Viser innlegg med etiketten monster. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten monster. Vis alle innlegg

søndag 6. januar 2019

13.dag jul

-og her står jula godt enno.

Igår hadde vi årets første ribbemiddag, evt julas første ribbemiddag. I sjølvaste jula var vi så mykje her og der, at det vart ikkje tid til ribbe, og sidan gtutane skulle reise idag, fann eg ut at om det skulle bli ribbe, måtte det bli no. Eg brukte NRK si oppskrift på langtidsstekt ribbe. Byrja kl 9 på laurdagen, og vi sette oss til bords kl 17, så det var ikkje fort gjort. Men det var godt gjort, og mesteparten av tida gjorde eg lite eller ingenting med kjøtet. Saftig og god ribbe, mandelpotet og saus og surkål. Då kan eg krysse av det på julematlista også denne jula!
Ribbe

Du veit det er lite kaker igjen,
når du velger veldig små fat å servere på!

Idag har gutane pakka saman tingane sine, vi har ete litt meir vanleg middag og det er lite igjen av julekakene etter dagens kaffe. Juletreet står, men huset er stille og stort etter at dei reiste!

Vi har hatt ei fin jul saman!
Men no skal det bli godt med kvardag også! Og netter. Der eg kan stå opp og gå på do kl 04.30  utan fare for å møte ukjente i gangen, akkurat den der krev litt tilvenning kvar ferie. Kven er på besøk her, og kor lenge sitt dei? Dei er stort sett stille og greie, men eg kjenner meg ikkje trygg på at eg kan stå opp og gå farefritt på do før etter kl 06.00... Eg blir også litt furten når eg vaknar kl 4 og bilen ikkje er heime igjen. Eg kan finne på å sende ei melding og lure på kvar den -og sjåføren- er hen. Frukostane derimot, dei er rolege, eller veldig seine! Eller dei heiter brunsj. Ofte foregår dei utan husets yngste også.
Det heiter mammalivet og det er mammahjertet som dunkar, men det kjem litt i konflikt med at sonene er ganske vaksne og vant til å leve sine eigne liv. Vi finn ut av det! Eg er ikkje like streng på at i mitt hus gjeld mine reglar lenger, for eg treng ikkje passe på slik som før. "har du huska lue, og vintersko? Vær forsiktig! Det er glatt, det regnar"+++ slikt veit dei stort sett. "Har du huska å ete, når kjem du tilbake? Kven skal du treffe?" Akkurat desse spørsmåla har nok falle i løpet av jula. Fleire gonger. Muleg til irritasjon for den yngre garde? Eg har ikkje alltid fått svar, for å seie det slik. Eventuelt fått litt svevande svar.


No er det kvardag for alle, eg har til og med jobba fleire dagar i det nye året. Kvardag er fint, med grovbrød og skinke, havregraut til frukost, fleire fiskemiddagar og betre rutiner. Det krever berre litt å kome inn i dei rutinene...

Og snart ein dag skal juletreet ut!

onsdag 15. august 2018

Mindfullness i august (not)

Du veit ho dama på butikken,  ho med 3 lange lister i hånda med alt ho skal handle, mord i blikket og ein stakkars mann som kjem etter med full handlevogn?

Der har du snart meg!

Eg har liste på liste, vaknar og tenkjer på blomster og bordkort, "vi skulle jo hatt ein seglbåt på bordkorta"!, plagar mannen med spørsmål om kaker og meny og lurer stadig på kva eg har gløymt. Noko må det vere?

Det er berre litt over ei veke igjen, så feirar vi dag!

Det roar seg litt, men eg blir forundra over kor engasjert og forvirra eg blir over alle val og problemstillingar... Eg er ikkje den coole dama som tek alt på strak hand! Same kor mykje eg ville likt å late som om eg er det. Eg får øve, slik at til neste runddag eller anna storselskap skal eg framstå som Mindfulnessens dronning! (kanskje)

Men eg har kjole klar, og sko og eg har klipt meg. Og snille frisøren slo til med massajestol og hodebotnsmassasje og god, god tid. Ho har nok sett stress før!