mandag 30. april 2012

Slekters gang

I går vart ei lita frøken som eg er gamletante til døypt, det vil seie at eg er i besteforeldregenerasjonen?! Det er barnebarnet til mi søster, rett nok storesøster, men lell...
Då byrjar tankane å gå ;)
Min dåpsdag, med gamletante og bestefar

Min bestefar var fødd i 1880. Slikt skjer i familier med slakke i generasjonene. Han var 88 år når eg vart fødd(og på bildet over saman med søstra si som var litt yngre, men lell fødd i ca 1890. Gamletanter er altså gamle, unntatt meg då. Eg huskar dessutan gamletane som litt streng og bestemt, men mest omsorgsfull. Godt forbilde)
Eg huskar bestefar så vidt, som ein tålmodig, snill bestefar. Han døydde då eg var 5 år.
Vi samarbeida, på den måten at han plukka opp det eg kasta ut


Som vaksen har eg så mange ting eg gjerne skulle spurt han om, han opplevde så mykje av forandringar! Han var 2 gonger i USA før 1912, jobba som skogsarbeidar første gongen og kjøpte seg gard andre gongen. Så kom han heim, traff bestemor, gifta seg og flytta igjen til USA i 1917. Der dreiv dei gard og fekk to barn. Bestemor trivdes godr, men bestefar sakna fjella der dei budde på prærien. Då eg såg "Huset på prærien" dikta eg nok litt inn om bestemor og bestefar:) Dei kom tilbake til Norge på 20tallet og slo seg ned i Norge. Korleis var det å reise så langt den gongen, han kunne ikkje språket, hadde knapt med pengar,  kunne ikkje systemet. Eg syns det var langt då eg reiste til USA for første gong i 2007, og spennande å skulle oppleve noko nytt. Han hadde ei eventyrlyst eg ikkje har arva.
Korleis var samfunnet i Norge før 1900 når han vaks opp på ein liten husmannsplass, og måtte byrje å jobbe før hanvar 10 år, på ein gard langt borte? Ikkje som no når ungene mine er borte nokre dagar, og eg sender tekstmelding og lurer på korleis det går. Og før det kunne vi iallfall ringe. Sendte dei brev den gongen, kom han seg heim til jul eller hadde han flytta og måtte ha sitt eige liv og klare det sjøl?
Ung dame i leikegrind
Dette er eit tema eg skal skrive meir om seinare. Muleg det er alderen, men eg har vorte meir opptatt av gamle dager:)
Og til neste innlegg frå gamle dager, skal eg scanne bilda!

lørdag 28. april 2012

Utan mat og drikke

dug heller ikkje eg! Så i dag skal eg matblogge, ialfall prøve. Eg har tatt bileter før og under matlaging, og nesten til maten kom på bordet, men middagsbordet gløymte eg. Jaja...

Vi har hatt bacalao, litt eksotisk og litt barndomsminner. Mamma og pappa skulle kome på middag og eg veit pappa er veldig glad i denne retten. Samtidig er ungane borte, og dei er ikkje så glade i denne rette, perfekt kombinasjon!

Fisken må ligge i vatn ganske lenge før bruk, og det er alltid spennande å smake og prøve å finne ut når den er passe salt. Det er ein rett som må planleggast nokre dagar før, men det er det verdt! Trur eg traff bra med vatninga idag, har minner om ein gong den var altfor salt og eg febrilsk prøvde å vatne ut og gjere den etande rett før gjestane kom.
Så er det resten som skal opp i gryta. Eg huskar aldri kva oppskrift eg brukte sist, så det smakar litt ulikt frå gong til gong. Men olivenolje, tomat, løk, tomatpurè, kvitløk og potet må til. Gjerne bakt paprika, og naturlegvis chili!! Det skal vere sting i gryta! Eg brukte tørka chiliflak, det brukar eg til mykje og har litt kjensle med kor sterkt det blir.
Kokeboka er mest for biletet si skuld!
Så er det berre å finne ei stor gryte og legge godsakene lagvis i:

Og til slutt resten av dei hermetiske tomtane:
Så sto gryta lenge og småputra på komfyren, og eg fekk rydda litt og lese avisa og høyrt radio, som er mine favorittsyslar. Ingen laurdag utan "20 spørsmål", "Kunstreisen" og "Bluesasylet".

Til slutt såg det slik ut i gryta:
Liten prøvesmak og så var det berre å sette gryta på bordet og kose seg!!

Oppskrift sa du? Det er berre å søkje på nettet eller rett og slett slå opp i kokebøker. Mange gamle kokebøker har og denne retten i registeret sitt.

fredag 27. april 2012

Sanninga om kjøkkenbenken.

Når ein kjem på besøk til nokon, er kjøkkenet alltid rydda, iallfall om du er invitert. Kjøkkenbenken er rydda og tørka av, det ligg kanskje ein duk der, blomster. Ingen smuler eller inntørka ost.
Men når ein kjem heim til seg sjølv etter ein dag på jobb, etter at husets tenåringar har ete frukost, vore på skulen og så kome heim igjen og laga seg litt mat. Ein dag der oppvaskmaskina er full, av reine koppar, då bø det ikkje kome uventa gjestar!

Eventuelle urteplanter i vinduskarmen for å gjere kjøkkenet heimekoseleg og fint, viser seg å ha tapt seg...
  
og kameraet hadde ein dårleg-fokus-dag... 
 Då gjeld det å finne ein annan stad i huset, der det er ryddig og sette seg ned og nyte roa og gløyme kjøkkenet for ei stund :)


søndag 22. april 2012

Jenta i røyken!

Det er skribenten sjølv som blir røkt!

Idag vart vi med lillesøster med familie på skogtur, "ta med godt humør og bålved" Vi så gjorde og fekk ein super ettermiddag ute, med tre kjekke, små tantebarn og #fjortenåringen min som kunne nyte å vere stor og førebilete, og vi vaksne fekk være ute i sola og prate og ete god mat.
Jegermannen hadde med bålkubbe, neste gong skal vi ha med kaffekjele også!

Før vi gjekk ut laga alle sine eigne wraps -som vi pakka i aluminiumsfolie. Det var mange valg; pesto eller tomatsaus, ost, grønsaker, pølse, kylling? Vi merka pakkene, men den forsvann delvis i grillinga så litt forundringspakke vart det, men kva gjer vel det ute i skogen? Det var deig til pinnebrød, det var pølser og de var eple fylt med smør, sukker, kanel og nøtter til dessert. Kan ein ha det betre?
Pinnebrødsteiking. Bak epler og wraps, i alufolie.
Søndag straks over, måndag neste...

Søndag

Søndag er vekeleg ein annan dag enn dei andre dagane i veka, det er oftast rolegare start, stille og lite program. Idag starta vi med amerikanske pannekaker, som vi åt med bacon, blåbær og lønnesirup. Minner om frukost på ferie i USA og slik skal vi jammen ete i sommar og! Svart te og nypressa appelsinjus til, eit snev av luksus!

Samtaletemaet idag var inspirert av etikkurset eg har vore på, kva er rett og galt? Det er ikkje svart/kvitt i alle spørsmål. Nyttig og god samtale!

Oppskrift på pannekaker kan du finne her; Lønn som fortjent

torsdag 19. april 2012

Det søte hotelliv

Ei kjapp oppdatering, eg lever luksusliv på hotell. Men rekk ikkje nyte så lenge, sidan det er fullt opp med program...
Seng i den eine enden av romemt

Sofa i den andre delen, og inn til badet

Til venstre inn til det andre badet!
Ikkje ofte eg har så fint hotellrom:) og ikkje ofte eg har to bad på rommet! Men no skal eg på neste post på programmet!

lørdag 14. april 2012

Twitterfrukost

Klassisk teplis-posisjon!
Utsikt frå kjøkkenet, over taket til påbygget
Eg har vore så heldig å få delta på twitterfrukost/teplis eit par laurdagsmorgonar! Veit du ikkje kva det er? Det er ikkje verre enn at vi er nokre som avtaler å "møtest" på eit tidspunkt og så "pratar" vi i veg, medan vi drikk te og kaffe, omtrent likedan som om vi hadde vore på kafè.

Idag var temaet m.a. været, sidan det idag var sol på stader der det har regna mykje i det siste.
Eg brygga ei kanne te og smurte mat, og rigga meg til med pc og litt radio i bakgrunnen.
Yoghurt er kanskje ikkje ideell twitterfrukostmat:)
Og etter ein time, som gjekk veldig fort, var tekanna tom! 

torsdag 12. april 2012

Kvardagslukke

I morgon har eg fri frå jobb, på ein heilt vanleg fredag, og eg skal ikkje noko spesielt, berre ha fri.
Og til frukosten skal eg ha ferskpressa appelsisjuice 

Det beste er nesten idag, å vite at i morgon kan eg ete frukost lenge, lese avisa og høyre radio. Så skal eg til frisøren, gå tur, kanskje er det sol så eg kan sitte i solveggen? Eg kan dessutan tenkje at dagen er endelaust lang, at eg sikkert rekk å finne fram symaskina og sy litt, iallfall klippe den veska eg har tenkt å sy.


Påska inneheldt mange arbeidsdagar, det gjekk heil greit, men eg kjente på at eg trong ein fridag. Ein dag til å sette meg sjøl først, ikkje fordi eg ikkje kan tenkje på meg sjølv til vanleg, men fordi tanken gir meg energi. Eg kjem sikkert til å vaske klær imorgon, rydde litt, planlegge midddag, men innimellom, då kan eg sette meg ned, lese litt, ta ein kopp te, strikke på sjalet mitt, sjå tv endå det er midt på dag :) før eg gjer noko meir produktivt, kanskje.
Garn frå mohairgeit som skal bli eit sjal



Kvardagslukka kan vere å planlegge ein fridag!


mandag 9. april 2012

Påskekollasj

Nokre glimt av påske, heime og borte, med snø i lange baner...
Hos mamma og pappa stakk påskeliljene fram frå snøen, håpar dei tåler det.
Hos oss kan eg sjå at det blir vår og snøfritt framom huset, ein gong.
Verdens finaste påskeegg kjøpt i København i fjor og året før har levd ei anonym tilvære i år, men får vise seg fram her.
Kvila, teplis-plassen, i snø og gråvær, eg ville tatt teplisen inne på glasverandaen enno.


mandag 2. april 2012

Mitt lille land


I dag såg eg plutseleg Karen på fjernsynet. Karen var hushjelp hos søskenbarnet til bestefar då ho var riktig ung(vi snakkar her om før 1940, Karen er altså ikkje heilt ung lenger, men ho syns det er for mykje snø no på våren) Ho var med til feriehuset og plukka bær og stelte hus og var på fjellet om sommaren. Då ho slutta som hushjelp og fekk barn og barnebarn, fekk ho låne hytta til dei ho hadde vore hushjelp til, og eg leika med barnebarna hennar. Eg har ikkje tenkt mykje på Karen dei siste åra, ho ferierar ikkje i heimbygda mi lenger, ho har kanskje eiga hytte, eller reiser til syden? Men når eg såg ho på fjernsynet, kom mange minner om multeplukking og kaffe på nabohytta tilbake. I tillegg huskar eg pappa sine historier om bacalaoen han fekk smake når dei laga det om sommarane, og tenkjer at jammen skal eg lage bacalao snart!

Eg traff dessutan nettopp ei eg har møtt via twitter, vi har ingen felles kjente slik i utgangspunktet. Men litt ut i praten og blikjent-runden, oppdaga vi at hennar barn har gått i barnehage med ungane til ein tidlegare kollega av mannen min. Eg vart oppdatert og vi hadde eit felles punkt, som vi ikkje viste om.

Og slik er det ofte; med utgangspunkt i kvar vi kjem frå (kjenner du ho? Ho snakkar nesten likt som deg?) kva skular vi har gått(har du gått der? Eg kjenner nokon som...) og kva vi jobbar med (gamlekjærasten til bror min jobba med xxx, eller søstra til naboen har jobba i Stavanger ) og vips har vi eit knutepunkt. «Næ, er det onkelen din?» eller «Går det an, eg gjekk på skule med henne?» Sosiale medier gjer at ein finn enno fleire slike kryssningspunkt, og det er då ikkje så dumt?

Etter 22.juli vart det endå fleire å kjenne eller vite av, søstra til nokon sto slik at ho kjente eksplosjonen, eg kjenner nokon som alltid brukte vere på Utøya, andre kjenner nokon som jobba på eit Oslo-sjukehus, tragedien kom endå nærmare oss alle, fordi vi kjenner eller veit av nokon.

Og alle desse tankane fordi eg såg Karen på TV i kveld.

Ventar på...

...påske, vår og ferie. Men enno er det dagar med jobb, ikkje at det er så ille, det einaste er at eg må stå opp før eg eigentleg vil ;)
Det er verre med snømåking og glatte vegar. Men våren har alltid kome før, så det blir vel i år og?









Eg har testa ut nye oppskrifter på egg, juniorane lurer på kva som skjer, sidan maten har fått så rare namn:) På laurdag var egga kledd i spekeskinke, men den retten haddde ikkje noko namn. Laga min første hollandaisesaus, og min andre, den vart best, slik at vi kunne få Egg Benedict til frukosten palmesøndag. Med nypressa appelsin- og grapefruktjuice til vart det festfrukost!

Eg har vore på #minipåske-tweetup med ei eg har vorte kjent med via twitter, litt sommarfuglar i magen, korleis er det å treffes IRL? Men det var berre stas og praten gjekk utan stans!


Sjølvaste stashanen har kome fram! Eg fekk den med ei tante på 70talet ein gong, lenge før det var vanleg med påskeegg med godteri i. Denne har ikkje plass til mykje, men var lenge meir enn nok. Truleg hadde eg hatt godt av at det var dette som var målet på kor mykje eg skulle ete i påska...
Påskeegga til ungane kunne lett slukt denne hanen...kva kom eigenleg først av egget og hanen?!





Gamle og nye påskeegg, nokre til å ete, andre til pynt.