Iallfall blir dette det siste februarglimtet på bloggen for iår. Eg trur eg skal etablere marskvardag i mars, så får vi sjå om eg har noko å dele.
Idag har eg vore hos fysioterapeuten, og vorte både knadd, bretta og strekt, ekstra grundig, for samtidig som eg hadde time, nærma Marit Bjørgen seg mål i Lahti, og då fekk eg ekstra behandling medan vi høyrte kommentatorane rope meir og meir. Og etterpå har eg gått ein liten tur på ski, for det fekk eg lov til.
Skitupp på snø |
Det er feitetirsdag idag. Du har klart for deg kva feitetirsdag er? Det er dagen før fastetida startar. Det er vanleg å ete saltkjøt idag, men eg hadde nokre restar i kjøleskapet som eg helst ville bruke opp. Så såg eg på o store nettet at det også er pannakakedagen. Eg likar ikkje å steike pannekaker, men dagens røre var heilt perfekt, så sjølv om det tok si tid, gjekk det greit. Eg skar opp ribberestar og varma dei. Eg skar opp kyllingkjøtrestane og varma saman med hoisin-saus. Eg skar opp salat og vårløk. Det vart restemiddagen sin det! Nam! Og til dessert, pannekake med resten av kremen frå fastelavnssøndag og blåbærsyltetøy. Restar altså, det treng ikkje ver kjedeleg i det heile tatt!
Så får vi sjå på det med fasten...Eg tenkjer enkelte år at eg gjerne skulle ha gjort om litt på maten i fastetida, meir fisk til middag, færre slag pålegg tilgjengeleg til ei kvar tid. Trur ikkje det blir i år heller, men eg trur det kunne vore ei fin øving for å sjå kontrastene!
Pannekaker |
Salat, løk og kylling. |
No sitt eg og junior i kvar vår sofa igjen, med te og kaffe. Eg bloggar, og han skriv notar og nynnar litt. Ein ganske roleg kveld. Det er fyr i omnen, radio svakt i bakgrunnen. Igrunnen ein fin måte å avslutte februar på!
Salongbordet ein februarkveld. |
Det ser ut til at jeg for første gang siden jeg begynte å blogge legger bak meg en måned uten et eneste innlegg. Jeg kan jo kanskje skylde på at jeg ble syk 2. februar og at jeg fortsatt er et stykke unna frisk?
SvarSlettJeg har likevel fått med meg alt du har skrevet :-)
Sykdom er godkjent bloggefråvær, (om du har legeattest, vi kan ikkje vere sløvare enn skulen der, hehe!) Håpar formen er betre, og at du kjem friskt tilbake og bloggar.
SlettKjekt du les det eg skriv!
Den middagen skulle jeg gjerne vært på, du er flink til å ta vare på de gode øyeblikkene du!
SvarSlettMiddagen fikk toppkarakter av junior. Og det var ikke behov for kveldsmat igår, kan du si! Livet består av øyeblikk, prøver å fange dem og være i dem.
Slett