Men at det gjer godt å gå tur, og at eg difor kjem meg oftare ut, det er midt i alt anna eit pluss! Og eg blir i betre humør, særleg på dagar som denne!
Fint på tur når dette er premien! |
Været dei siste vekene har vore heilt fantasktisk! Og no når det er nattefrost og lav sol på dagen, blir det kaldt i skogen, også på dagtid. Isen og rimet ligg heile dagen i skuggen og nede i dalar, litt dumt at det blir glatt(eg må ta fram piggskoa snart), men det blir så mykje fint å sjå!!!
Kunst i naturen
Ein stor, fin kantarell. Dessverre ikkje så fin, for nokon hadde byrja ete på den... |
Med ein slags glorie |
Fargene no! |
Lomtjønna. Snart med is. |
Skogmus |
Og nesten tilbake ved bilen, møtte eg ei anna dame på skogtur!
Skogen altså! Det er ikkje det at eg går fort, for det gjer eg ikkje, og eg går ikkje så langt heller, men eg ser så mykje og ryggen får rørt seg. Eg trur eg blir eit betre menneske av å komme meg ut i skogen.
#skogenbaby
Fine bilder! Det er det jeg savner fra tida med deltidsjobb - det å komme seg ut på tur på dagtid. :-)
SvarSlettEg prøvar vinkle deltidslivet positivt, og mulighet til tur I dagslys er eit Pluss!
SlettDu er fantastisk flink med bilder, en fryd å komme innom!
SvarSlettHa en nydelig dag!
Takk, snille du!
SlettIgår var tempoet innstilt på 'hvor er beste og neste motiv', da finner man mye!