mandag 26. juni 2017

Segling, vaflar og overnatting

No kjem bilde på bilde med skryt, av båt og vær og meg sjølv. Du er advart!

I helga har eg vore på testtur. Eg trong det, dersom ferieplana skal gjenommførast (den er litt avhengig av vær og slikt også) eg måtte ha ein litt lengre tur med båten, med innlagt overnatting. Værmeldinga var ikkje så allerverst, ifølge Yr skulle det iallfall vere opphaldsvær. Kanskje til og med sol? Mannen meinte det kunne bli lite vind, og kanskje mest i feil retning, men vi la ut på laurdag.
Ja, etter å ha sove lenge, ete lang frukost, og handla diverse samt pakka. Då er det brått ikkje så tidleg på dag lenger, men pytt, det er lyst lenge (og eg visste igrunnen ikkje kor lang tid vi måtte berekne å bruke heller. Eg har lært litt om fart og knop og nautiske mil og kart og slikt i helga)

Pikkpakk i båten, klar til tur!

Det med vinden stemnte, det var lite av den. Før det vart mykje vind, rett mot. Kvittoppa bølger, sol og vassprut. Saltvatn i håret er vel bra? Litt kaldt kanskje, men eg vart iallfall ikkje sjøsjuk. Ikkje vart eg redd heller, det hadde eg vorte i fjor om nokon drog med meg på slik fjordferd. Vi las kart og rekna og tenkte og fann hamna vi skulle i, og omtrent kor lang tid det ville ta.

Det plaska godt!

Treng ikkje vindmaskin på båt i motvind!

Det var tid til litt sol på leggane!

Det er ganske sakte med seglbåt, enten den går for segl eller motor. Lite bråk og lite fart. Iallfall når ein går for motor og det er stabil (om enn litt ruskete) sjø. Når ein kjem inn i rytma, er det litt mindfullness. Det blir tid til tekopp, aviser, løse kryssord, prate, sjå utover fjorden (på tur tilbake såg vi mange niser som dreiv ein slags synkronsvømming rundt båten) og bli litt solbrent på nasen. Eg vurderer fat med høge kantar til servering i båt, evt kun doble skiver servert i serviett, for då eg hadde smurt skiver i fart igår og skulle sende dei opp til mannen ved roret, kom det ei litt brå bølge, og vips låg all maten i dørken... Pytt, berre kjentfolk og kjente fugleartar som har opphalde seg der.

Mat før brå bølge
(illustrasjonsfoto)

Framme i gjestehamna i Sivertsvika var det lett å finne båtplass, sol, stille og roleg, reint og fint på sanitæranlegget, lett å få fyllt diesel. Alt vel altså! Vel til kai vart det fiskesuppe, så eit liten runde for å sjå seg rundt og til slutt ein fabelaktig solnedgang! Klisje på klisje med farger og lys og skyer!
Etterkvart vart det natt, eg blir grusomt trøtt av slik uteliv. Planen om å sitte lenge og lese og småprateutgjekk. Eg sovna og vakna av ein lyd og med mitt litt reduserte nattsyn utan briller, såg eg båtmaster som sklei forbi utan for vindauget. Skvatt litt, for eg byrja lure på om vi hadde byrja drive frå kai... Heldigvis viste det seg å vere ein anna  båt som kom seint!
Mann og kone et fiskesuppe.

Kveldsstemning
Solnedgang

Utpå morgonsida måtte eg på do, og då eg kom ut på dekk hadde sola allereie stått opp. Det var blikkstille fjord, heilt stille rundt meg, alle andre sov nok,  fuglane gnei enno søvnen ut av auger og nebb, eg såg berre ein hegre som letta frå moloen. Inn fjorden kom hurtigruta sigande, og det var nesten vanskeleg å gå og legge seg igjen. Men halv seks er litt tidleg start...
Då eg omsider sto opp på rett, vart det egg og reker til frukost på dekk, nybrygga te i kanne, kryssord og god tid. Vi snakka med folk i dei andre båtane, og det skal båtfolk ha, dei er veldig hyggelege. Vi snakka båt og modell og pluss og minus med det eine og andre. Vi fekk gode råd om Hustadvika og segling i ferien, historier om båtbyggarar og tur i Karibien.


Men vi skulle heim igjen, vi måtte berre vente til vaffelsalget starta. Det er nemleg vaffelsalg kvar søndag! Mette på både frukost og nystekte vaflar, med ferdig rydda båt og ved godt mot, la vi ut på fjorden. No var det vind! I rett retning! Det tok litt tid før vi fann rytmen og rett stilling på segla, men så fekk vi ein så lang segltur som vi aldri har hatt før i eitt strekk! Litt ruskete i overgangen mellom to fjordar, men eg trua ikkje med å hoppe på sjøen denne dagen heller. Eg kunne sitte i short og tskjorte og jobbe med d-vitaminsanking og brunfarge (note to self: solkrem på nasen neste gong, den vart gløymt i går. Kirsti er raud på nasen!) Det vart vindstille akkurat då vi låg i leia for ferga, og der bør ein jo ikkje bli for lenge. Så vi starta motoren og gjekk siste stykket tilbake til rett plass i Trondheim. Litt sliten, og veldig fornøgde. Kanskje blir det ferie i båt i år?

Vind i segla 
Tenk deg at horisonten er horisontal...
No er det måndag igjen. Det er 2 veker til ferie. Det er lite folk på jobb, det gjeld å halde humøret oppe. Ein båttur gjev ei kjensle av ein liten ekstra ferie. Det er bra!
Det er klart for vekestart. Eg likar Odd Børretzen, han har fine tekster om segling, og livet og slikt. Og på min første tur i ei gjestehamn, passar det med denne sangen; "Tønsberg hamn". Då eg var oppe midt på natta, kunne det virka som om alt var stille, men neida!


Lytt og nyt!
Og ha ei strålande veke, på sjø eller land!

1 kommentar:

  1. Så mange flotte bilder, og som jeg skulle ønske det var min båt og min tur og mine bilder, jeg blir veldig veldig misunnelig men jeg unner deg dette av hele mitt hjerte.

    SvarSlett