onsdag 19. juli 2017

Vekestart veke 29

Eller start og start, det er vel lillelaurdag allereie, men det er litt untakstilstand no når det er ferietid, er det ikkje? Eg har ein gjesteopptreden på jobb denne veke, det går forsåvidt greit, eg veit jo at det straks er meir ferie, samtidig er det å snu døgnet for ei veke ganske krevande!

Fruen fra havet


Ei veke sjø- og båtliv sitt litt i kroppen, enno kan eg plutseleg gynge eller rommet byrjar å svinge på seg, men eg nyt senga mi og do innandørs, kjøleskap og kort veg til butikk! Eg saknar litt å sitte i båten og sjå utover sjøen, heilt til horisonten, eller til flotte fjell, inn ein fjord eller ut til nokre holmar og skjær. Samtidig gler eg meg til å reise tilbake til gjengen min på fredag, få med meg innspurten på Moldejazz, folkeliv og at det er meldt sol! Eg er midt mellom sjø og land!
Idag har junior spela på utescenen i Molde, medan eg var her. Då var det greit å kunne ta på turskoa og gå ein lang tur i marka. Eg fann ei molte som blir moden akkurat når eg reiser bort. Eg fann blåbærkart og eg plukka dei aller første bittesmå markjordbær. For ein smak! Eg såg skog og trær og himmel, eg vassa i myr og satt litt ved Lomtjønna, mitt smultronställe framfor noko i Estenstadmarka!


Og eg byrja tenkje på eit dikt av Hans Børli, som eg las for bnokre veker sidan. Det passar godt akkurat denne veka, når eg er midt mellom hav og skog!



Havet og skogen

- av Hans Børli
Havet og skogen er søsken.
De taler langveis sammen
på vindspråket. Den ene blond
av brenningers hvite skumbrem,
den andre mørk
av rotvokste vingeslag.
Havet og skogen er søster
og bror. Og selv er jeg
av samme higende ætt.
Jeg anerkjenner ingen grenser,
selv ikke dødens. Jeg har
sloppet mitt hjerte på beite
på solnedgangens røde enger
og slått opp min lengsels sandslitte
beduin-telt
bortenfor synsranda,
der lendet haller vestover
mot evigheten.

Ønskjer deg ei god veke, enten det er ferie eller jobb, sol eller regn!

Fruen fra skogen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar