søndag 16. mars 2014

Vekestart veke 12

Ikveld satt eg i stove og såg meg rundt og kjente på ROA!
Du veit, den som gjer at du pustar med magen, senker skuldrene og les i avisa litt til, i stadenfor å hente den bærbare pc´n, slå på radioen medan du skriv ei melding på telefonen og opnar Facebook.
Kvar kom roa frå? I all hovudsak frå at det var ryddig rundt meg (eg kan skryte på meg at eg ikkje treng  å ha det ryddig, eg berre snur meg bort frå rotet, men å vite at det er ryddig også om eg snur meg, hjelper) Den kom også av ei fin helg. Igår hadde vi besøk av gode vener, det var prat, masse latter og speling med vaksne og tenåringar saman i går kveld. Idag har vi feira at den minste junioren har vorte 16 år, og hatt familieselskap. Det vart meir mat, meir latter og speling.
Roa kom av kalde pizzarestar, med fyll av spekeskinke, blåmuggost og honning, ein bit sjokoladekake til slutt. Den kom av at eg satt heilt åleine. Kanskje kom den og av ein lang tur i snøen og sola, med nye joggesko. Tross snøen som kom igår, kom vårkjensla når eg kjente sola varme!
Men roa kom mest av alt av at eg hadde TID til å kjenne etter! Eg tok meg tid til å nyte stunda, såg ekstra på blomstrane på bordet, snøen som fall utanfor vinduet…. (og eg tenkte heller ikkje på at eg skulle skrive om det. Det kom eg på etterpå)
NTNU i vårsol og værsnø.

Etterpå byrja eg tenkje på dei ulike vekedagane, og kveldane som kjem og går. Kva kveld er best, på ein måte? Måndagskvelden kjem tidleg i veke, den har ofte med seg restar av søndag, klesvask ingen har bretta etter innsatsen på vaskerommet på laurdag, eg går på med friskt mot og kan fort sette ein brøddeig eller starte eit prosjekt eg angrar på seinare i veka. Tirsdag er eg meir igang, ting er rutine, kanskje skal eg bort. Både onsdag og torsdag er møtekveldar, eg tenkjer at eg skal rekke klesvasken, men finn at maksina er full av kler ingen har gjort noko med sidan måndag. Eg prøvar å handle mat og ta telefonar eg må huske. Fredag er den ultimate frikvelden, arbeidsveka er over! Det er sofa og eg søv meg gjennom gullrekka. Laurdag er familiekveld, som oftast, og kanskje har vi besøk. Og så er det søndag, og det er sjeldan den er så prega av ro som i kveld, for jobben har ofte starta kverne i bakhovudet. Men i kveld var det altså RO!
Blomster på bordet, og sol inn vinduet(det var før idag)

Ei heilt anna veke, er den Jan Erik Vold har skrive om:

Kulturuke


Ulturkuke

Tulkuruke

Ultkuruke

Ukturulke

Tlukuruke

Ukturkule

Urtukulke

Turlukuke

Kulrukute

Ultrukuke

Kuleturuk

Ruletukuk

Tulekukur

Luretukuk

Kukuterul

Ruktukule

Lurekuktu

Luekuktur

Kutlukure

Rukletuku

Tuklekuru

Urukekult

Kuruketul


Jan Erik Vold

Ønskjer deg ei strålande veke, med og utan ro og klesvask og kultur. Kva er din favorittkveld?
(No skal eg sove, og i morgon skal eg gå gjennom to-do-lista mi på jobb, den er full av utfordringar denne veka, men trur alt står der, så eg kan krysse ut etterkvart)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar