mandag 31. oktober 2016

Vekestart veke 44

Måndag. På tide å oppsummere litt og sjå litt framover. Litt status, rett og slett.
Sist veke var eg på kurs. Lokal lønnspolitikk, ny lønnspolitikk i staten og arbeidstidordningar. Skikkeleg hæla i taket? Ja! Iallfall nyttig og lærerikt, og med god tid til å snakke med kollegaer frå store deler av landet. Supert! Og med eit lite friminutt i København, bonus!

For meg var København denne gongen syklar på Høibro plads, nye sko og god lunsj. God tid saman med ein kollega. Litt julepynt og ein sjokolade. Eg vil tilbake!




Idag striskjorte og havrelefse. Skodde, regn og rikeleg å ta tak i på jobb. Mørkt lenge, sjølv om vi har stillt klokka og det skal bli lyse morgonar.
(Slik reint malapropos: til alle småbarnsforeldre som ikkje fekk nyte den ekstra timen med søvn natt til søndag, det blir betre! Om nokre år stiller junior kroppsklokka sjøl, tek ut den ekstra timen før han går og legg seg, på eit for deg ukjent tidspunkt, og står opp til frukost på søndag!)
Mørkt tidleg, som på ein måte passar bra på Halloween. Rygg som seier frå at den kjenner seg oversett i helga. Kropp som seier at den syns at ein diett av sjokolade og sein, treretters middag godt kan vere normalen, og som syns det er på tide med mat både titt og ofte. Altså på tide å ta tak og snu tilbake til kvardagen igjen. Gulrot og klementin. Skog og regnklær.





Det var så fint i skogen. Stille, eg møtte ingen. Ein bekk. Grått og dårleg sikt, litt trolsk over myrene. Kanskje var det dyr inne i det grå? Ein elg? (eg skremte han mest sannsynleg vekk...)

EIN GRUNN TIL Å LEVA

Det er kjærleik eg snakkar om,
ikkje den banalt brusande,
men det svale vinddraget,
luftninga,
det stille drysset gjennom sjela,
det mjuke usynlege som slører lydar
og dekker skorper og sår.
Eg trur uavlateleg på kjærleiken
som ein stor overveldande fred
og ein gyldig grunn for å leva.


Alf A. Sæter


Straks er oktober historie. Vi startar på november. Eg gler meg. Innetid, utetid, kvardag. Enno litt tid før jula tek meg. Eg skal lage ei novemberliste til deg ein dag!
Fin måndag til deg!


Og det er jo halloween! Bø! Trur dette graskaret har skremt bort alle, for ingen har ringt på her idag.

tirsdag 25. oktober 2016

Korleis går det med oktober-lista?

I starten av oktober gjekk og høgt og klart ut og skreiv ei liste med mål for oktober. Eg må tilstå eg har gløymt den litt... men fann den igjen idag. Korleis har det gått? No er det nokre dagar igjen av oktober, det er på tide å oppsummere og sjå om det trengs ein ekstra innsats for å kome i mål, om det er det eg vil.

  1. Gå tur. Jepp! Eg har vore på tur nesten kvar dag! Dette var eit takknemleg mål, for dette har eg allereie inne. Nytt frå idag , er at eg har tatt fram gåstavane mine og skal bruke dei som støtte for ryggen.
    Eg er i skogen. Langt der nede ligg byen.
  2. Lese ei bok kvar veke, og bruke biblioteket meir. Hm...det med biblioteket har eg visst gløymt! Eg har lese nokre bøker på nytt, og nokre nye, tilsaman har eg nok lese minst ei bok kvar veke.
  3. Feire 23-års bryllupsdag! Satsar på at vi kan ta det igjen. som før nemnt, bryllupsdag midt i jakta...det vart ikkje mykje feiring! 
  4. Kurs med fagforeninga om omstilling, og nokre timar i København. Satsar på å rekke dansk frokost og nokre skobutikkar. Gjenstår! Gler meg masse!
  5. Sette båten i vinteropplag. Utført! Tross mykje grubling på førehand, vart det gjort, med suksess !
  6. Kjøpe lys i bøtter og spann, slik at eg kan tenne lys når eg sitt i sofaen og les. Nja, ikkje heilt etter planen, men eg har tent masse lys. Og eg gleda ei som skulle kome på besøk for første gong, med lys i oppkjørselen vår. "Så koseleg å bli møtt med lyslykter", sa ho! Så det skal eg gjere oftare når eg får besøk. Inne brenner eg masse lys, men eg har visst eit bra lager, enno.
  7. Lage fårikål ein gong til. Og eplepai! Og kanskje kan junior lage pannekakefrukost ein dag? Og bake bollar og brød, så mykje betre enn kjøpebrød. Auda, her var det ikkje full pott, akkurat. Men eg har bakt (litt harde, tørre) bollar og gode, eltefrie rundstykker. Men eplepai står igjen. Og fårikål. Derimot har eg laga langstekt lammelår, det var godt det! Og med kjellaren full av epler, sånn bortimot, er det håp om eplepai(og eplesyltetøy, og eplemos) Eg har forresten laga eplesmør, det skal eg bruke til tilslørte bondepiker. 
    Lammelår
  8. Gjere styrketreninga for ryggen, kvar dag, jamnt og trutt! Oversjå at det er litt kjedeleg, det er ikkje muleg! Forhåpentlegvis kjenne at det går framover og at det virkar. Usikker på virkning, men det gjer ikkje vondt verre. Eg gjer øvingane trufast, passar på å ha treningsmatta slik at eg nesten snublar i den... Eg gir ikkje oppe enno!
  9. Ikkje fylle bensin på dieselbilen! Suksess! Eg har fyllt diesel fleire gonger, dobbelsjekkar ca 7 gonger før eg startar og undervegs og sjekker kvitteringa etterpå! 
  10. Bruke mindre tid på nettet, heller sjå ein film eller prate med dei rundt meg. Eg har vore på konsert! Eg har vore på ballett! Eg har vore på kafe med ei eg ikkje har snakka med på fleire år! Følgjer med på "Nobel" på tv og må tenkje meir på det med nettbruk. 
Altså ikkje heilt i mål. Og snart er det november, og kven veit om eg ikkje skal sette meg nokre mål då også?

mandag 24. oktober 2016

Vekestart veke 43

Hei til alle saman! Eg reknar nesten med det er nokon nye som les dette, etter alle som har vore innom på forrige innlegg, om hørsel og slikt. No er det tilbake til meir vanlege innlegg, ikkje fullt så personleg og mykje meir kvardagsleg.
Du skal få eit dikt, nokre glimt frå helga mi og bilder, alltid bilder frå tur!

I helga skulle vi rydde og ordne til vinteren. Pakke hagemøblar og rake lauv. Men altså, plutseleg var det mogleg med ein ekstra jaktdag for jegeren, og i det fine haustveret var det ikkje så mykje å lure på. (Og når resultatet vart ein elg og mat til vinteren, skal vi vel ikkje klage) Og altså, når det er fint ver, er det fint i marka, og eg fekk med meg konsert med junior på dagtid, samt å drive ein del kontrabass-transport. Kontrabass er eit litt vanskeleg instrument både å bære langt og ta bussen med... På laurdagskvelden vart det kafe og ballettforestilling med ei venninne , då gjer det ikkje så mykje at hagemøblane framleis står ute. Det er fint ver og det kjem nye dagar med tid til å rydde! Enkelte ting står seg...på godt og vondt!
Ryddelista inneheld i tillegg tømme kompostbingen, vaske vindu og pakke vekk det siste frå båten. den lista blit liksom aldri tom!


Eg må nok lese og lære litt meir om ballett for å nyte det fullt ut. Men at dei var flinke er utan tvil sant, eg vart mektig imponert! Då primaballerina dansa "Svanens død" vart eg nesten rørt til tårar, det er noko av det vakraste eg har sett!

Vekas dikt, eller sitat, handlar om noko eg gjer så ofte eg kan: GÅ!

Tap for all del ikke lysten til å gå! Jeg går meg til det daglige velbefinnende hver dag,
og fra enhver sykdom.
Jeg går meg til mine beste tanker,
og jeg kjenner at ikke en tanke er så tung at jeg ikke kan gå fra den.
Når man slik fortsetter å gå,
så går det nok.

Søren Kierkegaard (1813-1855)
Barfrost

Det er berre å nyte, og la tankane flyge


Hausten altså



Lite slår gleda ved å gå! Kjensla av å bruke kroppen, bli sliten. Ha tid til å tenke, lukte , lytte. At eg går meg frå sjukdom, er nok ikkje sant, men eg går ikkje på meg meir sjukdom. Eg går iallfall av meg tunge tankar, eg fører lange samtalar med meg sjølv, resonerar og vrir på problem. Går av meg frustrasjon og går på meg eit smil!

Ha ei god veke, og god tur!

tirsdag 18. oktober 2016

Livet med BAHA

Eg satt og kikka litt på gamle innlegg ein dag, og oppdaga at det har gått eit år sidan eg fekk operert inn skrue for BAHA, og snart eit år sidan eg byrja bruke apparatet.
Korleis har det eigentleg gått, når eg ser tilbake? Brukar eg BAHA? Har eg glede av det? Når brukar eg det mest? Har eg fått ekstrautstyr?

Veska med det rare i, alt utstyret samla ein stad er
lurt. Lettare å få det med seg då!

Ytre sett er det lite å sjå, håret dekker både skruen og BAHA. Det har fordeler og ulemper, for då er det heller ingen som ser at eg brukar høreapparat. Frisøren har lært seg at ho skal klippe forsiktig, og skvett ikkje lenger når ho kjem borti skruen.
Eg har vore lite plaga med såret etter at det hadde grodd saman. Eg kom fort inn i rutinen med å rense rundt skruen kvar kveld, og berre ein gong i vår vart det litt irritert og betent. Då er det ein fordel å jobbe med bakteriologi, eg tok prøver og fann ut kva bakterie som vaks og kva antibiotika som skulle til.

Inni håret her skjuler det seg eit døvt øre og
ein BAHA
Eg er litt til og frå med å bruke BAHA. Då eg akkurat hadde kome inn i ein god vane, vart det nokre veker heime med dårleg rygg, og eg syns det er unødvendig -og slitsomt- å bruke det når eg er åleine heime. Etterpå tok det litt tid å kome inn i vanen med å bruke det igjen. Så no øvar eg på å bruke det kvar dag, igjen. Eg kjenner at når eg er vant med å bruke det, manglar det noko når eg ikkje har det på. Når eg kjem på jobb, tek eg på BAHA og finn fram databrillene, først då er eg klar for arbeid. Eg syns også det hjelper mot tinnitusen, dei dagane eg ikkje har brukt BAHA på jobb, blir tinnitus verre utpå ettermiddagen. Eg blir meir sliten og får vondt i hodet, kanskje fordi eg har anstrengt meg meir?

BAHA
Eg har fått Roger pen (mellom vener kun Roger) og streamer.  Roger er ein slags mikrofon, som sender lyden rett inn i BAHA (eller andre høreapparat) Det er fasinerande når det er mykje støy rundt meg, og eg held over den "gode" øra og hører betre enn før! Den er særleg til hjelp i bilen, då henger eg den på mannen og får stemma hans "rett inn" og eg blir ikkje så forstyrra av bilstøyen. Eg har også brukt den litt i lunsj på jobb, då kan eg enten legge den på bordet eller gi den til den eg skal snakke mest med. Ellers er eg heilt avhengig av å ha personen eg skal snakke med på rett side, eller bare vere der og ikkje få med meg så mykje...
Roger kan også koblast på telefon, radio og tv, men det har eg ikkje hatt så mykje behov for, iallfall ikkje enno.


Oppsummering så lang: Eg brukar BAHA meir og meir, og Roger til og frå.

Men alt i alt lever eg betre med hørselstapet no enn for 2 år sidan. Då var alt nytt, eg måtte venne meg til ein ny måte å lytte på. Skuldrene var høgt oppe og eg sleit med å forstå lydbildet. No veit eg at eg ikkje kan stole på kvar eg trur lydar kjem frå, og ser meg godt for ute i trafikken og snur meg heilt rundt når nokon snakkar til meg bak meg, for å finne ut kvar dei er. Eg plasserer meg strategisk når eg skal snakke med folk og innimellom vel eg å koble ut, dersom det berre er småprat og det er for mykje som forstyrrer. Eg treng ikkje få med meg alt, og av og til må eg kvile.

I helga var eg i ein ukjent situasjon, med masse, jamn støy ein heil dag. Vi sette båten på land, det var ei stor mobilkran som dura og gjekk heile dagen. Båtane kom på land, og folk brukte høgtrykkspylar for å vaske. Det var lydar på alle kantar. Eg høyrte ikkje når mannen snakka til meg, dersom han ikkje aktivt tok kontakt først. Eg hadde problem med småprat med folk eg ikkje kjenner, eg prøvde diskret å bytte plass slik at eg fekk dei på "godsida", for eg orka ikkje byrje å forklare hørselproblema mine. Eg fann også ut at eg ikkje kunne hjelpe til med å få båtane på land og på plass i krybbene, for eg ville vere farleg for både meg sjølv og andre når eg ikkje klarte å høyre beskjedane. Eg fann meg andre oppgåver. Men det var slitsomt, og eg likte ikkje å oppleve så tydeleg at hørselsproblema la hindringar. Eg er nok heldig i kvardagen som ikkje har så store problem då. Dagen etter var eg heilt utslitt!

Her var det mylje lyd!
Eg har vore på kurs "Behold jobben" på Briskeby kompetansesenter, det var veldig bra, nyttig og lærerikt. Når eg sitt her og skriv, kjem eg på at eg har ein ganske ferdig presentasjon om hørselen min som eg skal halde for kollegaene mine, det bør eg gjere snart... For eg har eit ansvar for å informere om hørselen min, og utfordringane eg har. Sjølv med gode hjelpemiddel, og til tross for at eg høyrer godt når vi sitt to stykker og pratar, får eg problem når det blir bakgrunnsstøy, som andre som pratar saman eller i telefonen eller annan støy. Skuldrene går opp og eg brukar meir krefter. Der har eg eit stykke å gå, for eg er ikkje flink til å seie frå om at eg ikkje høyrer, evt at andre må vere stille eller gå ein annan stad å prate, for eg likar ikkje å vere til bry. Kanskje er det grunnen til at andre kanskje ikkje alltid tek hørselsproblema mine på alvor...

Og jamfør forrige innlegg, om å gå ut av komfortsona. Eg datt fort ut av komfortsona mi, utan å ha noko val, då hørselen på eine øret vart vekk over natta! Eg måtte berre, trass motvilje, leve med og godta endringane. Eg kom ikkje langt med endringsuvilje... Eg vart stiv i skuldrene og lei meg, utan å kunne endre nokon ting! Eg måtte leve idet. Og der er eg litt enno. Eg tenkjer på kor behageleg det hadde vore å høyre på begge ørene, og at det ville vore endå større endring om hørselen hadde vorte vekk på begge ører.
Og om å kjøpe båt: seglbåt er eit godt val! Stillare enn vind i segla kan det nesten ikkje bli, og då klarer eg høyre beskjedane som blir gitt, og delta i samtalen!

Vind i 

mandag 17. oktober 2016

Ut av komfortsona!

Det skal visst vere godt og sunt å utfordre seg sjølv. Det har eg høyrt. Av og til lurer eg på om det stemmer.
Rimlagt kai. Vinteren er på veg, enten vi vil eller ikkje.
Naturen kjører omstiling fleire gonger i året.

Etter nokre år i arbeidslivet, har eg vore på mange ulike foredrag og vore med på diverse omstillingsrundar, og der lærer ein om (iallfall skal ein lære...) kva som skjer i omstilling og endring. Det er ord som omstillingsevne, endringskompetanse, endringsvilje. Eg har høyrt endringskynisme, det er vel ikkje så positivt...
Det er naturlegvis nødvendig med endring og forandring, det forstår eg. Dersom vi står stille, blir det lite nytt som skjer. Eg lærte ein gong setninga: "det har vi aldri gjort før, så det går ikke!" Når eg høyrer den, så forstår eg at det krevest litt omstillingsevne og endringsvilje.

Likevel, ord som omstillingsglede og endringsentusiasme kan eg ikkje huske å ha høyrt. Det er vel å forvente mykje av oss enkel mennesker. Det er tross alt vondt når ting skal endrast, for det krever jo sitt! Av oss alle, men særleg av meg (og deg). Så det er lett å kjenne på omstilingsvegring og endringsuvilje. Å endre noko, kan bety å gå ut av komfortsona!
Kvar eg vil med dette?

Ein heilt ålright tur i oktober, tross alt

I sommar kjøpte vi båt. Eg har vegra meg i fleire år, sett mange gode sider, men også veldig mange ulemper! Men når eg først sa ja, så var det jo for å vise litt endringsvilje og lyst til å utfordre meg sjølv. Å lære å segle har vore artig, og krevande, for det har vore ut av komfortsona! Brått skiftar vinden og båten ligg over, kva gjer vi no?! Det har jo gått betre og betre (og når eg ser kor mykje mannen kosar seg, forstår eg at eg kunne vel visst litt omstillingsvilje før), tross enkelte dagar med anger, feks septikpumpetrøbbel, vasspumpetrøbbel, tidlege hauststormar og anna småtteri.

I helga har eg verkeleg vore utanfor komfortsona, og gjort massevis eg aldri har gjort før og dermed ikkje kan: vi har plassert båten på land for vinterlagring. Eg har sett for meg mengder av problem, det som på endingsviljespråket heiter utfordringar, men som i mitt hode er mulege og sannsynlege katastrofer.

Kaldt i oktober, båten fortener vinteropplag no!

  • Båten skulle tømmast, og der kan ein jo risikere å gløyme noko vesentleg som i løpet av vinteren kan utvikle intelligent liv. Problemet med dette punktet, er at fasiten ikkje er klar før til våren...
  • Båten skulle settast i det som heiter krybbe. Det har eg aldri sett før, og vi skulle låne ei, ville den passe??
  • Alt av vatn må tømmast ut, det er snakk om vanntank, kjølepumpe og septiktank. Det viste seg at mine søvnlause nattetimar på dette punktet er vekk-kasta, då mannen hadde lese seg opp og samla kunnskap hos vante bårfolk og det var fort gjort då båten var vel plassert på land. 
    Admiralen(altså eg), kledd som Michelin-mannen, til rors.
  • Båten skulle køyrast 18 nautiske mil, i for oss ukjent farvatn. Eg har sett for meg motor som ikkje ville starte(slo ikkje til) kollisjon med fergene, sidan vi skulle krysse eit fergestrekk (slo ikkje til) Motorhavari, vi unngjekk dette også. Tom dieseltank, minus. Undervasskjær, unngjekk desse. Været kan ein gjere lite med, men det var lovande meldingar for alle dagar. Eg såg eit lite høve til å seie "kva var det eg sa", for dagen før den store turen låg skodda grauttjukk og det var ikkje så mykje som eit lite vindkast! HAH! Endeleg såg det ut til at eg ikkje har bekymra meg unødig! Dagen etter var det strålande sol igjen, og sjølv om det var kaldt og vindstille, gjekk turen bra.

  • Båten skulle løftast på land, med kran. Utallege sjanser for katastrofe... Det viste seg at det vart ein lang dag med dugnad, der mange var nye som oss (og litt nervøse), men dei fleste var drevne båtfolk som hjalp til og ga gode råd. Kransjåføren kunne sine saker og alt gjekk bra. 
Ting tydar på at eg har brukt ein del krefter eg kunna spara til noko anna. No er båten på land, den er tømt og gjort klar til vinteren. Nyvaska og innpakka. Eg kan bruke tida til andre bekymringar, evt glede meg til våren, når båten er tilbake på sjøen. Men først kjem ei lita søvnlaus veke i april, med alt som skal gjerast i orden før båten kan settast på vatnet!
Vasking
Vekas dikt handlar om endring, det også. Ei endring ein kanskje ikkje ser før etterpå?

Var eg henne
Så ung og med alt alvoret
Trua som kunne flytta fjell
og viljen til å stå opp
Var eg henne
med dei vare stega og den
blinde tilliten til det gode
Er ho framleis i meg
etter alle tapte slag og sigrar
Er det ho som sit ved havet
Som ser på dansande bølgjer
og enno ventar
Er det ho
Ønskjer deg ei god veke, med endringsvilje og omstillingsglede!

Fint ved fjorden

tirsdag 11. oktober 2016

EIn tur i skogen

Det er mykje å seie om å ha dårleg rygg; ikkje kunne å gjere alt eg vil, skulle gjere styrketrening og ikkje klare full jobb. Det kan vere krevande å møte dagane med godt humør.
Men at det gjer godt å gå tur, og at eg difor kjem meg oftare ut, det er midt i alt anna eit pluss! Og eg blir i betre humør, særleg på dagar som denne!

Fint på tur når dette er premien!

Været dei siste vekene har vore heilt fantasktisk! Og no når det er nattefrost og lav sol på dagen, blir det kaldt i skogen, også på dagtid. Isen og rimet ligg heile dagen i skuggen og nede i dalar, litt dumt at det blir glatt(eg må ta fram piggskoa snart), men det blir så mykje fint å sjå!!!



Kunst i naturen 




Ein stor, fin kantarell.
Dessverre ikkje så fin, for nokon hadde byrja ete på den...

Med ein slags glorie


Fargene no!

Lomtjønna. Snart med is.

Skogmus

Og nesten tilbake ved bilen, møtte eg ei anna dame på skogtur!
Skogen altså! Det er ikkje det at eg går fort, for det gjer eg ikkje, og eg går ikkje så langt heller, men eg ser så mykje og ryggen får rørt seg. Eg trur eg blir eit betre menneske av å komme meg ut i skogen.
#skogenbaby

søndag 9. oktober 2016

Vekestart veke 41

Søndag og snart klar for ny veke.
Her er det sol dagane lange og spektakulære solnedgangar kvar kveld. Litt mørkare kvar morgon og ettermiddag. Kalde netter og varme dagar, akkurat som hausten skal vere. Passe kledd på tur til jobb, og altfor varm på tur heim.

Frå dagens tur

Haustferien startar no, og junior har allereie skrudd av både klokke og kalender, høyrest det ut som. Samtidig har han ambisiøse planer om skulearbeid, vi får sjå kva som skjer.

Idag er det bryllupsdag, 23 år saman med mannen. Minimal feiring enno, sidan jakta krever sitt, men han skal få restar av langtidsstekt lammelår når han kjem heim.


23 år har altså gått sidan eg litt skjelven gjekk inn i kyrkja og vi begge sa JA. Fine dagar, lange dagar, slitsomme dagar, kvardag, fest, ferie, tidlege morgonar og seine netter. To flotte soner, felles bekymring og glede. God og dårleg helse. Studietid, doktorgrad, jobb, permisjon og sjukmelding. Oppturar og nedturar. Alt vi har hatt saman! Klart det må bli eit dikt om kjærleik og viktige val idag!

Jeg velger meg kun en egenskap
fra øverste hylle
Å være sånn at du spør deg selv
hver bidige dag
hva du skal med
andre enn meg
Trygve Skaug

Ha ei fin veke med dei du har rundt deg!

Og dette skal mannen få når han kjem heim. Lammelår -utbeina av meg, før frukost- stekt 8 timar!
Med løk, potet, spisskummen, koriander, ingefær, honning, aprikos, dadlar og rosiner,

fredag 7. oktober 2016

Fin fredagsmorgon

Eg har fri idag.
Eg vakna til vanleg tid, god og varm, sidan vi bytta til vinterdyne igår. Og så unte eg meg luksusen det er å høyre at dei andre står opp, et frukost og pratar, medan eg berre kan ligge. Men ryggen er ikkje så glad i seine morgonar, så eg sto opp ganske fort. (Men i sakte tempo!)
Etterpå har alt gått i sakte tempo.  Fyre i omnen, brygge te i kanne, smøre frukost av nybakt brød, bla i avisa og lytte med eit halvt øre til radioen.

Utanfor stoveglaset kjem sola, fargene blir sterkere og rimet forsvinn frå plena.
Eg skal motivere meg for ei treningsøkt for ryggen, og så legge planer for resten av dagen.
Håpar fredagen din er fin!

tirsdag 4. oktober 2016

Vekestart veke 40

Eg fann dette diktet, og tenkte at dette, det er viktig! Den siste setninga der; den skal eg seie til meg sjøl, helst ofte.
Eg kjenner ei som snakkar om å ha "styremøte med seg sjøl", og det er litt det samme. Tenke og fundere på sine eigne mål, legge planer, og rose seg sjøl.

Styremøte med kryssord

Tekopp er eg flink på, og på Instagram legg eg stadig ut bilder av tekoppar. Eit lite utval kjem i dag også på bloggen!

Rett før jeg sovner, tenker jeg,
at i morgen vil jeg varme opp badstua
og skjemme meg skikkelig bort,
gå, bade, svømme,
invitere meg selv på en tekopp,
snakke vennlig, bli imponert, rose meg selv og si:
Du modige lille kvinne,
jeg har stor tro på deg!
Eeva Kilpi

Tekopp i det fri

Ha ei strålande veke, med eller utan haustferie. Eg syns Instagram og Facebook flommar over av bilder frå fjell og fjøre med sol og smilande feriefolk. Her er haustfeiren neste veke, og eg skal ikkje ha fri...

Tekopp og scones

 Men eg skal ha fridag, og det er helger innimellom, så eg skal nok ha tid til å snakke venleg med meg sjølv og kanskje rose meg sjølv litt!