For byrjar det snø tidleg på hausten, blir vinteren for lang. I advent og jul er det greit med snø, om den er av sorten som ligg sånn julekortaktig , i eit passe tjukt lag. Etter jul passar det med snø i helgene, slik at ein kan gå på ski(no skal eg vere litt forsiktig, for det er vel ei stund sidan nokon har sett meg med ski på beina, men eg har høyrt andre seie det passar då) Det passar iallfall ikkje med mengder av snø som kjem på natta og er ei uvelkomen overrasking når ein skal skynde seg til ein avtale ein er for sein til og det ikkje er brøyta. Det passar med snø i påska, då er også den snøen som ligg pent på plass under blå himmel og strålande sol den som blir foretrekt.
Eksempel på snø vi kan like |
Men etter ein sjeldan snøfattig vinter i Modt-Noreg passar det tydelegvis ikkje med snø i mars!! Etter at det byrja å snø i helga(det er vel rett å seie lava ned)har usedvanleg mange fått sur munn og klagerynker. "Når den ikkje kom før, kunne det vore det same!" Og det er litt surt ute no, det skal eg vere einig i. Det er sørpe, snø, vatn, ubrøyta vegar, glatt, brøytekantar og generelt uframkommeleg.
Eksempel på snø vi ikkje likar |
Men eg likar (stille, inni meg) marssnøen. Den kjem voldsomt, den kjem kvart år, det er mykje av den, den tek plass og den let våren stå på vent. Men det er lange, lyse dagar, denne snøen har ikkje kome for å bli, den smeltar fort. Og DÅ blir det vår. Dei lyse ettermiddagane gjer det muleg å sitte inne etter middag og sjå på snøen som fell utanfor vinduet, det er nesten meditasjon.
Det finns mange ordtak med snø; "ingenting så stille som snø", "snø vil falle over snø som har falt", "å vere dekt av ei snødyne". Det er mykje som kjem fram når snøen forsvinn(det er vel meir som ein trussel :) )
Eg treng ikkje så grått ver for å "snø-meditere". |
(Det kunne eg gjort idag, om eg ikkje vart sittande fast på jobb for å gjere ferdig eit foredrag til ein gjeng bioingeniørstudentar i morgen. Eg hadde starta på foredraget før, heldigivs, men det var litt å forbetre, det var bilder å putte inn og eg må vite kva eg skal seie, ganske detaljert… Og kva skal ein ha på seg? For å sjå passe pent kledd ut, ikkje desperat ung eller trist satt? Iallall gjekk klokka, og eg kom heim med høge skuldre og lavt blodsukker og sa sikkert ting til familien som ikkje står i ei einaste lærebok om foreldreskap! Det kom seg heldigvis med middag og eit stort stykke sjokoladekake)
Då eg gjekk til jobb idag tidleg, snødde det hestar og elefantar, det blåste og var generelt ufyseleg! Å bli vaksen har den fordelen at ein kan kle godt på seg utan å skjemmest, så sjøl om eg såg ut som snømannnen Kalla, var eg varm. Men plutseleg letta det, sola braut nesten fram, det vart lyst og lett! Eg fekk ein super start på dagen! Og det snødde vidare etterpå…men eg hadde rett og slett sett lyset :)
Jeg liker også Mars-snø :)
SvarSlettMarssnø er fint(men det holder hardt i dag, med slaps og glatte veier og litt lavt blodsukker…)
SlettJeg er ikke så begeistra for snø. Men her vi bor er det en del snø, og kjenner jeg hjemstedet godt, så aner det meg at det kommer et snøfall eller to til før det blir skikkelig vår...
SvarSlettEin Kamerad seier alltid at "det kjem alltid ein vinter til" Ikkje dei muntraste orda, men det brukar stemme...
SlettDet passer alltid med snø! Alltid! Selv når det snør på 17. mai blir jeg glad for å se disse hvite fillene som laver ned :) Når det er sagt, så er jeg helt ærlig fan av snø som ligger til etter påske, og som deretter går over til vår og uendelig sommer. Bare at jeg bor i nord, og det der er en utopi :)
SvarSlettI fjor snødde det til 2.mai her, vi hadde konfirmasjon 4.mai…det ble mer snømeditering enn jeg trngte! Jeg syns snø med sol på er fint, og snø som ligger i ro, og snø som plutselig blir vår. Men snøen som er iferd med å bli slaps og søle trenger jeg ikke...
SlettJeg er vanligvis veldig glad for snø, uansett når den kommer. Jeg elsker snø:)
SvarSlettMen denne vinteren har den rykende ferske "lappen" styrt følelsene og jeg har vært lykkelig for den snøfattige vinteren og de bare veiene. Neste vinter skal jeg glede meg over snøen igjen, men slaps blir jeg aldri glad i!
Slaps er grått, trist og sølete! Snø på fjelltoppar er fitn, snø på vegane er glatt og tek frå meg nattesøvnen, til tross for at eg har hatt lappen i 27 år. Men no er eg klar for vår!!! Eg er ferdig med å meditere og sjå på snø som fell sakte ned! ;)
Slett