Eg les og les, det er alltid ei bok eller tre rett ved meg, på nattbordet(eigentleg er det vel ein stabel med fare for bokskred der…) eller stovebordet eller i veska mi. Skrekken er å gå tom for lesestoff! (eg skal på tur i slutten av veka, og har sikra meg to bøker i tillfelle eg treng lesestoff) Eg lastar ned bøker til Kindle-lesebrettet, eg tek bilder av interessante bøker på bokhandelen eller når dei blir anmeldt i avisene, slik at eg ikkje skal gløyme dei. Bøker er min hobby nummer ein!! Eg har bøker eg sluker i eitt, nesten utan søvn og matpause, eg har bøker eg les i innimellom og eg har favorittar eg les gong på gong.
Ok, det var innleiinga(lett entusiastisk!), kva har eg lese sidan sist?
"Kameleonmenneskene" av Hans Olav Lalum, krim frå "gamle dager", altså tidleg syttital, då det ikkje fanns google og nettaviser, der det var eit saktare tempo. Kan lesast litt saktare og.
"et offer til Molok" av Åsa Larsson. Etter å ha lese denne og dei andre bøkene i serien, er eg sikker på at eg ikkje skal flytte til Kiruna eller andre små bygder nordpå i Sverige! Skrekk og gru, samtidig likar eg skildringane av folket, naturen, overtrua, truslivet og livet der, og eg likar måten Larsson skriv krim på! Eg ventar allereie på neste bok! Her er det slekters gang og arv og elende så det held, hat som blir arva nedover i generasjonar, misunning og uvenskap. Eg satt med nasen i boka i heile går(turte ikkje sove før eg viste korleis det gjekk)! Og skal du lese denne boka, anbefalar eg å starte med bok ein i serien, dei heng tydeleg saman.
"Og været skiftet og det ble sommer og så videre" av Pedro carmona-Alvarez er ein ny favoritt. Den handlar om ei jente som veks opp i skyggen av sine to døde søstre, foreldre som ikkje taklar sorga saman og det nye barnet, det er trist og svart og håp om kvarandre. Anbefalast på det varmaste!!
"Karusellmusikk" av Jo Nesbø, viser ei for meg ny side hos forfattaren. Det er lite krim, det er ettertenksomt, snodig og sårt. Eg har nettopp fått gjenfortalt "Panserhjerte" og "Hodejegerne", med verkemiddel og det heile frå junior2, so skal ha norskframføring i morgon om dei bøkene, og dette er ei heilt anna verd! Klart verdt å få med seg!
"Syngja" av Lars Amund Vaage, ei bok om å vere far til ei jente med autisme. Ei bok om å ikkje få det ein ønskte seg, om å ikkje gjere som ein tenkte, om å måtte møte livet slik det er. Ei historie om livet!
"Harbour Street" av Ann Cleeves, krim frå England. Handlar om Vera Stanhope som leier mordetterforsking i ein liten by nord i England. Boka er ein del av ein serie, og flerie av bøkene er det laga tvseire av. Eg får lyst på fish and chips, te og scoones og spaserturar i små engelske byar, men ikkje åleine, for jammen lurer det farar overalt! (denne har eg lese på Kindle, supert å ha mange bøker på ein liten dings, særleg når ein skal ut på tur) Eg har forresten lasta ned flerie bøker som eg skal lese, godt å ha i reserve! Må berre huske å lade den før eg tek den med på tur i slutten av veka.
Og til slutt to godbitar eg fann på loppemarked: "Mette-Marit går til filmen" og "Mette-Marit russepike". Vi snakkar lettleste ungpikebøker frå femtitalet, med innbygd både romantikk og moral! Kjempestas å lese, men kanskje ikkje det som festar seg lengst i hukommelsen :)
(og desse bøkene kan vere medvirkande årsak til at eg ikkje alltid rekk det eg skal på heimefronten…heller lese enn vaske!)
Kva les du?
Hjelpes...! Jeg har mer enn nok med én av gangen... og den tar tid!! Trøster meg med at leselyst- og energi kommer tilbake når småbarnsfasen er over. Hodet er rett og slett litt for tåkete enda! :-) Fin kveld til deg!
SvarSlettMed to tenåringsoner som oftast ikkje er så avhengig av mor, får ein meir tid til å lese! Du kjem nok dit igjen! Ha ein strålande dag!
SlettAkkurat nå prøver jeg hardt på "Sønnen" av Jo Nesbø, men jeg vet ikke om jeg kommer til å lese den ferdig... Rundet side 100 i går kveld og det begynner å løsne, men så langt har det vært langtekkelige saker synes jeg. Ellers er jeg som deg - har alltid en drøss bøker liggende halvleste. :o) Leser også selvbiografien til Usain Bolt og "Hva jeg snakker om når jeg snakker om løping" av Murakami og et par andre. :o)
SvarSlettTenkte å vente litt med "Sønnen", vart litt mett på hard krim etter siste Harry Hole. Har lese litt av Murakami før, og det er realisme og eventyr i rar blanding...
SlettPensum. Jeg leser pensum. Og syns fryktelig synd på meg selv, særlig når jeg kommer over innlegg som dette… :) Jeg blir så borte når jeg leser skjønnlitteratur skjønner du. De fleste foreldre i dag er redd for å ikke være godt nok tilstede pga smarttelefon og nettbrett, jeg derimot, må holde meg unna de gode gamle bøkene. For da blir jeg ei dårligere mamma. Rett og slett. Jeg -klarer ikke- holde meg unna. Må bare snike meg til å lese et kapittel til. Blir liggende alt for lenge på sengekanten. Men en vakker dag skal ungene ut av huset og inn i barnehage som normale unger, og DA.. ;)
SvarSlettHøres ut som veldig fine bøker, jeg håper du nyter og nyter og nyter. Hvem trenger vel rene hus med gode bøker i hendene? God helg! ;)
Huff da, det var da ikkje meininga at du skulle bli trist og lei av innlegget mitt! Men det er lett å bli ei dårleg mor(og kone) med ei bok i hendene…"skal berre lese ut setninga/sida/kapittelet/boka så kjem eg" (kanskje) Slik sett er ein tur bort fint, på hotell/fly/tog er det ingen som ventar noko av meg!
Slett