Utsikt frå sofaen: Vinter på trøndersk… grågrønt og tørt |
Søstra mi delte eit dikt på Facebook her ein dag, og eg tenkte å dele det samme med dykk i dag:
Diktaren Bruheim ville ha fylt 100 år oår, og det blir skrive litt om han rundt om, vel verdt å lese!
Den annsamme
Han har ikkje stund til å stogge
og ikkje tid til å sjå.
Menneske som han møter
dei ansar han aldri på.
Mangt har han å rekkje over.
Det gjeld um å fara fort.
Mykje var det å gjera.
Det auka dess meir han fekk gjort.
Så lid det til endes med dagen.
Han står der, studd over stav
og
spør:
Kva har livet gjeve
og kvar har det vorte av?
Slik jaga han gjennom livet
utan å få det fatt.
Ei glede sprang etter på vegen
men nådde han aldri att.
Jan-Magnus Bruheim
Måtte du få ei veke der du går saman med gleda, så den slepp springe etter deg! Ei veke der du kan stoppe opp, med eller utan vinterferie, ei veke der du ser menneska rundt deg -og blir sett sjøl!
Eg planlegg sakte frukost, litt rydding, lunsj på kafe, bok i sofaen og kanskje eit venninnetreff! Ein tur i skogen, for det er visst fint der, sjølv om det ikkje er snø, og eg har eit lite håp om å få fram symaskina.
Dagens frukost var ikkje så verst! Eg treng C-vitamin for å jage forkjølelsen vekk! |
Målet for uka er å bli frisk! :) Håper du klarer å jage vekk, du også :) God uke til deg!
SvarSlettHøres fint ut! Deilig med vinterferie :-) Ønsker deg en god uke!
SvarSlett