I starten av oktober gjekk og høgt og klart ut og skreiv ei liste med mål for oktober. Eg må tilstå eg har gløymt den litt... men fann den igjen idag. Korleis har det gått? No er det nokre dagar igjen av oktober, det er på tide å oppsummere og sjå om det trengs ein ekstra innsats for å kome i mål, om det er det eg vil.
- Gå tur. Jepp! Eg har vore på tur nesten kvar dag! Dette var eit takknemleg mål, for dette har eg allereie inne. Nytt frå idag , er at eg har tatt fram gåstavane mine og skal bruke dei som støtte for ryggen.
Eg er i skogen. Langt der nede ligg byen. - Lese ei bok kvar veke, og bruke biblioteket meir. Hm...det med biblioteket har eg visst gløymt! Eg har lese nokre bøker på nytt, og nokre nye, tilsaman har eg nok lese minst ei bok kvar veke.
Feire 23-års bryllupsdag!Satsar på at vi kan ta det igjen. som før nemnt, bryllupsdag midt i jakta...det vart ikkje mykje feiring!- Kurs med fagforeninga om omstilling, og nokre timar i København. Satsar på å rekke dansk frokost og nokre skobutikkar. Gjenstår! Gler meg masse!
- Sette båten i vinteropplag. Utført! Tross mykje grubling på førehand, vart det gjort, med suksess !
Kjøpe lys i bøtter og spann,slik at eg kan tenne lys når eg sitt i sofaen og les. Nja, ikkje heilt etter planen, men eg har tent masse lys. Og eg gleda ei som skulle kome på besøk for første gong, med lys i oppkjørselen vår. "Så koseleg å bli møtt med lyslykter", sa ho! Så det skal eg gjere oftare når eg får besøk. Inne brenner eg masse lys, men eg har visst eit bra lager, enno.Lage fårikål ein gong til.Ogeplepai! Og kanskje kan junior lagepannekakefrukostein dag? Og bake bollar ogbrød, så mykje betre enn kjøpebrød. Auda, her var det ikkje full pott, akkurat. Men eg har bakt (litt harde, tørre) bollar og gode, eltefrie rundstykker. Men eplepai står igjen. Og fårikål. Derimot har eg laga langstekt lammelår, det var godt det! Og med kjellaren full av epler, sånn bortimot, er det håp om eplepai(og eplesyltetøy, og eplemos) Eg har forresten laga eplesmør, det skal eg bruke til tilslørte bondepiker.Lammelår - Gjere styrketreninga for ryggen, kvar dag, jamnt og trutt!
Oversjå at det er litt kjedeleg, det er ikkje muleg!Forhåpentlegvis kjenne at det går framover og at det virkar. Usikker på virkning, men det gjer ikkje vondt verre. Eg gjer øvingane trufast, passar på å ha treningsmatta slik at eg nesten snublar i den... Eg gir ikkje oppe enno! - Ikkje fylle bensin på dieselbilen! Suksess! Eg har fyllt diesel fleire gonger, dobbelsjekkar ca 7 gonger før eg startar og undervegs og sjekker kvitteringa etterpå!
Bruke mindre tid på nettet, heller sjå ein film eller prate med dei rundt meg. Eg har vore på konsert! Eg har vore på ballett! Eg har vore på kafe med ei eg ikkje har snakka med på fleire år! Følgjer med på "Nobel" på tv og må tenkje meir på det med nettbruk.
Altså ikkje heilt i mål. Og snart er det november, og kven veit om eg ikkje skal sette meg nokre mål då også?
Synes du er superflink, jeg! Følger deg med glede både her og på snap!
SvarSlettTakk. Og no er eg I ferd ned å gjennomføre punkt 4. Flyet går ganske snart. Ha en fin Dag!
SlettFor et artig innlegg! Og mye fikk du gjort :)
SvarSlettØnsker deg en herlig november!
Så hyggeleg du syns eg har gjrt mykje, eg syns ofte det vises så lite.. men ei liste synleggjer det! Og no tenkjer eg masse på novemberlista mi :)
SlettHåpar din november blir bra!