Rimlagt kai. Vinteren er på veg, enten vi vil eller ikkje. Naturen kjører omstiling fleire gonger i året. |
Etter nokre år i arbeidslivet, har eg vore på mange ulike foredrag og vore med på diverse omstillingsrundar, og der lærer ein om (iallfall skal ein lære...) kva som skjer i omstilling og endring. Det er ord som omstillingsevne, endringskompetanse, endringsvilje. Eg har høyrt endringskynisme, det er vel ikkje så positivt...
Det er naturlegvis nødvendig med endring og forandring, det forstår eg. Dersom vi står stille, blir det lite nytt som skjer. Eg lærte ein gong setninga: "det har vi aldri gjort før, så det går ikke!" Når eg høyrer den, så forstår eg at det krevest litt omstillingsevne og endringsvilje.
Likevel, ord som omstillingsglede og endringsentusiasme kan eg ikkje huske å ha høyrt. Det er vel å forvente mykje av oss enkel mennesker. Det er tross alt vondt når ting skal endrast, for det krever jo sitt! Av oss alle, men særleg av meg (og deg). Så det er lett å kjenne på omstilingsvegring og endringsuvilje. Å endre noko, kan bety å gå ut av komfortsona!
Kvar eg vil med dette?
Ein heilt ålright tur i oktober, tross alt |
I sommar kjøpte vi båt. Eg har vegra meg i fleire år, sett mange gode sider, men også veldig mange ulemper! Men når eg først sa ja, så var det jo for å vise litt endringsvilje og lyst til å utfordre meg sjølv. Å lære å segle har vore artig, og krevande, for det har vore ut av komfortsona! Brått skiftar vinden og båten ligg over, kva gjer vi no?! Det har jo gått betre og betre (og når eg ser kor mykje mannen kosar seg, forstår eg at eg kunne vel visst litt omstillingsvilje før), tross enkelte dagar med anger, feks septikpumpetrøbbel, vasspumpetrøbbel, tidlege hauststormar og anna småtteri.
I helga har eg verkeleg vore utanfor komfortsona, og gjort massevis eg aldri har gjort før og dermed ikkje kan: vi har plassert båten på land for vinterlagring. Eg har sett for meg mengder av problem, det som på endingsviljespråket heiter utfordringar, men som i mitt hode er mulege og sannsynlege katastrofer.
Kaldt i oktober, båten fortener vinteropplag no! |
- Båten skulle tømmast, og der kan ein jo risikere å gløyme noko vesentleg som i løpet av vinteren kan utvikle intelligent liv. Problemet med dette punktet, er at fasiten ikkje er klar før til våren...
- Båten skulle settast i det som heiter krybbe. Det har eg aldri sett før, og vi skulle låne ei, ville den passe??
- Alt av vatn må tømmast ut, det er snakk om vanntank, kjølepumpe og septiktank. Det viste seg at mine søvnlause nattetimar på dette punktet er vekk-kasta, då mannen hadde lese seg opp og samla kunnskap hos vante bårfolk og det var fort gjort då båten var vel plassert på land.
Admiralen(altså eg), kledd som Michelin-mannen, til rors. - Båten skulle køyrast 18 nautiske mil, i for oss ukjent farvatn. Eg har sett for meg motor som ikkje ville starte(slo ikkje til) kollisjon med fergene, sidan vi skulle krysse eit fergestrekk (slo ikkje til) Motorhavari, vi unngjekk dette også. Tom dieseltank, minus. Undervasskjær, unngjekk desse. Været kan ein gjere lite med, men det var lovande meldingar for alle dagar. Eg såg eit lite høve til å seie "kva var det eg sa", for dagen før den store turen låg skodda grauttjukk og det var ikkje så mykje som eit lite vindkast! HAH! Endeleg såg det ut til at eg ikkje har bekymra meg unødig! Dagen etter var det strålande sol igjen, og sjølv om det var kaldt og vindstille, gjekk turen bra.
- Båten skulle løftast på land, med kran. Utallege sjanser for katastrofe... Det viste seg at det vart ein lang dag med dugnad, der mange var nye som oss (og litt nervøse), men dei fleste var drevne båtfolk som hjalp til og ga gode råd. Kransjåføren kunne sine saker og alt gjekk bra.
Ting tydar på at eg har brukt ein del krefter eg kunna spara til noko anna. No er båten på land, den er tømt og gjort klar til vinteren. Nyvaska og innpakka. Eg kan bruke tida til andre bekymringar, evt glede meg til våren, når båten er tilbake på sjøen. Men først kjem ei lita søvnlaus veke i april, med alt som skal gjerast i orden før båten kan settast på vatnet!
Vekas dikt handlar om endring, det også. Ei endring ein kanskje ikkje ser før etterpå?
Var eg henne
Så ung og med alt alvoret
Trua som kunne flytta fjell
og viljen til å stå opp
Var eg henne
med dei vare stega og den
blinde tilliten til det gode
Er ho framleis i meg
etter alle tapte slag og sigrar
Er det ho som sit ved havet
Som ser på dansande bølgjer
og enno ventar
Er det ho
Så ung og med alt alvoret
Trua som kunne flytta fjell
og viljen til å stå opp
Var eg henne
med dei vare stega og den
blinde tilliten til det gode
Er ho framleis i meg
etter alle tapte slag og sigrar
Er det ho som sit ved havet
Som ser på dansande bølgjer
og enno ventar
Er det ho
Jeg er søkkimponert! :-D Båt er min store bøyg. Det åpne havet skremmer meg. Men jeg har også en som elsker båtlivet, så jeg må vel bare lære meg. Godt jobba! :-D
SvarSlettSå flink som du er å utfordre egne grenser, klarer du nok båt også! (At vi kunne synke ute på den farlige fjorden har jeg helt glemt!!)
SlettOg godt var det kanskje at du ikke skulle være redd for det også. Jeg misunner deg, og dere, sånn skikkelig. Tipper vinterlagring går helt fint!!!
SvarSlettSatser på at vinterlagring går bra! Og vi har ledig plass til en lettmatros om du skulle være i nærheten til sommeren.
SlettDet er nok som du sier at endringsvilje er det som teller mest for om det blir endring eller ei.
SvarSlettSprekt gjort å kjøpe båt, da!
Takk! Det var litt sånn "hva har vi gjort?!" da båten var kjøpt :) Og så viser det seg å gå bra, tross noe endringsuvilje i perioder.
Slett