fredag 28. februar 2014

Sofadag

Eg har sofadag idag, eg er sjuk. Ikkje frykteleg sjuk, men sånn passe smittefarleg med litt kjedeleg virus og er slapp og sliten. Det er nokre ting som går igjen når eg er sjuk, eg ser ting eg ikkje legg så godt merke til elles….

  • visne blomster. Tulipanar varer ikkje evig, 14 dagar er nok i overkant sjølv for dyre, fine, kjøpt på blomsterbutikk. Det viser seg og at primula treng vatn, oftare enn kvart jubelår.
  • sol avslører skitne vindu. Eg kunne dratt for gardinene, men vi har ikkje gardiner. Det er klimaendringane si skuld! Det har knapt vore nedbør i 2014, og støvet er overalt!
  • "nokon" burde vaska eller kosta rundt vedomnen, der ligg støv og ved. Ein annan dag, tenkjer eg og drikk meir Farris.
  • irritere meg over mangelen på mat som fristar i kjøleskapet. 
  • klesvask og oppvask lever sitt eige liv bak ryggen min, dei formerar seg på mystisk vis. Godt då med ein junior som seier, sånn i forbifarta, "æ sett på oppvaskmaskina, den va full".
Ingen blir friske av eit slikt negativt fokus! Eg må fokusera på noko lystigare!!
  • lese avisa, lenge og grundig. Løyse bokoppgåva i "Dag og tid", kven veit, kanskje eg sender inn svaret også?!
  • strikke ein omgang eller to på strømpene til mannen.
  • høyre radio; få lesetips, musikk-inputt, nyheiter frå inn og utland, kjenne at eg er heldig som bur her eg bur!
  • lese meg vekk i Blogglandia, oppdatere meg og lese, for meg, nye bloggar.
  • sove litt på sofaen under eit varmt pledd.
  • lese i bøkene eg kjøpte på Mammutsalg sist helg.  
Satsar på å jage viruset ut av kroppen i løpet av helga, heldigvis ei roleg helg som ligg framfor oss, så eg skal pleie meg sjølv!! No er eg ikkje forkjøla, men dette handlar vel om å vere sjuk… 


Forkølet


Jeg er så forkølet, forpint

og besværet,

og det er så synd og så trist,

og jeg er så syg, som ingen

har været -

siden jeg var det sidst.

Og jeg ligger i sengen
og
tænker kun på

at jeg har det så vederstyggeligt,

og er så elendig og mishandlet, åh!

Og det er i grunden så hyggeligt!
Piet Hein


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar