tirsdag 11. februar 2014

Mødre, altså...

Eg skal skrive om meg sjøl, for i går var eg og såg musical, med junior i bandet. Eg var/er stolt!!! Meir om det seinare.

Men altså, mødre, sånne damer med hjartet på utsida, med smil eller tårer i augene, litt avhengig av kva som skjer. Eg er visst ei slik ei!
No, med tenåringar i hus, prøvar eg lese ansiktsuttrykk og tolke mumling, når eg vil vite korleis dagen har vore. Det vekslar jo mellom bra og BRA når eg spør, eller grei dag når dei svarar i heil setning. Eg tenkjer at kanskje må det ei mor til for å høyre nyansene? Eg vil jo dei skal ha det bra! (men det snev av hukommelse eg har frå den tida, minner meg på at eg heldt tett om mykje, og delte eg med nokon, var det vener heller enn mor og far eller anna familie. Men eg gløymer den biten og spør kvar dag:korleis har dagen vore? og tek i bruk mammaradar og tolkningsverktøy for å forstå svaret og sett evt mannen på saka for å spørje på ein annan måte)



Igår var eg stolt, slik mammastolt som smiler frå øre til øre, ser meir på han i bandet enn på dei på scenen, prøvar lytte ekstra til alle bassoloane, og tenkjer at alle må då høyre at dette er ein framifrå god bassist?! Eg angra på at eg ikkje hadde med plakaten der det sto "Eg er mamma til bassisten" (det er berre noko du truar med, sa bassisten sjøl, du tørr ikkje. Han var altså ikkje så redd for å ha mor i salen) Eg fryda meg over dei eg snakka med som forsto kva dei skulle seie til ei stolt mor, etc etc etc. Eg har klipt ut anmeldinga frå avisa og linka dit på Facebook… Å, eg er så stolt!
(sånn i parantes og for ordens skuld, eg var nok ikkje den einaste stolte mora i salen! Det var fullt av oss, og av stolte fedre! Og det med rette, fantastisk flinke ungdommar på scena, i bandet, bak scenen, teknikkarar med kontrolll etc, og hurra for lærarar med kunnskap og vilje og inspirajon! Det var ei fryd å sitte der!)


Eg frydar meg når andre snakkar fint om ungane mine, eg prøvar oppføre meg på utsida, men gliser på innsida!
Eg uffar meg og sukkar når dei syklar på heller uvegsomme stader, klatrar i fjell, hoppar frå store høgder og liknande, men på innsida heiar eg og er glad de er så tøffe!
Alt er ikkje rasjonelt å vere stolt over, men for mor er det jo spesielt med det første smilet, den første gongen junior snur seg frå mage til rygg, reiser seg, tek dei første skritta… Pyttsann at det er noko som blir rekna som vanleg! Det skjedde her, med mitt barn!

Og hjartet blør når dei er slitne, sjuke, har for mykje å gjere. Eg masar om nok søvn, rett mat i rett tid, varme klær og kor viktig det er å gjere lekser. På same måte som eg blir glad når dei har forstått av seg sjølv at dei treng ull under når det er vinter, grovt brød til niste eller legg seg fordi dei er trøtte. Eg kjenner meg litt tåpeleg innimellom, for dei er store og kan så mykje, men mamma er mamma!

Og eg huskar at bestemor var likedan. Ho var Mor heile livet, og bestemor og oldemor, og ga oss omsorg og omtanke, og bekymra seg for oss! Eg forsto at dette var visst ei oppgåve for heile livet….

Det vil altså ikkje gå over! Det er berre å stålsette seg(og førebu ungane)  Mødre, altså...


1 kommentar:

  1. Så fint skrevet! Mamma er mamma, ja. Jeg har ikke tenåringer men er selvsagt stolt som bare det når storebror briljerer på sparkesykkelen sin og de to minste klatrer opp i klatrestativet og tar sklien ned helt selv. Og sånn fortsetter det nok... resten av livet... ;-)

    SvarSlett