Eg tenkte eg skulle skrive litt om livet idag, for "noen ganger er det alright" og andre gonger ikkje.
Måndag hadde eg fødselsdag, eg innrømme glatt at eg likar å lage selskap og feire! Fullt hus, store gryter, latter og alvor, prat og rot (og så likar eg når huset er tomt etterpå, det heng framleis i at huset vart rydda til selskap, kjøleskåpet er fullt av restar, det ligg twistpapir under sofaen og eg kan sette meg ned og sjå ut i lufta) Eg er så heldig å ha ein del av slekta i nærleiken og dei kjem når eg inviterer, så på søndag var det ekte søndagsmiddag med elgsteik og tyttebærsyltetøy. Så pratar vi, legg litt planer for nye treff, vi funderar på korleis det ville vere om vi bytta jobb for ein dag eller to(vi har m.a. kokk, lærar, sivilingeniørar, bioingeniør, sjukepleiar, byggingeinør og nokre studentar og skuleelevar) og vi bygger lego! Vi bygger meir på familiehistoria vår, og dei små blir kjent med dei store, og omvendt.Det var ein alright dag!
No er festen slutt, det er ikkje kake igjen... |
Idag er det fredag, det er sofa og god tid, pasienten er vel heime hos seg sjøl, mannen er på guttetur, eg er i sofaen med beina høgt før eg skal kjøre ungane på fredagssamling, og i morgon skal eg ha "sykurs" for nieser og søster! Jaja, dei stiller vel med velvilje og tålmod? Gler meg til jentedag! (Tenåringane mine meinte dei skulle finne på noko som innebar at dei ikkje skulle sy!)