett, eg brukar gjere det overraskande godt i musikkquiz med jazzfokus, men eg kjenner mange som har meldt seg på opptaksprøve.
Då treng dei ei seng. Gjerne også nokon å snakke med, litt trøst, oppmuntring etc. Men iallfall ei seng! Og tilgang på brød og kaffe. Og dusj. Senga er minst viktig.
Slik var det ifjor. Samme prosedyre i år. Men nye gjestar. I går kveld dirra huset av spenning.
Og det var spenning i lufta i dag tidleg, folk sang skalaer på badet og på kjøkkenet. Korleis går det, kven går vidare. Eg var nervøs på alle sine vegne, og stressa av om dei ville rekke det. Eg meiner, når det er 45 minutt til oppmøte, dei enno ikkje har dukka opp til frukost og så skal ta buss til byen. Ja, buss forresten? Kvar går den, når går den, og treng vi 10 minutt gåtid i sentrum også!? Dei rakk det, naturlegvis, dette er unge menn med full oversikt. Kanskje.

![]() |
Dagens soloppgang. Fin start på dagen. |

Det trengs både trøst og hurrarop! Alt blir betre med sjokolade og kaffe. Konsentrerte unge menn med ei plan. Og latter og tull og tøv!
Dei er hyggelege! Ikkje minst! Då kan eg godt slenge ut ein middagsinvitasjon også, eller bake bollar. Dei sett inn i oppvaskmaskinen og tek ut. Dei dekker bordet, ryddar på stova og pratar med meg.
Eg får innsikt i nye ting.
Og snublar i eit par tre saksofonist, gitarer og ein kontrabass...
No er snart første dag over, og vi får vite kven som får vere med i morgon. Det er tøffe tak, også for den som står på sidalinja. Men først skal vi ete middag, det blir visst fullt hus og nokon har spurt om vi har endå ei ledig seng.
Så får vi ta listene etterkvart, og legge planer for morgondagen utfrå det.
søndag 6. januar 2019
13.dag jul
-og her står jula godt enno.
Igår hadde vi årets første ribbemiddag, evt julas første ribbemiddag. I sjølvaste jula var vi så mykje her og der, at det vart ikkje tid til ribbe, og sidan gtutane skulle reise idag, fann eg ut at om det skulle bli ribbe, måtte det bli no. Eg brukte NRK si oppskrift på langtidsstekt ribbe. Byrja kl 9 på laurdagen, og vi sette oss til bords kl 17, så det var ikkje fort gjort. Men det var godt gjort, og mesteparten av tida gjorde eg lite eller ingenting med kjøtet. Saftig og god ribbe, mandelpotet og saus og surkål. Då kan eg krysse av det på julematlista også denne jula!
Idag har gutane pakka saman tingane sine, vi har ete litt meir vanleg middag og det er lite igjen av julekakene etter dagens kaffe. Juletreet står, men huset er stille og stort etter at dei reiste!
Vi har hatt ei fin jul saman!
Men no skal det bli godt med kvardag også! Og netter. Der eg kan stå opp og gå på do kl 04.30 utan fare for å møte ukjente i gangen, akkurat den der krev litt tilvenning kvar ferie. Kven er på besøk her, og kor lenge sitt dei? Dei er stort sett stille og greie, men eg kjenner meg ikkje trygg på at eg kan stå opp og gå farefritt på do før etter kl 06.00... Eg blir også litt furten når eg vaknar kl 4 og bilen ikkje er heime igjen. Eg kan finne på å sende ei melding og lure på kvar den -og sjåføren- er hen. Frukostane derimot, dei er rolege, eller veldig seine! Eller dei heiter brunsj. Ofte foregår dei utan husets yngste også.
Det heiter mammalivet og det er mammahjertet som dunkar, men det kjem litt i konflikt med at sonene er ganske vaksne og vant til å leve sine eigne liv. Vi finn ut av det! Eg er ikkje like streng på at i mitt hus gjeld mine reglar lenger, for eg treng ikkje passe på slik som før. "har du huska lue, og vintersko? Vær forsiktig! Det er glatt, det regnar"+++ slikt veit dei stort sett. "Har du huska å ete, når kjem du tilbake? Kven skal du treffe?" Akkurat desse spørsmåla har nok falle i løpet av jula. Fleire gonger. Muleg til irritasjon for den yngre garde? Eg har ikkje alltid fått svar, for å seie det slik. Eventuelt fått litt svevande svar.
No er det kvardag for alle, eg har til og med jobba fleire dagar i det nye året. Kvardag er fint, med grovbrød og skinke, havregraut til frukost, fleire fiskemiddagar og betre rutiner. Det krever berre litt å kome inn i dei rutinene...
Og snart ein dag skal juletreet ut!

Ribbe |
![]() |
Du veit det er lite kaker igjen, når du velger veldig små fat å servere på! |

tirsdag 23. oktober 2018
Fødedag
Anne Lindmo lanserte fødedagen på Facebook for ei stund sidan, og idag føler eg for å feire den litt. (men eg klarer ikkje linke til innlegget på Facebook, så det må du søke opp sjøl) Jada, junior fyller 22 år, men jammen gjorde eg ein jobb!
Då eg kjente at noko var i ferd med å skje på kvelden den 22.oktober for 22 år sidan, vart eg litt forvirra. Det var ei veke igjen til termin, og var det ein ting eg hadde lært i løpet av dette mitt første svangerskap var det at ingen føder før tida! (men spør meg gjerne om min andre fødsel...den kom ikkje før termin) Mannen bakte brød, og sidan vi viste at dette skulle ta si tid, bakte han ferdig, snakka med bror sin på telefon "Neida, her er alt roleg"; sa mannen, medan eg låg over armlenet på sofaen og tok tida på veene. Det var forsåvidt roleg, det gjekk ikkje lynraskt. Svogeren min ante fred og ingen fødsel, og det var planen vår. Ingen viste noko då vi tok med oss bagen og reiste på sjukehuset rundt midnatt.
Funfact: dette var i gamle dager, og vi hadde ikkje mobiltelefon(vi kjøpte ein då vi skulle kjøre 35 mil på julebesøk, eg syns det var veldig rart å ha mobil og ringte aldri slik at nokon såg det. Eg har endra meg, for å seie det slik). Men vi hadde nyinnkjøpt kompaktkamera, med ferske batteri og ny film.
På sjukehuset fekk vi rom, og ting gjekk heller sakte framover, mannen prøvde sove i ein stol og eg veksla mellom dusj og seng, lite kvile i noko som helst. Mannen masserte ryggen og trøsta og oppmuntra, og innimellom syns eg både han og jordmor var heller dumme og håplause. Men eit vagt blaff av fornuft gjorde at eg ikkje sendte dei på dør. Å vere medhjelpar til ein fødsel kan ikkje vere så greit! Det var jordmor og jordmorstudent og ein eller annan gong var det ein lege innom, alle var opptekne av god folkeskikk og handhelsa. Akkurat det var litt vekk-kasta, eg huskar lite av det. Utpå morgonen var det vaktskifte, og ny jordmor og legestudent -og eg huskar endå mindre anna enn at eg syns det gjekk sakte, eg var trøytt, at lystgassen ikkje virka/eg ikkje klarte bruke den og at petidin, den gong eit vidundermiddel, ikkje var greit. Petidin gjekk ut av bruk ganske snart, for dei stakkars babyane var sløve etter fødsel.
Tilslutt kom junior, litt sliten og blå, men han kom seg fort. Den kloke, fine, flotte legestudenten sa at dette var det finaste barnet ho hadde sett (det var vel hennar første fødsel, men pytt) og slikt gleder ei nybakt mor å høre.
Klokka 10.34 var han der, arvingen, den førstefødte, han vi både kjente og ikkje kjente. Ein fin fyr, mørkt hår, store, mørke auger og litt gulsott(som gjorde han gylden i huda) Ein liten kar som slett ikkje hadde tenkt å sove bort tida. Som ville ligge tett inntil, som fekk det, for han var den nye sjefen. Det er ei av dei hendingane som har snudd mest opp ned på livet mitt! Sove? "MAT" sa junior. Ut på tur? Bleieskift først. Sove? Nei, selskap er artigare. Og så vidare...
Han hadde gitt meg si første vakenatt. Det har vorte fleire med åra, både med "nattmatservering" og med venting på at han skal kome heim. Eg var sliten, og det er vel denne jobben eg syns eg kan feire litt idag! Sjølvaste fødedagen! Trur det blir dessert.
Sidan vi ikkje hadde mobiltelefon, fekk ingen vite noko før mannen tusla seg heim etterkvart, og kunne ringe frå fasttelefonen. Det var ingen bildemeldingar, inga oppdatering på Facebook og ikkje fødsel bilde for bilde på Snapchat, sikkert like greit.
Denne karen er no over 1.90 høg, breiskuldra, aktiv, søv lite (framleis) og kjekk kar. Naturlegvis!

lørdag 29. september 2018
Laurdag i september
Eg skal ta ei lita pause frå Italia-bilder. Trøndelag i september har sine gode sider. Og nokre litt våte, kalde, forblåste...
Etter frukost tok eg på ull og vind og vasstette klær og stakk i skogen. #mykindofmindfullness
Overraska meg litt å finne snø i høgda, men det burde vel ikkje gjere det, med tanke på været i går. Men heldigvis er det enno masse haustfarger igjen, og blåbær og tyttebær, om ein leitar godt.
Etterpå har eg bakt rundstykker (for når ein ventar sonene heimom er det ikkje nok med rare mûslibrød og knekkebrød, syns mor) Og etter ei veke med berre meg sjøl i kosten, avanserte eg frå bakt brokkoli med nokre skinkebitar til lammekotelettar og tsatziki og eplekake til dessert. Hm, meir avansert mat gir meir oppvask.

Blåbær |
![]() |
Sopp |
![]() |
Snø og lyng |

Eplekake. Med havregryn og kesam. Og veldig mange epler! |
torsdag 9. august 2018
Alder er berre eit tal!
Heldigvis!
Eg må tilstå eg slit litt med dette 50-talet som nærmar seg, for 50 år?! Det er jo ikkje vaksen ein gong, det er meir middelalder?! Iallfall var det det før, når eg såg for meg ein 50åring, no ser eg meg sjøl, og eg er jo ...meg.
Igår ba eg junior ta bilde av handlelista eg har gløymt heime, og han sendte den på snap! Eg meiner Snap! Bildet blir VEKK etter 10 sekund. Heldigvis var eg førebudd og tok skjembilde. Då eg klaga til junior, sa han at "du tek jo skjermbilde av alt du får, uansett", og eg forsto at det er skikkeleg gæmlis.
Heldigvis kan eg trøste meg med at nokre av mine unge kollegaer ville være med meg på blåbærtur. Og dei har invitert meg på kafe også, så eg er vel ikkje heilt avleggs.

Oransje joggesko og dongeri med frynser, det er ikkje mykje 50åring! |
Igår ba eg junior ta bilde av handlelista eg har gløymt heime, og han sendte den på snap! Eg meiner Snap! Bildet blir VEKK etter 10 sekund. Heldigvis var eg førebudd og tok skjembilde. Då eg klaga til junior, sa han at "du tek jo skjermbilde av alt du får, uansett", og eg forsto at det er skikkeleg gæmlis.
![]() |
Huska til og med å lese på lista på butikken, og fekk kjøpt alt eg trong(iallfall det som sto på lista) |
Heldigvis kan eg trøste meg med at nokre av mine unge kollegaer ville være med meg på blåbærtur. Og dei har invitert meg på kafe også, så eg er vel ikkje heilt avleggs.
![]() |
Blåbær |
torsdag 24. mai 2018
Det kan lønne seg å halde ut
Eg har prøvd å vere ei tålmodig mor, og latt ungane sleppe til på kjøkkenet. Innimellom har tålmodet lell fått kjøre seg... Det har vore gonger der dei har gløymt å rydde, andre gonger har benkane vore vaska, men golvet har vore berre klissklass. Det har vore dagar der eg har tenkt å lage noko, men det har vore tomt for det eg trong. Kjøkkenet fullt av tenåringar, med god tid og lite planlegging.
Eg har kome heim, og gutegjengen på ca 13 år har handla inn og starta å lage brownies med ostekrem og bringebærkrem. Dei har sjeldan bakt kake før, ikkje laga ostekrem før og slett ikkje lese heile oppskrifta før dei starta. Men kaka vart god!
Det har lukta brente toast over heile huset, det nybakte brødet borte(det tørre har ligge trygt i brødskuffa) og osteklokka tom. Tenåringane har vore blide og mette, og kjøkkenet rydda.
Eg har fått eggerøre til frukost på bursdagen min, og scones til kveldsmat. Vaflar til laurdagskos(og veffelrøre på kjøkkengolvet)
Den eine junioren smeller gjerne saman ein deig til foccacia, eller lagar pizza til gjengen. Den andre steiker amerikanske pannekaker og dynkar dei i bacon og lønnesirup og inviterer gjengen på frukost. Eller på hamburger, av elgkjøt, og med heimebakte brød.
Det har vorte mykje stas med maten. Eg har prøvd å gje dei matglede, både ved å lage og å ete. Og eg trur eg har lykkast. Dei er ikkje redde for å prøve seg fram, kombinere nye smakar, lese oppskrifter og dei tenkjer omtrent som Pippi "det har jeg ikke prøvd før, så det kan jeg sikkert"!
Så til spleisefrukost på 17.mai tok studenten med eggerøre og nybakt foccacia, lettvint og godt. Igår bakte musikkjunior croissanter til frukost! Han sto opp kl 6 for å kjevle ut og steike, slik at eg fekk varme croissanter før eg skulle på jobb. Idag fekk vi kyllingsalat til middag.
Det var verdt nokre rundar og timar med rydding og masing og øving! Så slepp ungane til, det kan fort gje deg nokre fordeler på sikt.
(Og så får vi jobbe vidare med vasking og rydding, ikkje berre på kjøkkenet!)

onsdag 14. mars 2018
Ingen ting varer evig!
Idag har eg gjort noko eg har grua meg til! På ein heilt vanleg onsdag, midt i mars, har eg endra teksten i profilen min på bloggen. Eg har endra eit ord. No står det mor, ikkje tenåringsmor.
Det fordi begge desse muntre, unge mennene har vorte over 20 år! Eg har ikkje tenåringar lenger. Det er SÅ rart. Eg var førebudd. Dei har jo flytta ut også. Men iår er første gongen minstemann ikkje feirar heime og det samtidig som han fyller 20.
Jaja, livet. Det er slikt som skjer! For 20 år sidan hadde eg ein sint, liten kar som var svolten. Han kom litt etter planlagt tid, heime hadde vi ein liten storebror. Det gjekk i full fart i fleire år. Eg har vore spebarnsmor, småbarnsmor, skulebarnsmor, storbarnsmor og tenåringsmor.
No står det mor i profilen min, og sjølv om eg no slepp både klesvask og matlaging til desse to, slik til dagleg iallfall, heng nok bekymringane i mammahjertet igjen i mange år enno! Eg skal framleis lure på korleis dei har det, slik inni seg. På om dei søv nok, har huska den fristen, om dei trivst, treng nye sko eller et nok fisk. Eg har ingen som ropar på eit glas vatn etter at han har lagt seg. Men kva dei har tenkt å gjere i helga og kven dei er saman med? Kjenner eg venene deira? Kjenner eg foreldra til venene? Eg treng ikkje plukke legoklossar, men har dei søkt sommarjobb og kva skal dei til hausten? Erfaring frå eigen oppvekst, viser at denne fasen vil vare lenge (for meg altså)!
Gratulerer med dagen, junior!
Og så får eg stole på at det meste av lærdom er på plass, og at dei har strøm på mobilen, slik at dei ringer heim om det er noko.
![]() |
Fotograf: tante Margrethe |

søndag 25. februar 2018
Jazzcamp og fullt hus
Ofte er det ganske roleg heime hos oss. Mannen og eg har stort sett oversikt over planene for dagen, og kven som skal kva, når. I profilen min står det tenåringsmor, men det gjeld berre 3 veker til. Då blir yngstemann 20 år, og det er litt rart... Men akkurat no får eg testa ut om eg enno er fleksibel og kan snu meg rundt i ein fei!
Musikkjunior har hatt vinterferie, iallfall slik av og til, denne veka. I morgon er det opptaksprøve for vidare skulegang, og dit er det fleire enn han som skal. Den som bur i nærleiken av slike opptaksprøver, kan drive ein slags jazzcamp eller "mors bed and breakfast m/øvingsrom og servering av middag" om ein vil. Og besøk og liv i huset er kjekt, så velkommen til oss!
I går kom ein ekstra kontrabass i hus, med musikar, og idag kom ein trommis med deler av trommesett (det heiter sikkert noko anna?) Vi har hatt elggryte til middag og til frukost var det eltefrie rundstykker. Alle skulle få enkeltrom, og kølapp til badet. I tillegg får eg gå til jobb i morgon, for eg driv visst utleige av bil også! Og det var jo litt dumt at det var akkurat no "lille, grønne lynet" fekk behandlingsstopp og er avskilta og ligg avkledd hos ein hoggar...
Etter ein samtale med ingeniørstudenten, som har hatt reunion med kompisar frå militære og gått på toppturar heile helga, har vi gjort om på romfordelinga. For han hadde tenkt å komme innom i natt, og hadde lovt seng til ein som skal ta første flybuss i morgon tidleg. Vi har altså utvida til bed and breakfast, (nesten) ski in/ski out. Godt vi har ekstra dyner, feltseng, brød i frysaren og hjarterom!
Og enno har eg igjen ein sovesofa og i verste fall ein madrass til å sove på stovegolvet, om du skulle vere i nød. Litt usikker på om huset kjem til å sove i natt, det kan vere dei første står opp før dei siste legg seg.

Men tidleg idag, då var det eg og ein bukett tulipaner i februarlyset!
mandag 5. februar 2018
Veke 5
Takk for ni, januar. Velkommen februar! Med lengre dagar, meir lys og sol (iallfall her) og stabil vinter(håpar eg) med mange skiturar!
Vi hadde kjøttfri måndag (nesten) Eg tømte grønsaksskuffa for det eg fann, både sliten blomkål, slapp brokkoli og gulrøtter som var over toppen. Og løk og søtpotet og paprika. Kokte i buljong, mosa med stavmikser og vips! Middag! (det nesten kjøttfrie besto i at vi åt spekepølse til)
På tirsdag oppdaterte eg Mac`n, det tvinga seg fram, det tok kvelden (og delvis humøeret) og er nøye beskrive i eit eige innlegg. Men du verda, eg har ein kjapp og oppdatert mac no.
Onsdag hadde eg fri, og eg gjekk mellom anna på ski. Onsdag formiddag er ganske roleg i skogen, berre ein gjeng seige, eldre menn som var ferdig med langturen når eg skulle til å starte.
Fredag (og alle andre dagar, omtrent) strikka eg. Eg kan forstå at dette skal bli ei jakke no, eg ser fasongen. Eg har byrja grua meg til eg skal klippe opp.... men enno er det ei sturnd igjen. Både resten av bolen og begge ermene. Og om du lurer, det er ei Bøvertunkofte.
Slik var det på laurdag. Kaldt, sol frå skyfri himmel og snø. Postkort frå Trondheim!
Det er to bilder frå søndag. Eit frå Hemsedal, som viser korleis eldste junior hadde det i helga. Det ser jo riktig greit ut?
Og eitt frå konserten med yngste junior og turnekonsert med jazzlinja på Sund folkehøgskole. Ein flott konsert, eg er imponert.
Mor øver framleis på å gje slepp, og sender jo ungane både hit og dit (Berre tull, dei reiser både hit og dit utan hensyn til mor! Og dei klarer seg godt.) Men eg held hardt på retten til å mase, om mat og søvn og "kjør fint" og ta vare på deg sjølv og andre! Den retten kan ingen ta frå meg!
Ny veke er igang, eg er ganske klar og det er mykje å sjå fram til! (Jule)-bord og 2x50-årsdag, overnattingsgjester, skitur og vårblomster.
Ha ei god veke!
Vi hadde kjøttfri måndag (nesten) Eg tømte grønsaksskuffa for det eg fann, både sliten blomkål, slapp brokkoli og gulrøtter som var over toppen. Og løk og søtpotet og paprika. Kokte i buljong, mosa med stavmikser og vips! Middag! (det nesten kjøttfrie besto i at vi åt spekepølse til)
På tirsdag oppdaterte eg Mac`n, det tvinga seg fram, det tok kvelden (og delvis humøeret) og er nøye beskrive i eit eige innlegg. Men du verda, eg har ein kjapp og oppdatert mac no.
Onsdag hadde eg fri, og eg gjekk mellom anna på ski. Onsdag formiddag er ganske roleg i skogen, berre ein gjeng seige, eldre menn som var ferdig med langturen når eg skulle til å starte.
På torsdag fekk eg pakke på jobb. Den var forsåvidt venta, men merkinga lova ikkje godt...
Slik var det på laurdag. Kaldt, sol frå skyfri himmel og snø. Postkort frå Trondheim!
Det er to bilder frå søndag. Eit frå Hemsedal, som viser korleis eldste junior hadde det i helga. Det ser jo riktig greit ut?
Og eitt frå konserten med yngste junior og turnekonsert med jazzlinja på Sund folkehøgskole. Ein flott konsert, eg er imponert.
Mor øver framleis på å gje slepp, og sender jo ungane både hit og dit (Berre tull, dei reiser både hit og dit utan hensyn til mor! Og dei klarer seg godt.) Men eg held hardt på retten til å mase, om mat og søvn og "kjør fint" og ta vare på deg sjølv og andre! Den retten kan ingen ta frå meg!
Ny veke er igang, eg er ganske klar og det er mykje å sjå fram til! (Jule)-bord og 2x50-årsdag, overnattingsgjester, skitur og vårblomster.
Ha ei god veke!
torsdag 7. september 2017
Kvardagen etterpå
I
snart 21 år har eg vore mamma. Det har vore så mange fine stunder,
og nokre ganske slitsomme.
Eg
tenkjer av og til på den dama eg møtte i butikken då minstemann
var nokre få månader og storebroren ca 2 år. Vi skulle handle
mat, ein ville gå sin eigen veg, den minste ville ha mat, helst for
5 minutt sidan, mor var svett. Så seier dama: «ta vare på denne
tida, og nyt den, den går så fort!» Det kjentes ikkje slik ut! Og
eg lengtar ikkje tilbake, men at tida har gått fort er heilt
sikkert!
Dei
siste to åra har berre ein budd heime, det har vore ei slags
nedtrapping. Men ei natt eg ikkje fekk sove, oppdaga eg at eg låg og
venta på at nokon skulle låse opp døra så stille som råd, på
veg inn litt seint på natt. Så kom eg på at det skjer ikkje no.
Dei har flytta!
Det er ikkje
veldig lenge sidan ungane forlot redet, berre eit par veker. Og
eldstemann bur i byen og stikk innom i ny og ne, når han manglar
slips eller har gløymt finskoa sine, men han har klart og tydeleg
flytta ut og lever sitt eige liv. Han på folkehøgskule reknar eg
med vil vere vanskeleg å halde tett kontakt med dette året!
Men er det noko
som er endra? Slik i tillegg til at det er stillare her? Det lurte
forresten yngstemann på også, då han ringte, etter at vi hadde
etterlyst livsteikn frå han; "er det stille og rart, eller er
det litt som før, berre at vi ikkje kjem heim midt på natta?"
Famnen
full!
|
Eg saknar ikkje
å vente på at nokon skal kome heim, seint på natt, låse opp og
snike seg stille inn i huset. Særleg når dei kjem mykje seinare enn
eg trudde... Sure sokkar og handkle som har "overvintra" i
ein eller annan ryggsekk saknar eg heller ikkje.
Det eg kan sakne er at nokon kjem heim
til middag med nytt å fortelje og liv i huset. Å bli presentert for
ny musikk, i ein eller annan sjanger eg aldri har høyrt om før ein
gong. Å bli invitert med til å sjå ein film, spele eit spel eller
finne svaret på ei gåte (som kan gjelde alt frå forsikring av
instrument til telefonnummeret til legevakta, det er ikkje snakk om
så veldig til quiz altså, mest ting som er akutt der og då)
Det som kan målast av endring, er for
eksempel nedgang i skitne klær. Eg treng snart ikkje vaske klær
lenger! Og eg har fått rapport om at vaskekurset eg hadde før
flytting, virkar. Det tydar på intelligente, unge menn som slektar
på mor si :) hehe! Middagsrestane forsvinn ikkje i same grad som
før, kvitosten kan nesten bli tørr og ingen av oss et visst
sognemorr eller kokt skinke. Brødet rekk å bli langhåra og juicen
litt sur i kjøleskapet. Eg må altså venne meg på å lage mindre
middag og kjøpe brød sjeldnare. Når dei kjem heim på besøk, kjem
vi truleg til å gå tom for mat! Heldigvis bur vi nært butikk.
Det er færre å spørje om praktisk
hjelp, som å løfte tunge kasser, skifte dekk på bilen eller slå
plena. Færre som kan springe på butikken og kjøpe frukt og
lasagneplater medan eg kokar kvit saus, færre til å fylle drivstoff
på bilen eller støvsuge trappene. Eg må vel gjere det sjøl, eller
sette mannen i sving(trur han merkar denne endringa godt).
Eksempel
på ting ein må gjere sjøl når ungane har flytta.
Ja, det er ein skru midt i der... |
Det er nok
kvardagane med liv i heimen som er den største endringa...det er
mindre liv med to som gjerne søv middag...
Men eg venner
meg på det. Sakte, men sikkert. På ein måte har eg jobba fram til
denne dagen, meir eller mindre bevist. Eg har jo visst dagen skulle
komme. Men den har vore så langt fram. Det har vore dagar der eg har
sett fram til det, dagar med legoklossar over alt, krangling, høg
musikk og middag som ikkje fall i smak. Grønsaker med feil farge,
smak eller lukt. Då har eg tenkt at det går over, men det er lenge
til. Eg har kanskje tenkt at det blir stille også, og at det ville
bli godt. Men det var så mykje anna vi skulle først.
Først skulle
vi jo lære dei å ete og sove, så skulle dei lære å prate og gå,
og etterpå vere stille og sitte i ro. Dei skulle i barnehagen, lære
å vente på tur, spele spel, sykle og vere med på fjelltur, med og
uten meis og pulk. Skulen skulle komme, ny skule og så endå ein.
Men det var enno lenge til dei skulle ut og fram åleine, tenkte eg.
Dei skulle jo lære å lage mat og smøre matpakker, velge rett klær
etter været. Oppleve å klare sjøl, og av og til måtte be om
hjelp. For enno trong dei mamman sin, til å svare på ting. Finne
plaster og to like sokkar, sy i ein knapp. Dei skulle finne vener, og
oppdage at ikkje alle er like, og korleis ein lever med det. Dei
skulle vere ein del av kjernefamilien og storfamilien, nabolaget og
samfunnet. Spele musikk, finne sin musikk og sitt instrument. Finne
seg sjøl, meir og mer(det er ikkje så fort gjort. Av og til leitar
eg fortsatt, etter meg sjøl altså) Dei skulle kjørast og hentast,
lære å gi beskjed og halde avtalar. Men enno hadde dei base her,
hos oss. Eg hadde eit ord med i laget, mine reglar gjaldt, likte eg
iallfall å tru. Dei frigjorde seg meir og meir, tøydde strikken og
grensene, tok ein diskusjon eller to, men enno budde dei her, under
vårt tak.
Innhaldet
i kjøleskapet er veldig likt frå dag til dag!
|
Når
#morstutogkjør ikkje har oppdrag lenger... då vart det
strikking
|
No har dei
flytta, begge to! Eg trur det vil gå bra med dei. Eg trur dei klarer
seg, kanskje har eg gløymt å lære dei alt dei treng, men alle bør
oppleve å farge kvite handkler rosa eller krympe ein ullgenser eller
to. Då sorterer ein vasken betre seinare! Eller at å snu seg vekk
medan ein varmar mjølk eller steiker pannekaker ikkje er så lurt.
"Learing by doing" har mykje for seg. Og eg er jo her, klar
for spørsmål om gjærdeig og koketid, klesvask og middagstips. Ein
prat om kjærleikssorg eller eksamensnervar, husleige eller
busskort.
Om ikkje så
lenge må eg oppdatere introen om meg på bloggen, for då er eg
ikkje tenåringsmor lenger. Eg må finne nye ting å gjere, for no
har eg tid. Vi seglar, eg les masse bøker, går meir tur, men eg har
tid til overs. Kanskje blir det korsang? Eller meir fast trening.
Kven veit? Tida vil vise! Enno må eg venne eg til å ha eit snev av
"empty nest syndrom" (tomt rede-syndrom) og så får eg
fylle reiret med andre ting!
Og eg gler meg på besøk! Eg skal stille med gode senger, nykokt kaffe, nybakt brød og heimelaga syltetøy! Ønskemiddag og god tid!
mandag 28. august 2017
Vekestart veke 35
Eg har stadige ambisjonar om meir blogging, men så er det dette livet. Det skjer stadig ting, heldigvis, som brukar opp tida mi, og vips har dagen gått og eg treng skjønnhetssøvnen! Så no er det ny veke igjen.
Siste veke har gått med til jobb, og ikkje minst masing på yngstemann som skulle flytte i helga. Til slutt slutta eg å mase, og det viste seg at han fekk ting gjort lell. Klesskapet vart tømt, det vart sortert i kaste, gje bort og behalde. Eg fekk deo to første haugane, og har igjen ein del arbeid der...
Helga har vore full av sosiale treffpunkt. Fine folk, både nye og gamle kjente, god mat, prat, bilkjøring, skulestart og selskap.
På laurdag køyrte vi avgarde med full bil, kontrabass, elbass x2, diverse andre musikkrelaterte ting og litt klær og dyne og slikt. Junior var svært klar for å starte på folkehøgskule, og for å seie ha det til oss (eller det er ikkje sant, han forsvann og det krevde litt innsats å finne han før vi for, slik at vi fekk ønske han lukke til!)
Etterpå var det rett i 50årsdag. Rakk nesten fram i tide, og sminken kom på i bilen. Fin kveld! Og seint heim. Til tomt hus, ingen barn som bur heime lenger. Akkurat, slik var det ja, tek litt tid å venne seg på.
Søndag hadde eg avtale med Janne, som eg gjekk på folkehøgskule med. Vi starta i 1984, og har hatt ganske jamn kontakt, men etter litt tankeverksemnd, kom vi fram til at vi ikkje har møttest sidan 1993. No var det på tide! Med enkelte personar er det heldigvis kontakt med ein gong ein møtest igjen, og slik var det. Skravla gjekk!
Og på søndag ettermiddag var det på med tiara. Ikkje ofte ein har kvadrattalsbursdag, det er ein litt betre måte å sjå 49 på! Familie og venneselskap, bra lydnivå, nok mat og folk hadde god tid. Så kjekt! God måte å avslutte helga og starte ei ny veke på! (og det er jo stas med gåver, sjøl om ein har vorte vaksen. Blomster, sjokolade, te, ++)
Vekestarten denne gongen er diktet rektor på folkehøgskulen ga til studentane på opningsfesten. Fint til ungdommen, men kanskje for oss andre og!?
Nog finns det mål och mening i vår färd -men det är vägen, som är mödan värd.
Det bästa målet är en nattlång rast,där elden tänds och brödet bryts i hast.
På ställen, där man sover blott en gång,blir sömnen trygg och drömmen full av sång.
Bryt upp, bryt upp! Den nya dagen gryr.Oändligt är vårt stora äventyr.

I rörelse
Den mätta dagen, den är aldrig störst.Den bästa dagen är en dag av törst.Nog finns det mål och mening i vår färd -men det är vägen, som är mödan värd.
Det bästa målet är en nattlång rast,där elden tänds och brödet bryts i hast.
På ställen, där man sover blott en gång,blir sömnen trygg och drömmen full av sång.
Bryt upp, bryt upp! Den nya dagen gryr.Oändligt är vårt stora äventyr.
Karin Boye
søndag 20. august 2017
Vekestart veke 34 og litt om veka som gjekk
Forrige veke kom og gjekk, fort! Ikkje meir sove til ein vaknar. Slutt på lang frukost og frukostdessert. Start på rutiner og matpakke og faste tider.
Eg er B-menneske. I nesten alle ungpikebøker eg har lese opp gjennom åra, er heltinna A-menneske, står opp tidleg, spring gjerne innom ein fjelltopp før ho plukkar bær som ho syltar når ho kjem heim, litt bustete på håret, men med friske roser i kinna og lagar frukost med ferskt syltetøy til sure søstre, som er B-mennesker alle som ein. Ho har gjerne vore innom ein einsam stakkar også, og lyst opp litt. Samt henta posten og skrive eit brev og vatna plantene i hagen. Der har du ikkje meg! Men eg skulle gjerne hatt litt slik energi. Eg veltar meg ut av senga, går rett i dusjen og et frukost helst heilt stille, før eg er ganske vak når eg kjem på jobb. Men eg går på rutine og ikkje livsnyting den første timen!
No er den første veka over, eg kjenner at det er fint å ha jobb og kollegaer og rutiner i livet, tross alt. Eg prøver venne meg på å ha ein studentson om ikkje bur heime, og som eg har minimal kontroll på. Eg prøver å ikkje tenkje for mykje på at neste veke har også yngstemann flytta ut, han som enno fyller huset med vener og musikk og pannekakefrukost. Og haugar med klær som skal sorterast og pakking og lister over innkjøp.
Tenkjer vi tek eit bildedryss frå sist veke!
Og slik går dagane. Litt av kvart på planen. Lite bilder av oppvask og klesvask og skitne golv. Men dei er der, eg lovar! Veka som kjem minner endå meir om kvardag, med ting som startar opp på kveldstid og møter og ei helg der det nesten er for fullt. Men meir om det seinare!
Og nokre ord med til start i den nye veka:
NÅ
Et meget lite ord.
Nå.
Likevel rommer det
hele evigheten.
Hans Børli
Eg er B-menneske. I nesten alle ungpikebøker eg har lese opp gjennom åra, er heltinna A-menneske, står opp tidleg, spring gjerne innom ein fjelltopp før ho plukkar bær som ho syltar når ho kjem heim, litt bustete på håret, men med friske roser i kinna og lagar frukost med ferskt syltetøy til sure søstre, som er B-mennesker alle som ein. Ho har gjerne vore innom ein einsam stakkar også, og lyst opp litt. Samt henta posten og skrive eit brev og vatna plantene i hagen. Der har du ikkje meg! Men eg skulle gjerne hatt litt slik energi. Eg veltar meg ut av senga, går rett i dusjen og et frukost helst heilt stille, før eg er ganske vak når eg kjem på jobb. Men eg går på rutine og ikkje livsnyting den første timen!
No er den første veka over, eg kjenner at det er fint å ha jobb og kollegaer og rutiner i livet, tross alt. Eg prøver venne meg på å ha ein studentson om ikkje bur heime, og som eg har minimal kontroll på. Eg prøver å ikkje tenkje for mykje på at neste veke har også yngstemann flytta ut, han som enno fyller huset med vener og musikk og pannekakefrukost. Og haugar med klær som skal sorterast og pakking og lister over innkjøp.
Tenkjer vi tek eit bildedryss frå sist veke!
![]() |
Tilbake på jobb og jaktar på parasitter. |
![]() |
Grønkål frå kjøkkenhagen! Sunt og godt. |
![]() |
Solnedgang frå ein kveldstur forbi Kvilhaugen |
![]() |
Dagens antrekk ein dag på jobb. |
![]() |
Blåbærsyltetøy av fangsten ein skogtur denne veka (og turen var etter arbeid, ikkje før frukost) |
![]() |
Båttur fredag kveld. Nydeleg vær og passe vind |
![]() |
Pannekakefrukost |
Og nokre ord med til start i den nye veka:
NÅ
Et meget lite ord.
Nå.
Likevel rommer det
hele evigheten.
Hans Børli
søndag 13. august 2017
Dei nære ting
Den store verden treng mykje merksemd, men av og til kikkar eg mest på eigen navle (ikkje bokstaveleg då...) Hodet fyllest med tankar om det nære, her og no.
- eg kosar meg blomster. Eg plukkar blomster frå hagen, og lagar bukettar med hageblomster, blomster eg sådde i vår og ugras i skjønn forening. Lukta og synet minner meg om barndom og fødselsdag (som eg har i slutten av månaden).
- eltefrie rundtykker til frukost. Og rørte bringebær. Nam! Så godt, så enkelt og ganske lettvint.
- junior har flytta ut i løpet av helga. Vi har gjort ei skikkeleg planleggingstabbe, og måtte på IKEA i går. Laurdag før studiestart! Snakk om... Vi var ikkje åleine. Men vi viste kva vi skulle ha og kom oss ut før køene vart lange! No lurer eg på om eg har gløymt å lære han noko viktig! Så eg masar ganske janmt med ting eg kjem på kan vere lurt. Av og til har eg uínntrykk av å snakke for døve ører. (yngstemann flyttar om 2 veker, og der er eg litt meir roleg, han skal på folkehøgskule og det har eg prøvd før) Eg
- takka vere båtlivet har eg ganske brune bein, og knær som flassar... Eg er på konstant jakt etter hudkremen som held huda på plass, slik at eg ikkje treng smøre meg mange gonger for dag.
- idag er det ein forsmak på haust. Eg prøvde meg ein tur ut og gå, med sandaler og kort kjole. Eg har kledd på meg etterpå! Kaldt! Men eg tenkjer at august kan gje oss mange fine, varme dagar og håpar det skjer! Snarast!
Eksempel på kaldt! - i morgon er ferien over. 3 veker er over (og før det ei veke ferie og ei veke jobb, så det har vore 5 veker meir eller mindre i anna tempo) Eg burde ha snudd døgnet, no har eg berre i kveld igjen...
- august. Det er månaden for oppstart. No er det oppstart for gutta, jobb for meg. Og tida for å avrunde sommaren. Eg har altså kjent litt på hausttemperatur, igår kveld tente eg mange levande lys i stove, for kveldane blir mørkare. Det luktar annsleis i august, jord, blomster, bær og frukt. Det er lesetid, det kjem stadig vekk nye bøker, og eg gler med på fleire av dei.
Slik er det her, rundt meg og i mitt hode. Og som sagt, i morgon byrjar alvoret! Som berre er ei fortsetting på det som var før ferien, forsåvidt. Det blir litt godt også.
onsdag 14. juni 2017
Allereie no?!
Idag har minstemann (noko meir enn 1.92 høg) hatt siste eksamen på videregåande. Han har rett og slett gjort unna grunnskulen og videregåande, og mor står som eit spørsmålsteikn igjen.
Eg kjenner det litt slik .....
Klisje, eg veit det, men 5 år i barnehage og 13 år på skule, i ettertid så har det gått ganske fort.
Eg har forsåvidt registrert at han har gått på skule, for det har vore ein del diskusjonar rundt det viktige med å gjere lekser og slikt, eller det var vel mest dei første åra. Han syntest ikkje han lærte noko, så kvifor jobbe? Noko må han ha fått med seg likevel! (Eg mistenkjer at dei må ha lurt inn ein del kunnskap på skulen, som junior trudde han hadde plukka opp sjølv)
Det har vore dagar og år med lekser, gløymte gymklær(både før gymtimen, og i sekken etterpå), overraskande prøver, lange dagar, skogtur i regn. Det har vore skulekjøkken og pannekakefrukost, forvirrande framandspråk, ekskursjon for å sjå på kryp i fjøra, vanlege skuledagar med niste og matematikk. Det har vore lærarar som har sett gull, og oppmuntra til vidare arbeid. Det har takk og pris vore musikktimar som lyspunkt!
Det var trening, det har vore sykkel, det har vore celloøving med både glede og motgang for far og son. Det var elbass og bandøving i stova vår, til varierande entusiasme frå mor. Det vart kontrabass og øvingsrom i kjellaren. Det har vore masse musikk i heimen, og masse fine folk innom.
Smått om senn kunne eg sleppe taket, for han tok ansvaret sjølv for både lekser og øving og nistesmøring.
Og dei tre siste åra har det vore masse musikk! Gleda var stor over å kome inn på musikklinja for tre år sidan. Det har vore knallhard prioritering av tid og søvn, og det viktige(les musikkfag) har fått fokus. Det andre har vorte gjennomført, av og til til morslette frustrasjon over tidsbruken. Det har vore seine kveldar med siste innspurt, kven har ikkje vore der? Det har vore litervis med kaffe(det har han ikkje frå meg), diskusjonar rundt kjøkkenbordet med medelevar, kollekvier med taco og kveldar med Risk.
Forrige veke satt eg svett, nervøs og kjempestolt på eksamaneskonsert, utan å kunne gjere noko mer enn å vere der. Det gjekk bra med både mor og son! Og idag altså siste munnlege eksamen, gjennomført med stil (eg måtte vente veldig lenge på oppdatering, han skulle jo ha lydprøve til avslutningsfesten i morgon, må vite. Då må mødre finne seg i å vente, viser det seg).
![]() |
Var ikkje dette no nettopp? Her er det rett før han skal starte i barnehagen. Ok, så var det i 1999... |
Alla dessa dagar som kom och gick,
inte visste jag att det var livet.
inte visste jag att det var livet.
Stig Johansson
Klisje, eg veit det, men 5 år i barnehage og 13 år på skule, i ettertid så har det gått ganske fort.
Eg har forsåvidt registrert at han har gått på skule, for det har vore ein del diskusjonar rundt det viktige med å gjere lekser og slikt, eller det var vel mest dei første åra. Han syntest ikkje han lærte noko, så kvifor jobbe? Noko må han ha fått med seg likevel! (Eg mistenkjer at dei må ha lurt inn ein del kunnskap på skulen, som junior trudde han hadde plukka opp sjølv)
Det har vore dagar og år med lekser, gløymte gymklær(både før gymtimen, og i sekken etterpå), overraskande prøver, lange dagar, skogtur i regn. Det har vore skulekjøkken og pannekakefrukost, forvirrande framandspråk, ekskursjon for å sjå på kryp i fjøra, vanlege skuledagar med niste og matematikk. Det har vore lærarar som har sett gull, og oppmuntra til vidare arbeid. Det har takk og pris vore musikktimar som lyspunkt!
Det var trening, det har vore sykkel, det har vore celloøving med både glede og motgang for far og son. Det var elbass og bandøving i stova vår, til varierande entusiasme frå mor. Det vart kontrabass og øvingsrom i kjellaren. Det har vore masse musikk i heimen, og masse fine folk innom.
Smått om senn kunne eg sleppe taket, for han tok ansvaret sjølv for både lekser og øving og nistesmøring.
Og dei tre siste åra har det vore masse musikk! Gleda var stor over å kome inn på musikklinja for tre år sidan. Det har vore knallhard prioritering av tid og søvn, og det viktige(les musikkfag) har fått fokus. Det andre har vorte gjennomført, av og til til mors
Forrige veke satt eg svett, nervøs og kjempestolt på eksamaneskonsert, utan å kunne gjere noko mer enn å vere der. Det gjekk bra med både mor og son! Og idag altså siste munnlege eksamen, gjennomført med stil (eg måtte vente veldig lenge på oppdatering, han skulle jo ha lydprøve til avslutningsfesten i morgon, må vite. Då må mødre finne seg i å vente, viser det seg).
Gratulerer!
Og vi er over i ein ny epoke, som eg veit lite om. Storebror har gått opp stien for første året med folkehøgskule, men så? Mor finn stadig noko nytt å lure på...men det er visst ikkje mitt problem lenger? (Særleg! Eg hevdar min rett til å spørre og mase og blande meg inn lenge enno! Eg øver meg på å godta at eg ikkje blir høyrt så mykje lenger. Øver. Eg er litt førebudd alså, eg har lært mykje sidan eg skreiv dette)![]() |
Stor og liten bror. I sola med is. Med ullklær. Satsar på at dei har fått med seg litt i oppveksten, om klær og kosthald. |
Abonner på:
Innlegg (Atom)