tirsdag 30. januar 2018

Flaks, sa du?

Eg kan ganske mange ting! Eg er god på gjærbakst, kanskje ikkje like god på langpannekaker. Eg er ein racer på å skrive tekstmeldingar, og eg skriv ganske feilfritt. Eg kan brygge te,  mykje og ofte, i kanne og kopp. Eg har ikkje krympa ullklær i vask på lenge, og eg likar å vaske klær (litt mindre å bretta og legge på plass, men...) Eg kan stryke ein damaskduk når det trengs, og eg brettar håndklær ganske fint. Eg klarer stort sett å huske å kjøpe mjølk, brød og frukt før vi er tomme. Vi har nesten alltid raust med middag i kjøleskap og frysar. På jobb held eg brukbart styr på streptokokkar og stafylokokkar. For ikkje å snakke om kor god eg er til å kjøpe sko! Eg har rett og slett brukbar kontroll på mange ting.

Men datamaskiner slit eg litt med. Og nettbrett. Og telefon. Eg satsar på at dei virkar, og ser gjerne vekk frå alle oppdateringar. Eg trykker "utsett" eller "senere" så lenge eg kan. Nokon syns eg gjer det for lenge og for ofte. (det er litt vanskeleg å seie "dei om det", for det er desse nokon som må trå til med nødhjelp, viser det seg.)

Til slutt blir eg innhenta av skjebnen, eller kvardagen... Som i "eg får ikkje gjort det eg skal!", uttrykt med litt hissig stemme, irritasjon i skuldrene og høgt blodtrykk. Program virkar ikkje som eg har tenkt, dei stoppar, seier dei er utdaterte. Eg får ikkje åpne dei, eller dei snakkar ikkje saman. Mi indre hurpe busta seg opp!

Igår, eller rettare sagt forrige helg, men eg har vore borte, så eg utsette problemet, fekk eg ikkje tak i bilda mine. Eg måtte krype til korset og be mannen om hjelp. Og mannen ville hjelpe. Bortsett frå at skjebnes ironi ville det slik at harddisken på mannen sin pc fekk eit illebefinnende omtrent samtidig, og han vart litt opptatt med å redde det som reddast kunne. Og eg, sutrande jomfru i nød, sjølforskyldt nød rett nok, måtte vente.
Jaja, eg kan no prøve sjøl, tenkte eg (det var berre så lite fristande, eg meiner, eg trong passord og måtte lese både her og der. Det kan vere difor eg har utsett det.) Ikkje fekk eg det til heller! Ting lasta seg opp og vart borte, feilmeldingane var dei same som før. Eg vart litt irritert, hissig, og i følge høgst usikre kilder, høglytt.

Han fann tid til å hjelpe meg! Han fann ut at eg hadde hoppa over minst 4 nødvendige oppdateringar tidlegare, og at no støtta ikkje noko noko lenger (eller noko slikt) Han fann i tillegg ut at eg nok hadde forstått ting betre om eg las det som sto, istaden for å berre prøve. Men mannen er klok, og forsto kjapt at å fortelje meg dette var å leve farleg, og gjekk i staden igang med å fortelje kva eg skulle gjere.


Eg hadde passorda eg trong (naturlegvis...) og dei virka (flaks! Eg har ein tendens til å endre passord, men ikkje endre huskelappen. Jada, ein skal ikkje ha huskelapp, men altså!)
Og etter utallige trykk og ok og godkjenn, og ei ventetid som var lenger enn lang, virka alt! Litt sånn "Voila!" Eg hadde oppdaterte versjonar både her og der, eg hadde kontakt med bildearkivet og eg kan blogge. Skjønnar ikkje kva mannen masar om, no virkar alt, så eg tek på skylappar igjen og neste oppdatering kan eg vel sjå bort frå?

(Eg innser at eg må følge med meir. Eg kunne mista masse som eg har på mac´n. Eg kunne måtte bruke masse pengar på ny maskin, men eg slapp! Då kan eg vel kjøpe ny kjole for dei pengane?)

veke 4

No er januar snart over. På søndag høyrte eg fuglane sang då eg låg i senga og nytte at det var søndag og at eg slapp sprette opp tidleg. Dagane blir lysare og lysare, igår var det ikkje mørkt då vi var ferdige med skituren kl halv fem (yepp, vi har vorte slike folk som tek skitur etter jobb og før middag! Kven skulle tru det?)

Men altså, veke 4.

På måndag var eg med mamma på sjukehuset og der fann vi denne sjarmerande plakaten på venterommet! Det gjorde godt i bioingeniørhjertet.


Tirsdag gjekk eg tur og nytte utsikta! Hav og himmel og fjell. Uslåeleg kombinasjon! Romsdalen altså, har det meste.


Onsdag tok eg ferge, og kunne sjå verdas finaste fjell frå fjorden.


Torsdag skulle eg heim igjen.  Og kunne nyte denne "vente på bussen"-utsikta. Her er det like fint sommar som vinter. Og både grøn og kvit vinter. Hadde begge deler medan eg var i Romsdalen denne gongen.


Fredag var eg hos fysioterapeuten, og han vart einig om at eg no skal sette inn ein ekstra innsats på styrketrening. Enkelt for han å bli einig om det! Så ryggen min og eg prøvar å bruke dette utstyret kvar dag, helst oftare. (ikkje vedomnen då, men det gjer det meir komfortabelt)


På laurdag var det sol og silkeføre og nykjørte spor på ny snø. Snakk om luksus! Eg kosa meg, sjøl om eg angra litt opp dei siste bakkane. Det er slitsomt å gå motbakkar, sjøl på ganske nye ski og i sol.


På søndag tok vi ein tur og såg til båten. Akkurat no virkar det veldig lenge til sommar og båtliv! Båten hadde det bra, under presenning, snø og is, mannen tok vekk snø og is og så får vi drøyme om sol og varme etterkvart.

lørdag 27. januar 2018

Eit barndomsminne

Etter fleire veker med lite trening, har kroppen min ropt etter aktivitet! Så når ein vaknar til nysnø og sol, er det berre å kome seg ut! Sjøl om bakbeina var litt støle frå igår. For vi var på ski då også! (høyrer eg applaus? Det er berre å sende meg poeng!)



Men iallfall, på tur heim etter skitur, svette og svoltne, dukkar spørsmålet opp: kva skal vi ete? Mannen foreslo fløyelsgraut. Eg huskar ikkje når vi sist åt det. Kanskje då ungane var små? Vel heime fyra mannen opp i omnen og eg leita fram oppskrift og byrja koke. Og vart treft av eit minne!
Storebror er 10 år eldre enn meg, og då eg var lita, var han innimellom barnevakt for meg. Då kokte han gjerne fløyelsgraut til kveldsmat. For det hadde han lært på skulekjøkkenet. Vi åt med sukker og kanel og smørauge. Det var stor stas med ein bror som kunne lage graut.


Minnet vart sterkt for meg. Eg har akkurat vore heime og treft storebror. Han har slutta koke graut. Men han huskar kanskje at han laga graut då eg var lita? Han har slutta med mange ting, fordi sjukdom har røva han frå oss. Men han er storebroren min! Vi gjekk ein liten tur saman då eg var heime, og han ville gjerne gå fortast, han er tross alt storebror. Men på tur er det eg som passar på han...


søndag 21. januar 2018

Veke 3

Veke 3 i 2018 er straks slutt. Og eg skal finne bilder å dele med deg.

 På måndag pakka eg ut denne fine stettvasen (kvifor heiter det stettvase? Det er forsåvidt stett,  men vase?) som eg har gått. No treng eg berre småkaker å legge oppå.

I tillegg var vi ein tur i byen rett etrer jobb, fekk gjort nokre ærend,  kjøpt tulipanar -og vi åt middag på thai-restaurant. Vi var svolte,  det var kaldt,  latskapen tok oss, og der var utrulig kjekt å ha tid til kunne vere så impulsive !

På tirsdsg åt gi elggryta eg hadde laga ferdig på måndag. Fint å kome frå jobb og ga ferdig middag klar til å ete! Restane stakk eg innom til junior med. Han var på jobb, og syns ferdig middag var fint å få levert på døra.  


Så har eg brukt nokre dagar til å leite etter parasitter.  Då er det artig å finne slike fine typer! 


Trur dette er mitt nye motto!  ...men usikker på om eg har det i meg...

Vi har hatt jubileum. 26 årsjubileum for sangoktetten mannen syng/sang i. Uansett om dei ikkje er så aktive lenger, er det jubileum -kvart år! Med sang, mat, prat, latter,  kaker og rangling. I år også med escape-room og lunsj på kafé.  Og middag hos oss for 16 stk. Kosa meg med å pynte bord. Maten var bestilt og andre hadde med kaker, så eg hadde det enkelt.

Nokre gjestar overnatta, og då vart det brunsj og tapasrester på søndag. 

Og kveld vart det togtur til Romsdalen igjen. Kaldt og skikkeleg vinter på togbyttet på Dombås.  

Det var i grove trekk denne veka. Bilder litt hulter til bulter, frå nesten alle dagar.  No klar gir veke 4!

mandag 15. januar 2018

Veke 2

Det er alltid litt spennende å lage seg nye prosjekt, som dette med eit bilde for kvar dag, for huskar eg det? Tek eg bilder som er interessante og brukbare? Og det krever litt for meg, maksimalisten, å halde meg til eit bilde...for av og til har eg mange ting eg vil dele! Men det får eg ta i eigne blogginnlegg.

Og det kan hende at vekestarten, med dikt, blir sett litt på pause framover. vi får sjå.


Det har lett for å bli mykje kjøt i jula, så måndag den 8. slo vi til med  stekt torsk med chorizopølse og ertepure. Det var godt det! Oppskrifta
fann eg hos Mat på bordet

På tirsdag var eg på kurs om timeføring og slikt.Kanskje ikkje så spennande, men nyttig.
Sist veke hadde eg med meg ein nevø som hadde arbeidsveke på jobben min. Han fekk prøvd litt ulikt, og ikkje minst uvant! Men han takla fint både det eine og det andre. 


"Elg i solnedgang"
Onsdag møtte vi ein stor elg då vi skulle på skitur.
Heilt greit å sitte i bilen og sjå på! 

Torsdag var vi på konsert med junior og bandet han spelar i.
Vi drog opp snittalderen på konsertpublikum.
Bra konsert! (og stolt mor)

Fredag køyrde vi til Romsdalen. Biltur med innlagt middagspause, lefse til mellommat i bilen og "Klassisk vorspiel" på NRK klassisk.
Og vi måtte vente litt på ferga. 

Januarlyset, altså!
Det var altså så fint i januarsola rett før den gjekk ned
på laurdag ettermiddag. Kvite fjell og raudt uthus. Og vi feira pappa
sin 88årsdag, litt på forskot.

På søndag var eg innom dette huset og tok litt farvel.
No kjem det nye eigarar, og det er litt rart, for her budde Gudrun og Erling
og eg var masse på besøk då eg voks opp. Det er lenge sidan dei døydde, men
det har vore kjentfolk der etterpå. Kanskje eg blir kjent med dei nye også?

torsdag 11. januar 2018

Veke 1

Eg var innom bloggen Petrus og Petrine, ho hadde ei plan om eit bilde for kvar dag i 2018. Og eg vart inspirert! Har eg eit bilde for kvar dag, mon tru?

Frukost 1.nyttårsdag

2.januar Skitur.
Det har vorte nokre slike bilder i det siste. Fint!

Kontorutsikt 3.januar

4.januar vart det visst berre ein skjermdump av eit
vinterdikt av Hans Børli
5.januar hadde vi pinnekjøt

6.jabuar var det ny skitur

7.januar kom "Cora", og det var dårleg sikt ut kjøkkenglaset
Kanskje eg skal prøve med dette i veke 2 og?

mandag 8. januar 2018

Det er over!

Jula er over.

Ikkje meir sein, lang frukost med både sild og sylteflesk, julebrød med brun ost og havrekjeks med edamer. Og ei kanne te.
Ikkje meir frukostdessert.
Pinnekjøtt, ribbe, laks, kalkun, alt er over no. Dronning Maud-fromasj og karamellpudding er historie. Julekaker og delfiakake midt på dagen. Kransekakestenger og konfekt før middag. Kveldsmat med alt godt!
Skiturar på dagtid. Julehefter og nye bøker, lese til langt på natt.
I helga hadde vi "juleavslutning", begge ungane heime, vi hadde pinnekjøtt og jordbær med vaniljekrem. Lefser og smultringar.
...og trange bukser!
Konfekt midt på dagen!
Men no er det slutt! Ungane er ferdige med juleferien, vi er to igjen i heimen. Eg veit kor mange som er i huset når eg legg meg, og kan stole på at det stemmer når eg vaknar på natta. Eg veit omtrent kor mykje mat eg har igjen. Julepynten er pakka saman, og stort sett sortert. Eskene er tilbake på loftet. Det er betre plass i stova og mørkare utan stjerne i vinduet.
Vi er snart ferdige med julematrestene, julebrødet er oppete og tomatsilda syng på siste vers. Eg har rydda i julegåvene eg fekk, og ser igjen golvet på kontoret.
Det er vemodig og godt på same tid!

Denne julepynten hang igjen når alle kassene var vel plassert på loftet...
Ein slags tradisjon det og, at noko blir gløymt!

All den fine pynten, men den må pakkast ned!

Idag hadde vi stekt torsk med ertepure og choritzopølse til middag. Fantastisk godt etter all kjøttmaten!


Eg er klar for kvardag. Jobbing, døgnrytme, rutiner!
Men det blir vel jul i 2018 og?! Heldigvis er det lenge til, mange gode kvardagar, ryddig måltidsrytme og treningsøkter!

fredag 5. januar 2018

Årets første fredag

I kveld er det stille i stova. Trur vi er slitne etter å ha jobba hardt for å kome tilbake til kvardagen!  Eg treng iallfall helg no.

Juletreet står enno, og skal få stå til søndag. I morgon skal vi avslutte  jula med sjølvsalta og sjølvtørka pinnekjøtt og jordbær til dessert. Pinnekjøttet ligg i vatn no, og vi har igjen fløte frå jul (som eg håpar ikkje er sur) som blir saus til jordbæra. Begge sonene har sagt dei skal kome, det blir stas!

Det er i det heile mykje mat i jula,  og dermed mykje restar.  Vi har hatt diverse varianter av restemat, og eg trur vi har tatt godt vare på det meste!  Pizza med kylling- og osterestar. Ribbe med wokgrønsaker.  Julepølse med rotmos. Idag pai med litt tørr edamerost,  diverse løk og juleskinke.

Restepai

I morgon blir det pinnekjøtt

Dei fleste julekakene  forsvann  då mannen hadde besøk ein kveld. (Men det er delfialake og lefser i fryseren!) Og eg meiner det skal ligge eit julebrød i fryseren,  som eg skal ta fram I morgon når minstemann kjem heim frå nokre dagar i København.  Då blir nok han glad!

Det blir bra med kvardag i matveien.  Og elles i livet. "Ordning og reda", fast rytme (eller iallfall nesten) og gulrot som snacks i matpakka.
God helg!

tirsdag 2. januar 2018

2018

Nytt år og nye, blanke ark. Men av og til kjennes eit nytt år overveldende. No gjorde det det. Alt frå 2017 er ikkje ferdig, det er mykje som blir med meg over. Av bekymringar og uro. Ting eg ikkje skriv så mykje om. Utfordringar, sjukdom, planer. Både gode og mindre gode ting. 
Så då rakettane gjekk i lufta på nyttårsaften var eg litt bakpå.  Litt usikker på !m eg trong eit nytt år, sidan eg ikkje var ferdig med 2017, på ein måte. .. Litt blå i humøret, rett og slett!


Men så fann eg dette diktet. Eit dikt om nytt år, ny start, eit nytt år som legg seg over det gamle. Kanskje blir det ikkje så verst? 

NYTTÅR


Eit nytt år
la seg over det gamle

eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos
over berrfrost og skare
over alt livs
sprukne hud

det dreiv forbi
i ein augneblink av sanning
det berre kviskra over markene
sveva gjennom skogholta

la seg til ro
som ei uventa von
som ung nåde
over ei gamal jord

Fader Arnfinn Haram


...eit lett lag av nysnø
ein duk av ljos...



Godt nytt år! Der du er, med ditt liv. Måtte det bli så bra som råd, for oss alle.