søndag 31. juli 2016

Vekestart veke 30

Eg lærer stadig noko nytt, om båtlivet, men óg om andre ting.
Om å vere mor feks. Til to soner som er over 18 år, som lever sine eigne liv. Den eine er i militære, utanfor dekning for tida. Eg lærer tålmod...og å stole på både son og autoriteter. Den andre er heilt klart innanfor dekning, men strekker tålmodet lell om prøvar å vere autoriteten.
Eg øver meg på å leve med ryggen som ikkje gjer som eg vil alltid. Eg må tenkje nytt om fleire ting der, som aktivitet og kvile. Eg har funne ut at eg kan gå langt om eg går sakte. Og eg kan plukke bær, om eg plukkar få kvar dag.
Eg lærer noko nytt om å vere i storfamilie, om roller og livet. Om livets gang, på godt og vondt.

Tau er viktig i båt

Og eg lærer om båt, om segl, om fokk og vindretningar. Om eg har lært meg å segle enno, veit eg ikkje, men eg plukkar stadig opp noko nytt. Eg klarer eit fleirtal av gongene å snu båten i rett retning, eg veit når det er medvind og motvind, eg les fart på gps-apparatet. Eg kveilar tau, eg fortøyer båt, eg dreg inn skjøter og brukar vinsj. Men eg er ikkje sjømann, enno...

Sjømannen ber ikke om medvind. Han lærer seg å segle. Gustav Lindborg
Ha ei strålande veke!
Eg skal i gang med den tredje veka etter ferien, eg har nesten snudd døgnet tilbake på rett kjøl(sjå der, sjølivet blandar seg inn). August er her i morgon, kanskje med eit lite drag av seinsommar? Men eg satsar på varme dagar og fløyelsmjuke kveldar!

"Noen ganger er det alright"

torsdag 28. juli 2016

Blåbærskogen

Det er blåbær i skogen, i mengder! Den er akkurt vorte moden, så det er mange fine turar og god smak å glede seg til. Eg har bestemt at i år skal eg berre ha med små bøtter å plukke i, slik at eg ikkje overdriv for ryggen. Det får heller bli fleire turar!
Min indre hamster blir veldig ivrig med tanken på at det er massevis der ute som kan plukkast og syktast og leggast i frysaren! Eg har allereie jordbær og bringebær på plass, i fint merka beger. (men den er ikkje meir sjølvplukka enn på butikken)

 
Det er ikkje så dumt å ta seg tid til å sjå dei små detaljane når ein er ute på tur, som denne fine sommarfuglen midt i blomsterenga.
 
Her er dagens fangst, ca 1/2 liter blåbær. Berre tenkt deg lukta av skog og blåbær..
Vurderte å putte bæra i frysaren...men...
Eg vurderte å fryse ned bæra og ha til vinteren, men


...det var syltetøy istadenfor. Ikkje så dumt, sjølv om den er historie no. Blåbærsyltetøy på brødskiva er godt, for ikkje å snakke om blanda med yoghurt naturell.


Og eg rakk heim før regnet kom! Og det kom kraftig...

tirsdag 26. juli 2016

Kan det vere arv?

Vi har båt!
Ein Hallberg Rassy på 29 fot frå 1985. Båten har vore på plass i over ei veke. No er masta oppe, riggen er klar, vi har vant og segl. Vi har hatt rev i segla på tur, og det har ingenting med at eg jobbar ved Veterinærinstituttet å gjere. Ikkje noko med Ylvis og "What does the fox say?" heller. Eg utvidar ordforrådet kvar dag; det går i stag og fokk og knop. Nautiske mil og nye knutar. Segle på kryss? Ikkje noko problem, men å forklare det er verre...
Vi har segla i vind og stille(eller då var det vel eigentleg ikkje segling?) Vi har hatt oppe segla fleire gonger, både med hjelp av støttekontaktane(hurra for naboar som kan segla og har tid til å vere med på tur) og åleine. Eg veit forskjell på storseglet og fokka. Vi har lagt til og frå kai, det første er verre enn det siste. Men vi har gjort begge deler og framleis vore vener etterpå. Det er jo laga både filmar og sangar om kor ille det kan gå. Båt er ein slags ekteskapstest! Eg hoppar ikkje i land når det er meir enn ein meter til kaia. Eg hoppar ikkje i det heile, eg stegar i land, og eg knytter fast båten.

Ut på tur! Både storsegl og fokk oppe.

På sikt skal eg lære meg å legge til kai sjøl også. På sikt. Enno kan mannen få øve meir, med meg som sidekommentator og synsar. Men slik i tilfelle mannen ein dag får bommen i hovudet, må eg vel kunne å legge til kai.

Mannen syns eg lærer fort (snill mann som forstår at det er smartare med ros enn mas!)

Ved roret!
Og no lurer eg litt på kvar sjømannskunnskapen min kjem frå. Kan det vere arv?

Bestefar(morfar) hadde rutebåt; MB "Vega". Han gjekk mellom Eidsbygda og Molde på 30talet og under krigen. Han måtte nødvendigvis kunne å legge til kai og fortøye.
Då han vart eldre, rodde han ofte på fjorden for å fiske til eige bruk. Han røkte fisk og laga tørrfisk. Då mamma var lita, hadde ho eit styrhus frå ein gamal båt som leikestove.

Solnedgang i Trondheimsfjorden

Oldefar(på den andre sida av slekta) sydde klær og rodde/segla fra Romsdalen til Lofoten på vinteren for å selge under Lofotfisket. Det er eit godt stykke!
Då han skulle bli far for tredje gong, tok han med sonene på 5(som vart min bestefar) og 3 år på fisketur. Då dei fekk ein fisk, brukte han den same fisken gong på gong, utan at sonene oppdaga det, slik at gutane glade og fornøgde kunne dra fisk, og vere tålmodige slik at dei kunne vere ute lengst mogeleg. Eg veit ikkje kor lang tid det tok, men tilslutt gjekk dei i land og fekk møte veslesøster Solveig.

Pappa segla, som tidlegare nemnt, i ung alder. Han var på sildefiske ved Stadt fleire vintrar på 50talet. Og dei siste åra har han fiska mykje i fjorden heime. Og saman med pappa har eg sett mykje garn i fjellvatnet ved hytta. Eg har lært meg å ro i rett fram, for fisken gjekk ikkje på garn som står skeivt, så vidt eg forsto. Og han prøvde å lære meg gode knutar å knyte fast båten med. Dei sitt dessverre ikkje som spikra i hukommelsen.

Teakbestikket er arv etter tanta Marwild,
og det er ho som har måla koppen min.

Eg har hatt onklar som fiska. Huskar godt då eg fiska med onkel Iver og vi fekk storsei på 8-9 kg. Eg var kanskje 10 år, og fisken virka like lang som meg og eg var litt usikker på om båten ville velte. Stolt fekk eg med meg fleire fiskar heim til mamma.
Eg fiska med onkel Kåre også. Han lurte på kva fisk eg ønska meg til middag, eg sa "aure". Så dorga vi langs eit nes, og vips, der beit auren på! Truleg mest flask, men eg var mektig imponert! Så sette vi kurs til hytta deira og fisken vart stekt av tante Marwild og servert med nypotet med eit dryss av dill (som eg ikkje likte, men det gjorde ingenting akkurat då) og rømme. Eigentleg fortener den hytta eit eige blogginnlegg, for der var eg mykje og levde som ei prinsesse!

Fjorden eg voks opp ved.
Det går an å ha båt her!
Eg har vakse opp ved fjorden. I ei rekkje av bønder som fiska til eige bruk -for å ha mat. Båtlivet var nok meir nytte enn kos, sjølv om eg mistenker at enkelte kan ha rodd seg ein tur ein sommarkveld av rein glede.
Vår båt skal vere meir kos enn nytte. Det er planlagt at den skal virke blodtrykkssenkande og gje lave skuldre (altså må vi øve meir på å legge til) Vi har hatt ein test, med lunsj i båten, tekopp og aviser. Det var særdeles avslappande! Vi skal samarbeide om å segle, sakte i solnedgangen og litt kjappare i solgangsbris. Egg og bacon i morgonsol, og kanskje ein fisk i solnedgangen? Då kjem det godt med at eg har så gode sjømannsgener!
Son i solnedgang og stille sjø

lørdag 16. juli 2016

Kan det vere alderen?

Eller har eg berre vorte vaksen? (då er det vel og alderen...)

I sommar har mannen og eg vore på fleire bilturar, utan barn, slikt skjer når dei såkalla "barna" har passert 18 og heldigvis har eigne liv og eigne interesser. Det har vore riktig så trivelege turar vi har hatt, både heilt til Austlandet og ein liten instantferie til Nordmøre. Vi har kosa oss!

Men noko har skjedd, vi gjer heilt andre ting enn før. Den som sit i passasjersetet har kartet framme, og følgjer nøye med på fjordarmar og fjell og vegnummer. Vi har med mat og drikke, og kan ta pauser når det passar(og det gjer det stadig vekk for ryggen min) Vi høyrer radio, og vi pratar. Eller det er heilt stille.
Meisingsetvågen

Og vi køyrer omvegar fordi det såg så fint ut i den vika der nede, kan vi kome oss dit? Og der ser vi ein annan veg, eller ei ferge langt ute i fjorden og vi legg planer om ein ny biltur seinare. Då kan vi køyre der, og over dit, og så får vi sett... Jada!
Og vi har køyrt fleire mil omveg for å kjøpe ost, og ein god is vi hadde fått anbefalt og som dei hadde på same gardsutsal. Når vi først var der, i Torjulvågen, fulgte vi vegen heilt til endes, for dette var ikkje ein stad ein køyrer gjennom, hit køyrer ein og snur.


Vi har stoppa og sett på utsikta, og kommentert at det hadde gjort seg om dei tok ned skog, slik at vi hadde sett fjorden og ikkje berre tre. Vi stoppa nesten i eit grustak, for det gjorde vi alltid når eg var lita. Turen er ikkje berre for å kome til målet, vi har  tatt oss litt meir tid i sommar!
Kjærestepar i over 25 år ...

Kan det vere alderen?
Og gjer du slike ting?

mandag 11. juli 2016

Vekestart veke 27

(Det er nok ikkje slik at det er eit innlegg som har vorte borte, men eg har visst vorte litt sløv i sommarværet og hoppa over ein vekestart)

Dagen innlegg kunne heitt fleire ting, eg har ulike arbeidstitlar klare:


  • "Å nei og nei, hva har vi gjort!?" (Pappa har eit godt øyre for gode uttrykk, og adopterer gjerne noko han høyrer. Dette vart sagt av onkel Kåre, ein sindig og snill mann. Men bakgrunnen for dette utsagnet var då han hjalp pappa å bygge hytte, og ved ein feil hadde kappa fjølene for korte. Det er også han som står bak uttrykket "får aldri sånt hjemme" om noko godt han fekk servert ein gong han var på besøk)
  • "The things we do for love" (her er mannen redd han skal komme dårleg ut, og at eg skal framstå kun som offer for tvang, men det stemmer ikkje, meir om det seinare. Men altså, det er kjærleik innblanda her!) 
  • "Admiralen", som er mitt nye kallenamn i gata. Eg har fått namnet av naboen. Litt usikker på korleis eg skal ta det. Mannnen går under namnet skipper.
Men eg trur eg held meg til vekestart, som vanleg. 
Grunnen til alle alternativa for overskrift er at vi har kjøpt båt! Seglbåt. 29 (for meg) ukjente fot. 31 år gamal. Pent brukt. Kjelde til mykje grubling. 
Det må seiast at vi har grubla på førehand også. Særleg mannen. Han veit både kva dei ulike segla heiter, kva dei ulike romma blir kalla og forskjell på styrbord og babord. Han har vore i seglbåt før. Han har lese båtblad og fulgt med på finn.no i fleire år. Han har rett og slett hatt lyst på båt.
Det er masse lesestoff å velge i! Eg kjøpte ikkje noko...
Eg derimot, har ikkje hatt så lyst på båt. Men no tenkte eg at det var vel på tide at vi prøvde noko nytt. Og spurte om mannen hadde lyst å vere med på det. Mannen var ikkje vanskeleg å overtale, så no har vi gjort det. Funne eit felles prosjekt. Litt av ferien gjekk til austlandet, der det var båt til salgs. Vi kikka inne og ute, eg har sett mitt første kjølsvin og vi fekk ein prøvetur. I øsande regnvær og vindstille. Vi var så fornøgde at vi sa "denne vil vi ha!"
Så no ventar vi. Mannen organiserer transport. Eg har sett på redningsvest. Mannen leitar etter båtplass, eg funderar på kva som er den beste tekanna om bord i båt. Mannen ordnar ein del andre praktiske ting, eg lurer på om eg treng nye sko. (Det er ikkje riktig så ille som det høyrest ut, vi har mykje samarbeid altså! Idag har vi kjøpt kart, eller kva det heiter når det er båt og fjord det er snakk om) Eg har funne fram teakbestikket, og tenkjer at det vil gjere seg godt ombord i ein båt med fint treverk innvendig!


No ventar vi på å få båten frakta til Trondheim frå Asker, vi fann ut at det ville vere vel ambisiøst å segle den heim som første tur. Vi håpar på båtplass. Vi håpar på god seglevind, eg håpar på litt mindre enn mannen. Eg er spent på om vi får til overnattingstur, om det er greit å lage mat ombord og bittelitt på om eg vil lære meg å segle nokongong... 

Mitt forhald til segling deler seg mellom pappa si historie frå han var liten og ein sang av Odd Børresen. 
Pappa voks opp ved fjorden, som eg gjorde. Han hadde bestemor på andre sida av fjorden, og ein dag segla pappa , som var 6 år, og kompisen som var eit par år eldre, på besøk dit. Dei sette segl på ein færing(og her er kunnskapen ikkje heilt på stell, men eg reknar med eg får tilbakemelding om dette er feil, og så kan eg rette det seinare) Det var frisk vind, slik historia fortel det, og då dei kom fram, var bestemora ganske bestemt på at dei fekk ikkje segle heim igjen. Ho beslagla seglet, og pappa fekk det ikkje igjen før han var over 70 år... Er det rart eg har vore skeptisk til segling?! 

Odd Børresen har ein meir laidback versjon av segling, i denne sangen: 



Sjømannsvals

Tekst: Odd Børretzen          

Det æ’kke lett å begynne, men dette er første vers
Av en vals om en seiler som seiler med vinden på tvers
Ikke hvilken som helst seiler, det her er en vals om meg selv
Som seiler med skjøtene slakke på livets elv

It’s a big old world, and we all have to live our lives
Only one thing’s for sure, that none of us comes out of it alive
Jeg elsker å seile og seiler så seint det går an
For turen tar slutt når du kommer til land

Livet er kjølig og mørkt som grumsete vann
Det gjelder å holde seg flytende så lenge man kan
Vi lever i livet og verden er farlig og våt
Du er bare trygg så lenge du sitter i båt

Jeg elsker å seile og vil ikke bruke det opp
Jeg har ingen hast med å nå til den helt siste topp
Det er en ting jeg ønsker å gjøre i båt før jeg dør (yes sir, yes sir)
Å elske min kone på dekket mens vi seiler slør (med vinden på tvers)

Det æ’kke nødvendig men kjekt å ha gitarist
Som sitter bak masta og speller når livet blir trist
Som sagt, ikke akkurat nødvendig, inte als, inte als –
Men når’n nå først er der, så kan du be’n om å dra en C-dur som langsom vals

Eg vil gjerne segle sakte, eg kan godt ha gitarist bak masta. Eg har mykje å lære! Eller, vi har mykje å lære. Om båtliv og livet elles. Det skal bli fint! 
Vi skal på tur! Men den første dagen får det halde å sitte i båten... 
Båten og admiralen(og eg er ikkje så sur, det var litt skarpt lys)
Ha ei strålande veke, med eller utan båt og nye og gamle prosjekt!