fredag 31. august 2012

Livet

Er det ikkje Odd Børresen som seier han vil skrive ei vise om livet? Som fan av Odd, syns eg han har greid det godt, "Noen ganger der det alright!" er ein fin sang.

Eg tenkte eg skulle skrive litt om livet idag, for "noen ganger er det alright" og andre gonger ikkje.
Måndag hadde eg fødselsdag, eg innrømme glatt at eg likar å lage selskap og feire! Fullt hus, store gryter, latter og alvor, prat og rot (og så likar eg når huset er tomt etterpå, det heng framleis i at huset vart rydda til selskap, kjøleskåpet er fullt av restar, det ligg twistpapir under sofaen og eg kan sette meg ned og sjå ut i lufta) Eg er så heldig å ha ein del av slekta i nærleiken og dei kjem når eg inviterer, så på søndag var det ekte søndagsmiddag med elgsteik og tyttebærsyltetøy. Så pratar vi, legg litt planer for nye treff, vi funderar på korleis det ville vere om vi bytta jobb for ein dag eller to(vi har m.a. kokk, lærar, sivilingeniørar, bioingeniør, sjukepleiar, byggingeinør og nokre studentar og skuleelevar) og vi bygger lego! Vi bygger meir på familiehistoria vår, og dei små blir kjent med dei store, og omvendt.Det var ein alright dag!
No er festen slutt, det er ikkje kake igjen...
På måndag kom kvardagen utan festkjensle, då nokon vi kjenner kom i full fart med helikopter til sjukehuset i byen, brått var det ikkje ein alright dag! Det vart organisering og bekymring, men også samhald! "Korleis kan vi hjelpe til? Kva trengs?" Telefonen vart flittig brukt. Vi er så heldige at vi bur nært sjukehuset, og kan vere litt "pasientven". Etter litt om og men har pasienten fått god hjelp på sjukehuset, vi har senka skuldrene og det ser ut til å gå bra.

Idag er det fredag, det er sofa og god tid, pasienten er vel heime hos seg sjøl, mannen er på guttetur, eg er i sofaen med beina høgt før eg skal kjøre ungane på fredagssamling, og i morgon skal eg ha "sykurs" for nieser og søster! Jaja, dei stiller vel med velvilje og tålmod? Gler meg til jentedag! (Tenåringane mine meinte dei skulle finne på noko som innebar at dei ikkje skulle sy!)

5 kommentarer:

  1. Jeg kjenner meg igjen i det du skriver. Jeg har også stor familie og sjøl om ikke alle bor i nærheten, er det mange nok her til at det blir mange som feirer geburser og gjør andre ting sammen. Det setter jeg mer og mer pris på. Og så er det godt å være flere når det skjer noe, som dere har erfart nå.

    SvarSlett
    Svar
    1. Å ha familie rundt seg er kjekkare og kjekkare, og ser at dei fleste prioriterar bursdagar etc.Trur det er viktig og godt å ha det nettverket!

      Slett
  2. Liker at du skriver på nynorsk. Jeg legger ut en del innlegg på dialekt og er usikker på om dette egentlig treffer alle leserene. Jeg kunne gentlig ikke brydd meg mindre for dilaekt gir meg en mulighet å leke med ord som ellers hadde vært vanskelig. Jeg følger nå bloggen din.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt at du følgjer! Eg skriv nynorsk og bokmål om kvarandre i jobben, men sidan nynorsk er "hjartespråket" og nærast dialekta mi er bloggen rein nynorsk! Har ikkje fått negative kommentarar på det:)

      Slett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett