mandag 9. juni 2014

Langhelg og bilkjøring med forviklingar (vekestart veke 24)

Det har vore pinse, og for lenge sidan kom invitasjon til barnevelsignelse til vesle Marcus i Bergen, vår yngste nevø, denne helga. Etter litt fundering slo vi fast at dette var ei super helg for å teste den nye bilen som var bestilt.
Dei som har fulst bloggen ei stund, veit at eg har eit ambivalent forhald til bilar, det er ein del dårleg erfaring ute og går! Eg har brukt meir tid enn eg likar på bilverkstader, og eg har strevd litt med å henge med når eg får spørsmål om eg vil ha ny coilrekke eller om når registerrreima sist var skifta. Du kan lese meir om det her: Å sjå Noreg i 3.gir Men sist veke fekk vi endeleg den nye bilen, og alle har vore glade og nesten gjort seg ærend for å ha ein grunn til å kjøre den.

Så fredag pakka vi i bilen, nikka fornøgd til kvarandre om den gode fotplassen og bagasjeplassen, og sette oss inn og starte på dei nesten 60 mila som låg framom oss. Det var god musikk på anlegget og god stemning! Eg hadde smurt matpakker, kjøpt frukt og drikke, laga sunn snacks som gulrotstavar, sukkererter og usalta nøtter som låg i kjølebagen og berre venta på ei pause oppe på ein eller annan nasjonalromantisk vakker rasteplass!
Ok, noko anna hadde snike seg med i matpakka, skuffa soner trøsteet potetgull
Første del gjekk bra, og vi kjøpte oss middag etter ca 1/3 distanse. Det skulle vi aldri ha gjort….for då starta problema. På veg til ein fjellovergang, byrja automatgirkassa å vere vel automatisk, det kom varselverktøy opp på dashbordet, og stemninga i bilen sakk som eit blylodd midtfjords! Eg mistenkte først mannen for å tulle med meg, men det var ikkje så vel. Det vart telefonering hit og dit, vi fekk tak i veghjelp og sto etterkvart ganske fast på ein verkstad inni skogen med ein bil som kun gjekk i 1.gir. Men klokka gjekk og vi forsto at dette ville bli, i beste fall, veldig seint ankomst til Bergen. Det viste seg at næraste leiebil var i Trondheim, som var 20 mil unna og der vi faktisk starta! No byrja galgenhumoren å slå inn!
Mannen spelar gitar for å halde moralen oppe

Etter endå fleire telefonar og medan klokka gjekk endå meir, vart det bestemt at både vi og bilen skulle fraktast tilbake til Trondheim. Skuffa! Men så mykje anna var ikkje å gjere enn å sette seg i bilen, den nye, fine bilen, som hadde alt, men ikkje gir denne dagen, og bli dratt opp på bergingsbilen. Å legge ut bilete som det over på Facebook og Instagram, gir masse sympati og trøyst og hjelp til å halde motet oppe forresten!

Utsikta framover når ein blir bilberga
Vi kom tilbake til Trondheim 11 timar etter at vi starta, omtrent samtidig med at vi skulle vore i Bergen… Slitne og litt motlause! Etter familieråd fann vi ut at leiebilen vi fekk var for liten til at vi orka starte med ny frisk klokka fem neste morgon. Så fann vi ut at fly heller ikkje var noko alternativ, verken flytider eller pris passa, og vi gjekk og la oss.

Helga vart ikkje som planlagt! Vi fekk ikkje med oss familieselskap, grilling, barnevelsigning og berre det å vere saman med famile. Vi har enno ikkje fått møte Marcus, vi har ikkje spela kubb og leika sisten med dei andre søskenbarna, og prøvar no legge planer for sommaren slik at vi får det til då iallfall.

Vi var skuffa og lei oss då vi kom heim, og trong ein "liten" mental snuoperasjon for å nyte helga heime. (Men jammen var bilselgaren skuffa og lei seg på våre vegne og, vi fekk mykje god hjelp der! Han var ikkje noko glad for å måtte treffe oss på laurdag for å ta bilen inn på verkstad.)

Men vi har fått sol på eiga terrasse, eg har ligge i sola og lese aviser og bøker og fått kvilepuls. Eg har sykla tur, sidan den eine foten skal behandlast forsiktig, og det gjekk bra. Vi har langtidsgrilla svineribbe på grillen, for andre gong og det gjekk bra denne gongen også! Då treng ein god tid og mykje tålmod, lav varme og spennande krydder. Fin mat å invitere gjester på!
Potetsalat med egg, paprika, løk og urter i fleng
Ribbe på grillen

Vi skulle jo eigentleg i barnevelsigning i helga, vi skulle treffe ein liten kar som er ny i slekta. Og diktet må vere til han den veka:

Det største mysterium
er ikke mer enn det
at en ørliten kropp
er våknet til jorden.
Den nyfødte ser.
To luker i himlen går opp.

Selv femtrinns-raketter
og kjernefysikk
blir puslingers puslespill
når det nyfødte barn
med et eneste blikk
beviser at Gud er til.

Andre Bjerke


Alle gode ønskjer til Marcus! Og ei god veke til alle de andre der ute!

3 kommentarer:

  1. Huff! Ikkje særleg når ting ikkje vert slik ein har tenkt nei.
    Nydeleg dikt til vesle Marcus ♥

    Og det er ikkje berre du som syns det er rart når borna flaksar ut og inn..
    2012-2013 var berre yngstemann heime
    2013-2014 er dei to yngste heime
    Og 2014-2015 vert berre mellomste heime.
    I dag øvelsekøyrde eg med yngstemann for fyrste gong og straks avsluttar han 10 årig grunnskule. Livet går så fort.. Best å nyte det :-)

    Pinseklem

    SvarSlett
    Svar
    1. Begge skal bu heime eit år til, men så forsvinn vel storebror ut. Og lillebror er ganske sjølvstendig allereie, så det er mindre av det eg har drive med i "alle år", og meir support av andre ting :)

      Slett
  2. Forferdelig kjedelig, for ikke å snakke om irriterende - man forventer at en ny bil skal virke... Godt at dere har kosa dere hjemme da, tross alt.

    SvarSlett