I sommar har mannen og eg vore på fleire bilturar, utan barn, slikt skjer når dei såkalla "barna" har passert 18 og heldigvis har eigne liv og eigne interesser. Det har vore riktig så trivelege turar vi har hatt, både heilt til Austlandet og ein liten instantferie til Nordmøre. Vi har kosa oss!
Men noko har skjedd, vi gjer heilt andre ting enn før. Den som sit i passasjersetet har kartet framme, og følgjer nøye med på fjordarmar og fjell og vegnummer. Vi har med mat og drikke, og kan ta pauser når det passar(og det gjer det stadig vekk for ryggen min) Vi høyrer radio, og vi pratar. Eller det er heilt stille.
Meisingsetvågen |
Og vi køyrer omvegar fordi det såg så fint ut i den vika der nede, kan vi kome oss dit? Og der ser vi ein annan veg, eller ei ferge langt ute i fjorden og vi legg planer om ein ny biltur seinare. Då kan vi køyre der, og over dit, og så får vi sett... Jada!
Og vi har køyrt fleire mil omveg for å kjøpe ost, og ein god is vi hadde fått anbefalt og som dei hadde på same gardsutsal. Når vi først var der, i Torjulvågen, fulgte vi vegen heilt til endes, for dette var ikkje ein stad ein køyrer gjennom, hit køyrer ein og snur.
Vi har stoppa og sett på utsikta, og kommentert at det hadde gjort seg om dei tok ned skog, slik at vi hadde sett fjorden og ikkje berre tre. Vi stoppa nesten i eit grustak, for det gjorde vi alltid når eg var lita. Turen er ikkje berre for å kome til målet, vi har tatt oss litt meir tid i sommar!
Kjærestepar i over 25 år ... |
Kan det vere alderen?
Og gjer du slike ting?
Så koselig!
SvarSlettDe siste tre åra har vi hatt ei datter på videregående internatskole i underkant av tre timers kjøretur unna. Så det har blitt noen kjøreturer bare med oss. Ganske fint, og vi gleder oss til ferieturer med bare oss to også. Vi koste oss veldig på biltur før vi fikk unger, og jeg tror vi skal klare å ta opp den tråden igjen. :-)
Der er fint å ta opp igjen tråden, og ha noko kjekt å gjere saman. Og det er fint med ferie utan ungar, og litt rart .
Slett