lørdag 28. juli 2018

Helg, endeleg!

Noko er galt med  bildeoverføringa, men altså: Det er sommar og eg orkar ikkje bruke tid på feilsøking. Du får sjå for deg det eg skriv om!

Igår var det endelig fredag!

Etter jobb plukka eg salat frå kjøkkenhagen (!) Fjerna alle sniglane eg såg, kutta opp, og fylte på med agurk, tomat, paprika,  løk, soltørka tomat, fetaost, basilikum, kyllingfilet og bacon. Stekte nokre halvstrkte baguettar eg fann ivrødskuffa og reiste i båten saman med mann og son. Varm, varm dag,  litt vind, perfekt å ta middagen ute på fjorden. Sol på kroppen, særleg på nasen, vind i håret,  god tid og slik 'berre vere der'-tid.

Idag sove lenge, alt er relativt, men lengervenn når eg skal på jobb. Frukost ute, årets varmare dag? Iallfall behov for skygge allereide kl 9.30. Myntete,  kald drikke, knekkebrød frå Sverige,  årets blåbær på blåmuggosten.  P2 og heile dagen framfor oss.
Bytur etterkvart, og der var det lite folk. Dei gjorde vel klokere ting enn shopping,  nen det vart eit par ting vi måtte.
Middag saman ne6d junior, frista du med biff utsett han turen til kompiser!  Trønderbær(altså jordbær) til dessert. Og ein smak av junior sin brasilianske kaffe, laga med aeropress.
Og no sofa!

Etterpå skal eg sette deig til eltefrie brød, for det kom ei bestilling. Og i morgon er Det nok ei  fridag! Kanskje med regn?

fredag 27. juli 2018

ein time

Å starte på jobb etter ferien, er ikkje for pyser! Eg syns det, som kvart år, har vore slitsamt! Snu døgnet, følge klokka, tenke og konsentrere seg etter dagar og veker med slaraffenliv.

Godt då å finne noko som gir energi. Ein tur i skogen. Ei blåbærtue og knekkebrød til kveldsmat.

Ein time pause kan vere nok. Og no er det snart helg!






søndag 22. juli 2018

Det var det, ferien er over

I ferien har vi gjort mykje, så mykje at eg neste år har tenkt å gjere mindre!


  • båttur (neste år skal eg legge inne inn båttur på slutten av ferien, for å roe ned)
    Ikkje så avslappa heller, når vi skal under bruer, det ser aldri ut som det vil gå bra!
  • bilturar (stadig vekk, både kort og langt)
    Eksempel på mål for biltur. Utsikt hos mine foreldre.
  • vore i 50årsdag til venninne, og fekk kombinert med besøk hos svigerinne og hos studiekompis av mannen, og ein begravelse. 
  • førebudd, gjennomført og evaluert dobbel femtiårsfeiring for meg og mannen. Fornøgd med festen, med turen dagen etter(vi hadde valgfri topptur eller tur til hytta dagen etter) og alle gjestane som kunne vere med! Det vart nok mat, nok kaker, nok program. Vi hadde quiz og vart overraska med kahoot. Vi hadde bilder frå 50 år. Vi hadde ikkje minst ein kjellar med mange spel som dei yngste gjestane brukte flitting. Vi hadde nieser og nevøar og soner som hjalp til, og vips hadde vi rydda og vaska alt. Feiring er så bra!
    Og kjolen er mamma sin. Kjøpt til bryllupet til søstra mi i 1980
    Passa perfekt til meg no! Og alle trudde eg hadde ny kjole.
  • eg har vore på Hytta, barndommens paradis, ein dag. Vi tok ut båt, og eg har sett gleda i å få ro hos nieser og nevøar og fått besøk av sauer og drikke skikkeleg kokekaffe på plena. Eg har ete årets første blåbær og gått tur med niese, som hadde mykje å fortelje. Det er ikkje så verst å bli godkjent som fortruleg tilhøyrar.
    Dette! Dette gir ro i sjela og påfyll til batteri og lavare skuldre.
    #mykindofmindfullness
  • vi har besøkt familie, og hatt besøk. Vi la beslag på campingvogna hos mamma og pappa, det var litt som ein ferie å bu litt tett og trang og med litt mange ting, og vere så nært naturen! Sjølv om vi låg rett utanfor husveggen.
  • vi har vore i Sverige på harrytur, som i tillegg til handel, inneheldt natt på hotell og fin middag, rusletur i Åre sentrum og ein tur i turløypene. 
    Åre gamle kyrkje
  • eg har trena litt for lite, men har ete veldig mykje god mat!
    Mateksempel. Sveler med smørkrem på fergetur.
    #ferdamat
    SÅ godt! Og absolutt feriemat.
  • eg har vore med på opning av tursti rundt vatnet i barndommens rike. Eg var saman med pappa, han fekk litt skyss, eg fekk gå. Det var skodde og småregn, men god stemning, mykje folk! Eg traff nokon eg nesten kjenner, men aldri har møtt før, slik er livet i sosiale medier!
    Pappa på turstien har har hatt ide til, vore med og planlagt og laga.
  • vi har fått båten opp på land, og konstatert at det litt brå møtet med ein litt høg havbotn ikkje hadde gitt så mykje skade som frykta, og i morgon skal båten ut igjen og det er håp om små turar, sjøl om det er kvardag og jobb. Det er tross alt juli enno, og mange fine kveldar framover! 
  • brukt litt tid på å venne meg til at ingeniørstudenten er vaksen, og reiser på ferie og er utanfor dekning og på ukjente fjelltoppar og utan noko reiserute han kan gjere rede for før etterpå. Eg syns eg har takla det bra. Uvisst kva ingeniørstudenten meiner, men eg har iallfall ikkje ringt han mykje.
  • Eg har hatt ein litt lang dagstur, der eg fekk med meg konsert med musikkjunior på moldejazz, lunsj saman med både musikkjunior og ingeniørstudenten, og fekk med kontrabass heim igjen. Så leverte eg ingeniørstudenten til sommarjobb hos besteforeldre og køyrte heim i sein julikveld med sol og regn og P2 på radioen. Og ei korg jordbær som var tom då eg kom fram!
  • Og innimellom alt, har vi faktisk hatt nokre dagar heime der vi sov i eiga seng, gjekk i marka, grilla middag og førebudde feiring(det sørga mitt indre stress for, det er så mykje som kan gjerast før ein slik dag) Lurer på om vi ikkje hadde ein dag der vi var innom byen og slentra rundt ein times tid også? 

Eg har sikkert gjort mange fleire ting! Men det får kome etterkvart, om eg huskar dei. Det har vore ein fin ferie, og den har gått fort.
Eg har ikkje prioritert blogging! Eg har lese litt kva andre har skrive, men det er vel eit godt teikn at ikkje alt er som i kvardagen? Og eg har delt ein del på snap og instagram, så heilt borte frå SoMe har eg ikkje vore. Det skulle tatt seg ut...
Frå kjøkkenhagen

No er det søndag kveld, eg har betalt rekningar, rydda i papir på pulten, flytta pengar til rett konto, tenkt på matpakke til i morgon, planlagt å leite etter bringebær til syltetøy og plukka 7 modne jordbær i hagen. Eg har rydda i bilder på telefon og data og tenkjer, som så ofte før, at eg skal bli meir organisert og i forkant... Eg har pakka ut frå overnattingstur og harryhandel, vi har sett på gåvene vi fekk til 50årsdagen og byrja planlegge neste feiring. Blir nok ikkje kjedeleg resten av året heller.

onsdag 11. juli 2018

On the road again

Vi skal på tur igjen. Og vi skal feire. 
På mystisk vis er det tid for jubileum. 50 år, er ikkje det gamalt folk?! Det er rart å bli 50 (men altså, det er vekevis igjen til eg blir 50! Medan mannenn vart det for vekevis sidan), for det høyrest vakse og ordentligt ut, og eg kjenner meg ikkje slik... Men det er eit høve til familiefest, og det skal vi ha!

Eg har ei indre hurpe og husmor som slår til når det nærmar seg feiring...på godt og vondt. Men no byrjar eg tru vi kjem i mål, mat er bestilt, kake, bordpynt, gjester kjem, været lover bra. Qui er snart ferdig, mannen har plukka ut mengder med bilder.

Og eg har gamal kjole og nye sko!

fredag 6. juli 2018

Blåblå himlar och hav

Nokre dagar i båt. Tre netter i båtkøye, slett ikkje så god som senga heime, men eg søv godt i gynginga. Nokre dagar med litt enklare liv, mat laga på eit lite kjøkken. Kveldar med levande lys og vugging i bølgene. Sjokolade til frukostdessert. 

Dagar der vi har teke det frå dag til dag, lagt kurs utfrå værmelding og anbefaling fra andre båtfolk. Kjente hamner og nye stader. Sjømat ein dag, og biff ein annan. Trøndelagskysten i både regn, sol og vind. Delvis mykje vind, men det var mest når vi låg til kai. Nokre uventa hendingar, men det meste etter plana(som ikkje var så nøye lagt)

Kaos før avgang

Eksempel på lunsj i båt

Kveldsstemning

Ut mot havet

Morgonstemning 
På bøljan blå!


England neste?

Fint på lang også!

tirsdag 3. juli 2018

On the road

Dei siste tre helgene har vi kjørt til sammen 3000 km. I vekene mellom har vi vore på jobb...
3000 km er ca Trondheim-Nordkapp-Trondheim.







Vi har feire 50 års dag og besøkt svigerinne. Vi har feira St.hans, besøkt svigers og foreldre og feira 60årsdag. Vi har feira 50årsdag, besøkt svigerinne, møtt studiekompis av mannen og vore i begravelse. Det har vore verdt kvar time i bil og kvar kilometer.

50, 60, 70, 80 til og med 110 sone har vi køyrt! Smale vegar, nye vegar, gamle vegar. Det har gått bra. Men yrkessjåfør blir eg aldri! Vi har sett fjell og fjord og skog og skog og skog og møtt så mange bra folk. Vi har gått tur, bada og nytt sola. Elg. Solnedgang (men ikkje med elg) Ete is.

Men no skal det bli godt med nokre bilfrie dagar!