onsdag 28. februar 2018

Vinteren er ikkje over!

Det er kaldt ute. Meir enn det har vore vanleg på mange vintrar. Så ille at avisene skriv om korleis du skal kle deg for å halde kulda ute. Så kaldt at det blir advart mot å gå lange fjellturar (ingen fare, eg held meg i siviliserte strøk!)
Det er kaldt. Men fint på ein måte også! Gnistrande snø, ikkje glatt, sol, blå himmel.

"Neglebet", seier gradstokken. Eg vil nesten strekke
meg til "kjøle kalt"!

Men eg skal innrømme at eg var ikkje veldig glad for kulden idag tidleg, sidan eg kjekt hadde sagt at eg ikkje trong bil, men kunne gå til jobb.

Klar for gå-til-jobben, i februar


Eg hadde ull innerst, ull i mellom og vindtett utapå og dunjakke. Lue og vottar! Gode sko. Og ganske god tid!

Å kome heim til dette er likevel det beste med dagen! Deilig!




tirsdag 27. februar 2018

Då er det berre eit halvt år igjen....

Tida flyg! Og eg syns ikkje at eg flyg, eg er ganske så roleg av meg! 

Men idag, då eg skulle sjekke temperatur i alle varmeskap på jobb, det gjer vi kvar dag. For kvar skåp noterer eg klokkeslett og dato. DATO! Då eg skreiv datoen innsåg eg at det er berre 6 måneder igjen til eg blir 50 år... Klisje, men når skjedde det??? 

Dame (49) har akkurat innsett at det berre er eit halvår igjen til 50

Jaja, det er berre å ta det med eit smil! Og for all del ikkje bli fornærma over kollegaen, som knapt er 30, som seier at "50, då ER du vaksen" (klokt av henne å ikkje bruke ordet gamal!)

mandag 26. februar 2018

Veke 8

Eg er alltid spent når eg skal sjå tilbake på sist veke, har eg tatt bilder kvar dag? Og kv har eg fotografert? Er det berre skituppar og sol og snø, eller er det meir om kvardagen min?


Måndag var det jobb. Måndagar er lange og litt tunge å starte. For å hjelpe meg sjølv igang, vart det blomstra skjørt og rosa sko! (og kvit frakk, alltid kvit frakk på jobb)


Tirsdag baka eg grove horn. Musikkjunior skulle på lang togtur, og det passar alltid med grove horn fyllt med ost og skinke på tur. Og eg fekk omløp på tørr ost og kokt skinke i kjøleskapet. Og ein salamirest.



Onsdag hadde eg fri. Det snødde. Det var nesten ikkje køyrt løyper, eg hadde skogen omtrent for meg sjølv. Det var perfekt!


Torsdag var nok ein vanleg dag, eg har ikkje tatt eit einaste bilde. Så her kan det vel passe med eit dikt?

(no hastar det)
no hastar det meir enn 
nokon gong med å ta det 

heilt med ro

Øystein Hauge



På fredag laga junior middag. Det var fersk pasta og ein langkokt tomatsaus med kyllinglår. Så godt! Og så greit å ikkje lage middag sjølv.


 Det blir nokre tur- og snø-bilder. Laurdag gjekk eg ein ganske lang tur eg aldri har gått før. Eg gjekk stader nesten utan folk (det var visst OL enno) Det var sol og snø og #mykindofmindfullness . Eg blir så glad av slike turar, det er energipåfyll. 
Særleg godt at eg ikkje visste at den fødselsdagsfeiringa eg trudde var på søndag, var på laurdag... Men det hadde eg ikkje oppdaga enno og hadde all verdas tid der eg gjekk åleine på tur. Eg rakk begge deler, med god margin.


Natt til søndag snødde det, masse. Og søndag var det mjuke, milde løyper å skli sakte fram i (sagt på den måten høyres det ut som eg har god teknikk. Det er nok ikkje sant, men det er betre å dette når det er mjuk snø!)

No er det straks slutt på februar, mars lyser framfor meg, med endå lengre dagar og meir sol(og kanskje litt russerkulde). Eg syns denne vinteren har vore fin, stabilt vær og lite slaps og glattis. Eg gler meg lell til varme og vår.
Eg har dokumentert litt meir enn skiturar, men eg kan forbetre meg på kvardagen, ser eg. Det får bli mål for denne veka. Kva tek du bilder av?
God måndagskveld til deg!

søndag 25. februar 2018

Jazzcamp og fullt hus

Ofte er det ganske roleg heime hos oss. Mannen og eg har stort sett oversikt over planene for dagen, og kven som skal kva, når. I profilen min står det tenåringsmor, men det gjeld berre 3 veker til. Då blir yngstemann 20 år, og det er litt rart... Men akkurat no får eg testa ut om eg enno er fleksibel og kan snu meg rundt i ein fei!

Musikkjunior har hatt vinterferie, iallfall slik av og til, denne veka. I morgon er det opptaksprøve for vidare skulegang, og dit er det fleire enn han som skal. Den som bur i nærleiken av slike opptaksprøver, kan drive ein slags jazzcamp eller "mors bed and breakfast m/øvingsrom og servering av middag" om ein vil. Og besøk og liv i huset er kjekt, så velkommen til oss!
I går kom ein ekstra kontrabass i hus, med musikar, og idag kom ein trommis med deler av trommesett (det heiter sikkert noko anna?) Vi har hatt elggryte til middag og til frukost var det eltefrie rundstykker. Alle skulle få enkeltrom, og kølapp til badet. I tillegg får eg gå til jobb i morgon, for eg driv visst utleige av bil også! Og det var jo litt dumt at det var akkurat no "lille, grønne lynet" fekk behandlingsstopp og er avskilta og ligg avkledd hos ein hoggar...

Etter ein samtale med ingeniørstudenten, som har hatt reunion med kompisar frå militære og gått på toppturar heile helga, har vi gjort om på romfordelinga. For han hadde tenkt å komme innom i natt, og hadde lovt seng til ein som skal ta første flybuss i morgon tidleg. Vi har altså utvida til bed and breakfast, (nesten) ski in/ski out. Godt vi har ekstra dyner, feltseng, brød i frysaren og hjarterom!

Og enno har eg igjen ein sovesofa og i verste fall ein madrass til å sove på stovegolvet, om du skulle vere i nød. Litt usikker på om huset kjem til å sove i natt, det kan vere dei første står opp før dei siste legg seg.


Men tidleg idag, då var det eg og ein bukett tulipaner i februarlyset! 


onsdag 21. februar 2018

Kva kan ein bruke onsdag til, eller instant vinterferie

Dagen starta med fellesfrukost, det er ikkje ofte.

Husmorpoeng?

Vi åt av horna eg hadde bakt i går kveld, før eg kjørte musikkjunior og kontrabassen til toget. Vi rakk toget, men ei lita stund lurte eg på om vi ville gjere det. Nysnø, dårleg brøyta, rushtrafikk (den er ikkje verdas verste i Trondheim, men det var nok av den) og den kjappast vegen var stengt. Mor fekk både blodtrykk og puls. Særleg då eg innsåg at det fanns ein betre veg, som vi ikkje hadde valgt, og vi sto fast... Vel, vi rakk det! Og junior forsto ikkje kva eg stressa med.

Kjøkkenutsikt. Kvite vidder på ein måte
(eller snø på taket)
Så kom eg heim att, og byrja følge med veldig aktivt på skisporet.no for å sjå når det vart kjørt skiløyper i marka. Men enten var det eg som var altfor ivrig og tidleg ute, eller så hadde løypesjåføren forsove seg (eller så hadde snødd så mykje at alt tok lenger tid idag) eg rakk både det eine og andre, i tillegg til avislesing, før eg fann ut at NO stikk eg ut same kva!

Skia inn i bilen og fram til ubrøyta parkeringsplass, eg såg nykjørte skispor og lukka var der! Nye spor, tom parkeringsplass og skogen nesten for meg sjøl. Kan knappast bli betre! Og eg som trudde alle andre hadde vinterferie og sprang i skogen kvar dag? Kan det vere at dei fleste er på jobb tross vinterferieveke, eller satt heime og såg OL på TV?


Parkeringsplass med god plass!

Eg møtte løypemaskina mange gonger i løpet av turen, men vi hadde ikkje avtala kvar eg skulle gå, så vi valgte litt ulik løype. Av og til hadde eg heilt ferske spor, eg var førstemann og hadde spikerfeste med felleskia mine! Andre gonger var det 10 cm nysnø, type florlett =silkeføre, som eg trakka meg fram i. Den var finaste i nedoverbakkane, men virka bra oppover også. Og eg kunne nyte å vere ute, åleine, rett nok i jamnt snøver, men pytt! Eg hadde vinterferie for ein dag, og tok det eg fekk!
Nykjørt spor

Eg lagar spor sjøl

Kvar eg var då vi tok medaljer i OL? Omtrent her. Eg syns det er stas med alle medajene, men eg har fått med meg høgdepunkta sjøl om eg ikkje såg det direkte.



Og når det er vinterferie, er det lov med sjokolade på ein onsdag!


(No skulle eg naturlegvis ha tatt på tiaraen idag, for å feire kongen sin fødselsdag, men det har altså glippa for meg. Eg får kome sterkare tilbake på fødselsdagen til dronninga!)


tirsdag 20. februar 2018

Veke 7

Februar går sin gang. Denne veka er det visst vinterferie rundt om, men ikkje for meg. Det er forsåvidt heilt greit. Ikkje var det vinterferie sist veke heller, men kva gjorde eg på? Her kjem nokre utvalgte øyeblikk.


Måndag. Då er det godt å kvile augene langt borte. Dette er utsikta frå kontoret mitt. Det er fasinerande å sjå korleis alt endrar seg med været og årstidene. Kanskje ikkje så godt å sjå her, men langt der borte er ei stripe med sol!


No kan det verke som alt eg gjer på jobb, er å sjå ut...  men dette er altså utsikt frå eit anna rom på jobb. Det er nesten som eit innramma bilde?! På tirsdag såg eg ut på den klare himmelen og røyken frå ei pipe.


Onsdag var det valentinsdagen. Mannen var i Oslo det meste av dagen, men han kom heim til meg før dagen var omme!


Torsdag gjekk eg til jobb, og fekk med meg denne soloppgangen!


Fredag hadde eg fri, men fullt program. Då vi kom heim seint på kvelden hadde det byrja å snø. Det var så stille som det kan bli i ein by ein fredagskveld. Lydane var dempa av snøen, alt var kvitt og mjukt. Eg kunne kjenne skuldrene senke seg!


På laurdag måtte eg rydde i blomstrane mine. Dei hang utover alt og mista bladene. Men denne kunne ikkje kastast utan å bli dokumentert først. Tulipanar atså! Først litt blyge og tilknappa, men så byr dei på heile seg! Særleg når dei får stå i sola.


Søndag var både musikkjunior og ingeniørstudenten heime, og vi hadde felles middag og kake! Skjer ikkje kvar søndag :) Dette var ein slags restekake etter fastelavnssøndag, fylt med rosiner og mandlar og marsipan og kanel og sukker. Og naturlegvis melis på toppen!

fredag 16. februar 2018

Fridag/fredag

Når ein ikkje arbeider full stilling, blir det fridag innimellom.  For å senke skuldrene og trene. Og gjere ein del ein ikkje rekk ellers, for trening er jo fordelt utover veka elles og.
Dagen starta hos fysioterapeuten.  Det verka som ein god ide å booke første time hos han då eg var der sist veke, men eg angra då klokka starta like tidleg som vanleg idag! Men opp og smil, og jammen blir det mykje igjen av dagen når ein ikkje søv lenge. Eg vart knekt, brekt og strekt, ryggen vart betre og eg gjekk ut i dagen.
Og dagen kom med sol! Skyfri himmel. Vinden som har herja dei siste dagane, og nettene, har roa seg.
Etter litt hit og dit, kom eg meg ut på ski. Ja, eg blir i betre humør av sol, snø og ski!

Laaange bein i vårsola



No skal eg til frisøren,  etterpå skal vi ut og ete middag før vi skal på konsert.
Det er visst vinterferieveke framfor oss, men den tida er over for meg. Musikkjunior kjem heim etterkvart, truleg med sekken full av skitne klær og trøtt etter 14 dagar på turné. Kanskje kjem ingeniørstudenten heim også?
Men helga skal eg nyte max, kanskje koke ei gryte bacalao? 

torsdag 15. februar 2018

Februarmorgon

Vi prøvar oss med berre ein bil for tida. Av og til (veldig sjelden) er det eg som må gå til jobb. Idag var det min tur å vere utan bil.
Det er ikkje så ille. Det gjeld å kle på seg, ha gode sko, lue og vottar.
No har det byrja å bli lyst om morgonen. Lyset er ein kant over Estenstadmarka. Og kjem meir og meir. Og det var så vakkert!

Å gå inn i soloppgangen er ikkje det verste! 

mandag 12. februar 2018

Veke 6

Måndag. Idag sjølvaste blåmåndag, faktisk. Ikkje rart det kjennest som ting går sakte idag. I morogn er det feitetirsdag, lurer på eg skal gjere noko med det. blir det svineknoke, mon tru?

Litt spent på om eg fotograferte kvar dag sist veke, vi får sjå.


På måndag tok eg surdeigen fram frå kjøleskapet og mata den, slik at eg skulle vere klar til surdeigbaking på tirsdag. Eg fekk surdeig frå kona til ein kollega av mannen, for omtrent 3 år sidan. Eg har den i kjøleskapet og det varierer kor ofte eg brukar den, og av og til går det lenge mellom kvar gong den får mat, men den er alltid villig når den får stell!


På tirsdag vart det baking. To rundar med surdeig, tilsaman 6 brød. Nam! Surdeigsbaking er baking for fridagar og tålmodige sjeler. Eg hadde fri, eg hadde tid, eg hadde andre ting å gjere innimellom, og eg kom i mål.


På onsdag snødde det, og vi gjekk på ski. Bildet er lell frå sofaen ut stoveglaset. Det er noko eg likar så godt med snøen som fell utover våren og lyset som er då. Det er heilt anna enn når det snør i november. Eg kan bli sittande å sjå på lyset og snøen lenge! "Intet så stille som sne" (ja, eg veit at andre syns det er meir enn nok snø der dei er, men i Trøndelag treng vi litt påfyll innimellom for å halde eit godt skiføre for oss som er litt redde for å dette i nedoverbakkane. Kunne tenkt meg 5 cm i natt feks, nokon som kan sende litt?)

Kva som skjedde på torsdag, huskar eg ikkje, men eg tok ikkje bilder.


På fredag var det julebord (heiter det julebord slik eit stykke ut i februar?) på jobb, og eg vann Kahoot-konkuransen. Skammeleg stolt, naturlegvis! Vurderer å bruke medaljen kvar dag på jobb!


Nydeleg sol (og iskald vind) på dagen på laurdag. På kvelden var vi i 50årsdag x2, og det var så kjekt at eg ikkje huska ta bilder. Vi hadde laga sang til jubilanten, og stilte med krone til henne og tiara til oss sjølv. Ein slik dag må ein stråle litt ekstra!



Søndag kom med morsdag og fastelavn og overnattingsgjester og ein sliten rygg. Ein hyggeleg dag med mykje mat, godt selskap og mykje avslapping.

tirsdag 6. februar 2018

Elgfest

Eg gløymte å legge ut bilde frå elgfesten som var på laurdag! Snakk om tabbe!

Eg tok ikkje så mange bilder, men dette skal du få sjå. Er det elgfest, er det berre rett og rimeleg med eit elggevir over kakebordet!

(og på kakebordet var det både romkake, bløtkake og ostekake!

Det var ein triveleg fest, hyggelege folk, god mat (ikkje så overraskande at det var elg til hovudrett kanskje?) og dessverre ikkje toradermusikk i år.

mandag 5. februar 2018

Veke 5

Takk for ni, januar. Velkommen februar! Med lengre dagar, meir lys og sol (iallfall her) og stabil vinter(håpar eg) med mange skiturar!

Vi hadde kjøttfri måndag (nesten) Eg tømte grønsaksskuffa for det eg fann, både sliten blomkål, slapp brokkoli og gulrøtter som var over toppen. Og løk og søtpotet og paprika. Kokte i buljong, mosa med stavmikser og vips! Middag! (det nesten kjøttfrie besto i at vi åt spekepølse til)

På tirsdag oppdaterte eg Mac`n, det tvinga seg fram, det tok kvelden (og delvis humøeret) og er nøye beskrive i eit eige innlegg. Men du verda, eg har ein kjapp og oppdatert mac no.

Onsdag hadde eg fri, og eg gjekk mellom anna på ski. Onsdag formiddag er ganske roleg i skogen, berre ein gjeng seige, eldre menn som var ferdig med langturen når eg skulle til å starte.


På torsdag fekk eg pakke på jobb. Den var forsåvidt venta, men merkinga lova ikkje godt...


Fredag (og alle andre dagar, omtrent) strikka eg. Eg kan forstå at dette skal bli ei jakke no, eg ser fasongen. Eg har byrja grua meg til eg skal klippe opp.... men enno er det ei sturnd igjen. Både resten av bolen og begge ermene. Og om du lurer, det er ei Bøvertunkofte.

 Slik var det på laurdag. Kaldt, sol frå skyfri himmel og snø. Postkort frå Trondheim!


Det er to bilder frå søndag. Eit frå Hemsedal, som viser korleis eldste junior hadde det i helga. Det ser jo riktig greit ut?
Og eitt frå konserten med yngste junior og turnekonsert med jazzlinja på Sund folkehøgskole. Ein flott konsert, eg er imponert.
Mor øver framleis på å gje slepp, og sender jo ungane både hit og dit (Berre tull, dei reiser både hit og dit utan hensyn til mor! Og dei klarer seg godt.) Men eg held hardt på retten til å mase, om mat og søvn og "kjør fint" og ta vare på deg sjølv og andre! Den retten kan ingen ta frå meg!


Ny veke er igang, eg er ganske klar og det er mykje å sjå fram til! (Jule)-bord og 2x50-årsdag, overnattingsgjester, skitur og vårblomster.
Ha ei god veke!