mandag 26. februar 2018

Veke 8

Eg er alltid spent når eg skal sjå tilbake på sist veke, har eg tatt bilder kvar dag? Og kv har eg fotografert? Er det berre skituppar og sol og snø, eller er det meir om kvardagen min?


Måndag var det jobb. Måndagar er lange og litt tunge å starte. For å hjelpe meg sjølv igang, vart det blomstra skjørt og rosa sko! (og kvit frakk, alltid kvit frakk på jobb)


Tirsdag baka eg grove horn. Musikkjunior skulle på lang togtur, og det passar alltid med grove horn fyllt med ost og skinke på tur. Og eg fekk omløp på tørr ost og kokt skinke i kjøleskapet. Og ein salamirest.



Onsdag hadde eg fri. Det snødde. Det var nesten ikkje køyrt løyper, eg hadde skogen omtrent for meg sjølv. Det var perfekt!


Torsdag var nok ein vanleg dag, eg har ikkje tatt eit einaste bilde. Så her kan det vel passe med eit dikt?

(no hastar det)
no hastar det meir enn 
nokon gong med å ta det 

heilt med ro

Øystein Hauge



På fredag laga junior middag. Det var fersk pasta og ein langkokt tomatsaus med kyllinglår. Så godt! Og så greit å ikkje lage middag sjølv.


 Det blir nokre tur- og snø-bilder. Laurdag gjekk eg ein ganske lang tur eg aldri har gått før. Eg gjekk stader nesten utan folk (det var visst OL enno) Det var sol og snø og #mykindofmindfullness . Eg blir så glad av slike turar, det er energipåfyll. 
Særleg godt at eg ikkje visste at den fødselsdagsfeiringa eg trudde var på søndag, var på laurdag... Men det hadde eg ikkje oppdaga enno og hadde all verdas tid der eg gjekk åleine på tur. Eg rakk begge deler, med god margin.


Natt til søndag snødde det, masse. Og søndag var det mjuke, milde løyper å skli sakte fram i (sagt på den måten høyres det ut som eg har god teknikk. Det er nok ikkje sant, men det er betre å dette når det er mjuk snø!)

No er det straks slutt på februar, mars lyser framfor meg, med endå lengre dagar og meir sol(og kanskje litt russerkulde). Eg syns denne vinteren har vore fin, stabilt vær og lite slaps og glattis. Eg gler meg lell til varme og vår.
Eg har dokumentert litt meir enn skiturar, men eg kan forbetre meg på kvardagen, ser eg. Det får bli mål for denne veka. Kva tek du bilder av?
God måndagskveld til deg!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar