Rakk ikkje å ta bilete av bollane med krem før dei var vekk! |
En Hustavle
Det er en lykke i livet
som ikke vendes til lede:
Det at du gleder en annen
det er den eneste glede
Det er en sorg i verden
som ingen tårer kan lette:
Den at det var forsent
da du skjønte dette
Ingen kan resten av tiden
stå ved en grav og klage
Døgnet har mange timer
året har mange dage
Arnulf Øverland
Fastelavenssøndag er ein fin dag å invitere nokon, det skal vere bollar og fest denne dagen! Men kva med resten av året? Kvardagane, når nokon er sliten, lei seg, sjuk…når ein har lyst å gjere noko for nokon.
Eg har det siste året gjort meg nokre tankar om det å bry seg, for eg er ofte redd for å trenge meg på. Tanken om at det sikkert ikkje passar, eller at dei syns eg masar for mykje, kan gjere at eg vegrar meg litt. Samtidig byrjar eg å få litt trua på å ta seg til rette, på ein forhåpentlegvis god måte. Eg har ikkje så trua på å brøyte seg veg, overkjøre eller ikkje lytte…
Kanskje kan eg seie "eg kjem innom i morgen klokka seks" istadenfor å seie "sei frå om du vil eg skal kome ein dag". (og ta meg tid til å høre på svaret, om det passar eller ikkje) Eg tek heller med eit nybakt brød når eg skal innom, istadenfor å seie "vil du at eg skal bake til deg?". Invitere med på kafe for å gje eit lite pusterom i kvardagen, eller invitere på middag, slik heilt vanleg kvardagsmiddag utan fiksfakseri. For eg trur ikkje eg sjølv ville ringt og bedt om besøk dersom eg var sliten, eller bedt om ein pose bollar eller ferdig middag.
Men om det virkar og er rette måten, veit eg jo ikkje. Så eg prøvar meg fram, og prøvar tenkje kva eg sjølv ville sett pris på, lytte til responsen eg får og ikkje vere så redd for bry meg.
Kvifor er vi så redde for kvarandre, forresten? Kva er det vi trur kan skje om vi er tilstades for kvarandre? Tilbyr hjelp, eller spør om hjelp, for den del. Og er hjelp og støtte ein får ubedt, dårlegare enn den ein spør om? Eg syns det er godt når nokon bryr seg!
I mangel av fastelavensris vart det fastelavenstulipanar! |
Spennande tankar!
SvarSlettFin mars til deg @-}--
Takk! Ønskjer deg ein fin veke!
SlettHøres ut som fornuftig strategi det der med å ta seg til rette.. God uke til deg!
SvarSlettTakk! Å ta seg til rette kan høres litt voldsomt ut, men eg trur det kan vere ein god strategi. God veke til deg!
SlettJeg har også tenkt mye på dette siste tiden, jeg vil prøve å bli bevisst - prøve å glede bare for å gjøre det. Og det er helt sant - det er en glede å gjøre andre glade:)
SvarSlettÅ glede nokon er ei glede! Ønskjer deg ei fin veke!
SlettTakk for at du våger "å ta deg til rette", Kirsti, den aller fineste måten å være venn og medmenneske på! At "noen" fins føles godt når livet ikke er det.Ha en god uke.
SvarSlettTakk! Det er litt skummelt å "ta seg til rette", men eg trur det kan vere godt-for begge partar. Ha ei fin veke!
SlettTakk for at du våger "å ta deg til rette", Kirsti, den aller fineste måten å være venn og medmenneske på! At "noen" fins føles godt når livet ikke er det.Ha en god uke.
SvarSlettFine tanker å reflektere over en mandag. Vi er dårlige på å gå på besøk, og på kveldene blir det ofte studier, oppussing, blogg eller husarbeid. Jeg har blitt veldig dårlig på å "ta meg til rette" siden jeg ble mamma, men det er ei tid for alt og jeg forsøker på de måtene jeg kan. For det er fortsatt viktig å bry seg om andre, selv om det kan være krevende hjemme til tider.
SvarSlettEin er i ulike faser av livet, kanskje nokon skulle ta seg litt til rette hos deg og komme med ferdig middag eller bygge lego med ungane dine, så du fekk gjere noko anna? Det er ei tid for alt! Med større ungar, merkar eg at eg har meir tid og overskot utenom heimen, men likar også godt å bli invitert bort, eller på kafe eller på ein kveldstur. Ha ein fin kveld!
Slett